torsdag 13. april 2017

Jesu bøn og mine bøner


Langfredag - 14.04.2017
Eidsvåg kirke
Luk. 22,39-23,46
(Oppdatert og lett omskriving av preike frå 2013)

Jesus bad:
"-Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!"

I si mørkaste stund, i djupaste otte, med eit hjarta som skalv i angst og gru for redselen som var like rundt hjørnet, låg Jesus på kne i Getsemane. Han bad. Meir inderleg enn nokon av oss nokon gong har bede.
"- ta dette begeret frå meg!"

Han visste så vel kva for eit beger han måtte drikke. Han forstod det grufulle. Han hadde i sanning grunn til å vere redd. For han skulle drikke den bitraste drikk som har vore bydd fram her på jorda. Han hadde all grunn til å be: "- ta begeret frå meg!". For her var det aldri snakk om noko "liksom-krossfesting" eller eit symbolsk skodespel. Det Jesus visste at han skulle gjennomgå det næraste døgnet, var liding. Tung, svart liding. Og Guds son var altså også eit menneske. Eit menneske som skulle lide meir enn nokon har gjort, før eller seinare. Difor bad Jesus:
"-Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!"

Eg ber også. Men eg ber til han som måtte lide. Eg ber slik:
"-Drikk begeret tomt for meg Jesus!

I mi syndenaud har eg ingen annan utveg. Eg har ingen anna å gå til. Eg må klamre meg til Jesus. Difor fyller eg hans smerteskål endå fullare med synd og skuld. Eg veit at skal eg drikke dette begeret, då er det ei dødeleg gift for meg. Då er eg ein dødsdømd som går mot den evige død. Eg ser kor Jesus kjempar og lid. Likevel kan eg ikkje hjelpe han. Eg kan berre auke den børa han ber av synd og skuld. Eg høyrer kor hardt det kling når eg ropar det ut, men eg kan ikkje anna enn å be på langfredag:
"-Drikk begeret tomt for meg, Jesus!" 
I Getsemane-hagen høyrer vi meir om Jesu kamp. Han sveitta blod. Han kom i dødsangst. 


Tydelegare kan det vel ikkje gjerast, kor tungt det gjekk inn på vår Herre og Meister, det oppdraget han hadde fått frå sin Far. Han visste så vel kva dei skulle gjere med han. Han visste så vel kva for bør han måtte bere.
Han sveitta blod.
I dødsangsten vart bønene hans endå meir inderlege..
Enno har ikkje langfredagsdramaet for alvor starta. Likevel er det eit makelaust drama som utspelar seg i Getsemane òg. Med eit inderleg medvit førebur Jesus seg til sjølve krossfestinga. Og når han sveitta blod på førehand, då kan vi berre ane korleis det kjendest for han nå det verkelege alvoret tok til.

Jesus kjempar, allereie før det brakar laus. I dødsangst og med blodut sveitte.

Men eg?
Eg  ser på Jesu kamp med kjøleg og nøktern avstand. Det vert omtrent som å sjå eit TV-program i reprise.
Eller kanskje meir – som å betrakte vald og bombing og djevelskap mot kristne i Egypt på TV. Også det er langt unna. Eg vert opprørt, men angår det meg? Det at trussøsken vert bomba i hel?
Kanskje angår det meg meir at terroren får eit ansikt i Stockholm, men heller ikkje det vekkjer meg heilt.
Det er liksom som om vi kjenner innhaldet så altfor godt. Sveitten vert ikkje løyst framfor ein slik dag som i dag. I staden for å kjempe med, i staden for å engasjere meg, i staden for å gå inn i bøn og faste, i medlidande meditasjon, så har eg sove godt i natt.
På same måte som Jesu læresveinar som også sovna medan Jesus kjempa sin livs bønekamp. Eg søv i møte med vondskap. Eg reiser meg ikkje opp nå dei kjem for å ta til fange. Dei som flykta til oss for å sleppe unna.
Jesus var i dødsangst fordi han var dømd til å bere mine synder.
Min angst går meir på kva andre menneske meiner om meg, enn på kva Gud meiner om meg, og korleis Gud vil døme meg på den yttarste dagen.
Difor går eg lettbeint til kyrkje på langfredag, endå knea skulle skolve og føtene vakla og eg skulle ha bada i sveitte under ei bør av skuld. Ei skuldebør som eg får hjelp til å bere, men eg er nesten for sløv til å takke for det.

Jesus sa:
"-Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar"

Jesus var alt dømd. Han var dømd som ein uskuldig av ein hjelpelaus og feig dommar. Han var dømd for noko han aldri hadde gjort. Men det var ikkje berre Pilatus som hadde dømd Jesus. Også Gud hadde dømd han. For Gud hadde lagt all verda sine synder på Jesus. Mine inkludert. Og dine. Det var dette han vart dømd for.
Og på vegen til rettarstaden, på vegen til Golgata, så ynskte ikkje Jesus medynk for sin eigen del. Han tenkte på dei han skulle døy for. Det var dei det var grunn til å gråte over.
"-gråt over dykk sjølve og borna dykkar."

Men har eg tårer?
Har eg tårer for syndene mine? Skjelv eg for mine borns frelse?
Langfredagen er ein dag til å gråte. Det er ein dag til å sørgje. For i dag vert det vonde i verda sett i sentrum. Alt det vonde, og alle konsekvensar av vondskap og synd er lagt på Jesus når han er på veg mot krossen.
For nokre dagar sidan vart tårer sett i sentrum for truande over heile verda. Det forferdelege hende midt under to gudstenester i Egypt. Etter bombene sa biskopen deira, biskop Thomas i den koptisk-ortodokse kyrkja dette i følgje VL tirsdag i denne veka: : «Vi ber krossen i smerte og tårer. Men vi er ikkje redde. Vi stolar på Gud og har ei sterk tru»


Det er grunn til å gråte i fortviling over vondskapen; over at det verkeleg var naudsynt for Jesus å døy som ein ussel forbrytar endå han var den einaste fullkomne og syndfrie som har levd.
Og vi skulle hatt tårer også fordi vi er ein del av alt det vonde. Og vi har bore synda vidare til borna våre. Dei er smitta av same sjukdom som vi. Ein dødeleg sjukdom som heiter synd, og som ingen andre enn Jesus kan kurere.
"-gråt over dykk sjølve og borna dykkar." 
Jesus sa:
"-Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer." 
Medan hammarslaga gav ekko på Golgata, makta Jesus å sende ei bøn om tilgjeving for sine bødlar opp til Gud Fader. Tvers igjennom smerte og hjelpeløyse, ber den allmektige til Gud. Han legg allmakta av seg. Han let Gud forlate seg. Han skal døy. Men han døyr med kjærleik også til sine verste fiendar. Ikkje ein gong dei som mishandla han og torturerte han til døden er unnateke hans kjærleik.

Og medan eg høyrer om Jesu kjærlege bøn, høyrer eg at mi eiga stemme blandar seg i eit kor på tribunen: Eg er med dei som står og ser på krossfestinga og som tek del med ivrige rop: Krossfest. Krossfest.
Kanskje finst det også ein hemntanke retta mot dei som har demonstrert vondskap på line med dei som i si tid fekk Jesus dømd. Kanskje tenkjer også eg: «Krossfest dei»
Men midt i mine svikefulle rop skjønar eg kva som føregår.
Eg les bispeorda frå Egypt:
«-Det er lett å bli fylt av hat når man blir angrepet. Vi kan ikke fornekte at noen terrorister bekjenner seg til onde makter og ønsker å gjøre ondt i verden, men vi må stå fast på det kristne budskapet om nestekjærlighet, og holde våre hjerter varme.»[1]
På krossen langfredag heng han som kan tilgje meg. Her er han som ber for mi frelse.
Eg stig ut av folkehopen. Eg teier med mine krossfest-rop.
Med eit ordlaust sukk ber eg til Frelsaren:
"-Far, tilgjev meg. Eg veit kva eg har gjort!" 
Jesus seier:
"-I dag skal du vera med meg i paradis."
Røvaren på krossen bad ikkje om så mykje. Han bad om ein vennleg tanke når Jesus kom i sitt rike. Røvaren hadde innsett si skuld. Han visste at han hadde fått ein fortent dødsdom. Men han hadde ikkje forstått at Jesus hadde ufortent nåde og tilgjeving å gje.
At krossfestinga vart vegen til frelse for denne røvaren, kunne ingen tenkje. Men slik vart det.
Og dette gjev meg von.
"Far tilgjev meg.." bed eg. 
Eg høyrer Jesu stemme som kjempar sin siste dødskamp:
"-I dag skal du vera med meg i paradis ". 

Eg forstår ikkje at det er mogeleg. Men eg retter ut handa og tek tak i ei blodig og naglemerka hand. Det er denne handa som skal føre meg frelst gjennom dommen. Han døydde for mi skuld. Eg fattar i paradis det ikkje. Men med ei trassig tru held eg fast i handa. Ein syndar på veg til Paradis.

Jesus sa:
"-Far, i dine hender gjev eg mi ånd!
Frelsarverket var fullført. Syndene var sona. Alt kunne kvile i Gud Faders hand.

Der, i Gud Faders hand, legg også eg på langfredag meg sjølv, mi skuld og mine synder.

                                                     Det er fullført!



                                                          AMEN!



[1] VL 11.04.2017

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv