tirsdag 29. mars 2016

Gravferd ved påske



Gravferd ved påske - (Johs. 20, v. 1 og 9)
Tidlig om morgenen den første dagen i uken, mens det ennå er mørkt, kommer Maria Magdalena til graven. Da ser hun at steinen foran graven er tatt bort.  ……….
Fram til da hadde de ikke forstått det Skriften sier, at han måtte stå opp fra de døde.
  
Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava.
For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde.


Denne påska har mange snakka om døden. Fordi vi gjennom påska har blitt minna om vald og terror ute i Europa.
Men denne påska har døden for mange av oss også vore nærare enn litt fjerne dagsrevyinnslag, eller ein kriminalroman på senga. For døden banka på i heimen. Døden tok frå oss eit menneske som stod oss nær.
Det hende det som vi alle vil verne oss mot så lenge vi kan. Vi vil verne oss mot døden. Vi kjempar mot døden. For alle er vi er redde for å døy.
Men om att og om att opplever vi at nokon døyr rundt oss.
Dine kjære vart tekne frå deg. Lagd i kiste og gøymd i jorda utanfor ei kyrkje du kjenner deg knytta til. Vi har alle opplevd gråt og tårer. Og i dag kjenner vi på det igjen.
Kanskje vågar vi av og til å tenkje den tanken at nokon ein gong kjem til å felle tårer ved mi kiste og på mi grav.
På denne måten veit vi noko om sorg og sakn. Slik det alltid er når døden stikk si kalde klo fram. Og denne gongen hende det altså i sjølvaste påskehelga
Vi vil difor gå inn i litt av Bibelens omtale av påska no i dag. Og då forstår vi snart at smerten ved døden, den kjende også dei som stod ved Jesu kross og opplevde dramaet. Der stod Jesu mor, Maria. Der stod Maria Magdalena. Der stod Johannes, den læresveinen Jesus var så glad i. Og der stod mange andre av hans aller næraste.
Alle opplevde dei sorga og tårene langfredagen.

Men så vart det påskedag, og dei skulle ut for å stelle grava for første gong.
Maria Magdalena er den første vi høyrer om. Det var grytidleg morgon. Enno kvilte mørkret over landskapet. Men Maria våga seg ut i mørkret.
Takk skal du ha, Maria, for at du våga deg ut i mørket!
For det er godt å vite at den som vågar seg ut i mørkret for å leite etter Jesus, den rekne med å sjå lyset.

Maria kom til grava. Ho hadde trong for å sørgje. For å gråte.
Men ho fekk anna å tenkje på. For ho kom til ei tom grav. Gravsteinen var borte.
Vi høyrer korleis ho la på sprang. Inne i henne brann det sikkert av fortviling og forvirring. Ho spring av stad, stod det å lese. Maria spring mot lyset.
Difor lyser det mot oss no ved påske. Det lyser over heile verda. Anten det er påske  med skodde eller skyer, fulle av regnet som samlar seg over fjella, eller det er solskin mot kvite vidder. Det lyser i Bergen. Det lyser i Brussel. Uavhengig av meteorologi.
I Roma har paven forkynt til titusenvis av menneske at Jesus vann over døden.
Det same har vi ropa ut i kyrkjene våre her i
Åsane: «Deg være ære, Herre over dødens makt»
Lyset skin over landet vårt.
Lyset skin over Europa, der terrormørket må vike.
Lyset skin over det heilage landet der sola gjekk opp over Maria og læresveinane.
Måtte det også skine inn i dykkar familie som har kjent på sorg gjennom påska.
Lyset som ikkje kjem frå sola, men frå Kristus.
Jesus Kristus lever i dag, og han har sigra over alle mørke krefter. Den sigeren skal han dele med alle truande på den siste dagen. Då har vi alle håp om å stå opp av våre graver slik Jesus stod opp påskedag.
Dette må vi ta med oss ut i alle våre kvardagar.
Heldigvis er ikkje alle kvardagar grå, triste og sorgfulle.
Heldigvis er kvardagar også fulle av liv og glede, av meiningsfult arbeid, verdifull fridtid og byggjande familieliv.
Heldigvis opplever vi langt oftare glede og smil enn vi opplever sorg og smerte.
Og heldigvis kan trua på den oppstadne og levande Jesus Kristus sende strålar av håp og forventing når det står ei kiste i kyrkja heilt framme i koret.
No handlar det om å leve og å lytte til orda som gjev håp. Håp om at vi gjennom og bak døden skal få del i Jesu oppstode.
På denne dagen har vi gått over brua frå langfredag til påskedag.
Frå langfredagen har vi med oss e
it gjeldsbrev der det står betalt. Vi har med oss ei kvittering på at åndsmakter og vonde krefter er overvunne av sigerherren på krossen.
Påskedag møter sigerherren oss som dødens triumfator.
Bak han ligg ein naken kross. Bak han ser vi inn i ei opna grav som er aldeles tom.
Det einaste som er att der inne, er dei likkleda som Jesus aldri meir vil få bruk for, slik enkjesonen i Nain, eller Jesu ven, Lasarus,  begge måtte bruke om att, sjølv om dei for ei kort stund fekk livet i gåve av Jesus sjølv.Takk skal du ha, Maria, for at du våga deg ut i mørket!
Du tok oss med på leit etter Jesus. Han har stige fram i lyset på denne påska
Mørker skal aldri meir vinne over han, eller over ei kjempande menneskeslekt.
Livet vant, dets navn er Jesus. Halleulja!
Amen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv