søndag 13. september 2015

På flukt


16. s. i treeiningstida II. 13.sept. 2015
Åsane
Matt 5,10-12



Det er ikkje småtteri å stå ansikt til ansikt med sæleprisingane som Jesus lærte oss i si Bergpreike.
Men på denne søndagen er det nettopp eit lite utval av dei vi har lese.

Sæle er…../Salige er de som…
Eit gammaldags ord dette. Sæl eller salig. Kva betyr det?
Det næraste er vel det å vere velsigna eller å vere lukkeleg.

Det vi i vår Bibel kjenner som Jesu Bergpreike, vert altså innleia med dei berømte sæleprisingane der Jesus kjem med ei lang rekkje av setningar der ulike menneske vert prisa sæle; altså vert kalla for lukkelege eller velsigna.

I dag altså desse merkverdige orda: Sæle dei som bli forfølgde!

Har du høyrt på maken? Går det an å vere lukkeleg når ein er forfølgd?
Føl det velsigning i fotspora til brutale forfølgjarar?

Sjeldan er det viktigare å halde tunga rett i munnen enn nett no.
Sjeldan er det viktigare å lese kva det faktisk står. Lese alt! Rett og slett studere litt nøye kva Jesus eigentleg sa, og ikkje berre ta den overflatiske og lettvinte og kortversjonen.
(I parentes vågar eg å nemne at nettopp det har vi sett utruleg mykje av i den debatten vi har vore vitne til om aktuelle teologiske og samfunnsmessige spørsmål som har vore opp til drøfting no framfor kyrkjevalet i morgon. Her er det teke mange kortversjonar og snarvegar i argumentasjonen, men det får kvile no. Parentes slutt!)

Tilbake til sæleprisinga av dei forfølgde.

Det står altså meir enn at dei forfølgde er sæle.
Det står at Jesus seier:
«- sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk,….»

For mi skuld!
Det er dei som vert spotta fordi dei vil vere som Jesus, som vert kalla for sæle. Dei som av den same grunn vert møtt av løgn og vond omtale. Og Jesus lovar ingen som er i den situasjonen gode dagar, lukke og velstand, her og no.
«Stor er løna dykkar i himmelen», seier han.

Når vi løfter augo våre i dag, og ser kven det er som i 2015 vert forfølgde for si tru; som vert hersa med og jaga på dør; ja som til og med risikerer livet fordi dei vil høyre Jesus, då kan vi ikkje la vere å sjå mot ein del av landa i Midtausten.

Seinare denne hausten vil i mange av kyrkjene våre her i landet, men også i kyrkjer rundt om i heile verda, markere det vi kallar for «Søndag for dei forfølgde». I år vert det den 8.november. Då vil vi fokusere spesielt på Syria og Irak. Situasjonen i begge desse landa kjenner vi frå omfattande mediedekning gjennom fleire år. No veit vi litt om det forferdelege som skjer i regi av det vi har lært å kjenne som IS, eller Islamsk Stat.

Nærværet til både kristne og andre minoriteter står i reell fare for å forsvinne heilt frå store områder i denne regionen. Med hensynslaus og brutal framferd har IS skapt eit terrorregime vi neppe har sett maken til sidan dei alle verste naziovergrepa fann stad.
Ikkje minst går forfølginga ut over dei få kristne som er att i desse landa.

Er det då rett å tenkje at det er slike folk Jesus i dag prisar sæle og lukkelege og velsigna? «Sæle dei som bli forfølgde» seier han altså.

Det vil vere meiningslaust å gje støtte til overgrepa vi er vitne til, ut frå ein tankegang om at slik forfølging i neste omgang gjev ein status av å verte sæl.
Det verkar som om forfølginga Jesus her siktar til er av verbal karakter
. «Spottar, … lyg, talar vondt om, …» Det må ein som trur på Jesus rekne med. Det skjer ikkje berre i Syria og Irak. Slikt møter ein kristen også i vårt eige land. Vi ser meir og meir av det. Toleranse er eit moteord. Alt skal kunne tolast i eit liberalt samfunn, men ikkje tradisjonell kristen lære som løfter opp Jesu eigne ord.
Men det lyt vi leve med. Det kan kyrkja tole. Det kan kristne tole.

Men vi kan ikkje tole drap, overgrep, henrettingar, despoti; alt dette som knuser samfunna i Syria og andre land i denne delen av verda. Vi kan ikkje sitje med hendene i fanget og sjå på flykningar som i desperasjon kjempar seg fram over grense etter grense gjennom Europa. Vi toler ikkje fleire bilete av døde småborn på strender der turistar heller skulle nyte badelivet.

Jesus prisar aldri slike forfølgde for sæle.
Tvert om. Vi veit at Jesus sjølv som eit lite barn var på flukt frå ein forrykt despotisk konge som drap guteborn i Israel som om dei var skadedyr. Foreldra hans tok Jesus med seg og rømde frå kong Herodes til Egypt. Jesus var sjølv ein flyktning.

I dag bankar flyktningane på våre grenseportar.
I dag skal vi lytte til Jesu sæleprisingar, også nokre av dei andre han sa i same anledning som den som er vår preiketekest i dag.

I Bergpreika sa Jesus også nokre ord til oss som vi gjer vel å ta inn over oss i den situasjonen vi opplever i Europa og i vårt land nettopp desse dagane.

Høyr berre på dette: Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.

Midt oppe i forferdelege scener som rullar over TV-skjermane mens flyktningane tek seg nordover mot vårt eige land, så er det gledeleg og oppmuntrande å sjå den store viljen til å hjelpe som vi er vitne til så å seie alle stader.

Ei og anna røyst løfter seg, også mellom nordmenn og politikarar på val i desse dagane, at fletningane skal hjelpast der dei bur og ikkje «mellom bakkar og berg ut med havet»
Eg skal ikkje nekte for at eg gler meg over kor kontant desse røystene vert overdøyva av velkomsthelsingar og initiativ som flaumer over nettopp no.
Også i denne kyrkjelyden skal vi prøve å gjere noko. I dag. På denne søndagen. Du kan berre stanse igjen etter gudstenesta og gå ned ei trapp, så får du meir informasjon om dette gjennom Kirkens Nødhjelp sin representant som sit her i kyrkjerommet nett no. Der skal vi ete middag som i utgangspunktet allereie er betalt av sponsorar, men som du også kan få betale for, slik at vi får eit stort pengebeløp inn som vil leggast til kyrkjeofferet vi snart skal ta opp her i benkeradene. Alt til inntekt for dei som er på flukt. Dei forfølgde. Dei som er utsett for mykje meir enn at nokon
«- spottar, … lyg, talar vondt om, …»

Desse flyktningane rømer frå drap, overgrep, henrettingar, despoti; - slik Jesus som barn også rømde frå kongen som drap guteborna i Jerusalem.

Kjære kyrkjefolk i Åsane: Eg håpar du skal kunne ete deg mett i dag. Mett på god mat som du betalar godt for. Men endå meir at du vert mett slik Jesus gjev uttrykk for det: «Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.»

Det handlar ikkje berre om mat. Det handlar om rettferd. Det vil vi som kyrkje løfte opp i møte med flyktningekatastrofa. Rettferd for flyktningane

Og i møte med urettferda vil vi vise det sinnelaget som Jesus også held fram for oss som eit stort forbilde når han seier det slik i Bergpreika: «Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.» Eller som det for ein gongs skuld kanskje er betre uttrykt på bokmål: «Salige er de barmhjertige, for de skal få barmhjertighet»

På denne søndagen handlar det om dei forfølgde. Om dei som flyktar, ikkje først og fremst fordi dei er kristne, dei fleste av flyktnigane er muslimar, men dei flyktar frå despotiet og galskapen og djevelskapen. Dei søkjer rettferd.

Vi vil møte dei med miskunn. Vi vil møte dei med barmhjertigheit.

Vi gjer det fordi vi er medmenneske. Vi gjer det fordi vi er kristne. Vi gjer det i glede over Jesu ord i Bergpreika:

«Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.» «Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.»

AMEN


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar