onsdag 28. september 2016

Ny innreiing



 

20. s. i treeiningstida III. 02.10.2016
Matt 18,1-11
Biskopshavn

For nokre få veker sidan var eg innom kyrkja her i Biskopshavn. I lag med soknepresten dykkar rusla eg rundt i kyrkja og gledde meg over kunsten som var komen på plass i kyrkjerommet gjennom sommaren.
Eit fantastisk fondbilete.  Fargar som fløymer mot oss. Krossen. Armane som strekkjer seg ut frå krossen.  Eg kjenner liksom at eg vert varmt omfamna av det vakre.
Det gjer så godt å vere i kyrkja og oppleve dette i lag med dykk alle på denne fine søndagen.


Snart skal vi samle oss til jubileumsfeiring i kyrkja vår. 50 år skal markerast om litt over to månader. Og då skal vi på litt meir offisielt vis også markere at kyrkja har fått ny altarfasade.
Eg gler meg.

Men før det, er det mangt av anna å juble for. I dag gler vi oss over dei tre nydøypte.
Tre familiar feirar i feststas og med nye liv i fanget.

Lat oss på denne dagen gjere nokre tankeeksperiment i lyset frå det nye kunstverket. Kyrkja vår har fått eit heilt nytt element som på sett og vis innreier kyrkjerommet på nytt.
Noko fullstendig nytt er installert i rommet vi samlar oss i.

Kanskje kan du då vere med på litt nyinnreiing i sjølve livet ditt?
Ny innreiing av det eg foreslår å kalle for ”hjartekapellet” i ditt liv.

Det første som må på plass kallar vi trua.

Den fekk du i gåve allereie då du vart døypt. Barnetrua. Den som er det store forbildet for alle vaksne. Du treng ikkje så mykje anna i ditt hjartekapell enn tru. For når du har med deg ein bit av den, då ser Jesus det. Og då stig han straks inn til deg, så sant du opnar kapelldøra på gløtt, for eksempel ved at du ber den bøna han har lært deg å be: ”Vår Far, du som er i himmelen” 

Difor vil eg i dag oppmode alle dykk som har ei enkel barnetru om alltid å be denne bøna, som eit uttrykk for at vi vil sleppe Jesus til i livet vårt, i hjarta vårt, i vårt indre kapell.

Og så skal vi rett og slett innreie kapellet på aller enklaste måte.
Kapellrommet i vårt hjarte har fire vegger. Den eine veggen er døra. På den døra heng vi opp teksten til nettopp Herrens bøn: Vår Far.

På veggen til venstre heng vi opp eit bilete. Eit bilete som passar aldeles førsteklasses med tanke på tekstordet som samlar oss på denne søndagen.  Det er biletet av Jesus og borna. Kanskje fekk du ein gong eit slikt bilete på søndagsskulen, i barnelaget eller du såg det i ein barnebibel?

Det er som regel slik at vi tenkjer at dette biletet er noko borna må sjå på. Men det biletet er det dei vaksne som skal sjå mest på. Jesus som tek borna på fanget. For orda som vart sagt i den scena, det er ikkje ord til borna, men til dei vaksne. Vi las orda då vi for nokre minuttar sidan døypte desse tre borna:  ”La de små barna komme til meg og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem” 

Alle vaksne må sjå nøye på biletet og også hugse noko Jesus sa i det vi har lese som preiketekst i dag: ”Uten at dere vender om og blir som barn, kommer dere ikke inn i himmelriket” (Matt.18,3)

Biletet av Jesus og borna talar til dei vaksne. Biletet viser oss at vi som er vaksne har alt å lære av dei små. Dei som har den vesle og trygge trua, trygt lagt ned i barnehjarta. Vi har ikkje lov å ta dette frå borna. Dette skal vi tvert imot hegne om, odle fram, ta vare på og lære av.

Også vi som er vaksne skal leve som borna, tillitsfull, trygt i trua på at Jesus er vår bror som skal føre oss heilt fram til vår himmelske far i det evige Guds rike. 

På den andre sideveggen i vårt vesle hjartekapell, den til høgre, vil eg at vi skal henge opp eit anna bilete. Eit heilt anna bilete. Ikkje eit søtt søndagskulebilete i pastellfargar.
Men eit biletet i kraftige, sterke, blenkjande og lokkande fargar. Der vil eg sjå vår eiga tid. Der vil eg sjå dei halvstore borna som går på skule her i Biskopshavn, på Hellen skole.
Der vil eg sjå tenåringane som sparkar fotball, spelar piano, er på vennebesøk, eller kranglar med foreldre. Der må nokon male inn den første forelskinga. Kanskje også første gongen venskap gjekk sund og tårer var gode vener. Der vil eg sjå ein og annan ungdom som er utanfor det fargerike fellesskapet og på veg ut i noko mørkt, trugande, noko som er ei ukjend framtid. Ein ungdom som synest åleine.

Men ikkje heilt åleine. For også på dette biletet frå vår eiga tid må Jesus vere med. Det må lagast eit bru frå barndomen til dei unge. Ei bru frå Jesus som velsignar småborna og over til den tida der det ikkje er naturleg å krype opp i fanget, men heller sjå opp til det kule førebiletet. Den tøffe ungdomsleiaren. Han som det går an å snakke med utan at han sladrar. Ho som ikkje skal setje karakterar i orden og åtferd.

Eg håpar du som er konfirmant kan lage deg eit slikt bilete. Kunne det vore ei aktuell aktivitetsoppgåve i konfirmanttida? Å male inn vår tid. Og så hengje det på sideveggen i ditt vesle kapell i ditt eige hjarte. Eit bilete av oss. Og av Jesus. Han er der, slik han var der ved dåpen. Og framleis er det slik at Guds rike er ditt. Det som du fekk del i då du var eit lite barn. Eit dåpsbarn.

Det siste som skal på veggen i kapellet i ditt hjarte, det skal hengje over altaret der inne.
Eit litt anna bilete enn det som er nytt for oss her i Biskopshavn kirke.
I våre små hjartekapell treng vi også noko som vi har fått høyre om når vi i dag har møtt Jesus som talar om småborna og Guds rike.
Dette som er vårt forbilde, også for oss som er vaksne.


Eg ser for meg eit bilete frå Jesu barndom.
I sentrum sit Maria med det vesle gudsbarnet, Jesus, vår bror, på sin venstre arm. Det vesle Jesusbarnet prøver å slå dei altfor korte armane sine om halsen til mora. Barnets kinn og mora sitt kinn rører ved kvarandre på ein uendeleg øm måte. Ved å bere barnet på så kjærleg og ømt vis gjev Maria vidare til barnet styrke frå Gud, frå Far sjølv, til å verte Beraren.

Og då skal du og eg tenkje: Vår oppgåve som kristne er å etterlikna Kristus, også Kristus som barn. I dag leier fotspora hans oss til mora sin arm.

Di første oppgåve som ein medviten kristen er å late deg berast.

Tenk deg difor at du sit på Marias høgre arm og bøyer kinnet ditt mot hennar ømme kinn. Du kjenner varmen frå kinnet hennar.
No er di einaste oppgåve å late deg berast. Du skal ikkje sprelle og stritte i mot slik småborn av og til gjer på mora sitt fang. Men du skal kvile trygt på armen hennar. Kjenner varmen av henne. Lukta av henne. Høyre mora sin pust. Gle deg over songen ho nynnar i øyret ditt. Ingenting kan skilje dykk, Guds mor, Jesusbarnet på hennar venstre arm, og så du på hennar høgre arm.

Dette er nåde.
Dette er Guds rike, der vi er som born.
Der vi er på mors arm som ber oss til Kristus, vår bror.

Han som tek oss med inn i Guds rike. Der er frelsa.
Der er Beraren. Han som ber våre synder.
Der er Kristus som tek småborna til seg og seier at Guds rike høyrer barnet til.

Du må bli som eit barn. La deg bere.
Då vert du samstundes den største i himmelriket.
Der kan vi som er vaksne og dei som enno er små finne den gode kvile. Kjenne hender som velsignar deg. Alt dette vi kallar for nåde.

AMEN.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv