fredag 4. august 2017

Kvile


9. s. i treeingstida I. 06.08.2017
Salhus
Matt. 11.28-20

Mange av oss har nett avslutta sommarferien.
Men framleis er det nokre som gler seg over fridagar, reiseliv eller avkopling i lag med familie og vener.
Ferie er ein god ting. Veldig god. Til og med om store delar av min ferie gjekk med til å hjelpe dei to sønene i familien med to ulike flyttelass nettopp i desse sommarvekene, med alt det stresset det innebar, så har i alle fall eg funne vegen tilbake til arbeidsrutinane med glede, og er klar for eit nytt haustsemester.
Eg nemner to flyttelass. Dermed seier eg òg noko om tunge bører. Ned trapper. Opp trapper. Gjennom dører som er for smale. Med bokkassar som nokon pakka for mange bøker i. Sveitte som renn mens ein ber ut og inn. Stress og tungt å bere.
Så – midt oppe i dette opnar eg Bibelen for å sjekke ut kva eg skal snakke om på første gudstenesta etter ferien. Der møter orda frå Jesus meg som ein mild, kjølande vind:
«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!»
Kvile er noko fantastisk. Ikkje minst når ein kjenner seg pressa. Når ein kjenner seg tom. Når ein ser seg sjølv som sitronen all safta nettopp vart kvesta ut or.
Orda frå Jesus har adresse til så mange. Sant å seie trur eg ikkje at han såg for seg slike som bar møblar i sommarferien. Eg trur dei tunge, dei vanskelege børene har anna fasong enn nettopp det.
For når ein bokkasse kjennest tung er det vel helst fordi eg har for slappe musklar. Verre er det når sjølve dagane vert tunge. Når livet vert ei bør. Når vi har tunge tankar. Når vi må bere ei sorg. Eller sove dårleg fordi vi er uroa for eit eller anna.
Vi treng kvile.Når vi er fysisk trøytte. Når livet er ein motbakke i seg sjølv.
Midt oppe i dette kjem altså Jesus oss i møte med sine gode ord. Ord som har ei rot som går heilt tilbake til opphavet. For vi skal ikkje lese mange linjene i vår Bibel før det står at Gud kvilte!
Den allmektige, han som berre med sitt ord kunne skape det ufattelege og ubegripelege universet; han hadde trong for kvile. Difor kvilte han etter den sjette dagen. Etter å ha fullført skapinga, etter at himmel og jord og alt som lever og rører seg der, var ferdig og i samsvar med Guds gode vilje, så kvilte Gud på den sjuande dagen.
Difor er det eit evangelium til oss frå Bibelens første bok: Gud kvilte. Og ikkje berre det. Gud velsigna denne kviledagen. Gud velsigna den sjuande dagen og han lyste han til og med heilag.
Spør du folk om kva som er det største Gud skapte på dei seks dagane, så vil dei fleste svare at det var mennesket. Ingen vil protestere på det.Men Gud skapte på sett og vis også noko stort på den sjuande dagen. Då skapte Gud kvila! Denne velsigna gåva til deg og meg. Gåva til oss menneske. Det er som om Gud ser på skaparverket sitt, han ser at alt er såre godt. Han ser på alt han har gjort, og også Gud ser at mennesket er sjølve kruna på skaparverket hans. Men så vil han liksom setje ein ekstra fin juvel inn i denne kruna. Difor gjev han mennesket ein kviledag. Mennesket er skapt til å arbeide seks dagar og til å kvile ein dag.
For ikkje berre Gud skal kvile på den sjuande dagen. Det skal også du og eg. Gud har gjeve oss ein heilt spesiell dag. Ein velsigna dag. Kviledagen.På denne dagen samlar den kristne kyrkja seg i Guds hus. Denne dagen vil vi bruke til meir enn å kople av frå kontorpult eller fabrikk, frå kassaapparat eller kateter, frå snikkarbelte eller pleieuniform. Denne dagen vil vi bruke til å kople oss til. Kople oss til han som gjev oss lov å kople ut inntrykk, mas og stress. Kople oss til han som har kvile å gje.
Kviledagen er ein dag der forpliktingane i kvardagslivet vert sette på ”vent”, og så lar vi Gud få fylle oss med den gode kvila. Og den kan gjerne vare ein sjuandedel av livet.
Gud har meir å gje enn ein enkelt kviledag for ein sliten kropp. Gjennom tekstordet i dag, ord frå Jesus sjølv, høyrer vi også om det som må vere kvile for sjela: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!»
På dagen som frå skaparens side er utskild og velsigna og avsett til avkopling, kan vi samstundes få lov å kome til han som lesser av oss bører og det vi strevar med som går ut over det daglege arbeidet, det vi gjer for å kunne heve løn. På denne dagen kan vi på ein særleg måte få møte han som vil gje kraft og styrke til å halde ut både gjennom kvardagens strev, men like mykje i møte med det strev som heng saman med at vi som menneske også har ei sjel som treng  kvile og avkopling. Vi strevar med vårt åndelege liv. Med våre bøner. Med vår bibellesing. Med vår synd. Med våre nederlag som kristne medmenneske.
Men Jesus har kvile. Og nettopp ved å gå han i møte på kviledagen, dagen som er utskild og helga for dette føremålet, kan vi finne kraft, styrke og påfyll til å leve både vårt kristenliv og vårt borgarlege liv på ein god måte. 
I den kristne kyrkja er kviledagen ei samansmelting av den jødiske sabbaten – den sjuande dagen, lørdagen etter vår kalender, og Herrens dag, den første dagen i veka, dagen då Jesus stod opp att or grava, søndagen. Som kristne har vi valt søndagen som vår kviledag. Herrens dag. Påskedagen som vender tilbake ein dag i veka.
Dette er altså dagen til minne om at Jesus stod opp att or grava. Då er det veldig meiningsfullt å bruke den både til den regelmessige kvile som kjem att med sju dagars mellomrom, men like mykje til heilagdagen som Gud talar om i det tredje bodet. Den heilage kviledagen.
Og korleis skal vi så bruke denne dagen?Ein ting vert i alle fall meiningslaust. Det er når vi tenkjer på at når Jesus stod opp på denne dagen, så blir vi likevel liggjande i senga på den same dagen.Så altfor mange, også truande kristne, tek kvila så sjølvsagt at ein ikkje giddar å stå opp på denne dagen tidsnok til å helge kviledagen ved å samlast i Guds hus til gudsteneste, bøn og tilbeding.
”Du skal halda kviledagen heilag” står det i det tredje bodet. Slik Gud velsigna denne dagen og lyste han heilag, slik skal vi gå inn under velsigninga det er å samlast i hans hus i lag med dei andre som trur, tilber og lovsyng.
Å halde denne dagen heilag er ikkje det same som å sitje med hendene i fanget utan å gjere noko. Lenge var dette eit utbreidd misforståing mellom truande. Søndagen vart ein forbodsdag. Ikkje arbeid! Ikkje strikketøy. Ikkje lydar av hammar frå kjellar eller hytta som er under bygging. Ikkje fisketurar eller bærplukking. Den pietistiske tradisjonen i vår kyrkje har gjennom hundreåra halde dei kristne kraftig i øyra med alle sine påbod og forbod for kviledagen.
Vi kjenner igjen den jødiske tradisjonen som vi kan lese om i forlenginga av dagens evangelietekst der vi les om læresveinane som plukka kornaks på ein sabbat. «Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, læresveinane dine gjer noko som ingen har lov å gjera på sabbaten?» (Matt,12,2)
Kviledagen er ein dag som skal vere heilag. Kviledagen er ein dag vi har fått i gåve. Poenget er ikkje dagen eller reglene, poenget er funksjonen og føremålet. Når reglane tek overhand vert dagen ei tvangstrøye. Det kan mange vitne om frå norsk kvardagskristenliv. Men dagens frigjering frå gamle tvangstrøyer kan kanskje ha slått for langt andre vegen. Der kviledagen vert borte, misser menneske sin fridomsdag. Slik er det for mange i dag. For når alle dagar er like, misser vi det heilage pusteholet i vår veke. Når alle dagar vert handledagar, arbeidsdagar, forbruksdagar og aktivitetsdagar, misser vi ei av Guds finaste gåver til menneska. Dagen då vår eiga oppbygging, restaurasjon, står i fokus. Dagen med ei annleis rytme.
Eg trur ikkje Gud er oppteken av om vi tek fram strikketøyet framfor peisvarmen ein sur søndagsettermiddag. Heller ikkje av at hyttebyggaren gjer ferdig listinga rundt døra inn til soverommet før han reiser heim att søndagskvelden etter ei god og avkoplande helg. Men eg trur at Gud er oppteken av at vi fekk utnytte ein av dei sju dagane i veka til å slappe av, kvile ut og kople frå, og ikkje minst, at vi fekk høve til eit heilagt møte med han som også kvilte på den sjuande dagen. At vi ikkje forsømer samlinga om Guds ord på denne dagen, slik Luther talar om det i forklåringa til det tredje bodet.
Gud skapte kvila. Gud vil gje deg og meg kvile.Men Gud har meir enn ein kviledag med sju dagars mellomrom å by oss.
Forfattaren av Hebrearbrevet held nærast ei preike om dette i brevets 3. og 4.kapittel. Overskrifta på kapittel 4 i Hebr. er: ”Guds folk har ei kvile i vente”. Her vert det skapt ei forventning og ei von om ei endeleg kvile. Ein slags evigvarande kyrkjegang, ein tilstand i fullkomen kvile.
Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila,… (Hebr.4,9-10)
I dag er det søndag. I dag er det kviledag. I dag er det heilagdag.Takk for at nettopp du fann vegen hit til Guds hus på denne dagen for å helge den ved å lytte til Guds ord, ved å be, lovsyngje og ved å bøye deg ved Herrens bord for å ta i mot den heilage nattverden, og slik møte han som er Herre over denne dagen.
Men du skal vite at det vi opplever på ein vanleg søndag midt på sommaren, det er ein bleik skugge av den fest og glede og tryggleik som ligg der framme ein stad.
Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila,… (Hebr.4,9-10)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar