lørdag 2. april 2016

- til gravkant



Vigsling av gravplass. Gjerstad kyrkjegard. 03.04.2016

Det går ein boge frå døypefonten til grava. Ein boge av håp.

Nett slik regnbogen fram for alt anna er eit fargerikt teikn på at Gud er nær oss i tilværet. Om regnbogen står det at denne sette Gud på himmelen då jorda tørka opp att etter storflaumen der berre Noah og dei han hadde med seg i Arka overlevde. Gud sa: «Eg set bogen min i skyene, han skal vere eit teikn på pakta mellom meg og jorda» (1.Mos 9,13)

Regnbogen er ein boge av håp om at det finst ei pakt mellom Gud og alle menneske. Jorda skal ikkje meir øydeleggjast.

I Det nye testamentet høyrer vi om ei anna pakt mellom Gud og menneska. Det er den pakta som knyter seg til Jesus og alt som hende i påska. Bl.a. høyrer vi i påskeforteljingane om nattverden som Jesus kallar «Den nye pakt i mitt blod som blir utrend for dykk» (Luk 22,20)
Vi skal ikkje repetere alt som hende i påska her og no, men vi veit at alt kulminerte med oppstoda. Jesu oppstode frå dei døde.
Det er om dette vi har tala i gudstenesta vi var med på inne i kyrkja nettopp.

Om det levande håpet som knyter seg til Jesu oppstode frå dei døde. Eit håp om at det å få del i Jesu oppstode gjennom dåpen, det er det same som det Peter i sitt brev omtala med desse orda: «- de skal nå målet for trua, frelse for sjelene dykkar» (1.Pet 1,9)

På denne søndagen, 2.s. i påsketida, har vi i dag vore velsigna med ein bibeltekst som vi elles siterer ved kvar dåp, men også som ei avslutning på gravkanten når vi tek farvel med dei som døydde frå oss.
Det er dette bibelverset som er bogen som bind saman livet vårt – frå døypefont til gravkant: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! (1.Pet 1,3)

Desse orda lyder altså som avslutning på dåpshandlinga. Desse orda lyder også på avslutninga av gravferdene.
Det går ein boge frå døypefonten til grava. Ein boge av håp.
Eit håp som knyter seg til det at Jesus har stått opp att frå dei døde. Ei levande von – der det ordrette uttrykket i vår Bibel.
Og vi vil gjerne bruke ordet levande her på denne staden der vi skal gøyma våre døde. Vi veit at her skal det i åra framover gråtast mange tårer. Her skal vi ta det siste farvel med menneske vi var glade i. Her skal generasjonar framover knele ved eit gravminne, plante blomar og sleppe minner inn over seg. Minner frå eit liv. Eit liv som varte i mange, mange år. Eller kanskje det vart så altfor kort?

Kanskje er det nettopp her ein stad at fleire av dykk som er samla i dag også skal finne ei grav?
I møte med så mykje, og med så vanskelege tankar og sinnsstemningar som er knytta til døden, gjer det godt å løfte fram ordet som vi ser lyser mot oss: Ordet om det levande håpet.

Dette håpet fekk vi del i då vi vart døypte. For, som vi tala om det i kyrkja; dåpen gjev oss del i påskehendingane. Dåpen gjev oss del i Jesu oppstode. Difor lever dette håpet vidare, også når livet er oppbrukt. Når grava skal vere den siste bustaden vår, kan vi kvile der med eit håp om at Jesu oppstode ein gong skal bli krafta som gjev meg og deg og alle som trur del i den same oppstoda.

Difor lyttar vi enno ein gong til dette kraftige bibelordet som er gjeve oss på denne søndagen. Ordet som er ein boge mellom døypefont og grav, gjeve oss til eit håp om at «- de skal nå målet for trua, frelse for sjelene dykkar» Difor seier vi enno ein gong: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!

Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv