søndag 16. juni 2013

På leit

4. s. i treeiningstida. III 16.06.2013
Biskopshavn
Salme 22,8-12

På leit etter Gud.
Fleire søndagar på rad har vi på ulikt vis følgd dei som leitar etter Gud når vi har lytta til bibeltekstane som har vore tema for preikene i våre norske kyrkjer.

Det er to veker sidan vi helsa på Nikodemus. Denne storkaren i det israelske samfunnslivet som oppsøkte Jesus midt på natta og ville ha ein læresamtale med Meisteren om Guds rike. Han var på leit etter Gud.

Sist søndag møtte vi dei unge mødrene som oppsøkte Jesus med borna sine. Dei ville at Jesus skulle røre ved borna. Leggje hendene på dei. Velsigna borna. Som alltid med ei mor: ”Berre det beste er godt nok for barnet mitt” – difor leita dei seg fram til Jesus; difor oppsøkte dei Jesus. Difor gav dei seg ikkje når opphissa læresveinar ville vise dei bort.

I dag vil orda frå Bibelen, Salmeorda, hjelpe oss djupare inn i søket etter Gud. Tekstavsnittet vi nett las frå Salme 22 er ikkje veldig mykje sitert frå preikestolane i kyrkjene våre.
Det er derimot annleis med innleiinga til denne salme 22. For denne salmen opnar med dei fortvila orda Jesus sjølv brukte då han opplevde gudsforlatinga på det aller mørkaste. I den svarte fortvilinga når dødsstunda på krossen berre var nokre få djupe innpust unna. Som sitt aller siste skrik i smerte, kom det over Jesu lepper: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”
(Matt.27,46)  Dei orda var eit sitat av Salme 22,v.1 – innleiinga til salmen preiketeksten i dag er henta frå.
I førebuinga framfor denne søndagen las eg kva ein kollega tenkte om denne salmen. Ho peika på at det handlar om -uroen som oppstår når livet butter imot, når det nettopp ikke er orden og harmoni, men snarere forvirring, motstand og fortvilelse. …..Salmen… reiser spørsmål som: Kan Gud fortsatt være Gud, midt i alt det som er kaotisk og truende? (Aud Irene Svartvassmo, FB, prekeskapet)
Når livet buttar i mot!
Kvar er Gud når livet buttar i mot? Kvar skal vi leite etter Gud då? Kva ord skal vi bruke når vi ropar på han? Kvar er du Gud?
Er du der midt i natta, Gud?
Kan eg gå ut i mørket som ein Nikodemus og søkje samtalen med ein Meister som kan fortelje noko om å bli fødd på nytt? Ja, kanskje kan du gjere nettopp det.

I evangelieteksten i dag høyrer vi at også Jesus ser at folk villar rundt på leit. Han ser dei  som er forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. (Matt.9,36). Men Jesus set læresveinane sine i arbeid. Dei skal ta vare på desse hjelpelause, som villar rundt. Som treng ein gjetar. Arbeidsfolk må til for å vakte den som ikkje lenger finn vegen til Gud. Slike arbeidsfolk må stadig vere på jobb i den kristne kyrkja. Nokre av oss får betalt for å vere gjetarar, hyrdar. Nokre av dykk er med på laget. Utan betaling. Og når du ser ein som ikkje lenger veit vegen til Gud, skal du løfte handa og peike ut kurs på nytt. Du skal opne munnen din og sitere orda av Jesus som seier om eg sjølv: ”Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg”
(Johs. 14,6)

Og er du ein av dei som er på leit, kjenner du deg som ein Nikodemus som villar rundt midt i nattemørket og ikkje finn vegen til Jesus – så høyr i dag når det vert sagt at vi finst, vi som er i flokken av dei Gud har som sine arbeidsfolk på denne staden, her i Biskopshavn. Kanskje kan du finne eit svar på det du søkjer gjennom ein samtale, i eit tettare fellesskap her i kyrkja, i ei bibelgruppe, ved nattverdbordet.

I Salme 22 møter vi ein person som vert håna for trua si. ”Alle som ser meg, håner meg”
At den kristne trua generelt vert utsett for spott og hån har vi visst lenge. Det har på ingen måte vorte mindre av det inn i våre dagar. I takt med sekularisering og avkristning har frimotet til å spotte og gjere narr av, og til å motarbeide dei kristne og den kristne kyrkja, berre auka. Det vert brukt store ord om toleranse og inkludering, utan at det alltid speglar seg når kristne med ei tradisjonell tolking av kva kristen tru er står fram.
Dette kan kyrkja leve med. Dette kan dei kristne leve med.

Men når enkeltpersonar vert hengde ut, når spotten rammar eit namn under eit bilete i avisa, då vert det lett blytungt for den som kjem i fokus. Vi ser kanskje ikkje tårene. Vi høyrer ikkje dei stille bønene. Men vi kan ane kjensla av at nokre av våre står åleine. Vi spør kanskje stille, men utan å gjere noko: Er det eit ekko i lufta av det sterke ropet ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”

På leit etter Gud.
Når trua møter motstand. Når mennesket opplever at det står åleine mot dei som lever der side om side i dagleglivet, når fellesskapet i kyrkja opplevest dødt og meiningslaust, ja når Gud sjølv synest å vere bak alle blåner, då er det ikkje lett å finne det vi leitar etter. Då må Gud verkeleg leitast opp.

Mødrene som bar småborn til Jesus vart viste bort av Jesu læresveinar. Uforstand skapte ein avstand mellom dei som søkte ei velsigning for sine aller kjæraste, og Jesus sjølv.
Uforstand er det overflod av. Vi må leve med uforstand.
Men heldigvis kan det vi ikkje forstår verte opplyst gjennom samtalar, tilrettevisning og omtanke. Då forsvinn u’en. Forstanden tek over. Innsikt fyller eit tomrom.
I kristen samanhang har vi lov å tru at Anden kan vere den som forløyser og opplyser og gjev oss forstand. Forstand til ikkje å spotte. Forstand til å inkludere i eit fellesskap. Men først og fremst forstand og innsikt til å forstå at Gud er å finne. At Gud vil være nær.

I andaktsordet vi har fått til å tenkje over denne søndagen, er Gud samanlikna med ei jordmor: ”Du drog meg fram frå mors liv, du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud”

På leit. Kvar går vegen? Vegen til Gud. Kvar er du Gud?
Av og til kan det hjelpe å finne ein veg vidare om vi i vår forvilling maktar å ta oss tilbake til utgangspunktet. Starte på nytt derifrå. Tilbake til start.
Vår absolutte start var i mors liv. Livet som vart skapt i mor. Livet som vart forløyst i fødselen. Der var livets skapar med som jordmor. Der var Gud. I starten.
Kan du sjå det? Kan du ta det til deg? La orda fylle deg? Gjere deg trygg?
Der Gud der, der du like trygg som du ein gong var ved mors bryst.
”Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud.”

Når Gud synest langt borte. Når Gud synest som om at han rett og slett ikkje eksisterer meir, så er han likevel min Gud. Han er din Gud. Han er her.
Då Jesus i sin dødsangst på krossen ropa etter Gud, er det ingen tvil om at Gud var langt borte. Men ikkje så langt borte at Gud ikkje høyrde sonens rop. Guds skaparkrefter fylte Jesus der han låg i grava slik at han makta å rive seg laus frå jarngrepet til sjølvaste døden.(1.Pet 1,21) 

Kvar er du Gud? Svaret er at Gud er alle stader. Til og med i døden, der han ein gong gav liv til Jesus i hans mørke grav.
Gud er i døden, men han er endå meir i livet. Livet vi alle lever. Livet som innimellom vert prega av solformørking eller storm og uvêr der vi ikkje er i stand til å sjå han eller finne vegen til han.

På leit etter Gud. Vi går tilbake til start. Dit livet starta. Tilbake til forløysinga. Tilbake til han som drog meg ut or mors liv og inn i dette verkelege livet der eg gjennom dåpen og trua vart knytta fast til ein levande Gud som er. Som alltid er. Som ikkje slepper meg sjølv om han synest veldig langt unna innimellom. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud”.

Denne Gud har ikkje forlate den som kjenner seg forlaten.
Denne Gud er ikkje blind, men ser den som kjenner seg usett.
Denne Gud er ikkje døv, men høyrer til og med våre ordlause rop: Kvar er du Gud? Kvifor har du forlate meg?

”Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud”
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv