lørdag 17. juni 2017

Ein syndfri syndar mellom syndige syndarar.


2.søndag i treeiningstida I. 18.06.2017
Ytre Arna
 
Matt.3,11-12

Døyparen Johannes gjekk rundt i Jordandalen i si kamelhårskappe. Han hadde grashopper og villhonning på menyen, og han forkynte med slik glød og slike store ord at han vart rekna på line med dei store gamaltestamentlege profetane. No samla han store flokkar av tilhøyrarar rundt seg. Dei strøymde ut i øydemarka for å høyre kva denne underlege mannen hadde å seie. Og Johannes nådde inn i det aller inste av desse menneska sine hjarto med det han forkynte. "Vend om! For himmelriket er nær." sa Johannes.

Det var saft i Johannes i omvendingsforkynning. Her var det aldri tale om å lefle med synda. Når han inviterte til dåp, så var det til ein reinsingsdåp for synder; ein dåp som skulle gjelde ein gong for alle og som skulle vise seg i eit nytt og betre liv; eit liv med dei rette omvendingsfrukter. Mange vende verkeleg om. Dei kom til han, og Johannes døypte dei i Jordanelva medan dei sanna syndene sine.

Johannesdåpen er ikkje det same som den kristne dåpen.
Det som hende då Johannes døypte ved Jordanelva er ikkje det same som når vi døyper småborn i våre kyrkjer.
Likevel er det ein viktig samanhang som vi må vite noko om på denne søndagen.
For når Johannes seier han døyper til omvending, altså at han utfører dåp på menneske som er villige til å endre kursen på livet sitt; til å slå inn på ein ny veg, til å vende seg bort frå mislukka liv og gamle synder og nederlag, så er dette eit signal til oss om kva dåp er.

Dåp er noko langt djupare enn ein vakker namneseremoni. Meir enn ein slektstradisjon.
Det handlar om at noko nytt skal skje. Noko som eigentleg er utruleg og bortanfor det vi heilt kan forstå. Slik var det faktisk også der ved Jordan.
Lenge hadde Johannes døyparen drive på med sitt.
Så ein dag løfta han stemma ytterlegare og tok til å tale om noko som snart skulle hende. Snart skulle han stige fram, han som spela ei viktigare rolle enn Johannes gjorde. Snart skulle han openberre seg, han som fylgde etter Johannes. Han som skulle døypa med Den heilage ande og med eld.
Johannes gjorde det som var hans eigentlege kall. Han peika på slektningen sin. På Jesus. Han profeterte om Jesus.
Johannes som altså var son til Elisabeth, slektningen til Jesu mor, Maria. Desse to kvinnene som var gravide med kvar sin historiske son på same tid. Men Johannes kom til verda før Jesus. Eit halvt år. Difor skal vi om ei veke, 24.juni, feire minnet om dette på St.Hans – dagen til minne om døyparen sin fødsel, eit halvt år før Jesus var fødd. St.Hans er akkurat eit halvt år før jul.

Men tilbake til det som hende rundt den vaksne Johannes.
Ein dag skjer det utrulege, der Johannes døparen var i full sving ved Jordanelva.
I køen av syndarar, av løgnarar og tjuvar, av ekteskapsbrytarar og småsvindlarar, av skattesnytarar og valdsmenn, der ser døyparen Johannes slektningen sin, Jesus frå Nasaret, stå. Jesus står i køen av syndarar. Han kjem for å la seg døype av Johannes, av han som døypte dei som ville omvende seg, dei som ville byrja eit nytt og betre liv fordi dei hadde ei fortid som var tilsmussa og flekkete og som ikkje heldt mål i lys av Guds gode vilje og Guds velkjende ti bodord. 

Johannes si buldrande stemme tagna då han såg Jesus. Han steig opp or elvevatnet, sveipte kjortelen av kamlehår betre kring seg, gjekk bort til Jesus, tok han ut or køen og gjekk til sides for å tale alvor med slektningen sin:
"Jesus. Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!" 

Ja, nett slik var det! Ved å verte døypt med Johannes sin dåp til omvending, viste Jesus at han var viljug til å gå inn i Guds plan for sine skapningar. Syndefallet til det første mennesket måtte rettast opp. Difor stod Jesus der. Han som var Guds son. Om han proklamerte Gud med veldig røyst frå ein opna himmel: "Dette er son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede."
Guds son hadde stige ned til menneska. Djupt ned. Frå Guds himmelske rike til vår jord. Til oss menneske. Til syndarane som var samla ved Jordanelva, dette som er jordas lågaste punkt, 400 meter under havet.
Som ein i rekkja av syndarar steig Jesus ut i Jordanelva og vart døypt til omvending. Tilsynelatande fullstendig meiningslaust. Samstundes djupt meiningsfullt. Klårare kunne ikkje Jesus demonstrere kor fullt ut han gjekk inn i våre kår; oss syndarar som han var komen for å frelsa. Han tok syndene våre på seg og steig ut i dåpsvatnet i Jordan.

På krossen demonstrerte Jesus at han var viljug til å døy for oss.
Men ved sin dåp i Jordan viste han at han også var viljug til å leve for oss. Han ville vere som deg og meg. Ein syndfri syndar mellom syndige syndarar. 

Jesus vart døypt. Han let seg døype for å døy for verdens synd. Ved sin dåp helga han alt dåpsvatn. Han reinsa dåpsvatnet i staden for å skitne det til.
Då Jesus vart døypt reinsa han og helga han det vatnet som vi i dag døyper våre born med. Det vatnet som du er døypt i. Kanskje var det her i Ytre Arna det hende?

Også eg vart døypt. Med heilagt vatn. Eg vart døypt til Jesu død. Det store bytet skjedde. Han vart døypt til å dø. Og ved hans død som eg fekk del i gjennom min dåp, fekk eg livet. Evig liv.

Det er om alt dette Johannes vitnar i dag.
Om at Jesus skal kome. Han som er større enn Johannes.
Jesus kom. Han let seg døype då han stod ved inngangen til sitt jordiske virke som Messias.
Gjennom tre år utførte han alt dette vi les om i evangelia.
Til slutt døydde han. Men han stod opp att, og vart teken opp til himmelen.
Det var ved himmelfarten at han som sine aller siste ord uttrykte det som kom fram i preiketeksten sist søndag. Dåpsbefalinga.
«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk.»

Gjer alle folk til læresveinar, sa Jesus.
Omtrent som Johannes, som baud folk om å omvende seg og la seg døype, for himmelriket er kome nær, som han sa.

«Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande» sa Jesus, og innstifta med det den kristne dåpen som vi i vår kyrkje døyper med.

Denne kristne dåpen er ein dåp der vi trur at vi får det døyparen Johannes profeterte om, nemleg Den heilage ande. Han som fall på læresveinane då synlege eldtunger sette seg på dei pinsedag, ti dagar etter Jesu himmelfart.

Johannes sin dåp var ein omvendingsdåp.
Jesu dåp – den kristne dåpen – er ein frelsesdåp.
Ved å la seg døype med Johannesdåpen viste Jesus at han som var syndfri ville vere som oss syndarar. Han tok på seg og delte det vi alle ber med oss og som vi treng å omvende oss frå.

Når vi så lar oss døype med den kristne dåp, vert alt det Jesus var, og alt det Jesus gjorde, gjeve til oss som ei gåve. Ei frelsesgåve.

Om dette las vi i dag frå Pauls sitt brev til Titus:
«- Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, …» (Tit 3,5b-6)

Dåpen er eit bad som frelser.
Dåpen er ei handling som har frelse med seg. Gjennom dåpen vert vi frelste.

Eg vil tru at dei aller fleste av oss som er samla her i dag er døypte med heilage dråpar. Slik har vi fått del i samfunnet med Jesus Kristus gjennom dåpen.
I dag lyder eit fornya kall til å fylgje Jesus, han som vier sitt liv til å leve og døy for verdsens synd, til å døy for at du skal få leve. Leve evig.
Slik kan denne dagen her i kyrkja verte ein opptur for deg. 

Ein opptur som eigentleg starta då vi vart døypte. Den gongen lydde det rett nok ikkje noka himmelsk røyst, berre prestens vanlege stemme. Men det presten seier når vatnet er ausa over vårt hovud i samband med dåpen, er himmelsk nok: ”Den allmektige Gud har nå gjeve deg sin Heilage Ande og gjort deg til sitt barn.” 

Jesus delte lagnad med oss, for at vi skulle få dele med han. Han vart døypt. Og sidan drepen. Men han stod også opp frå dåpsvatnet og grava. No sit han ved Faderens høgre hand. Han har gått i førevegen for oss. Her nedanfrå. Og oppover.
Om du skulle kjenne deg langt nede i dag, så vit at når du finn saman med Jesus på den aller lågaste staden, då går det berre ein veg. Oppover. Velkomen til å gå oppover med Jesus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar