lørdag 2. april 2016

Frå døypefont -----


2. søndag i påsketida. III. 03.04.2016
1.Pet. 1,3-9
Gjerstad

Å bli fødd på nytt er inga enkel sak. Det er vel beint fram umogeleg.
Ikkje eingong desse to små nydøypte som vi har helsa på i dag vil ein kunne forstille seg skulle fødast enno ein gong, sjølv om dei framleis er temmeleg små.

Ein som påpeika dette rett ut, var Nikodemus. Han som i si tid sneik seg ut om natta for å banke på døra heime i huset der Jesus budde.
Nikodemus var ein skikkeleg storkar. Rådsherre vert han omtala som i Johs. 3. Her hjå oss, anno 2016, vil han vel hatt ein posisjon i samfunnet som tilsvarar noko av ei blandinga av ein stortingsrepresentant og ein dommar i Høgsterett.

Denne mannen, høgt på strå, var det altså som ville diskutere livets store spørsmål.
Ikkje med dei andre i Rådet til jødane. Men med denne underlege mannen han hadde høyrt om. Med Jesus.
Men Nikodemus kunne ikkje ta sjansen på å oppsøkje Jesus i vanleg kontortid. For tenk om nokon såg at han, rådsherren, søkte til Jesus?
Han valde difor nattemørket og skuggane som kamuflasje då han sneik seg fram til den nattlege samtalen.
Og nokså kjapt la Jesus fram det som var viktig for han å seie: «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike» (Johs 3, 3)
Å bli fødd på nytt er altså meir enn eit uttrykk som vi tek fram når ei gammal sportsstjerne som lenge har verka rusten og redusert, brått finn tilbake til gamle takter og blomstrar på nytt.
Uttrykket er bibelsk. Det kjem frå Jesu munn. Men det treng å forklarast, også for Nikodemus, som straks Jesus seier dette, protesterer:  «Korleis kan ein som er gammal bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn att i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» (Johs 3,4)

Nei, det kan vi sjølvsagt ikkje. Men Jesus brukar ikkje dette uttrykket tilfeldig. Og han meiner det ikkje bokstavleg.
Han forklarar rådsherre Nikodemus at dette har med dei himmelske ting å gjere. Med dei åndelege ting. Og så fokuserer Jesus på to ting – vatn og Ande.
Å bli fødd på nytt er å bli fødd av vatn og Ande.
«Jesus svara: -Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande kan ikkje koma inn i Guds rike» (Johs.3,5)
Kjære kyrkjelyd. I dag var vi vitne til to slike nyfødslar. To gonger såg vi det vi eigentleg berre ser delvis, men som manifesterer seg her i kyrkja gjennom at vi rett og slett trur at noko himmelsk skjer. Vi såg vatnet. Dåpsvatnet. Vi såg borna.
Og vi høyrde orda, orda som vi kan tru, orda om at dette vart gjort i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.
Slik Guds ande openberra seg over Jesus då han steig ut i Jordanelva for å bli døypt, slik trur vi at Guds ande var til stades i  dåpsvatnet.
Vi trur at det som hende var ein ny fødsel.
Ein dåp for at barnet skal berast vidare dei første stega på den vegen som har eit mål – Guds rike.
Denne søndagen er første gong vi samlast til gudsteneste etter påske.
Men påska er på ingen måte over. Vi skal gjennom ei rekkje av søndagar i det vi i kyrkja framleis kallar påsketida.
Og i alt vi talar om og tek oss føre, skal vi kjenne bandet til denne største av alle våre høgtider. Eigentleg er kvar einaste søndag ein påskedag der vi samlar oss på Herrens dag, den første i veka, til minne om Jesu oppstode.
På denne første gudstenesta etter påske, nettopp dette året, knyter vi band til påskehendinga ved at vi les dette velkjende bibelordet som vi har frå apostelen Peter, han som har skrive to brev som vi finn i NT.
Det er ordet om den nye fødsel. Den nye fødselen som gjer at vi alle kan leve i det store, levande håpet, om at vi eig ein bit av det himmelske.
Då Jesus og Nikodemus samtala om den nye fødselen, gjorde Jesus det klart at dette handla om himmelske ting.
Eg tru at vi i vår kyrkje i dag for sjeldan tar fram det himmelske, sjølv om tanken om det himmelske nok ligg under mykje av det vi seier og mykje av det som skjer i kyrkja.
Men i dag kan vi bruke dei store orda og lovprise Gud, slik Peter lærer oss. Lovprise Gud fordi vi eig eit håp om noko der framme. I himmelen. For det er dit vi skal.
Peter jublar ut: Vi er fødde på nytt.
Ikkje bokstavleg. Men ein åndeleg nyfødsel som skjedde i dåpen.
Ein åndeleg nyfødsel som knyter bandet til det som hende i påska då Jesus døydde og stod opp att.
Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!
Vona – håpet som knyter seg til den nye fødselen, har sitt ankerfeste i det som hende påskedag. I Jesu Kristi oppstode frå dei døde.
Den nye fødesel hende i dåpen.
Ved det som Jesus tala med Nikodemus om – vatn og ande.
Og fleire stader i Bibelen kan vi lese korleis dåpen og Jesu oppstode er knytte saman.
Paulus talar sterkt om dette i Romarbrevet:
Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. (Rom 6,3-5)
Dåpen og påska høyrer i hop.
I dåpen vert det som hende med Jesus på krossen gjort til noko som angår meg heilt personleg. Forsoninga og syndstilgjevinga som gjekk føre seg i langfredagsdramaet – det fekk eg som gåve i dåpen. «- alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans» seier Paulus.
Dåpen og påska høyrer i hop.
I dåpen vert det som hende med Jesus påskedag gjort til mitt. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.
Du må fødast på ny, sa Jesus til Nikodemus.
Du er fødd på ny,  forkynner eg til deg som ein gong møtte Jesus i den heilage dåpen.
Og dette gjev deg eit fantastisk håp.
Håpet som Peter oppsummerer i det siste verset av preiketeksten vår på denne søndagen:
« - de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar»
Det er dette som er det store med påske.
Påska er Guds gåve til ei menneskeslekt som treng frelse for sjelene.
Vi brukar snart ikkje slike omgrep i forkynninga lenger.
Difor er det mange som synest slike ord er vanskelege å forstå.
Men for å forstå, må vi våge å spørje. Vi må våge å gjere som Nikodemus – ta ut og nærme oss Jesus. Tale med han. La han tale med deg og meg. Kanskje i ein stille nattetime i bøn over ein open Bibel.
Kanskje ta ut på kyrkjeveg ein fredeleg søndags morgon, utan å ha med seg nervøsiteten Nikodemus bar i seg: «Tenk om nokon ser meg?»
Det gjer ingen ting om nokon ser deg.
Og framfor alt skal du la Jesus sjå deg. Slik at han kan få tale med deg om dei himmelske ting. Slik at han kan få vise deg håpet.
Håpet som du eig fordi heile påskeverket er ditt. Du fekk det i dåpen. Då nyfødde Gud deg og meg «til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde»
Vi har ei håp. Eit levande håp som ligg i dåpshandlinga. Som ligg i trua på at dette knyter oss fast tilpåskehendinga.
Det håpet går i oppfylling når dette livet ebbar ut og vi stig inn i det evige.
Difor lyder dette kjende verset frå Peters brev ved døypefonten, slik vi har høyrt det i dag.
Men det vert også lese som avslutninga av ei gravferd. Ute på gravkanten før vi lyser Guds velsigning over sørgjeforsamlinga.
Snart skal vi gå ut or kyrkja for å vigsle utvidinga av kyrkjegarden rett utanfor kyrkja. Då skal vi seie litt meir om dette, om korleis håpet lever vidare, korleis håpet føder oss på nytt til eit evig liv bak død og grav. Alt ved det som hende i påska. Alt knyter seg til Jesu Kristi oppstode frå dei døde.
Alt peikar mot dette håpefulle som også høyre heime på gravkanten: « - de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar» 

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv