søndag 7. september 2014

Talentane

13. s. i treeiningstida. I. 07.09.2014
Hosanger
Matt.25,14-30
Eit hol i jorda er ein dårleg gøymestad for verdfull eigedom. For pengar eller verdisaker. Eit hol i jorda er ikkje staden der vi stikk unna det som kan skaffe oss leveveg og gode, lyse dagar. Til det er holet for mørkt og trist.
Og han hadde det sikkert mørkt og trist i sinnet også, han vi møter i tekstordet vi nett har lese. Det er som om vi ser han for oss, der han står med jord under naglane og sveittar over spaden. No skal han grave opp att det han ein gong la i holet. Skatten hans. Skatten han gravla saman med redselen han bar på inne i seg. Redsel for ein streng herre som hadde sett han til forvaltar over verdfull eigedom.
Ein heil talent, ei årsløn, hadde herren hans gjeve han før han drog utanlands. Han hadde ikkje sagt så mykje før han fòr, men mannen forstod at det ville vere ille om han sløste bort det han fekk. Best å gøyme det unna. Så fekk heller dei to andre medtenarane hans, som fekk mykje meir pengar enn han, berre styre med sitt. Han skulle i alle høve ta vare på det han hadde fått. Djupt nede i holet i jorda.
Stakkars mann! Han forstod ikkje at dette var som å gravleggje ein død. Han forstod ikkje at hans angst og redsel for herren hans også vart til dom over han sjølv.
I dag møter vi denne mannen der angsten gjev han krefter til å ta tak i spaden som han grev i jorda med. Den same angsten som gjorde at han aldri kom så langt at han brukte dei mange pengane til å investere slik at det kunne vekse og spire og gro rundt han. Han orka ikkje å kalkulere med risiko. Berre med det han syntes var sikkert. Å gøyme bort det han hadde.
Men etter kvart fekk han vaska jorda av hendene, og vi møter han att når han står med bøygd hovud bak i kroken og ser dei to medtenarane sine gå fram for husbonden som er komen heim etter utanlandsferda. Han kan ikkje anna enn å verte imponert. Fem talentar hadde vakse til ti. Ti årsløner kunne den eine levere tilbake.
Og den andre? Sanneleg hadde ikkje også han fordobla det han var betrudd. To talentar – to årsløner – hadde vakse til fire.
Vel. Det han hadde fått var i alle fall ikkje sløst bort. Han hadde ikkje tapt noko som helst, sjølv om han heller ikkje hadde vunne. Og han merka seg husbondens rosande ord til dei to andre:
”Bra, du gode og trugne tenar! … Du har vore tru i lite. Eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!”


Denne teksten handlar altså ikkje berre om lammande angst og redsle for å gjere noko. Sjølv om det fort vert slik at vi fokuserer på han det gjekk ille med. Han som slett ikkje fekk høyre ord om ein god og trugen tenar, men som i staden vart kalla dårleg og lat og kasta ut der dei  græt og skjer tenner.
Men det finst fest og glede i teksten vår også. Vi må ikkje oversjå det. Det ligg rett og slett eit ufatteleg potensiale i det vi les.
Husbonden delte ut i alt åtte talentar fordelt på tre tenarar. Fem + to + ein. Og han fekk att femten talentar. Det mangla ein på at husbonden hadde fordobla det han sette tenarane til å forvalte. Eit fabelaktig resultat. To tenarar var kjempeflinke. Ein var berre litt redd.
Vi kan diskutere straffa han fekk, han som var redd. Men det er ikkje noko hovudpoeng i dag. Poenget er å sjå kva som opnar seg av framtid og von for den som vert sett til å forvalte Guds rikdomar. Vi må ha augo våre opne for å våge noko for han som er vår herre og vår husbond; vår far i himmelen.
Han har gjeve oss ufatteleg mykje. Han har sett oss til å forvalte; til å vere hushaldarar over alt det han har skapt her på jorda. Han har gjeve kvar av oss evner og anlegg. Nokre av oss har fått rik utrustning. Andre har fått mindre. Men alle har fått noko.
Kva gjer vi med det vi har fått?
Hamnar det i eit hol i jorda? Nesten som når vi gravlegg dei døde?
Eller brukar vi det vi skal forvalte til å skape ny vekst? Nytt liv. Meir liv. Som når vi legg noko i jorda, ikkje med redsel og avmakt eller med sorg, men i håp om grøde og spiring og avkastning.
Då kan vi gjerne verte skitne på nevane. Det er slik det skal vere når vi gjer meir enn å ta vare på og å gøyme bort. Vi forvaltar med tanke på avkastning.

Eg skulle gjerne ynskje at vi var mange, mange som ville våge meir for han som har gjeve oss utrustning og ressursar som vi skulle forvalte på vegne av Gud.
Vi er med i ei kyrkje der vi må ha lov å seie at det på sett og vis hanglar og går. Om det går opp eller ned er ikkje alltid like lett å måle. Men om vi vågar å ta på oss dei brillene som har glas av ærlegdom, så er det neppe så mange av oss som kan påstå at det Gud  sette oss til å forvalte med våre liv, det er vi klare til å gje tilbake med dobbel avkastning dersom vi fekk krav om å gjere det i dag.
Difor etterlyser eg meir vågemot for Gud.
Difor ropar eg på større frimot for den kyrkja vi er ein del av og som vi høyrer til i.
Difor utfordrar eg oss alle til å engasjere oss med truskap for ein Gud som gav oss alt han hadde for at vi skulle forvalte det, medan vi ventar på at han ein gong kjem tilbake.
Vi lever i ei tid der vi er opptekne av oss sjølve og av våre eigne. Vi er opptekne av pengar og av det som kan kjøpast for pengar. Vi bryr oss mindre om fellesskapet  med dei vi har rundt oss.
Kyrkja er slett ikkje åleine om å etterlyse engasjement. Vi har så smått teke til å ana at det er kommuneval om eit år. Vi skal i kyrkja vår setje fokus på at det samstundes skal veljast nye sokneråd. Mange politikarar kjem til å vere frustrerte over kor vanskeleg det er å få folk på bana, båe til aktivt politisk engasjement, til praktisk å hjelpe til, til å få folk til å møte fram når folkemøta skal arrangerast. Folk er tunge å be.
Mange ropar på oss, og oftast vel vi då det som gjev størst og lettast personleg utbyte for minst mogeleg innsats.
Her i kyrkja på denne søndagen spør Gud etter di hand. Etter dine føter. Etter din munn. Etter ditt hovud. Etter dine idear. Dine talentar! Det er trong for nettopp deg. Du har fått så mykje.

Nokre av dykk er her i kyrkja i lag med oss for å dele ei intens glede over den største gåva av alle. De har bore eit barn til dåpen. Barnet er ei Guds gåve til dykk.
Barnet skal vekse opp. Kva vil det møte i heim og kyrkje av undervisning og kunnskap og kristent fellesskap?
Spanande oppvekstår ligg framom. I dag vert talentane delte ut. Som foreldre får de ei gåve å forvalte på borna sine vegne. Gåva er den kristne trua.
Kva vil du gjere med dette slik at barnet ditt skal få lære om Jesus i oppveksten?
Fleire av dykk vart konfirmerte for 50 år sidan.
Talentar vart delte ut her i Hosanger til dykk alle som jubilerer i dag. Gåver frå Gud.
Kall og kunnskap for at du skulle leve eit liv i Herrens nærleik.
Enno er ikkje rekneskapsdagen komen.
Men kanskje er dette ein dag til å sjå etter i dei bøker som handlar om ditt liv. Berre du kjenner innhaldet. 
Kva vil herren din sjå når han ber deg opna boka og vil halda rekneskap for deg som hans tenar?
Hosanger kyrkjelyd treng at du brukar talentane dine mellom alle som har ein heim i denne kyrkja. Her treng vi fleire enn dei profesjonelle som får betalt for å arbeide i kyrkja.
Det sit mange menneske rundt om på Osterøy som ville verte glade om ein medkristen kom innom for ein kopp kaffi, litt prat og kanskje til og med for å dele Guds ord saman.
Difor spør eg i dag: Kvar er du, du som kunne vore ein medtenar i din eigen kyrkjelyd? Gud gav deg munn og mæle og armar og bein. Med ditt liv og med dine enkle ord kan du få sagt meir enn ein prest rekk å seie i mange talar frå ein preikestol.
Vågar vi som kyrkje å oversjå dei som strevar med livet sitt? Vågar vi?
Ser vi kallet til diakonal innsats som ligg i å nå fram til denne gruppa menneske som vi heilt sikkert også finn her i denne kyrkjelyden? 
Nokre av dei er born. Born som har det vanskeleg. Born som opplevast vanskelege, av skulen, av kameratane,  - kanskje også av foreldra?
Andre er unge. Unge som politiet har eit særleg auga til.
Men har kyrkja og kyrkjelyden auga til desse ungdomane?
Nokre av dei drikk øl og dram i slike mengder at dei er i ferd med å øydeleggje seg sjølve og familiane sine. Var det ikkje betre om kyrkja såg dei og fortalde dei om eit bord der dei fekk drikke den heilage nattverdvinen i staden, slik at dei såkalla festane som lett utartar til fyll, kunne bytast med eit mål om ein gong å få ta del i ein større fest i det evige Guds rike?
Dei som har ansvar for misjonens sak i landet vårt melder om tyngre tider. Gjevarane sviktar. Rekrutteringa sviktar. Våre private inntekter aukar, men vi gjev ikkje meir i kollektkorgene i dag enn for ti år sidan. Korleis forvaltar du og eg det Gud gav oss?
I dag står vi framfor Gud. Enno krev han oss ikkje til rekneskap for det han har sett oss til å forvalte. Enno har vi tid til å gå i oss sjølve, til å tenkje gjennom det kvar av oss har gjort med det vi har fått av talentar, av evner og nådegåver.

Lat ikkje angsten og otten, korkje for Gud som den store og utilnærmelege og strenge, eller redselen for at du skal rive grunnen unna ditt eige eksistensgrunnlag, gjere at du finn deg eit mørkt hol og grev talentane dine ned der.
Heller vil vi glede oss over at Gud ser på deg og meg som sine tenarar.
Lat dette frigjere deg til teneste for han, til teneste for kyrkja og til teneste for din neste.
Og lytt så til ekkoet av tiltalen til dei to som var dei gode forvaltarane i likninga vi har lese:

”- Du har vore tru i lite. Eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!”
Måtte desse orda ein gong lyde for øyro til kvar og ein av oss!                                      AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv