fredag 20. oktober 2017

Filadelfia


20.s. i treeiningstida. I. 22.10.2017
Arna
Johs.11,1-5
Den største pinsekyrkjelyden i vårt land ligg, nesten sjølvsagt, i Oslo.
Filadelfiakirken, kallar dei seg for. Til dagleg for folk i Oslo – kanskje enkelt og greitt: Filadelfia.
Det er mange bedehus og kristne forsamlingar i landet vårt som kallar seg Filadelfia. På line med det bedehuset som vi for eksempel her i Arna kjenner som Betania.
Slike hus får ofte namn med rot frå Bibelen.
I dag skal vi snakke både om Filadelfia og Betania.

Orda betyr sjølvsagt noko.
Filadelfia er brukt fem gonger i NT. Ordet betyr søskenkjærleik. Det er det same som å elska sine brør eller søstre.

Vi har møtt ordet i eit av tekstavsnitta vi har lese i dag. I Hebr. 13,1 stod det: «Hald søskenkjærleiken levande!»
På gresk er her ordet filadelfia brukt der vi skriv søskenkjærleik på vårt språk.
Betania er namnet på ein liten by utanfor Jerusalem. Heimstaden til dei tre søskena Marta, Maria og Lasarus.
Staden der Jesus vanka for å omgåast venene sine. Omgangsvenene.
Der, i Betania, pleia Jesus søskenkjærleiken, filadelfia, til sine vener.

Denne søndagen samlar vi oss i Arna kyrkjelyd for å markere diakoniens dag.
Diakoni er eit omfattande tema. Vi kunne stått her i heile formiddag og snakka om kva det betyr. Det skal vi ikkje gjere.
Vi skal i staden skjære ut eit liten bit av den store kaka som kallast for diakoni og smake på denne eine biten. Vi veit at mesteparten av kaka enno står att på bordet. Det som står att er like godt og like mektig som det vi smakar på, men akkurat i dag vert vi mette av å ta til oss den biten av diakonikaka som vi kan kalle Filadelfia.
Eg veit heimanfrå at noko som kona mi av og til bakar, kallar ho for filadelfiakake.
Det er noko av det beste eg veit.
Lat oss forsyne oss!

Og då må vi vere med til Betania. Det er berre tre søndagar sidan vi sist var der. Det var dei same tre søskena vi helsa på den gongen, men då var dramaet langt større. For då høyrde vi at Lasarus var død, og vi gjekk saman med søstrene og Jesus til grava der Jesus felte tårer over venen sin før han kalla han tilbake til livet ved å ropa han ut frå grava.
I  dag har vi frå Johannesevangeliet lese innleiinga til dramatikken omkring oppvekkinga av den døde Lasarus. Men i det vi les, er Lasarus enno ikkje død. Han er sjuk. Og det står å lese: «Systrene sende då bod etter Jesus og sa: -Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»

Han som du er så glad i!

Jesus var glad i Lasarus. Dei var vener. Gode vener.
Dette vert enno tydelegare uttrykt i siste setninga i vår preiketekst: «Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus»
Eg vil seie litt om uttrykket «vere glad i»

Det er brukt to gonger i teksten vår. Eine gongen er det greske ordet fileå brukt.
Andre gongen ordet agapeå. Begge blir altså omsett heilt likt. Vere glad i. Det kunne også vore brukt det sterkare ordet: elske.

I 1.Kor 13 går ordet kjærleik att mange gonger. Kjærleikens høgsong kallast kapittelet gjerne. Det som der er omsett med «kjærleik» er ordet agape. Same rot som verbet agapaå.
Då er det verd å merke seg at den som framfor alle kan vise slik kjærleik, det er Gud.
Denne kjærleiken er ikkje den som utrykkjer seg seksuelt gjennom eros, erotikk.
Dette er same kjærleik som mellom born og foreldre; kjærleik til gode vener, eller kjærleik til trusfeller i Betania, Filadelfia eller Arna kyrkjelyd.
Det er kjærleik til medmenneske som slik uttrykkjer seg i den kyrkjelege tenesta vi kjenner som diakoni. Kjærleikens gode frukter.

Det er dette det handlar om på søndagen i dag.
Kjærleik til våre vener. Det handlar om å løfte opp denne perla som er med på å gjere kvardagane våre til noko anna enn nettopp – gråe kvardagar.
Det er godt å ha vener ein er glad i. Vener av begge kjønn. Det er god å vere svært glad i dei utan å blande inn kjønn og sex og ekteskapleg samliv.
Slik Jesus viser oss ved sitt nære venskap til dei i Betania: «Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus»

I dag har vi også lese frå GT, om David og Jonatan. Jonatan var son til kong Saul, men det står om han at han vart «-nær knytt til David og fekk han så kjær som sitt eige liv» (1.Sam 18)

Og ikkje minst har vi frå Hebrarbrevet lese om kva som ligg i uttrykket filadelfia: Søskenkjærleik.
Vi repeterer frå Hebr.13,1-3:
Hald syskenkjærleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.

I dette avsnittet glir søskenkjærleiken over i det vi frå våre samanhangar kjenner som diakoni. Vi høyrer om å vere gjestfrie. Om å hugse dei som er i fengsel. Dei mishandla.

Utgangspunktet for å setje fokus på venskap er det heilt grunnleggjande som Gud talar om i 1.Mos 2,18: Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine.

I 1.Mos leier dette utsegnet over i at Gud skapte kvinna til mannen. Altså dei som skulle leve saman i ekteskap.
Men samstundes har dette utsegnet ein vidare horisont. Einsemd er ikkje godt.
Difor treng vi noko meir. Vi treng fellesskapet som er ramma inn av ekteskapet. Men vi treng også venskapet som er mykje vidare og som er uavhengig av kjønn.
Det vi les om Jesus sitt forhold til dei tre i Betania er eit strålande eksempel på det.

Vi treng ein kompis å gå på Stadion i lag med.
Vi treng ei venninne som kan vere med til legen når slekta ikkje er der.
Det er godt med jaktkameratar.
Det er flott med klubbvenninner.

Men så må vi også ha nokon som kan stå ved sida av kvarandre når dei store utfordringane i samfunnet rundt oss gjer at vener må løfte i flokk for å kunne møte vener vi enno ikkje har sett eller kjenner.
Då er det godt om vi er med i Betania eller Filadelfia eller Arna kyrkje.

Nå vener i fellesskap må ta hand om dei mishandla som rømer frå Syria.
Når søskenkjærleiken viser oss trussøsken som vert forfølgde i Egypt eller i Kina.
«Kom over og hjelp oss» lydde ein gong ropet frå Makedonia til Paulus (Apgj.16,9)

Den diakonale søskenkjørleiken reagerer på slike rop.

Vi reagerer fordi Jesus har lært oss å reagere. Slik han også reagerte og responderte då han fekk vite at venen Lasarus var sjuk. I og for seg reagerte ikkje Jesus slik ein ville sett for seg om alt var etter oppskrifta som Marta og Maria trudde var den gjeldane.
Dei sende bod til Jesus, står det. Beskjeden var klar: Lasarus er sjuk. Underforstått: Kom så snart du kan, ja gjerne litt før …

Slik gjekk det ikkje. Vi veit at Jesus drøya. I fire dagar, minst.
I mellomtida var Lasarus både død og gravlagd.

Men Jesus er ikkje som andre vener. Han er meir enn andre vener. Han kan hjelpe som ingen andre. Langt utover det som er råd å begripe. Han kom ikkje for seint til å berge Lasarus.
Han kom tidsnok til å vise kva for ein ven han eigentleg er.
Han er venen for livet, bokstavleg tala.
Han gav liv tilbake der døden har vore på røvartokt.

Slike krefter bur ikkje i ditt og mitt venskap med dei vi er glade i.
Likevel kan ditt og mitt venskap med andre, for eksempel her i denne kyrkjelyden, vere av aller største verdi.
I ein kommentar til denne søndagsteksten seier pensjonert biskop Øystein Larsen at venskap er så viktig at den burde vere å få på blå resept. (Luthersk Kirketidende nr.15/2017)

Difor skal vi, på ein dag der diakonien er fokusert i kyrkjelyden vår, løfte fana for venskap og søskenkjærleik høgt.
Vi gjer det fordi det er godt å gjere det. Godt for oss sjølve. Godt for venene våre. Og mest fordi Jesus sjølv er vårt førebilete.

Det vert vi minna om når vi les 1 Joh 4,19: Vi elskar fordi han elska oss først.
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar