torsdag 22. desember 2016

Det gjekk ut eit ord


1.juledag 2016
Salhus
Joh.1,1-14
 
"Her ute kulde
er nå med is og sne, .."
Slik skal vi syngje i det siste salmeverset som skal lyde i kyrkja på denne 1.juledagen.
Kanskje var det slik det ein gong var. Kanskje drøymer mange av oss om at det skal vere slik framleis. Men det er ikkje lenger «is og sne», det er berre mørke og vått og vindfullt vêr, som hyllar oss inn denne jula, som så mange andre vestlandsjuler.
Men hovudsaka i jula har aldri vore kulde, is og snø. Det er berre heilt mot nord at det er slik. På den andre sida av kloden er det full sommar. Men det er sjølvsagt også jul der. Og der det heile skjedde, der er det naturlegvis ikkje is og snø. Det er ikkje ein gong sikkert at den aller første jula var akkurat i desember. Vi veit rett og slett ikkje datoen for Jesu fødsel. Ikkje ein gong årstalet er vi 100% sikre på. Det vi veit er at det i alle fall ikkje er nøyaktig 2016 år sidan. Men dette spelar ikkje noko rolle.
 
Ramma rundt jula er på det næraste uvesentleg. Datoar og kalenderår, julesnø eller palmesus; lat det fare alt i hop. Men lat oss få sjå ein ting av det som høyrer jula til, uansett kvar på kloden vi bur:
 
"Guds himler fulle
av stjerner dog å se.
For oss opptennes
en deilig nådens sol,
Guds åsyn vendes
til oss fra himlens stol; ..."
 
Lat oss få sjå stjernehimmelen der vi vert minna om Guds ufattelege stordom. Ingenting i skaparverket er meir storslege enn universet og stjernene. Det er den Gud som har skapt alt dette som møter oss i jula. Han som er så stor at han står bak alt dette, han steig ned til oss og vart eit lite menneskebarn. Det er om dette vi skal snakke på denne høgtidsdagen, og det er dette som samlar oss i høgtidsverset før vi les evangelisten Johannes sitt vitnemål om jula.
 
Høgtidsvers: NoS: nr.41
Tekstlesing: Johs. 1,1-14
 
Det gjekk ut eit ord. Det var sjølvaste keisaren i Roma som talte. Den nærast allmektige keisaren som til og med let seg hylle og tilbe som ein gud, han talte. Den mektigaste mann i verda let sitt ord gå ut om at alt folket måtte skrivast opp i manntal. Keisaren måtte vita kor mange som budde i riket hans, for han trong skatteinntekter og han trong anerkjenning av sitt verdsimperium. Difor talte han. Difor gjekk keisarordet ut over det veldige riket: Skriv ned! Tel opp!
Dette er den velkjende innleiinga til juleevangeliet slik vi kjenner det så godt frå evangelisten Lukas. Keisarens ord sette rørsla mot Betlehem i gang. Keisarens ord var naudsynt for at Guds store plan om å frelse verda kunne oppfyllast nøyaktig slik profetane hadde spådd.
Men keisaren forstod aldri at hans ord berre var som enkle statistreplikkar i eit veldig skodespel der Gud sjølv var regissør og der Guds eigen son var den heilt sentrale hovudpersonen.
 
For lenge, lenge før keisarens ord lydde over Romarriket, hadde eit anna ord vorte tala, ikkje berre over Romarriket, men over heile jorda; ja ut til dei yttarste delar av eit uendeleg univers lydde Guds skaparord: "Det skal bli lys". (1.Mos 1,3)
Ordet lydde frå Guds munn. Gud skapte ved sitt ord. I opphavet skapte Gud. Det er dette Johannes let oss få del i sitt evangelium på denne juledagen:
 
"I opphavet var Ordet, og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til."
 
Samanlikna med Guds skaparord, vert keisarens mektig ord berre som ein parentes. For ikkje å snakke om dette som er det verkeleg underfulle i det som Johannes forkynner for oss - Guds skaparord var noko langt meir enn eit ord. Ordet som Gud i opphavet skapte verda ved, det Ordet var samstundes Guds eigen son. Ordet som i opphavet var Gud,  Ordet som alt vart til ved, det var det Ordet som i jula vart menneske:
 
"-Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss"
 
No er vi langt utanfor det som våre tankar og vår forstand kan fatta og begripa. No er vi snart dit vi kjem om vi prøver å tenkje oss inn i kva som eigentleg ligg i det uendelege verdsrommet som salmediktaren Landstad skildrar slik for oss:
"Guds himler fulle
av stjerner dog å se".
 
Julebodskapen som Johannes formidlar til oss er rett og slett ubegripeleg. At Jesus Kristus, han som kom til verda i stallen i Betlehem, er den same som Johannes omtalar som Ordet, det som Gud skapte verda ved; han som var Gud, som i opphavet var hjå Gud og som alt vart til ved; dette går utanpå all menneskeleg forstand og tenkjeevne.
Men så er heller ikkje jula høgtida som skal begripast med tanken. Jula kjem med bodskapen som hjarta kan gripe i tru. Julebodskapen om Ordet som vart menneske, det er ein bodskap som i våre dagar lett druknar i - nettopp: ord! Vi er fabelaktig flinke til å omgje oss med ord. Og ved juletider skriv vi nokre av dei ned på papir og sender til slekt og vener som trivelege helsingar føre høgtida.
Andre skriv mange ord på fint og glansa papir som fyller opp postkassane våre som reklame for all verdens herlegdom som skal freiste oss til å gjere jula til ei reindyrka handlehøgtid.
Er det nokon gong vi skulle minnast Meisterens Ord til freistaren, så er det nettopp i møte med desse forlokkande, men falske juletonane av kommersiell utnytting av den heilage høgtida:
 
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: "Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg." Men Jesus sa til han: "Vekk frå meg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Då gjekk djevelen frå han, og sjå,englar kom og tente han. (Matt. 4,8-11)
Det er mange som vil at vi skal tilbe dei. Ein var keisaren i Roma. Han vart snart stilt i skuggen av barnet i Betlehem. Barnet vart stort. Djevelen prøvde å lokke han til å tilbe seg, men den vonde vart sendt bort. Vi vert lokka til å tilbe all verdens glitter og stas. Men heldigvis møter vi Ordet som taler eit anna språk til oss no i jula:
 
"Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han".
 
Jula er tid for tilbeding. Slik gjætarane ved Betlehem skunda seg til stallen og fann barnet, slik skal vi også leite til vi finn han, så vi kan tilbe han. Slik vismennene frå Austerland såg etter stjerna som viste vegen til den nyfødde kongen, slik skal vi også sjå mot Gud veldige himmel og verte overtydd om at han som skapte alt dette ved sitt Ord, han sende Ordet til verda og vart på den måten menneske.
 
Det gjekk ut eit ord. Ordet frå Guds munn. Skaparordet. Men dette var samstundes eit Frelsarord.  Frelsaren kom til oss. Han talte sine ord som vi framfor alt skal tru. Tru så vi blir frelste. For Gud var altså så glad i oss at han sende son sin, Ordet, til oss slik at «kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Johs 3,16)

Men når Ordet vart menneske, så er det ei utfordring til kvar og ein av oss. Ei utfordring som ikkje berre handlar om det evige.
Guds vilje handlar også om livet her og no. Det handlar òg om hans vilje med det han i opphavet skapte ved sitt ord. Guds vilje med oss, inneber ei utfordring til at vi skal vere medmenneske for kvarandre. Når Ordet, Jesus Kristus, vart menneske, så var det ein ufatteleg demonstrasjon av Guds kjærleik til menneskeslekta. Som sagt: Gud var så glad i oss at han sende son sin, Ordet, til oss slik at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Men vi som har høyrt Ordet, vi som har lese Ordet, vi må også innrette våre liv etter det vi har høyrt og sett. Den kjærleiken som Gud har vist oss ved å gje oss sin eigen son som vår bror og vår Frelsar, den kjærleik skal vi ta med oss vidare ut i kvardagen i møte med våre medmenneske.
 
Det gjekk ut eit Ord. Ordet var frå Gud. Ordet var Gud. Ordet var Jesus Kristus.
Men framleis skal det gå ut eit ord. Det ordet skal gå ut frå deg og meg. Vi skal gå ut og vise kjærleik til Gud og til medmenneska våre i kvardagen når juletreet er visna og pynten stua bort til neste år.
Vi skal syna kjærleik til medmenneska våre  - kjærleik i ord og gjerning.
Kanskje er den største kjærleiksutfordringa i vår tid å sjå til at det Gud skapte ved sitt Ord i opphavet kan leverast vidare til komande ætter i ein tilstand Gud kan stå ved.
Ein gong kunne Gud sjå at alt var godt. Slik ser det ikkje lenger ut.  

"Her ute kulde
er nå med is og sne, .."

Det skulle vore naturleg å kunne seie det, også i våre dagar, om klimaet på våre breiddegrader.
Har vi øydelagt det som ein gong var godt? Skaparveket som stod der då Ordet lydde første gong. Kan vi gjere noko for å rette opp våre feil? Det er i så fall også ein bit av Guds skaparvilje for oss.
 

Ordet frå Gud lyder på nytt. Ordet som gjekk ut må få skape nye ord. Ord i kjærleik og i sanning, ord om frelsa, ord som også vert understreka av praktiske gjerningar.
Då tenkjer eg at vi har forstått sjølve bodskapen frå Gud i denne høgtida.
 

Då kan vi med eit hjarta fylt av von, syngje med heilt til slutt i gudstenesta i dag:

"-når allting endes,
vi der skal holde jul!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv