Viser innlegg med etiketten Juletida. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Juletida. Vis alle innlegg

mandag 30. desember 2019

Det tidlause namnet


1.nyttårsdag / Jesu namnedag I. 01.01.20.
Åsane
Luk. 2,21

A-Magasinet er viktig i norsk presse. Ikkje minst fordi dette er det desidert største avismagasinet i landet, med eit opplag på over 750.000 kvar veke. Vi som abonnerer på BT får det i postkassa kvar fredag.
Fredag før jul sette magasinet fokus på årsskiftet vi no opplever. Ja, meir enn det – vi opplever å gå inn i eit nytt ti-år i dag. Det var verd å lese ein del av tankane som stod på trykk omkring dette temaet. Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke.

Det er eigentleg ikkje oppsiktsvekkande at dei som styrer med media gjer noko slikt når vi byter kalender. Liknande saker har stått på trykk mange gonger før, og det kjem sikkert til å bli repetert.
Eg opplever at det er nyttig å få hjelp til å oppsummere tida vi har gjennomlevd. Det hjelper oss litt med å sortere viktig frå uviktig. Det kan vere med på å opne auger og å forme fornuftige tankar vi bør tenkje når tida sitt nyaste landskap skal rullast opp framfor oss.

Kva er viktig for deg og meg akkurat i dag?
Vel – sjølv vakna eg opp til ein splitter ny heimkommune denne nyårsdagen. Tre kommunar vart til ein der eg bur. Eg har forventning til at det er eit framsteg for meg og dei nesten 30.000 menneska som skal bu og byggje i nye Alver kommune. Vi fekk noko nytt i lag ved dette årsskiftet. Det spanande.

Og alle vi som høyrer heime i Åsane er i dag ein del av det store, nye Vestland fylke. Fjella i Hordaland er dei same i dag som i går. Hardangerfjorden og Sognefjorden i begge dei to gamle fylka ligg der dei alltid har lagt. Husa våre står på dei same tomtane som dei gjorde på julaftan. Men eit usynleg band knyter likevel i dag saman folk frå Røldal til Stadt; frå Sognefjellet til Fedje. Eg har budd i begge dei gamle fylka, og hatt gode år der. Det trur eg vi skal få i den nye tida med Vestland også.

Men vi som er samla i kyrkja, kan kanskje tenkje ein ekstra fin tanke på denne dagen.
Dei gamle fylka våre utgjorde til saman Bjørgvin bispedøme. I dag er bispedømet og det samla fylket samanfallande. Og som med alt anna vi har peika på: Kyrkja er den same. Kyrkjene står der dei har stått. Gravene som gøymer våre kjære ligg slik dei skal liggje til Jesus kjem igjen, og vi som tilber og trur, vi samlar oss i samsvar med det vårt bispedøme har formulert som sitt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke. Det var det A-magasinet serverte som overgang til det nye tiåret.
Ingen kan vere i tvil om at det er viktige tema, kvart einaste av dei.

Men i møtet med alt dette viktige som veldig mange nordmenn kunne lese, så saknar eg som prest eit utblikk mot det som er større enn eit årsskifte, det som omfattar meir enn eit dramatisk ti-år. Det som rett og slett går utanpå tida, som vi måler med klokker og kalendrar, og som vert sett merkelappar på i viktige delar av pressa.
Større enn tida, er, så paradoksalt som det kan høyrast, det tidlause.
Det som går inn som ein del av den kristne trua under nemninga æva.

I dag bør kyrkja rette fokuset på det som ikkje berre er aktuelt når vi går inn i eit nytt
ti-år. Det finst noko tidlaust å snakke om. Noko som ber med seg det evige.
Det er dette bibeltekstane på Jesu namnedag, nyårsdagen innbyr til.

Det finst viktigare namn å snakke om enn ein president som passande nok heiter Donald.
Det finst viktigare saker enn bompengar. Til og med viktigare enn flyktningar og terror, eller å snakke om klima. 

På den åttande dagen etter at vi mintest Jesu fødsel, samlar vi oss for å feire minnet om at han vart boren fram i tempelet i Jerusalem for å omskjerast. Og då vart det stadfesta det engelen hadde sagt til Josef lenge før barnet vart fødd: «Dei kalla han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.»

Det tidlause namnet. Det evige namnet. Det som vil vere årets namn for kvar einaste truande kristen over heile verda i år etter år. Heilt til han kjem att. Han som er Kristus, Herren. Frelsaren. Messias. Den salvevigde. Guds eigen son. Ordet, som alt vart til ved.
Han har framfor alt eitt namn –  Jesus - det som betyr Frelsar. Men i Skrifta vert han omtala på ulikt vis, utan at vi nokon sinne treng å vere i tvil om kven det dreier seg.

Tenk om vår viktigaste og største presse kunne oppdage dette namnet ved eit årsskifte? Og slik gå eit stykke veg, hand i hand, med dei kristne og løfte fram dette namnet vi aldri vert ferdige med.

I meir enn tusen år har samfunnet vårt hatt namnet Jesus som ein grunnpilar.
Ikkje fordi kvar einaste nordmann til ei kvar tid har brydd seg så mykje om Jesus.  Nokre har fornekta han. Avvist å tru på han. Argumentert, til dels kraftig, mot oss som trur, tilber og lovsyng dette namnet.
Likevel samlast hans kyrkje kvar einaste søndag.
Likevel vert framleis fleirtalet av nordmenn døypte i Jesu namn.
Likevel vert 80-90 % av dei som døyr frå oss, senka i grava mens presten kastar jord på kista, «-i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage  ande»

I det nye tiåret, mens vi skal venje oss til med at vi no bur i Vestland fylke, skal vi som er med i kyrkja i det bispedømet som geografisk fell saman med det nye fylket, stadig halde fram med å etterleve vårt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Å forkynne Kristus, å løfte fram Jesu namn for alle som vil høyre, og som kanskje etter kvart også vil tru, det er nyårets fremste oppgåve for hans kyrkje på denne staden, her i Åsane.
Men skal vi oversjå det viktige som pressa har peika på nettopp no framfor den høgtida som eit årsskifte er? Er det faktisk like viktig å snakke om Jesu namn, som å snakke om flyktningar og terror, eller å snakke om klima?

Til det vil eg seie: Det er inga motsetning!
Visst skal kyrkja snakke om flyktningar. Det er det mange grunnar til. Ein av dei er at Jesus sjølv var ein flyktning då han og Josef og Maria måtte rømme til Egypt kort etter fødselen hans. Om den hendinga snakka vi i kyrkjene våre søndag for tre dagar sidan. Sjølv brukte eg desse orda i kyrkja i Arna om flyktningen Jesus:    
«Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.
Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.
Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger»

Kyrkja skal snakke om Jesus. Kyrkja skal snakke om flyktningar. I Bjørgvin har kyrkja som sitt motto at vi skal fremje rettferd. Då må kyrkja våge å konfrontere statleg urettferd  overfor flyktningane.

Kyrkja skal sjølvsagt snakke om terror. Ikkje minst fordi nettopp Jesus vart ein flyktning som ei følgje av hårreisande terror av kongen som regjerte då han vart fødd. Kong Herodes er berømt for si forferdelege framferd ved barnemordet i Betlehem. Ein terroraksjon han iverksette fordi ryktet om frelsarfødselen hadde nådd han. Messias, kongen, den salva var komen. Hen heitte Jesus. Herodes forstod ikkje å tyde teikna på himmelen. Men han hadde makt til å utføre terror ved å drepe alle guteborn i Betlehem som var under to år. Ein uhyrleg terrorist som jaga Jesus på flukt mens han enno var baby.

I gudstenesta for tre dagar sidan spurde eg:
«Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!»
Terror er ikkje nytt i vår tid. Samfunnet må sjølvsagt konfrontere terroren. Kyrkja vil kanskje ha si største oppgåve i å trøyste. I å vise omsorg. I å vere diakonal. Men i alle fall kan ikkje vi som vedkjenner oss namnet Jesus vere likesæle neste gong ein eller annan Herodes går langt over streken i møte med oss og våre medmenneske.

Det er ikkje spesielt originalt at også ved dette årsskiftet, så løftar A-Magasinet fram klima som eit hovudtema i året som ligg bak, og for åra vi skal gå inn i.
Slik må det også vere for den kristne kyrkja. Det må vere slik, nettopp fordi vi vedkjenner oss Jesu namn. Det er han vi trur på. Det er han vi ber til. Det er han som er vårt lys når vi skal finne vegen ut i ei mørk verd. Denne verda synest å liggje i skuggen nettopp av klimakrisa  akkurat no. Difor treng denne verda å sjå  til han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I lyset frå dette namnet, lærer vi i jula at han som heiter Jesus, også kan kallast Ordet. Og på sjølvaste Jesus fødselsdag, juledag, lærte vi at Ordet var med då alt vart skapt, då alt vart til. Ved dette Ordet, ved Jesus, stod skaparverket fram i all si prakt: «Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til» (Johs 1,2) las vi på juledag.
I Jesu namn vart skaparverket fullført.

Ved dette namnet skal kyrkja vere med i klimakampen fordi vi anar alvorlege konsekvensar av at vi har vore med på å setje skaparverket i dramatisk ulage.
Som kristne fornektar vi ikkje menneskeskapte kriser når klima og miljø står på dagsorden.
Men vi fornektar heller ikkje det namnet som alt er skapt ved.

I tru og tillit til den treeinige Gud går vi framtida i møte. Vi forkynner Kristus, vi byggjer kyrkjelyden vår, og vi fremjar rettferd. Rettferd for flyktningar, for terrorofra, og i klima- og miljøkampen.
Vi trur på han som heiter Jesus – han har namnet som fortel oss at han er vår Frelsar.
Det er vårt lysande håp når vi ynskjer kvarandre eit godt og velsigna nytt år.

AMEN




lørdag 28. desember 2019

Kva hende?


Romsjulssøndag I. 29.12.2019
Arna
Matt 2,13-15
(Litt omarbeida frå 2013)
Juleinnkjøpa er unnagjort. Juleborda ligg bak oss. Pyntinga var mange ferdige med før vi gjekk inn i advent. Julehelsingane; julekorta og julebreva, har vi både sendt og lese. Pinnekjøtet smaka som vanleg nydeleg på julekvelden. Gåvene er pakka ut. Kanskje har vi til og med rukke ein tur innom kjøpesenteret for å bytte ei eller anna gåve som det følgde byttelapp med?
Julaftan var det smekkfullt her i kyrkja. Tynnare i rekkjene førstedagen. Og no er vi komne til dagen med det klangfulle namnet: Romjulssøndag.
Ettertankens dag i vår julefeiring.
Kva har vi vore med på? Kva hende eigentleg? Slik tenkjer vi ved eit årsoppgjer.

Eg er glad for at eg sjølv slepp å summere omsetning i ein butikk. Det ville passe veldig dårleg med slik eg er skrudd saman. Men for nokre mellom oss ventar nettopp det. Årsoppgjeret der juleomsetninga er heilt sentral.

Kva hende? I førjulsritualet inngjekk den tradisjonelle diskusjonen i media om borna skal få delta på julegudstenester i lag med skulen sin, eller ikkje. Var det teikn til ein meir roleg og balansert  debatt i år enn tidlegare år? Eg håpar det.
Her i bergenstraktene sette vår storavis, BT, fokus på det å vere fattig i eit elles rikt land. Mange viktige ord vart skrive. Mykje av dette må kyrkja her på staden ta til seg og integrere i sitt arbeid.
Likevel: Med tanke på jula vi er i ferd med å avrunde, spør eg, før vi er heilt ferdige med julefeiringa: Kva hende?

Svaret er ikkje enkelt. Svaret er ikkje eintydig. Vi kan svare på mange måtar.
Men eg opplever at vi får hjelp til å kome litt nærare eit svar om vi lyttar til det apostelen Paulus skriv i ein av tekstane vi har lese i dag: «Samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.» (1.Tim 3,16)
I jula har vi våga oss inn i mysteriet. Det var det som hende!

Det som er større og vanskelegare å fatte med vår tanke, enn alt som handlar om gåver og mat og pynt og førsjulsstemning med gamle og nye juletradisjonar. Mysteriet i vår gudstru kallar Paulus det. I jula er det nettopp dette mysteriet vi har vore samla om.
Fordi Guds vegar og Guds tankar ikkje er til å begripe, er det at vi som kyrkje samlar oss i kvar ein krok over heile verda. Men vi samlar oss ikkje for å forstå når det er juledagen. Vi samlar oss i tru.

Det ufattelege og ubegripeleg går utanpå forstand og logikk. Det  handlar ikkje om å forstå det som hende. Men om å tru det.

Og seinare i dag, når vi nærmar oss noko anna uforståeleg i kyrkja sitt liv, nemleg nattverden, så brukar vi eit liturgisk uttrykk: ”Mysteriet i trua er stort”. Jula er ein del av dette ” Mysteriet i trua ”. Og nettopp trua vår er det som opnar augo våre for det uforståelege og ubegripelege. Trua kan hjelpe oss til å svare når vi spør: Kva hende?
Det uforståelege og det ubegripelege.

Vi er omgjevne av dette kvar dag, året igjennom. Slik vi som trur også rammar livet vårt inn i dette forunderlege mysterium som vi ikkje maktar å begripe, men som vi klamrar oss til, nettopp med trua vår.

På denne romjulssøndagen vert vi gjennom den korte preiketeksten konfronterte med fleire innslag av mysterium i samband med juleforteljingane.
”Då vismennene var farne…”

Slik vart tekstorda innleia. Det dreiar seg sjølvsagt om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å hylle han dei trudde var ein nyfødd konge. Det handlar om vismennene som følgde stjerna. Stjerna viste veg for dei og stansa over den staden i Betlehem der barnet var.

Mysterium! Betlehemsstjerna er eit mysterium for trua. Korleis kunne det skje? Er det mogeleg at Gud set stjernene på himmelen i rørsle for å vise sine planar for å frelse menneskeslekta? Eller er det myter og oppspinn?
Det finst haugar av forklaringar på stjerna. Gode - dårlege. Konspiratoriske.
For meg kjem dette inn i kategorien ”Mysteriet i trua er stort”

Men forteljinga om vismennene og stjerna har også i seg ein annan figur. Ein verkeleg og historisk figur som gjer at det er råd å tidfeste fødselsforteljingane i Betlehem. Vi møter kong Herodes i denne forteljinga. Herodes den Store. Er du interessert i å vite meir om han, kan du gå heim og lese på nettet, f.eks i Wikipedia. Der ser vi at han døydde i året 4 f.Kr – altså eit bevis på det vi veit frå andre samanhangar, at vår tidsrekning ikkje stemmer heilt. Jesus vart nok fødd nokre år før det vi reknar som år 0.
I teksten vår står det Jesus og familien hans vart i Egypt til Herodes var død.
Vi skal ikkje seie særleg meir om Herodes, men han er framstilt i historia som uvanleg brutal og rå. Og i Bibelen les vi om det forferdelege barnemordet i Betlehem som gjorde at Josef og Maria vart drivne på flukt til Egypt.

Enno ein gong vert trua vår utfordra av det mysteriøse. Herrens engel talar til Josef i ein draum og fortel korleis dei skal forhalde seg til kongens grufulle gjerningar.
Men viktigare for deg og meg i dag enn å gruble over stjerne, draumar og forunderlege menn frå det store ukjende i aust, er det å konstatere at gleda i jula nokså snart gjekk over i frykt og redsel, flukt og store strabasar.

Barnet i krubba er no eit lite flyktningebarn.
Dermed er vi midt inne i jula sine veldige kontrastar. Kontrastar vi opplever på kroppen den dag i dag. Den eine dagen gler vi oss over familesamvær, gåver og overflod av god mat. Den neste har vi isingar langs ryggen over vonde overskrifter som fortel at alt elende ute i verda ikkje tek juleferie.

Ei stor glede, forkynte engelen.
Men for Maria skulle barnet ho hadde fødd gje henne mange tårer.
Dei første felte ho sikkert den dagen det gjekk opp for henne at sjølvaste kongen var ute etter å drepe barnet. Kanskje nådde ryktet henne, ryktet om at soldatar fòr rundt i den vesle byen og tok livet av småborn. Av gutar under to år. Det er så vi ikkje kan fatte rekkevidda av det.

Ein som hjelper oss å sjå julekontrasten er han som vart prestevigd i Bergen domkirke lag med meg og ei rekkje andre tilbake i 1979, altså for akkurat 40 år sidan. Eg tenkjer på Arnfinn Haram. Presten og prosten som til slutt valde paven framfor Den norske kyrkja. Det har gått 7 ½ år sidan han døydde. Mange sørgjer enno over han. Arnfinn var mykje meir enn ein prest. Han var også ein stor diktar, og salmen vi nettopp har sunge er ei av gåvene frå han som vil leve vidare etter han.

”Djupaste mørker ligg over jord,
frosthard er marka, stjerna står stor…”

Julesalmen om Maria som skulle oppleve dei store kontrastane. Gleda ved barnet. Men også flyktningemarerittet. Og endå verre: sverdet i sjela hennar då ho ein mannsalder seinare stod ved foten av ein kross og såg sonen Jesus verte torturert inn i døden.
I Anfinn Harams velvalde poesi høyer vi juleunderet skildra slik:

Tettast ved krubba, moderleg god
vaker Maria, glad er ho no.
Guten ved barmen, tvegen og fin;
Gudeson er han, sjå kor han skin.

Dette vesle barnet – gudsonen – var heilt frå spebarnstida eit mål for alle som ville han vondt. Herodes hadde aldri sett Jesus. Men berre ryktet om at eit barn som kunne verte kongens konkurrent, var nok til å setje despotiske krefter i sving.
Despotiet tok overhand då den vaksne Jesus vart krossfesta. Vondskapen i verda gjorde det naudsynt. Vondskapen i verda fullførte det som måtte gjerast. Med Maria som vitne:

Maria, Maria, visste du vel
alt som deg ventar: Sverd i di sjel,
naglar og tornar, blod på ein kross!
ofrast lyt Sonen, ofrast for oss.

Vegen frå mørke fødselsnatta der lyset frå himmelen skein, skulle gå vidare ut i ei mørk verd. Vegen gjekk langs ein flyktningesti. Til Egypt. Til landet som Jesu forfedrar hadde flykta frå.
Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.

Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.

Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger.»
https://www.nrk.no/norge/kallmyr-advarer-mot-a-redde-batflyktninger-1.14621900

Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!

Jula er full av kontrastar. Jula er skinande lys. Jula er tungt mørke. Jula er ei påminning om undergangskrefter, men endå meir ei forkynning av frelse. Jula er framfor alt glede over barnet som splittar alt mørke og all vondskap og som tenner lys der sorg og hjelpeløyse tilsynelatande er uovervinnelege krefter.
Difor er det så godt for oss at vi på Romjulssøndagen kan få syngje og be med orda vi har arva frå broder Arnfinn:

Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!

Amen

torsdag 22. desember 2016

Det gjekk ut eit ord


1.juledag 2016
Salhus
Joh.1,1-14
 
"Her ute kulde
er nå med is og sne, .."
Slik skal vi syngje i det siste salmeverset som skal lyde i kyrkja på denne 1.juledagen.
Kanskje var det slik det ein gong var. Kanskje drøymer mange av oss om at det skal vere slik framleis. Men det er ikkje lenger «is og sne», det er berre mørke og vått og vindfullt vêr, som hyllar oss inn denne jula, som så mange andre vestlandsjuler.
Men hovudsaka i jula har aldri vore kulde, is og snø. Det er berre heilt mot nord at det er slik. På den andre sida av kloden er det full sommar. Men det er sjølvsagt også jul der. Og der det heile skjedde, der er det naturlegvis ikkje is og snø. Det er ikkje ein gong sikkert at den aller første jula var akkurat i desember. Vi veit rett og slett ikkje datoen for Jesu fødsel. Ikkje ein gong årstalet er vi 100% sikre på. Det vi veit er at det i alle fall ikkje er nøyaktig 2016 år sidan. Men dette spelar ikkje noko rolle.
 
Ramma rundt jula er på det næraste uvesentleg. Datoar og kalenderår, julesnø eller palmesus; lat det fare alt i hop. Men lat oss få sjå ein ting av det som høyrer jula til, uansett kvar på kloden vi bur:
 
"Guds himler fulle
av stjerner dog å se.
For oss opptennes
en deilig nådens sol,
Guds åsyn vendes
til oss fra himlens stol; ..."
 
Lat oss få sjå stjernehimmelen der vi vert minna om Guds ufattelege stordom. Ingenting i skaparverket er meir storslege enn universet og stjernene. Det er den Gud som har skapt alt dette som møter oss i jula. Han som er så stor at han står bak alt dette, han steig ned til oss og vart eit lite menneskebarn. Det er om dette vi skal snakke på denne høgtidsdagen, og det er dette som samlar oss i høgtidsverset før vi les evangelisten Johannes sitt vitnemål om jula.
 
Høgtidsvers: NoS: nr.41
Tekstlesing: Johs. 1,1-14
 
Det gjekk ut eit ord. Det var sjølvaste keisaren i Roma som talte. Den nærast allmektige keisaren som til og med let seg hylle og tilbe som ein gud, han talte. Den mektigaste mann i verda let sitt ord gå ut om at alt folket måtte skrivast opp i manntal. Keisaren måtte vita kor mange som budde i riket hans, for han trong skatteinntekter og han trong anerkjenning av sitt verdsimperium. Difor talte han. Difor gjekk keisarordet ut over det veldige riket: Skriv ned! Tel opp!
Dette er den velkjende innleiinga til juleevangeliet slik vi kjenner det så godt frå evangelisten Lukas. Keisarens ord sette rørsla mot Betlehem i gang. Keisarens ord var naudsynt for at Guds store plan om å frelse verda kunne oppfyllast nøyaktig slik profetane hadde spådd.
Men keisaren forstod aldri at hans ord berre var som enkle statistreplikkar i eit veldig skodespel der Gud sjølv var regissør og der Guds eigen son var den heilt sentrale hovudpersonen.
 
For lenge, lenge før keisarens ord lydde over Romarriket, hadde eit anna ord vorte tala, ikkje berre over Romarriket, men over heile jorda; ja ut til dei yttarste delar av eit uendeleg univers lydde Guds skaparord: "Det skal bli lys". (1.Mos 1,3)
Ordet lydde frå Guds munn. Gud skapte ved sitt ord. I opphavet skapte Gud. Det er dette Johannes let oss få del i sitt evangelium på denne juledagen:
 
"I opphavet var Ordet, og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til."
 
Samanlikna med Guds skaparord, vert keisarens mektig ord berre som ein parentes. For ikkje å snakke om dette som er det verkeleg underfulle i det som Johannes forkynner for oss - Guds skaparord var noko langt meir enn eit ord. Ordet som Gud i opphavet skapte verda ved, det Ordet var samstundes Guds eigen son. Ordet som i opphavet var Gud,  Ordet som alt vart til ved, det var det Ordet som i jula vart menneske:
 
"-Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss"
 
No er vi langt utanfor det som våre tankar og vår forstand kan fatta og begripa. No er vi snart dit vi kjem om vi prøver å tenkje oss inn i kva som eigentleg ligg i det uendelege verdsrommet som salmediktaren Landstad skildrar slik for oss:
"Guds himler fulle
av stjerner dog å se".
 
Julebodskapen som Johannes formidlar til oss er rett og slett ubegripeleg. At Jesus Kristus, han som kom til verda i stallen i Betlehem, er den same som Johannes omtalar som Ordet, det som Gud skapte verda ved; han som var Gud, som i opphavet var hjå Gud og som alt vart til ved; dette går utanpå all menneskeleg forstand og tenkjeevne.
Men så er heller ikkje jula høgtida som skal begripast med tanken. Jula kjem med bodskapen som hjarta kan gripe i tru. Julebodskapen om Ordet som vart menneske, det er ein bodskap som i våre dagar lett druknar i - nettopp: ord! Vi er fabelaktig flinke til å omgje oss med ord. Og ved juletider skriv vi nokre av dei ned på papir og sender til slekt og vener som trivelege helsingar føre høgtida.
Andre skriv mange ord på fint og glansa papir som fyller opp postkassane våre som reklame for all verdens herlegdom som skal freiste oss til å gjere jula til ei reindyrka handlehøgtid.
Er det nokon gong vi skulle minnast Meisterens Ord til freistaren, så er det nettopp i møte med desse forlokkande, men falske juletonane av kommersiell utnytting av den heilage høgtida:
 
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: "Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg." Men Jesus sa til han: "Vekk frå meg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Då gjekk djevelen frå han, og sjå,englar kom og tente han. (Matt. 4,8-11)
Det er mange som vil at vi skal tilbe dei. Ein var keisaren i Roma. Han vart snart stilt i skuggen av barnet i Betlehem. Barnet vart stort. Djevelen prøvde å lokke han til å tilbe seg, men den vonde vart sendt bort. Vi vert lokka til å tilbe all verdens glitter og stas. Men heldigvis møter vi Ordet som taler eit anna språk til oss no i jula:
 
"Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han".
 
Jula er tid for tilbeding. Slik gjætarane ved Betlehem skunda seg til stallen og fann barnet, slik skal vi også leite til vi finn han, så vi kan tilbe han. Slik vismennene frå Austerland såg etter stjerna som viste vegen til den nyfødde kongen, slik skal vi også sjå mot Gud veldige himmel og verte overtydd om at han som skapte alt dette ved sitt Ord, han sende Ordet til verda og vart på den måten menneske.
 
Det gjekk ut eit ord. Ordet frå Guds munn. Skaparordet. Men dette var samstundes eit Frelsarord.  Frelsaren kom til oss. Han talte sine ord som vi framfor alt skal tru. Tru så vi blir frelste. For Gud var altså så glad i oss at han sende son sin, Ordet, til oss slik at «kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Johs 3,16)

Men når Ordet vart menneske, så er det ei utfordring til kvar og ein av oss. Ei utfordring som ikkje berre handlar om det evige.
Guds vilje handlar også om livet her og no. Det handlar òg om hans vilje med det han i opphavet skapte ved sitt ord. Guds vilje med oss, inneber ei utfordring til at vi skal vere medmenneske for kvarandre. Når Ordet, Jesus Kristus, vart menneske, så var det ein ufatteleg demonstrasjon av Guds kjærleik til menneskeslekta. Som sagt: Gud var så glad i oss at han sende son sin, Ordet, til oss slik at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Men vi som har høyrt Ordet, vi som har lese Ordet, vi må også innrette våre liv etter det vi har høyrt og sett. Den kjærleiken som Gud har vist oss ved å gje oss sin eigen son som vår bror og vår Frelsar, den kjærleik skal vi ta med oss vidare ut i kvardagen i møte med våre medmenneske.
 
Det gjekk ut eit Ord. Ordet var frå Gud. Ordet var Gud. Ordet var Jesus Kristus.
Men framleis skal det gå ut eit ord. Det ordet skal gå ut frå deg og meg. Vi skal gå ut og vise kjærleik til Gud og til medmenneska våre i kvardagen når juletreet er visna og pynten stua bort til neste år.
Vi skal syna kjærleik til medmenneska våre  - kjærleik i ord og gjerning.
Kanskje er den største kjærleiksutfordringa i vår tid å sjå til at det Gud skapte ved sitt Ord i opphavet kan leverast vidare til komande ætter i ein tilstand Gud kan stå ved.
Ein gong kunne Gud sjå at alt var godt. Slik ser det ikkje lenger ut.  

"Her ute kulde
er nå med is og sne, .."

Det skulle vore naturleg å kunne seie det, også i våre dagar, om klimaet på våre breiddegrader.
Har vi øydelagt det som ein gong var godt? Skaparveket som stod der då Ordet lydde første gong. Kan vi gjere noko for å rette opp våre feil? Det er i så fall også ein bit av Guds skaparvilje for oss.
 

Ordet frå Gud lyder på nytt. Ordet som gjekk ut må få skape nye ord. Ord i kjærleik og i sanning, ord om frelsa, ord som også vert understreka av praktiske gjerningar.
Då tenkjer eg at vi har forstått sjølve bodskapen frå Gud i denne høgtida.
 

Då kan vi med eit hjarta fylt av von, syngje med heilt til slutt i gudstenesta i dag:

"-når allting endes,
vi der skal holde jul!"

lørdag 26. desember 2015

JULEGLEDE?


2.juledag/Stefanusdagen - III. 2015
Gjerstad kyrkje
Johs. 16,1-4a
[Spesielt interesserte vil raskt kunne sjå at denne preika er bygd over same utgangspunkt som preika for julaftan. Mange avsnitt og setningar er identiske - likevel er preikene ulike og tilpassa ulike dagar i kyrkjeåret]


Finst eigentleg den idyllen vi har gjort jula til?
For er det noko vi kan i dette landet vårt, så er det å lage juleidyll.
Knapt nokon teiknar eit vakrare og meir innbydande julekort for oss vestlendingar enn sunnfjordingen Jakob Sande som har gjeve oss julesalmen “Det lyser i stille grender”.

Det er som vi ser dei for oss, julelysa frå husa langs fjordar, i dalane våre og innunder fjella.
Til og med i ei julehelg som slett ikkje er kvit, og som har temperaturar der jula kan forvekslast med juli, så kjenner vi juleidyllen og julefreden.

«Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusene barnehender
mot himmelen ljosa held.»


Alle julehelger ber gleda med seg. Julegleda. Det handlar om barnet som kom frå Gud. Om barnet som var Gud. Men det var også eit menneske. Lite. Nyfødd. Hjelpelaust overgjeve til to varme omsorgspersonar som Bibelen teiknar opp for oss med glansfulle strekar. 

Våre julehelger ber glansen i seg. Idyllen. Vi tek med oss strekane frå Bibelens teikningar av det som hende.
Vi gjer oss førestillingar om korleis det såg ut. Barnet.
Korleis dei såg ut. Foreldra.
Korleis det såg ut i Betlehem. Fødestaden.
Og då skapar vi idyll. Vi lagar jula til ein idyll. Og er det ikkje fint nok, så strør vi på med lys og fargar. Med gåver og mat. Med drikke og fest.

Men så møter den 2.juledagen oss. Brutalt nedbrytande av vår heimesnekra juleidyll.
Det er litt vanskeleg å setje ord på det, men eg må opne munnen og ytre at våre julehelger truleg er tufta på eit bedrag av idyll. Men vi let oss gjerne bedra. For det er behageleg. I bedraget er det rom for å byggje inn alt vi skulle ynskje var veltilpassa, idyllisk, -gjerne innskrive i ein norsk julesalme med lys i stille grender.

2.juledag kallar vi også for Stefanusdagen. Vi feirar dagen til minne om den første kristne martyren – han som vart steina til døde fordi han ikkje ville gje opp sitt vitnemål om Jesus, som han trudde på.
I kyrkjene våre vert vi i dag møtte av ord frå Jesu eigen munn, der Jesus er tydeleg på at det kan koste å følgje han. Til og med kan det koste livet. «-det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste» seier Jesus til læresveinane.

Høyrer dette eigentleg heime på ein av juledagane, tenkjer du?
Då vil eg gjerne hjelpe oss alle til å tenkje om att. Og til å dukke ned i det vi veit om jula og følgjene av jula, slik Bibelen vitnar om det. Då vert det temmeleg kjapt tydeleg at det ikkje er eit for sterkt ord å snakke om at all vår idyll som vi freistar å tufte vår julefeiring på, nokså snart kan vise seg å kvile på – nettopp: Eit bedrag.

Vår julehelg i år er farga i nye fargar. For filter etter filter er plukka bort frå augo våre, slik at andre nyansar av det som hende i dei dagane også kjem inn i lyset. Vi kan sjå meir. Sjå at det har hendt uendeleg mykje, også rundt oss sidan sist vi feira jul.
Det siste året har vore så dramatisk at julefargane har skifta sidan i fjor.

Julehelga dette året skal som alltid lysast opp av orda om det som hende då Jesus vart fødd til jubel og englesong i Betlehem. Då kom han til oss som

«-barnet, Guds son, vår sonar,
som døden for evig batt»

Men så tok ting til å hende. Etter fødselen i Betlehem. Mens barnet enno var lite. Framleis som nyfødd å rekne. Men allereie stort som menneske. Så stor at kongen, Herodes, sjølv vart liten. Så liten at han krympa menneskeverdet sitt til ein despot. Han sette i gang ein av dei verste terroraksjonar historia kjenner til. Barnemordet i Betlehem.

Difor må eg bruke mi julehelg i år til å tenkje på at slik vart barnet og foreldra flyktningar. I Matteusevangeliet kan vi lese korleis Josef og Maria og Jesusbarnet vart ein flyktningefamilie som for ei tid rømde til Egypt. Dei måtte bort frå despotiet for å berge liv. Eit liv som seinare skulle ofrast for alle oss som vil feire jul i år. 

Julehelga som møter oss i år, er ikkje berre full av glans og glitter, men også fylt av sot og røyk som vårt lokalsamfunn heime i Lindås, ikkje lenger unna enn i dykkar nabokommune, presterte å by til dei som flyktar frå despoti, krig og redsle nett no.

Kan julehelga bere glede med seg, også dette året?
Heldigvis – ja! For juleglede er større enn vondskap, dumskap og redsle for framande.
Juleglede er tufta på engleord om ei glede for heile folket. For alle oss som har lagt vår julefeiring hit til i kyrkja.

Men ei glede vert alltid større når vi deler den med andre.
Difor deler vi gåver med kvarandre når vi feirar Jesu fødsel.
Difor skal vi dele fridom og tryggleik med dei som rømer frå despoti og livstrugande forhold akkurat dette året.

I år møter vi dei, dei som rømer frå eit heimland tett ved Betlehemsmarkene der himmel og jord vart lyst opp av englenærvær den aller første julenatta.
Julegleda og englesongen frå Betlehem er for alle. Anten vi kjenner jula som full av glans og glitter og lukt av pinnekjøt, eller om vi har lukta av bomber og røyk med oss i kleda når grenser vert kryssa.

Nokre av dei som slik flyktar frå krig og redsle er kristne.
At den kristne kyrkja i Syria og andre land i denne regionen er i ferd med å verte utsletta, viser at Jesu ord til sine etterfølgjarar ikkje var for sterke. Jesus var tydeleg på at forfølgingar måtte kome. Dei skulle kome. Slik han vart forfølgd heilt frå han som nyfødd måtte flykte til Egypt.

 Og i dag er det altså slik at med seg på flukt frå valden i Midtøsten, følgjer mange som slett ikkje trur på Jesus som sin frelsar. I Islam anerkjenner dei rett nok Jesus som ein viktig profet. Men samstundes ser vi at ytterleggåande muslimar gjerne viser fram korleis dei avrettar både kristne og muslimar som ikkje trur sterkt nok.

Tida med martyrium er slett ikkje over.
Men i vårt land kan alle vere trygge. Trygge for liv.
Og enn så lenge – trygge i vår tru.

Samstundes ser vi at også rundt oss, så skjerpest frontar.
Nokre brukar vald og brann mot dei som trur annleis. Mot den kristne kyrkja brukar dei sterke ord. Til dels hatefulle og nedsetjande ord.
Les kva som står i kommentarfelta på Internett når kristne tradisjonar og kristen julefeiring er tema. Det er til å verte oppgjeven av. Diverre vert også nokre redde av det som står å lese. Det er heller ikkje kjekt å tenkje på at det gjerne kan vere naboen din som gøymer seg bak eit anonymt kallenamn.

Du kan få med deg ein liten smakebit om oss prestar, henta frå eit kommentarfelt i Dagbladet ein av dei siste dagane før jul:

dagens prester er …. så djevelsk selvtilfrede, når de møter en fattig man smiler de med slangesmilet sitt og sier stakkars deg til mannen, åsså kjører dem den file bilen sin hjem til frua og alle vennene sine mens de propper munnhulen sin full av kaker og kaffe, også ber de litt til Jesus når de får vondt i magen av alle kakene. Åsså skriver de brev til staten og vil ha mere lønn for de må ha nye møbler på hytta si. Åsså kaller dem Jesus for kammeraten sin, den eneste forskellen på prester i dag og middelalderen er at de ikke lenger brenner dem de ikke liker på levende bål.

Heldigvis er slik verbal motstand tilnærma problemlaus å leve med.
Men er det eit varsel om at hatet til slutt kan koke over og gje seg meir dramatiske utslag, også her hjå oss? Det har allereie kokt over for nokre som må forhalde seg til at flyktningar og framande er ein del av vår nye kvardag.

Denne julehelga har eg fått møte Jesus på ein litt ny måte. Eg har fått juleglede slik eg alltid har det i høgtida. Eg har fått sjå at mi juleglede er for han som kom til oss under englesong og jubel julenatt. Han veit kven vi er, alle vi som helsar han.

Han ser «tusene barnehender» som held sine lys mot himmelen.
Han ser dei som speidar mot nord og desse lysa, på veg gjennom ei mørk natt i ei mørk tid. Han ser dei, for han var nemleg som ein av oss. Til og med var han ein flyktning!

AMEN





torsdag 24. desember 2015

JULEGLEDE


 

Julaftan 2015
Brekke kyrkje
Luk, 2,1-20

 
Det er ikkje langt frå Sogn til Sunnfjord. Frå Gulen til Gaular. I Gaular var eg prest i ti år. Difor har eg køyrt tallause gonger mellom Sognefjorden og Lindås der eg kjem i frå, der eg hadde hytta mi i alle år eg budde i Sunnfjord, og der eg altså bur no. Eg har køyrt forbi på vegen på andre sida av Instefjorden og sett over til kyrkja her i Brekke.  Fordi Brekke stort sett alltid har vore ein stad til å køyre forbi, så veit eg ikkje veldig mykje om Brekke, anna enn at eg hugsar år tilbake, og ein del timar i ferjekø på veg nordover.
Endeleg vart det tid for meg til ikkje å fare forbi Brekke. Men til å stanse her ei lita stund. Kunne eg funne ein betre rasteplass langs vegen enn her i kyrkja i Brekke på sjølvaste julaftan?
Takk for at eg får stogge litt i lag med dykk i dag.


 Så er det altså slik at Gulen og Gaular, og Brekke og Sande, der eg budde, har ein felles ting i lag: Vi er naboar til Fjaler og til Dale der diktaren Jakob Sande var frå. I Sunnfjord er Jakob Sande helten no ved juletider. Han som tende julelys i stille grender.
Kanskje er det slik her og? I alle fall song vi den uendeleg vakre salmen hans til innleiing av julefeiringa her i bygda.

Denne mest vestlandske salme av alle salmar, har gleda med seg. Julegleda.

«Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.»

Alle julehelger ber gleda med seg. Julegleda. I dag handlar det om barnet som kom frå Gud. Om barnet som var Gud. Men det var også menneske. Lite. Nyfødd. Hjelpelaust overgjeve til to varme omsorgspersonar som Bibelen teiknar opp for oss med glansfulle strekar.  

Våre julehelger ber glansen i seg. Idyllen. Vi tek med oss strekane frå Bibelens teikningar av det som hende.
Vi gjer oss førestillingar om korleis det såg ut. Barnet.
Korleis dei såg ut. Foreldra.
Korleis det såg ut i Betlehem. Fødestaden.
Og då skapar vi idyll. Vi lagar jula til ein idyll. Og er det ikkje fint nok, så strør vi på med lys og fargar. Med gåver og mat. Med drikke og fest.
Og for alt eg veit så er det kanskje ein og annan her i den våtaste av alle bygder i landet vårt som framleis drøymer om at jula skal vere kvit. Det er i alle fall ein illusjon dette året når det er omtrent same temperatur i jula som i juli.
 

Det er litt brutalt å seie det, men eg vågar å opna munnen og ytre at våre julehelger truleg er tufta på eit bedrag av idyll. Men vi let oss gjerne bedra. For det er behageleg. I bedraget er det rom for å byggje inn alt vi skulle ynskje var veltilpassa, idyllisk, -gjerne innskrive i ein norsk julesalme med lys i stille grender.  

Men vår julehelg i år er farga i nye fargar. For filter etter filter er plukka bort frå augo våre, slik at andre nyansar av det som hende i dei dagane også kjem inn i lyset. Vi kan sjå meir. Sjå at det har hendt uendeleg mykje, også rundt oss sidan sist vi feira jul.
Det siste året har vore så dramatisk at julefargane har skifta sidan i fjor.

Julehelga dette året skal som alltid lysast opp av orda om det som hende då Jesus vart fødd til jubel og englesong i Betlehem. Då kom han til oss som 

«-barnet, Guds son, vår sonar,
som døden for evig batt»
 

Men så tok ting til å hende. Etter fødselen i Betlehem. Mens barnet enno var lite. Framleis som nyfødd å rekne. Men allereie stort som menneske. Så stor at kongen, Herodes, sjølv vart liten. Så liten at han krympa menneskeverdet sitt til ein despot. Han sette i gang ein av dei verste terroraksjonar historia kjenner til. Barnemordet i Betlehem.

Difor må eg bruke mi julehelg i år til å tenkje på at slik vart barnet og foreldra flyktningar. I Matteusevangeliet kan vi lese korleis Josef og Maria og Jesusbarnet vart ein flyktningefamilie som for ei tid rømde til Egypt. Dei måtte bort frå despotiet for å berge liv. Eit liv som seinare skulle ofrast for alle oss som vil feire jul i år.  

Julehelga som kjem oss i møte i år, er ikkje berre full av glans og glitter, men også fylt av sot og røyk som vårt lokalsamfunn heime i Lindås, ikkje lenger unna enn i dykkar nabokommune, presterte å by til dei som flyktar frå despoti, krig og redsle nett no.  

Kan julehelga bere glede med seg, også dette året?
Heldigvis – ja! For juleglede er større enn vondskap, dumskap og redsle for framande.
Juleglede er tufta på engleord om ei glede for heile folket. For meg og for deg som vil starte vår julefeiring i lag i kyrkja.

Men ei glede vert alltid større når vi deler den med andre.
Difor deler vi gåver med kvarandre når vi feirar Jesu fødsel.
Difor skal vi dele fridom og tryggleik med dei som rømer frå despoti og livstrugande forhold akkurat dette året.

I år møter vi dei, dei som rømer frå eit heimland der Kvirinius ein gong var landshovding, ikkje langt frå Betlehemsmarkene der himmel og jord vart lyst opp av englenærvær den alle første julenatta.
Julegleda og englesongen frå Betlehem er for alle. Anten vi kjenner jula som full av glans og glitter og lukt av pinnekjøt, eller om vi har lukta av bomber og røyk med oss i kleda når grenser vert kryssa. 
 

Denne julehelga skal mi juleglede vere over at han som kom til oss under englesong og jubel julenatt, - han veit kven vi er, alle vi som helsar han.
Han ser «tusene barnehender» som held sine lys mot himmelen.
Han ser dei som speidar mot nord og desse lysa, på veg gjennom ei mørk natt i ei mørk tid. Han ser dei, for han var nemleg som ein av oss. Til og med var han ein flyktning!
God jul, i glede over at Frelsaren er fødd!

AMEN

Bloggarkiv