søndag 14. september 2014

Urettferdig nåde

Vingardssøndagen/14. s. i treeiningstida. 14.09.2014
Haukås (nytt kyrkjelokale ved NLA Høgskulen)
Matt.20,1-16
Kva er rettferd?

Når vi tenkjer på rettferd, så tenkjer vi ofte på lik løn for likt utført arbeid. Det skulle berre mangle at det ikkje var slik når vi skal ut og gjere ein jobb.
Men det vi les i søndagens preiketekst er noko heilt spesielt. Det handlar om Gud. Om han som ikkje gjev deg og meg det vi hadde fortent. For dersom Gud skulle løne deg og meg for det vi gjorde for han, då vart det ingen ting på nokon av oss. Rett og slett av den grunn at ingen av oss er i stand til å gjere det Gud vil vi skal gjere godt nok. Gud vil vi skal vere fullkomne. Det er ingen av oss.
Alle er ufullkomne.

Men Gud treng oss likevel. Gud vil at alle menneske skal høyre han til og vere hans arbeidsfolk. Same kor mykje eller kor lite vi maktar å gjere for han, så er han så glad i oss at han gjev oss full løn, alt det beste han har å gje oss. Han gjev alle mykje meir enn dei fortener. Fordi Gud er god!

Kva er rettferdig?
Det er for eksempel rettferdig at den som gjer noko gale vert straffa.
Vi har gjort mykje gale mot Gud. Men fordi Gud er glad i deg og meg, og fordi han ikkje orka å gje oss den straff vi fortente, så straffa han Jesus i staden for deg og meg. Han måtte dø for at vi skal få leve evig i lag med Gud.
Jesus var behandla urettferdig. Vi slapp å verte behandla rettferdig. For det vi fortente var ikkje løn, men straff. Fordi vi så ofte er ulydige.

Gud er urettferdig god! God mot deg og meg. Han gjev oss løn når vi vil vere i teneste for han. Han gjev alle menneske det same: Evig liv i lag med han.
Slik er Gud mot den som vil vere i teneste for han.

Alle får frelse og evig liv. Dette som Jesus har kjøpt og betalt for oss alle, og som vert delt ut som løn til kvar einaste som kjem for å vere med i hans vingard, hans arbeidsgjeng.
Vi måler rettferd med millimeterblikk. Gud måler rettferd med kjærleg blikk.
Gud står ikkje ved himmelporten og sorterer ut flittige og mindre flittige medarbeidarar og løner nokre med meir enn andre når ein kjem på innersida i Guds evige rike.

I dag er Guds augo retta mot oss alle. Det er gode augo som ser på oss. Skaparaugo med skaparens forventningar. Han treng oss. Han har gjort seg avhengig av oss. Han vil løne oss. Løna kallast evig liv. Løna er det same som vi kallar nåde. Her får alle mykje; ufortent mykje. Slik sett er Gud urettferdig, for han gjev oss så mykje meir enn vi alle fortener.

Lat meg no ta dykk med til ein engelsk storby. I ein av dei store kyrkjelydane i byen, ein kyrkjelyd med mykje folk og med ressurssterke folk, starta dei med gudstenester også i byens slumområde. I dette området av byen hende det gledelege at fleire av dei kriminelle; tjuvar, innbrotsmenn og dei som verre var, omvende seg og vart kristne.
Og når det vart halde gudsteneste kom desse kriminelle til kyrkje og gjekk til nattverd i lag med byens betrestilte borgar som også møtte opp på desse gudstenestene.

Ved eit slikt høve kunne presten i kyrkja observere at ein tidlegare innbrotstjuv knelte ved nattverdutdelinga side om side med ein dommar i Englands høgsterett. Denne dommaren hadde tidlegare dømt mannen ved sida av til fengsel i sju år. Men då han kom ut or fengselet, vart forbrytaren omvendt og ein ivrig kristen medarbeidar.
Under nattverden, medan dei knela, såg det ikkje ut som om korkje dommaren eller den andre let seg merke av kvarandre.

Etter gudstenesta gjekk dommaren heim att i lag med presten. Dommaren sa til presten:
- La du merke til kven som knela ved sida av meg ved altarringen i dag?
- Ja, sa presten, - men eg var ikkje klar over at du sjølv la merke til det.
Dei to gjekk stille vidare ei lita stund, og så sa dommaren: - For eit under av nåde! Presten nikka og var samd. - Ja, for eit fabelaktig under av nåde!
Då sa dommaren: - Men kven snakkar du om?
Presten svara: - Om omvendinga til denne kriminelle.
Då sa dommaren: - Men eg tenkte ikkje på han. Eg tenkte på meg sjølv.
Presten vart nesten sjokkert og svara: - Tenkte du på deg sjølv? Eg forstår ikkje.
- Jau, sa dommaren, - det kosta ikkje den innbrotstjuven så mykje å omvende seg då han kom ut or fengselet. Han hadde ikkje noko anna enn eit kriminelt rulleblad bak seg, og då han såg Jesus som sin Frelsar, visste han at det var frelse, håp og glede for han.
Men sjå på meg. Heilt frå tidleg barndom vart eg opplært til å leve som ein fin mann. Eg lærte å be, å gå til kyrkje, gå til nattverd o.s.v. Eg gjekk på Universitetet, tok mine eksamenar, vart advokat og til slutt dommar.
- Difor, prest, - ingenting anna enn Guds nåde kan ha fått meg til å innsjå at eg er ein syndar på line med denne kriminelle.
Det trongst uendeleg mykje nåde å tilgje at eg var så stolt og så full av sjølvbedrag, til å få meg til å innrømme at i Guds augo var ikkje eg betre enn den kriminelle som eg sende i fengsel.

I dag handlar det ikkje om rettferdig løn. Om forteneste for det vi har prestert. Det handlar om nåde. Om Guds uendelege godleik mot oss. Om at Gud gjev oss så mykje meir enn vi fortener. Det gjeld dei som kan vise til lang og tru teneste! Dei skal vi gjerne løfte fram og gje både takk og ære oss i mellom. Men dei som kjem seint inn i Guds rike, inn i arbeidet, inn i tenesta, dei får den same løna og den same æra: Dei får Guds nåde dei og.
Det er ein likeverdig plass ved nådens bord både for høgsterettsdommaren og for tjuven. Slik er det også i Guds evige rike.

På vingardssøndagen handlar det om at Gud kallar arbeidarar til teneste for seg. Han vi ha oss i teneste. Men han lønar oss ikkje etter forteneste. Han lønar oss med nåde.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar