søndag 26. oktober 2014

Kampen i døropninga

Bots- og bønedag I - 26.10.2014
Åsane
Luk.13,22-30

Det er så mykje kamp og strid rundt oss.
Verst og vondast er det med dei som kjempar med våpen i hand. Dei som skyt og drep. Dei som sprengjer terrorbomber og drep uskuldige. Vi ser det på TV. Det er ekkelt. Det smertar å sjå at det skjer!
Og vi ser dei som krigen har jaga på flukt. Frå Syria strøymer millionar av flyktingar over grensene til Libanon, Tyrkia og Jordan. FN melder i haust om at over tre millionar har forlate heimlandet sitt, Syria, og er på flukt. Flukt frå vondskap, djevelskap og islamistisk terror. I flyktningeleirane kjempar dei fordrivne om eit minimum av mat, vatn, klede eller telt.
Dette skjer i dei områda av verda der dei første kristne fann jord for sine røter. Ikkje langt frå der Jesus sjølv drog frå by til by for å undervise, og der han ein gong stogga og tala til læresveinane sine dei orda vi i dag har lese i lag. Orda om å kjempe.

All kamp og strid er vond og vanskeleg.
Men for dei fleste av oss som fann vegen til Åsane kyrkje denne bots- og bønedagen, er dette uverkeleg langt unna. Det er så fredeleg her hjå oss. Det er ikkje så mange som skyt. Vi høyrer av og til om sjuke og sinnsforvirra som kjem i fengsel for slike ting. Vi har ikkje gløymt 22.juli for tre år sidan. Men vi er lite urolege. Vi slepp å blø. Vi slepp å verta rivne sund av valden som herjar andre stader i verda.

Likevel er det som om det riv og slit i oss. Ikkje fordi det er så brutalt å leve og å bu her hjå oss. Men fordi vi lever i ei tid og i eit samfunn og i ei kyrkje der det trass i velstand, fred og ro ulmar av noko som ikkje er lett å setje namn på. Noko inne i oss som gneg og ikkje gjev oss heilt ro.

Kanhende er det velstanden som vi alle vil ha ein størst mogeleg del av som riv aller sterkast i oss.
Ein velstand som gjer oss lite imøtekomande mot dei som kjempar der ute. Grensene våre er heilage. Vi synest det er vanskeleg å bruke millionar av våre mange milliardar til å rydde opp i utanlandsk kriminalitet her hjå oss. Eg kjenner irritasjonen sjølv når vi høyrer om slikt.
Men kva er dette, mot dei som kjempar for livet der ute ein stad?
Og kampen rullar vidare. Kven taper? Kven vinn?

Vi har vunne! Vi har vunne velstandskampen. Vi har vunne oss fridom, rikdom og demokrati. Vi skal ikkje sleppe dette.
Men eit påtrengjande spørsmål gneg oss:
Kvifor vert vi ikkje lukkelege når velstanden flyt rundt oss?
Kan det ha noko med at vi innerst inne anar at vi er ein del av noko som skulle vore heilt annleis. At den Gud som vi sannar trua på når vi samlast her i kyrkja eigentleg rettar ein åtvarande peikefinger til velståande nordmenn som kjempar ein kamp som den fattige del av verda stiller seg totalt uforståande til.

Kva som er rett oppskrift for å rette opp alt som er skeivt i tilhøvet mellom fattige og rike i verda, det veit ingen av oss. Men eg trur vi er samde om at den vegen vi no går på i alle høve går i feil retning. Og at vi veit med oss sjølve at Gud vil stemple veldig mykje av det vi er ein del av, som synd.
Sjølv om vi ikkje skyt eller sprengjer bomber.

Og det er mykje anna av det vi er med på som også må kallast for synd.
Vi er t.d. med på å øydeleggje klima, miljø og natur.
Vi stel rett og slett naturgrunnlaget frå dei som skal kome etter oss.

Og som vi alt har vore inne på: Vi let att augene og gjer hjarto harde når flyktingar bankar på grenseportane til landet vårt. "Reis heim att. I beste fall skal vi gje deg nokre almisser der du bur. Men her hjå oss har vi berre plass til oss sjølve. For om det skal bu flyktningar i mitt nabolag, då vil verdien på huset mitt minke. Så kom ikkje for nær meg!"

I den kristne kyrkja er det også vanskeleg å halda fred. Av og til vert kyrkjeleiarar tvinga til å tale i saker der media vil setja dagsorden. Og når kyrkjeleiarane ikkje talar slik media innbyr til, så vert kyrkja skulda for å vere kald og avvisande. Kanskje er det sant? Kanskje er kyrkja for kald og avvisande. I så fall er det synd og skam.
Men sanneleg må media også stå til rette og til ansvars for at synda og skamma veltar inn over oss.
Men vi kjøper og betaler for synd og skam. Vi gottar oss over "Se og Hør." I staden skulle vi slege augo skamfulle ned når blada sine forsider avslører kva vi er ein del av. Synd og skam.

Det er alt dette vi i dag skal bere fram når vi lagar til skriftemålsgudsteneste. Synd og skuld og skam handlar det om i våre liv. I dag er ein god dag til å leggje av oss hjå Gud. Og til å lytte med hjarta når Guds ord om syndstilgjeving lyder frå prestens munn.

Men også det er ein kamp. Ein kamp mot djevelens makt over mitt liv. Han kjempar i mot meg når eg skal fram for Gud med synd og skuld og skam. Difor trur eg at djevelen er i dårleg humør akkurat på denne søndagen. For i dag gjer vi det i kyrkjene våre som vi skulle gjort langt oftare. Vi går fram for Gud i bøn og bot. Vi sannar syndene våre gjennom det allmenne skriftemålet. Vi set ord på skamma. Vi ber Gud om å løfta bort vår skuld.
Det er bots- og bønedag. Det er skriftemålsgudsteneste. Då vert det også ein kampdag.

 «Kjemp for å komme inn gjennom den trange døren! seier Jesus.

I dag står vi i døropninga. Døra inn til Guds rike. Og vi legg merke til at det er tumultar her i døropninga. Her er det kamp om å kome seg inn. Og ingen ynskjer å verte ståande utanfor. For innanfor døra ser vi festbordet. Vi høyrer musikken som skaper feststemning. Vi ser ein glimt av han som byr inn til fest. Han som vi kjenner så godt. Han som vi så gjerne vil vere ven med.
Her vil vi verkeleg vere med. Kanskje har vi allereie vore ein tur innom døra. Difor veit vi at det er der vi høyrer til. Men vi fekk lyst på ein liten luftetur utanfor. Vi vart lenger ute enn vi hadde tenkt. Vi gjekk lenger bort enn vi hadde tenkt. Men no er vi tilbake. Og vi ser at vi er mange som vil inn. Det er trengsel i døropninga. Her er det rett og slett fare for å bli ståande utanfor når husbonden stengjer døra.

Kven er det som får kome inn, og kven er det som vert ståande utanfor når dørlåsen smell i frå innsida? Når det er endeleg stengetid?

I tekstordet på Bots- og bønedag gjer i allefall Jesus det klårt at dette selskapet ikkje utan vidare er ope for kven som helst. Det er ikkje ein gong nok at ein har vore innanfor tidlegare og teke til seg av rettane ved Herrens bord. Eller at ein har site ved læremeisterens føter og lytta til kva han har sagt.  Skal ein til sjuande og sist vere på innersida av den tronge døra, må ein ikkje vere mellom dei som gjer urett, seier Jesus.
Når husherren først har reist seg og lukket døren og dere blir stående utenfor og banker på og sier: ‘Herre, lukk opp for oss’, da skal han svare: ‘Jeg vet ikke hvor dere er fra.’ Da vil dere si: ‘Vi har jo spist og drukket sammen med deg, og du har undervist på gatene våre.’  Men han skal svare: ‘Jeg vet ikke hvor dere er fra. Bort fra meg, alle dere som gjør urett!’

Høyrde du det: " Bort fra meg, alle dere som gjør urett!’

Vi gjer urett alle som ein her i kyrkja i dag. Difor vert det verkeleg kamp på liv og død for å sleppe inn gjennom den tronge døra. Gjennom døra, inn til bordet, inn til fellesskapet. Inn til Guds rike.

Og nettopp fordi vi gjer urett, vi som har funne vegen til Åsane kyrkje i dag, så er det frigjerande at vi denne eine gongen i året kan få ta del i bots- og bønedagens nærgåande skriftemålsgudsteneste.
For vi må gjere noko med den uretten vi har gjort. Med den synda vi har gjort. Med den skulda vi ber på. Med den skam vi kjenner inne i oss. Med alt dette som vi veit skulle vore annleis. Dette som er på tvers av Guds vilje med våre liv.

Dette må vi bere fram for Gud. I bot og i bøn. I skriftemålet.
Dette er noko av det som er denne dagens heilt spesielle kjenneteikn. Vi sannar for Gud at vi har synda. At vi er ein del av ei syndig verd. At vi er ein del av ei kyrkje som langt frå er feilfri.
Men i denne kyrkja som ikkje er feilfri, vågar vi i dag oss fram for Gud. Med vår synd og vår skuld og vår skam. Vi kjem for å få høyre dei gode orda om syndstilgjeving. Om nåde. Om oppreising og ein ny start.
Det at vi kjem fram for Gud på denne måten er ein del av kampen. Kampen i døropninga. Kampen for å sitje til bords i Guds rike.

Og det store er at på innersida av døra står det ein og rettar handa ut mot oss. Han ser kor vi kjempar. Han ser at vi er såra i kampen. At vi blør. Ikkje av skotskader eller bomber. Men fordi vi har falle og slege oss på vegen gjennom livet. Vi har rive oss opp på djevelens tornekratt.

Det er plass til oss innafor. Dvs. det er plass til dei som grip tak i denne handa. Handa med sårmerker frå krossfestinga.
Men det er ikkje plass til dei som stolte og eigenrådige krev at dørene skal opnast vidt opp: " Vi har jo spist og drukket sammen med deg ".
Ja, kanhende åt du og drakk du ved Herrens bord ein gong. Men det i seg sjølv garanterer ikkje at du slepp innfor på den siste dagen dersom du gjekk frå nattverdens bord og ut or kyrkja for å gjere meir urett.

I dag er det altså ikkje tid for å slutte å kjempe. Kampen mot vondskap og djevelskap skal halda fram. Og kampen for å kome inn gjennom den tronge døra til Guds rike.
Sjå etter handa med naglemerke når du kjempar denne kampen. Ta tak i den. Då får du kraft. Då skal du vinne. Då skal han leie deg innafor til bordet og til fellesskapet før døra stengjest på den siste dagen!

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv