tirsdag 25. juni 2013

Gravferd ved midtsommar

Gravferd[1]
Johs. 1, 5-8
(Jonsok, III- del av preiketekst)

Lyset skinner i mørket,
og mørket har ikke overvunnet det.
Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes.
Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.
Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

Døden kom til dykkar familie midtsommars. Mens dagane var som aller lysast og aller lengst seig ein skugge inn over heimen. Ein mørk skugge. Vi kjenner han att som døden.
Like sikkert som at vi opplever det som sollys og glede når eit barn kjem til verda som eit nytt liv, så kjenner vi mørket og sorga når døden gjestar oss. Nett like mange skal døy som dei som vert fødde. Ein gong vart du og eg fødde inn i verda. Ein gong skal vi forlate livet, døy og leggjast i grav.
Slik lys og mørke skifter med dagen eller årstidene, slik er det også i våre liv. Slik er det for alle. Den store syklusen med liv og død renn stilt forbi oss som ei mektig elv som ingen kan stoppe.
I år svinga elva innom ditt hus. Det hende ved midtsommarstider. Eit liv vart med ut att. Eit liv var over. Vi er difor samla i sorg rundt denne kista, og vil ta eit verdig farvel med NN.
Mellom dødsdagen og gravferdsdagen i dag har vi feira Jonsok eller St.Hans. Det var sist måndag, den 24.juni. Dei færraste som feirar denne dagen tenkjer over at det faktisk er ein kyrkjeleg minnedag. Dagen til minne om at døyparen Johannes vart fødd. Johannes med kortforma Jon – derav Jonsok, eller Hans – St.Hans. Frå Bibelen veit vi at Johannes var slektningen til Jesus. Mødrene deira, Elisabeth og Maria var i slekt, kanskje så nært som søskenbarn. Og dei venta barn samstundes. Johannes var eit halvt år eldre enn Jesus, difor feirar vi fødselsdagen eit halvt år før jul, 24.juni.
På St. Hans eller Jonsok har kyrkja vår sett opp bibeltekstar som til ein vanleg kyrkjesøndag. Vi har lese litt av ein slik tekst som eit andaktsord no.
Vi har lese om Johannes, om han som skulle vitne om lyset slik at alle skulle kome til tru ved han står det.
Døyparen Johannes er den som kan tenne lys i mørket. Døyparen Johannes er den som har lys som kan skine for alle som er i sorg. Difor lyttar vi til bibelorda i dag.
Det handlar om lys. Om lys i eit mørke. Om lys på ein tung sørgjedag.
Lyset skinner i mørket, og mørket har ikke overvunnet det. Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.
Det er om dette lyset at Johannes vitnar. Det lyset som heiter Jesus. Johannes var ein stor og mektig mann. Jesus seier om Johannes at det aldri var fødd nokon større av kvinner enn Johannes. Likevel valde Johannes å stille seg i skuggen bak Jesus, slektningen sin. Johannes på si side sa om Jesus: han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane
Johannes si store oppgåve i livet var å rydde veg for Jesus. Det var å vitne om Jesus. Det var å vitne om han som var det store lyset i verda. Det var å skape tru på at det var ein som kan skine for alle menneske som det verkelege lyset når dagar mørknar og fortviling, sorg og sakn senkar seg over oss.
Kjære sørgjande.
I dag ser du for deg ansiktet til eit menneske du var glad i. Du minnest og tenkjer tilbake og har mange kjensler som etter kvart skal falle på plass når vi snart har teke det endelege farvel med NN som er død.
Desse minna er gode å ta med seg.
Men prøv om du også kan ta med deg frå denne sørgjehøgtida eit lys som skin ned på deg frå himmelen i dag. Midtsommarlyset – med netter som aldri går heilt i svart - skal minne deg om eit evig lys der sol og måne ikkje vil vere nødvendig, for det står noko underleg om at i Guds rike, der er Jesus sjølv lyset som aldri skal slokne.
Her og no er Jesus lyset som skin inn i skuggen som la seg over oss som ei sky av sorg då døden kom. Jesus er den som står fram og minner oss om at han er vegen som fører oss trygt gjennom døden og inn i det evige lyset bak død og grav.
Ein gong låg Jesus i djupaste mørket nokon har vore i. Han var i dødens fangeskap, forlaten av Gud, svikta av vener, dømd for dine og mine syner, pint til døde for all skuld og skam i verda. Alt dette mørket gjekk han gjennom for å kunne tenne lyset og håpet på nytt då han stod opp or grava påskedagen. Han lever, og han lovar den som trur på han lys og evig liv.
Det er vårt håp – det er vårt lys når vi no takkar og tek farvel med NN.




[1] Ytre Arna, 27.06.2013. Mann, f. 1926
   Salhus, 28.06.2013, Mann, f
. 1929
   Birkeland, 28.06.2013, Mann f. 1926

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv