søndag 26. januar 2014

Kyrie eleison

4.s. i openberringstida I – 26.01.2014
Arna
Luk.18, 31-43

For meir enn eit ti-år sidan var eg ein vinter vikarprest på Finnmarksvidda, i Kautokeino.
Eg sat ein dag i veka som gjekk og bladde i litt av det eg var oppteken av å forkynne og formidle den gongen – bl.a i ei andakt eg sende til lokalavisa der eg den gongen eigentleg budde, i Sunnfjord. Då ser eg at eg fann trøyst i den blinde tiggaren sitt naudrop – ”Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg”. Det er nettopp dette ropet vi finn att i vårt kyrierop i gudstenesta. Kyrie eleison ropar vi på gresk. Orda er m.a henta frå dette tekstavsnittet vi  har lese på denne søndagen. ”Miskunna deg over meg”
Kyrie eleison, bøneropet frå vår gudsteneste er altså greske ord, og dei betyr dette: Herre, miskunna deg over meg. ”Kyrie eleison”.

Vinteren i Kautokeino fann altså eg trong til å be med desse orda då gradestokken passerte 50 minusgrader - på veg nedover mot rekordkalde -52 grader. Gjennom veke etter veke levde vi i temperaturar på 30 – 40 - 45 minusgrader. Til slutt var det godt å ty til vårt velkjende Kyrierop.  Kanskje ber dei slik, nokre av dei som i januar dette året bur på Finnmarksvidda, for eg har sett det har vore nesten like kaldt i år som den gongen eg var der gjennom ein vinter?
Eg opplevde i alle fall at det var tid for å be om varmare vêr.

Men no: Lat oss helse på den blinde mannen ved Jeriko som ropa til Jesus på denne måten. Kanskje kan han vise oss kva det er vi gjer når også vi ropar om Guds miskunn på denne måten. For vi gjer det som sagt kvar einaste gong vi kjem saman til høgmesse. Men tenkjer vi då over kva dette inneber?
”Miskunna deg over meg!”  Vi ber om Herrens miskunn. Om Guds miskunn. Og det gjer vi med det same vi har sagt fram syndevedkjenninga i lag. Vi fortel altså til Gud, det han allereie veit, at vi er syndarar. Så ber vi han om å vise miskunn mot oss. Det betyr at vi ber Gud om at han ikkje må gje oss som vi fortener for syndene våre. Vi ber han om å vere nådig. Vi ber om å få meir enn vi har gjort oss fortente til.

Til og med for den blinde var miskunn viktigare enn syn. Det første han bad Jesus om var miskunn. Deretter, når Jesus spør han: ”Kva vil du eg skal gjera for deg?” er det at den blinde ber om å få sjå.
Dette bør lære oss noko om kor viktig Herrens miskunn er. For Herrens miskunn er det som er grunnlaget for vår frelse. Vårt rop til Gud: ”Kyrie eleison” er framfor alt eit rop om frelse. Det må kome først. Så kjem helse.
Jesus gjev oss lov å leggje fram alt som er vondt og vanskeleg for han.
Den blinde fekk synet att. Du har kanskje andre ting du vil be Gud om i ditt liv. Han stoggar også framfor deg.
Mannen var blind. Det var veldig mykje han gjekk glipp av  i livet. Mykje meir enn det blinde menneske i dag går glipp av, Ikkje minst gjorde den alvorlege funksjonshemminga at han ikkje kunne arbeide og tene pengar. Han var tvinga til eit liv i tiggaren sin stakkarslege posisjon.

Det er heilt sikkert ille nok å vere blind i våre dagar også. Eller å vere sett utanfor normalt daglegliv av andre grunnar. Men her i vårt land slepp vi å tigge til livets opphald. Eg vågar ikkje å prøve å skildre korleis det var å vere blind på Jesu tid. Heller ikkje korleis det er å vere blind i dag. For eg veit det ikkje. Eg har ikkje opplevd det. Men det er ikkje vanskeleg å begripe å det er naturleg å be om å få synet tilbake når det skjer at ein som har sjanse til å gjere noko slikt, stoggar opp framfor ein.

Jesus stogga ved den blinde.
Den blinde sitt første rop var – miskunna deg over meg! Kyrie eleison.
Vi treng ikkje vere blinde for å rope slik.
Vi treng ikkje vere sjuke eller funksjonshemma for å rope slik.
Men vi treng likevel å rope slik - alle som ein.

For heile vårt liv ropar mot oss at vi treng Herrens miskunn.
Vi treng Herrens miskunn fordi vi ikkje ser. Vi ser med augo våre. Men vårt indre auga ser ikkje.
Vi ser ikkje kor ille vi har stelt oss når Jesus frå Nasaret kjem forbi oss.

I kyrkja har vi gjennom hundreåra snakka mykje om at vi er syndarar.
Det vedkjenner vi også i alle gudstenester. Og det er slik det er.
Men folk i dag har teke til å riste på hovudet av all denne syndsvedkjenninga.
Vert det for mykje av det? For mykje av anger? Meir enn vi har godt av?
Dette var tema for eit stort oppslag i avisa VL sist torsdag. Vi kunne lese at mange kyrkje- og kristenleiarar i dag heilt medvite unngår å bruke ordet synd i forkynninga.
Det er råd å forstå det. Eg trur at presten Per Arne Dahl rører ved noko viktig når han peikar på at ein i forkynninga gjennom fleire hundreår i alt for stor grad har lagt vekt på enkeltsynder. Og så viser Per Arne Dahl til dette viktige som Jesus seier: Synda er at dei ikkje trur på meg
. Johs. 16,9

Kanskje er det på tide om vi som går ofte til kyrkje tenkte nærare over kvifor vi treng Herrens miskunn.
Er det p.g.a eit for aktivt sexliv? For mange drinkar på byen på fredag eller laurdag? Sit syndene våre i kva vi tenkjer og meiner om dei homofile? Eller er det våre tankar på pengar og rikdom som har ført oss i gjørma? Ja, kanskje det.

Men alt dette vil eg hoppe kjapt forbi på denne søndagen. Og heller fokuser på dette:
Er vi så blinde at vi ikkje ser Jesus?
Er vi så blinde at vi ikkje ser slik at vi trur på han?
Er vi blinde? Åndeleg blinde? Slik at vi er vantru? Synda er at dei ikkje trur på meg seier Jesus.
Om vi ikkje trur, så lever vi i synd. Då må vi våge å rope på Jesus når han nett no stansar opp ved den enkelte av oss. Rope: Kyrie eleison. Herre miskunna deg over meg.

Jesus sa: ”Kva vil du eg skal gjera for deg? «Herre,lat meg få synet att!» svara han.
Vågar vi å be slik? Det kan vere eit dristig prosjekt. Kanskje vil vi sjå ting vi til no har vore blinde for? Kanskje vil vi sjå eigne svik? Eigne synder?  Då treng vi å rope det ut: Kyrie eleison!

For mange vintrar sidan sat eg i Kautokeino og ba om varmare vêr.
Eg skulle aldri vore så konkret i mine bøner!
For tilsynelatande har eg fått svar som langt overgår det eg forstod å be om.
Den gongen, som i dag, skulle mine ord berre ha vore: Kyrie eleison.
For vi treng Herrens miskunn når vintrane vert varmare her på våre breiddegrader og naturen gjev oss midt i ansiktet for vår eigen uforstand. Og for vår synd. Og for vårt forbruk. Og for vårt tankelause jag etter velstand og rikdom.

Sakte, men sikkert, går det opp for oss at det finst verre synder enn det vi gjerne tenkjer på når ordet synd vert nemnt i våre samanhangar. Umoral er ikkje berre det som dreier seg om sex og samliv. Vi kan sjølvsagt kome i uføre også på dette området.
Men våre felles synder som har ført oss inn i ei klimakatastrofe som kan få langt, langt større følgjer for ufatteleg mange menneske.
Kanskje vil våre eigne barneborn få det rimeleg bra her i vårt land, også i den ukjende framtida. Men korleis vil dei stille seg til endelause flokkar av klimaflyktingar og økonomiske flyktingar frå heile verda som vil hit til vår del av verda om 50 – 100 år? Det er eit av mange spørsmål vi kan stille i året 2014.
Kanskje er spørsmålet eit heilt anna om nokre år. Kanskje dukkar det opp nye problem. Nye utfordringar som vi enno ikkje har sett. Fordi vi kanskje er blinde. Eller fordi vi let att augo våre med vilje.

I dag har vi sett nok, og veit vi nok, til å stemple mykje av vår måte å leve på som synd. Vi er ikkje lenge heilt blinde. Difor må vi rope høgt: Kyrie eleison.

Vi har lese om eit møte med ein blind mann og Jesus i dag. Eit møte som snudde opp ned på livet hans.
I dag sit vi her i Arna. Vi er med på store og flotte ting i denne gamle kyrkja. Nokre er her med dåpsborn og skal heim til fest og glede i den samanhang.
Men alle er vi i dag i den situasjonen som den binde mannen var i: ”Jesus frå Nasaret kjem forbi”.
Den blinde hadde så pass tru på at Jesus kunne gjere noko for han at han våga å bryte ut i sitt hjartesukk: ”Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg” 

I dag må vi ikkje la Jesus kome i vår veg utan at vi gjer som denne mannen. Gjev uttrykk for trua vår. Kallar på Jesus, slepper han inn i livet. Slik at vi kan sjå. Slik at vi kan verte frelste.
”Jesus sa til han: ”Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg. Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.”

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar