tirsdag 25. juli 2017

Han som leitar


Gravferd[1]

Luk. 15. 4-5: Jesus seier: -Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine.

Ei gravferd er ei takk for livet.
Eit langt liv som no er gøymt under kistelokk og blomsterdekorasjon.
Eit menneske mange var glade i, er ikkje lenger mellom oss.
Det er tid for farvel. For å takke. For verdig og respektfull avskil.
De som sit her på dei fremste benkane i kyrkja er dei næraste til å takke. Framfor alle andre er det de som kjende. De som veit om livet som var. Om livet som blomstra. Om livet som skapte. Til og med var det kanskje det livet som no er slokna, som ein gong gav liv til dykk som i dag sørgjer. Kanskje nettopp difor hugsar de eit liv som var fullt av omsorg.
Som eg sa – de er dykk næraste som kjende henne/han vi no tek farvel med.For meg som prest var det eit menneske eg ikkje fekk møte i live.Men de har fortalt litt om det som ligg bak. Teikna nokre strekar av eit bilde som har gjeve meg ei lita aning av det mange år i lag har skapt av fellesskap og dyrebare minner.
No er vi altså her. Med dette kyrkjerommet som ei høgtideleg ramme om eit aller siste farvel.
Eg veit lite om kva forhold den døde hadde til kyrkja og til kyrkja sin Herre. Like lite som eg veit kva kvar av dykk tenkjer om dette.
Men eg veit litt meir om kva forhold kyrkja sin Herre har til den enkelte av dykk.
Det er det same som han har til meg, og til alle andre som ein gong vart døypte til å tilhøyre han.
Difor trur eg vår Herre Jesus Kristus ser på meg, og på deg, slik han gjorde det med ho/han vi i dag tar avskil med. Slik han også ser på dei menneska som myldrar rundt oss i kvardagen der vi bur.
Bibelen brukar eit bilete der menneske vert samanlikna med ein saueflokk. Ein stor og uoversiktleg saueflokk. Slik dei av oss som vaks opp på landsbygda hugsar saueflokkane. Dyr som for oss vanlege ser aldeles like ut. Dyr som går om kvarandre på beitet og er vanskelege å skilje frå kvarandre.
Likevel veit vi at eigarane og gjætarane heldt styr på dei. Kan skilje dei ifrå kvarandre. Og har stor omsorg for at kvart individ skal ha det så godt som råd er. Og ikkje minst – kjem nokon av dei utanfor gjerdet og tek ut på eiga hand, så vert det leita og leita til alle er på plass der dei høyrer heime.
Andaktsordet vi har lese her ved denne kista, er eit ord som set dette i fokus.
Det var altså om gjætaren som hadde hundre sauer, men der éin kom på avvegar. Dei nittini må då passe seg sjølve ei tid mens leitinga etter den eine går føre seg.  Og når den eine vart funnen, utløyste det glede. Og takk!
Av og til er det godt å ikkje kjenne folk. Ikkje vite kva som bur av tankar, ord, eller gode eller dårlege gjerningar, bak alle ansikt ein møter. Det er som med ein stor saueflokk. Mange menneske som synest å vere ganske så like, trass i at det er høgst individuelle og markerte liv bak kvar einaste smil, eller bak kvart einaste ord som vert ytra.
Eg kjenner dykk ikkje. Men eg trur at han som kallar seg sjølv for den gode gjætaren, eller den gode hyrdingen, kjenner deg og meg og alle andre menneske. Slik han kjende dei som har døydd i frå oss.
Og eg er trygg på at han leitar om vi skulle vere utanfor gjerdet. Ved ein avgrunn. På ein blindveg. I ei hengemyr.
Han leitar til han finn oss. Så ber han oss heim på sterke skuldrar.
I møte med døden er det godt å vite om det som ligg i dette håpet som alltid har vore rotfesta i kyrkja som ei felles tru: Vi er ein del av eit veldig fellesskap som er sentrert rundt den kristne dåpen. Der fekk vi del i det vakthald og det tilsyn som den store, gode hyrdingen, Jesus Kristus, står for.
Det er han som vaktar oss med sitt eige liv som innsats. Det er han som alltid ser etter oss. Leitar etter oss, og ikkje slepper oss.
Og når den dagen kjem at det er tid for å bere oss inn gjennom den siste porten til innhegninga, les vi noko om glede. Glede over å kome heim med enno eit menneske som høyrer til i den store flokken.
Måtte vi alle vere ein av dei som Herren Jesus Kristus ein gong kan bere inn til alle dei han ser på som sine. Då vil det verte stor glede.



[1] Gravferd for personar der ein som prest berre anar konturar av livet som var, og dessutan er ukjend med dei pårørande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar