søndag 15. mars 2015

Slangen

4. s. i fastetida - II. 15.03.2015
Arna
Johs. 3,11-16
Ser du slangane for ditt indre auga?
Det er nokre ekle kryp. I alle fall synest eg det. Men eg veit at andre likar slangar og krypdyr. Reptilar. Eg har slike menneske tett innpå meg, i nær familie.
Likevel trur eg at dei fleste av oss ryggar tilbake i møte med giftige slangar. Det har vi faktisk all grunn til. Særleg når gifta deira er dødeleg. Det skal vere meir enn 100 slangeartar som er så giftige at dei kan ta livet av menneske. I flg Wikipedia er det millionar av menneske som årleg vert bitne av giftslangar, og ca 125.000  menneske døyr kvart år av slangebitt, dei aller fleste av desse utanfor Europa.

Ein stad i øydemarka mellom Egypt og Israel hende det altså at det aula fram av giftige slangar. Serafslangar er dei kalla. Før stod det i Bibelen: ”giftslangar” eller ”eiterormar.”
Desse slangane dukka opp mellom israelittane som var på flukt heim frå fangeskap i Egypt. Men flukta tok uhorveleg lang tid. Til saman 40 år på ei strekkje som tilsvarar omtrent avstanden mellom Bergen og Oslo.

Eit utolmodig folk klaga seg til Moses. Øydemarka verka til å døy av. Elendig, einsidig mat. Sand og sol og tørke. Lengten stod til kjøtgrytene i Egypt, meir enn til eit ukjend heimland eit stykke bortanfor øydemarka. Folket sutra og klaga. Det er lett å forstå. Men vi ser likevel at Gud ikkje var fornøgd med det som hende.
”Då sende Herren serafslangar inn mellom folket”, står det. ”Mange døydde”.

Slangane vi møter i Bibelen, og særleg i GT, skal vi ikkje gå fort forbi.
Vi skal stanse opp litt og sjå nærare på kva dette eigentleg er.
Om dette er bokstavleg historie, kan vi sjølvsagt spørje etter. Men forteljingane står der. Og ut or desse forteljinga stig det eit bilete av oss menneske. Og av Gud.

I Bibelen møter vi slangar lenge før vi kjem så langt som til forteljinga vi har lese om slangane som tok livet av israelittar under utfarten frå Egypt. Allereie i Bibelens 3.kapittel, i 1,Mos. 3,1 les vi: ”Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga.”
Vi kjenner forteljinga vidare. Om slangen som lokka. Om Eva som åt, om Adam som også fall i synd. Og om korleis Gud forbanna slangen – symbolet på vondskapen og djevelskapen i verda: Då sa Herren Gud til slangen: «Forbanna er du, utstøytt frå alt fe og alle ville dyr fordi du gjorde dette. På buken skal du krypa, og støv skal du eta alle dine levedagar. Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, di ætt og hennar  ætt. Han skal råka hovudet ditt, men du skal råka hælen hans.» (1.Mos 3,14-15)

Slangen i GT er symbolet på synda. På den gifta som har død med seg. På dette som trengjer inn i mennesket og øydelegg for livet og for æva.
Det er ikkje tilfeldig at når vondskap og djevelskap og synd skal kle seg i noko skapt og levande, så framstiller Bibelen alt dette vonde i form av den giftige og farlege slangen. Den som kjem smygande, krypande, lydlaust og overraskande, og som kan hogge til så kjapt og uventa at vi menneske ikkje maktar å kome oss unna.
Slangen er eit veldig godt bilete på synda og freistinga som ligg på lur og som kan føre med seg at eit levande gudsliv vert forgifta, eller i verste fall døyr.

Gå vi tilbake til øydemarka, må vi undre oss over at når folket klagar si redsle over slangane til Moses, så forordnar Moses ein ”medisin” som til og med for så lenge sidan måtte opplevast som meiningslaus eller beint fram latterleg: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.» (4.Mos21,8)
Deira einaste håp om å overleve slangegifta, besto i å løfta blikket og sjå på den koparslangen som Gud hadde sagt at Moses skulle setja på ei stong. Koparslangen viste seg å verta redninga for ørkenfolket. Ei løysing som kanskje syntes latterleg for dei som stod midt oppe i dramatikken.
Hadde det i staden vore snakk om store bøneseremoniar eller magiske formlar eller mystiske medisinar, så ville vel neppe noko råd vore uprøvd. Men å løfta blikket og sjå på ein koparslange? Det hørdest dumt ut.

Bibelen slår likevel fast:
"- når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva”

Vi flyttar oss frå Moses og øydemarka til Jesus og Nikodemus. Det er frå samtalen mellom desse to at preiketeksten vi har lese i lag er henta.

Nikodemus, denne forfina embetsmannen som sneik seg ut utanom all vanleg kontortid, og oppsøkte Jesus midt på natta, og som frå Jesus fekk høyre ord om å bli født på ny. Neppe det ein storkar som Nikodemus såg føre seg som fornuftig tale frå ein som han tiltalte som Rabbi – altså ein lærar. Nikodemus ville vite meir om dei himmelske ting. Og i alle fall har eg vanskeleg for å tru at han fekk høyre noko som var slik han hadde førestilt seg då han og Jesus sat der i nattemørket, kanskje i lyset frå ein bleik oljelampe og samtalte om djupe og store spørsmål.

I denne samtalen er det altså at Jesus vrir på tidsbrytaren og tek Nikodemus med tilbake til den gongen slangane smøyg seg mellom livredde israelittar ein stad i sanden mellom Egypt og Israel.
Først tala Jesus om å verte fødd på ny. Fødd av vatn og Ande. Så held Jesus fram sin Nikodemustale slik:
Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,  så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

Jesus og Nikodemus tala om dei himmelske ting.
Jesus talar då til Nikodemus om slangar og øydemark. Jesu koplar vegen frå død til liv til denne ubegripelege hendinga i øydemarka der israelsfolket fekk liv ved å sjå på ein død metallkopi av ein slange.

I våre dagar må vi undre oss. Kva i all verda er dette? Magi? Trolldom? Overtru?
Det Jesu talar om, er korleis skaden frå opphavet kan gjerast god igjen. Slangen er vondskapen. Det er freistinga. Det er djevelen i paradis som førte synda inn i verda.
Og slangen dukkar opp igjen i øydemarka.
Men den døde slangen, metallslangen, koparormen, oppløft på ei stong, er den som bergar liv til livredde og fortvila folk som pleia sine ormehogg ute i sanden.
Det er ufatteleg. Som eit eventyr.
Men dette er ei profetisk handling som skjer der Moses let seg leie av Gud til å gjere dette forunderlege, til å forme ein slange av kopar og løfte han opp slik at dei som løftar augo i tru bergar livet.
Det er ei handling som peikar fram mot Jesus.

I samtalen med Nikodemus stig Jesus inn i rolla som koparormen. Som den som skal hengjast på ei stong, på ein kross, og som skal verte til liv og fred for alle som maktar å tru det ubegripelege. Til å løfte blikket. Det er så enkelt. Likevel så vanskeleg fordi det er så lett. Vi får oss ikkje til å tru at det kan nytte. Å sjå. Å tru

Men enno ein gong vil Jesus minne oss om sanninga som ligg i det å tru det utrulege. Å tru på han som døydde. Som var livlaus på ein kross, men som likevel vart til liv for eit heil menneskeslekt. 

Ditt evige liv - livet i Guds rike - dåpslivet ditt - kan bergast frå synda si dødelege gift. Det skjer ved å sjå på Jesus! Det skjer ved å tru på Jesus. Det skjer når orda frå Jesu munn – dei vi kjenner att som det vi kallar for ”Den vesle Bibel”  får slå rot i hjarta vårt og vere det vi trur, det vi lever på, og det som skal vere vår grunn når døden hentar oss. Då startar det nye livet.
 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Menneskesonen, Jesus sjølv, skal løftast opp på ein kross,
-så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv

Her har vi frelsesgrunnlaget.
Den krypande, ekle, giftige slangen vil vere der. Han vil kome med sine hogg. Han vil til og med ramme oss så det svir.
Men vi kjenner han som kan berge oss frå gifta. Frå synda. Vi trur. Vi løftar augo våre og ser på Jesus. På Menneskesonen som heng der oppe på krossen.

Det er vårt håp. Det er vårt liv her i dag. Det er vårt evige liv som gjer at vi kan døy med fred og håp når den dagen kjem.    AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv