søndag 25. januar 2015

Blind


4. s i openberringstida, II. 25.01.2015
Ytre Arna
Johs.9,1-7.35b-38

Eg kjenner nokre få blinde menneske. Dei eg kjenner er i fullt arbeid og fungerer på ein nesten uforståeleg måte i kvardagslege oppgåver som eg med alle mine vankunnige fordomar ville tenkje var uråd å gå inn i for blinde.

 Eg ser godt. Det sa augnelækjaren eg var hjå i veka som gjekk. Men eg har etter kvart forstått at eg er nesten blind for kva det i praksis betyr å leve som blind.

 Eg har forstått at eg ikkje skal prøve på å gje meg ut på å skildre kvardagen til dei blinde. Det har eg ingen føresetnader for. Heller ikkje kva tankar blinde gjer seg om den lagnaden som har ramma dei. Til det har eg alt for liten kunnskap.

Men vi som ser, veit i alle høve kva dei går glipp av, dei som ikkje kan sjå. Difor har nok sjåande gjennom alle tider hatt det med å synast synd på dei blinde. Og til å undre seg over korleis dette eigentleg opplevest. Og innimellom til å stilla uforskamma spørsmål.

Eg vonar at dei blinde har evne til å bere over med vår uforstand når vi som ser, demonstrerer vår hjelpeløyse i møte med det som er deira kvardag, eit tungvint handikap, som likevel ikkje set dei utanfor utdanning og arbeidsliv. Når blinde kan takle sitt problem så framifrå som dei blinde eg kjenner har gjort, så skulle ikkje vi gjere som læresveinane til Jesus gjorde det; spørje med slik infam uforstand: "-kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?" 

Dette er feil spørsmål!

Det fører fullstendig på viddene om vi som kristne skal leite etter årsakene til sjukdom eller funksjonshemming i gamle synder, anten som vi sjølve har gjort, eller som foreldra våre gjorde før vi sjølve kom til verda.

Sjukdom og liding er ikkje straff for enkeltmenneske sine synder.

Både friske og sjuke gjer synd. Blinde og sjåande syndar heilt på lik linje. Det gjer vi fordi vi alle er ein del av ei fallen menneskeslekt som ein gong må stå til ansvars for den synd vi har gjort. Og ansvaret vi må påta oss, er klårt i følgje apostelen Paulus: "For den løn synda gjev er døden.." (Rom 6,23a)

Ikkje noko mindre. Døden. Den ventar oss alle.  

Men i møte med døden er det likevel von, for Paulus held fram i det same verset i Romarbrevet: "..men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre."
(Rom 6.23b)

Feil spørsmål i møte med lidinga, altså.

Jesus er ikkje oppteken av årsaka til at denne mannen vart fødd blind. Og at nettopp denne eine vart vald ut til å få synet tilbake, kan også verke tilfeldig. For det var ikkje slik at Jesus gav synet tilbake til alle blinde den gongen. Like lite som blinde i dag kan rekne med å få sjå fargar og former som vi sjåande kan gle oss over.

"- no kan Guds gjerningar bli openberra  på han".
Slik tala Jesus om denne spesielle mannen. Han som på så underleg vis fekk synet tilbake. Nesten gjennom magisk trolldom kunne det først synast. For når Jesus spyttar på jorda og lagar ei leire av spytt og jord som han smør på dei blinde augo, så minner det ikkje om noko anna enn det trollmenn og magikarar gjer under heilt andre tilhøve, som vi i dag gjerne omtalar som primitive.

Men lat oss ikkje øyda tankekrafta vår på kvifor Jesus valde å gjera dette underet akkurat på denne merkelege måten. Slik gjekk det føre seg, og poenget er ikkje korleis Jesus gjorde eit under, men poenget er føremålet: Han ville syne Guds gjerningar på denne blinde. Og han ville, ved å opne for lys og for fargar gjennom mørke og blinde augo, syne at han sjølv, Jesus Kristus, han var den han gav seg ut for å vere: "-eg er lyset i verda"

Jesu under då han gav den blindfødde synet tilbake, var noko mykje meir enn eit under med lækjedom for denne mannen, som sjølvsagt var råka av ein tung og vanskeleg lagnad.

Jesu under viser at han har større oppgåver enn å sleppe lyset til der synet manglar. Han vil sleppe lyset til der sjølve trua er formørka.  

Han står der og lyser sjølv, han som er lyset for verda. Jesus set fokus på seg sjølv.
Visst er det mykje vakkert å sjå for den som legg merke til menneske og natur når augo ser seg rundt.
Men kan du sjå Jesus, du som ser så mykje anna i verda som omgjev deg?

Har du dette lyset klårt for ditt indre auga? Det som skin frå Jesus sjølv? 

Det hende noko underleg med den blindfødde og med dei som var vitne til at Jesus gav denne mannen synet tilbake.

Forteljinga som vi har lese som vår preiketekst er korta kraftig ned i forhold til alt som står i det 9.kapittelet i Johannes evangeliet. Det vi las, var om sjølve underet, og om tydinga av underet. Men mellomspelet, heile 26 vers i dette kapittelet, det har vi hoppa over. 

Ser vi på kva som skjer med han som var blind, men som fekk synet tilbake, så kan vi lese korleis hans innsikt i kva som eigentleg hadde hendt, den vart større og større. Første gongen nokon spurde kva som hadde hendt, svara han: "Den mannen som heitte Jesus, laga til litt leire osv." (v.11) Jesus er her berre ein mann.

Nokre vers lenger ute, får han enno ein gong spørsmål om kva han meiner om han som gjorde han frisk. No svarar den blindfødde: "Han er ein profet" (v.17)

Endå litt lenger ute kjem mannen i kraftig krangel med jødane om kven Jesus var, som hadde gjort han frisk, og no er konklusjonen i v.33 at Jesus er frå Gud.

Og høgdepunktet har vi lese i preiketeksten. Jesus sjølv utfordrar han: "Trur du på Menneskesonen." "Eg trur, Herre, sa mannen. Og han tilbad han" (v.38) 

Den blindfødde fekk synet at. Og etterkvar vart hans indre syn og hans tru klårare og tryggare. Hans innsikt om Jesus utvikla seg frå at Jesus berre var ein mann, så at han var ein profet, vidare at han kom frå Gud, til at han var Menneskesonen som han kasta seg ned for i tru og tilbeding.

Men for dei såkalla sjåande vitna til Jesu under gjekk utviklinga nærmast omvendt.
"Denne mannen er ikkje frå Gud", seier dei først (v.16). Lenger ute vitnar dei falskt om Jesus: "Vi veit at dette mennesket  er ein syndar" (v.24), og dei seier òg: "vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå" (v.29)
Det handlar altså om meir enn augo som kan sjå på denne søndagen.

Det handlar om å sjå i sitt indre at Jesus er verdens lys. Det handlar om å tru på Menneskesonen. Det handlar om å kome så langt som at Jesus vert trudd og tilbeden. At ein kastar seg ned for han med orda: "Eg trur, Herre"

I tekstordet høyrde vi at Jesus til slutt var utfordrande og direkte til den blindfødde: "Trur du på Menneskesonen?"

Dette spørsmålet skal hange att når eg snart er ferdig med denne preika. Eg vonar at vi kvar for oss etter kvart har sett så mykje av Jesus at augo våre er så klåre at vi kan svare som han som også hadde fått nytt syn gjorde: "Eg trur, Herre"
Den blindfødde kasta seg ned for Jesus i tilbeding.

Eg utfordrar ingen til å kaste seg ukontrollert ned  her i kyrkja i dag. Derimot innbyr eg deg til stille og roleg å finne din plass saman med dei andre i kyrkjelyden når vi om litt skal knele ved Herrens bord. Den same Jesus som møtte den blindfødde og gav han nytt syn og ny tru, vil då møte oss med nattverdens handtrykk.

Eg vonar vi kvar for oss kan gå frå kyrkja i dag og at det då syng i vårt indre: "Eg trur, Herre!"

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv