mandag 13. mars 2017

La oss be


Fastegudsteneste/Forbønsgudsteneste.
Åsane gamle kirke 08.03.2017
Salme 25, 4-7: Herre, la meg kjenne dine veier.
Lær meg dine stier! La meg få vandre i din sannhet, lær meg, for du er Gud, min frelser!
Til deg setter jeg alltid mitt håp.
Herre, tenk på din barmhjertighet og kjærlighet, som er fra evig tid.
Tenk ikke på min ungdoms feiltrinn og synder!
Tenk på meg i din miskunn, Herre, for du er god.
Oh Lord, won’t you buy me a Mercedes Benz? Slik ba Janet Joplin i sin berømte låt frå 1971.Gud, vil du gje meg ein Mercedes Benz – er det slik nordmenn ber?  Er våre bøner framfor alt retta inn mot det materielle? Mot at Gud må syte for rikdom, velstand og velferd. Ber vi framfor alt for meg og mitt og mine?
Tja – kanskje skjer det? Kanskje er det ein del av oss som ofte, eller i alle fall innimellom, ber på denne måten. Vi er vel neppe så frimodige at vi tør å følgje Janet Joplin fullt ut som også ba Gud om at han måtte gje han ein skikkeleg kveld på byen. Men skal eg våge å vere ærleg, så har eg sjølv sukka til Gud når det kneip som aller mest i avgjerande kampar på Brann Stadion. Og då var det aldri Viking eller Rosenborg eg hadde i tankane.
I kveld skal vi be. Men eg har vanskeleg for å tenkje at vi som kjem saman no, gjer det for å be om ny bil eller finare hus eller om å vinne i Lotto.
Mange av oss har likevel ytterst personlege saker vi vil be om.

Eit av dei fremste bøneemner vi veit om, har med helsa vår å gjere. Vi kjenner på sjukdom som plagar oss. Vi er redde for alvorleg sjukdom som kan truge framtid og liv. Eller vi har ein av våre som vi er aller mest glad i som er ramma av sjukdom. Vi er redde. Vi ropar til Gud: Herre hjelp!
Slik var det også mange gonger i det som var Jesus sin kvardag i dei åra han gjekk rundt og lækte sjuke. For det var faktisk ei av hovudoppgåve han hadde. Jesus heldt store talar. Han gjorde ulike under. Svært mange var lækjedomsunder. Og framfor alt – Jesus kjempa mot døden og vann.Vi les om att og om att i NT korleis folk kom til han med plagene sine. Og korleis han ofte svara på dei ved at han rette ut hendene sine og lækte. Han tala orda sine og sette fri menneske som var bundne  på ulike vis.
Difor skal også vi med stort frimot kome til Gud og be til han. Eller som det stod i tekstordet vi las ved inngangen til gudstenesta: La oss derfor frimodig tre fram for nådens trone, så vi kan finne barmhjertighet og finne nåde som gir hjelp i rette tid. (Hebr 4,16)Har du noko som er tungt å bere, skal du med veldig stort frimot få leggje det av deg i kyrkja denne kvelden.
Du skal også vite at vi som er her som kyrkja sine tenarar, prestane og diakonen, vi har store fullmakter til å gå inn i forbønnstenesta for deg. I Jak 5,13-15 les vi:
Er det noen blant dere som lider? Da skal han be. Er noen glade til sinns? Da skal han synge lovsanger. Er noen blant dere syke? Han skal kalle til seg menighetens eldste, og de skal be over ham og salve ham med olje i Herrens navn. Da skal troens bønn redde den syke, og Herren skal reise ham opp.
Vi kunne sagt mykje om dette skriftavsnittet. Om å be når ein lir.
Om å syngje lovsong når ein er glad til sinns.
Om å søkje forbøn hjå dei eldste i kyrkjelyden når ein er sjuk. Vi kan ikkje seie alt nett no. Men eg vil minne om at ein del av dette skal vi praktisere her i kveld. Og eg minner òg om at har du sjukdom som plagar deg, så går det an å oppsøkje prest eller diakon, heilt i det stille, og be om samtale, forbøn, gjerne også om å verte salva. Vi praktiserer dette, men vi gjer det i det stille. Vi står ikkje på parkeringsplassen i Åsane senter og ropar det ut.
Vi gjer som ordet seier: Er noen blant dere syke? Han skal kalle til seg menighetens eldste, og de skal be over ham og salve ham.
Forbøn for sjukdom er kjent. Men vi har også lov å be om andre ting i livet som er vanskeleg. Familieproblem. Samlivsproblem. Viktige vegval i livet. Be – seier Jesus. Du kan be sjølv. Eller du kan gå til ein medkristen og fortelje di naud slik at de kan be, fleire i lag
Samstundes er det også ting vi treng å minne kvarandre om når det gjeld bøn.
Først og fremst dette: Gud høyrer. Gud svarar. Men Gud treng ikkje alltid å svare i samsvar med det vi har fremst på vår ynskjeliste.
Eg trur at Gud høyrer ei bøn om at han må gje oss ny bil. Men eg er sterkt tvilande på at han svarar med eit rungande ja. Nei er også eit svar.
Men det å forstå at Gud ikkje svarar slik vi synest det er fornuftig, det er ei vanskeleg lekse å lære. Det med å få nei når ein ber om ein Mercedes, er ikkje problem for trua eller for teologien.

Men foreldra som ropar til Gud om at barnet deira må få leve, men som likevel endar opp med ansvar for å stelle ei barnegrav på kyrkjegarden, dei har langt større grunn til å tvile og til å fortvile: Kvifor, Gud?
I dag har vi ein andaktstekst frå salme 25: Herre, la meg kjenne dine veier. Lær meg dine stier!
La meg få vandre i din sannhet, lær meg, for du er Gud, min frelser! Til deg setter jeg alltid mitt håp.
Å gå på ei gudsteneste som dette, ei forbønsgudsteneste, er sjølvsagt ein anledning til sjølv å be. Til å be om kyrkja si forbøn. Til å glede seg over at nokon tek deg inn under forbøna si velsigning når hender vert lagt på hovudet ditt. Men ei slik gudsteneste er også å stige inn i det kristne klasserommet som kyrkja også kan vere. Der vi skal lære litt.  Der vi skal våge å be Gud om å lære oss. Lære å kjenne hans vegar! Lære å gå på hans stigar.
Dette er utfordrande. For vi er så hjelpelaust instilte på at vi sjølve veit best.
Det er så lett å prøve å ta dirigentstokken og forvente at Gud skal spele opp etter mine notar.
Vi vil at Gud skal spele ei rolle i eit manus som er skrive av meg.

Før vi snart skal gå over til å be i denne gudstenesta, før vi inviterer deg til personeleg forbøn, vil eg leggje inn over deg at du i ditt stille indre vågar å be slik salmisten viser oss: Herre, la meg kjenne dine veier. Lær meg dine stier!
Samstundes vil eg gje deg stort frimot til å søkje forbøn. Kjenner du på at du er lite verdig til å be Gud om å hjelpe i det som livet så langt har gjeve deg av motbakke eller vanskelege avgjerder, så vit i alle fall at slik tenkjer ikkje Gud.
I salmen vi har lese som preiketekst er dette uttrykt i ei tillitsfull bøn som du også kan gjere til di bøn når du bur deg på resten av det vi er samla om i kveld.
For vi har lese desse orda:
Tenk ikke på min ungdoms feiltrinn og synder!
Tenk på meg i din miskunn, Herre, for du er god.
Vi skal be i dag. Be om alt som ligg oss på hjarte, same kva fasong og farge det har. Bønene våre har vi lov å vente svar på. Ikkje nødvendigvis slik vi forestiller oss at svaret skulle vere. Men svar som vi får når Gud har fått undervise oss om sine vegar. Vist oss kvar vi går på hans stigar.Og mest av alt: Gud høyer og ser både deg og meg i si miskunn. For han er god!Nokon større har vi ikkje å kome fram for.
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv