onsdag 27. september 2017

Livets under


17. s. i treeiningstida. I. 01.10.2017
Johs. 11.17-29
Biskopshavn

Dåpssalmen som vi for litt sidan song her ved døypefonten er ein av dei salmane eg trur folk som kjem til kyrkje er aller mest glade for å vere med å syngje: «Fylt av glede over livets under»
Det største har hendt. Nytt liv kom til dykk som ei gåve. «Nyfødt barn i våre hender» syng vi om. I dag endåtil tre nyfødde.
Vi må her i kyrkja enno ein gong gratulere dykk som ville hit til kyrkja i dag med desse tre borna. For å leggje dei i Guds hender. Vere med i bøner for dei. Undre seg over det som skjer. Ei berøring frå det himmelske. Bortanfor det vi kan forstå. Men likevel ein realitet som kan smyge seg inn i ein krok av hjarta vårt, den delen av oss der trua på Gud har sin plass. Kanskje eit stort rom i hjarta ditt? Eller kanskje eit bortgøymt lite kott? Men uansett så pass verkeleg i ditt liv som far eller mor at du valde å gjere det: Bere barnet ditt fram for Gud i dåpen. I glede over livets under. Det er dette du ber med deg i dag i tru, stor eller lita.
Og nettopp denne trua skal vi setje fokus på denne søndagen. Den skal vi kome tilbake til. Den er utruleg viktig og konsekvensrik.

Fylt av glede - Ja visst! Og sjølvsagt.
Men likevel – kanskje også ein streng inne i oss som dirrar med ein litt ustemt tone på denne dagen. Omtrent slik vi også song om det: «Fylt av beven foran ukjent fremtid….»

Det er salmediktarens ordkunst som gjer desse versa så gode. Svein Ellingsen brukar det forsiktige ordet «beven» for å ordleggje det vi ikkje ein gong torer å nemne og som kan uttrykkjast med eit kvassare og skarpare ord som betyr nesten det same, men ikkje heilt: Ordet frykt.
Vi fryktar ikkje den ukjende framtida som knapt har starta for desse små.
Men «beven» - det er rette ordet.
Vi veit at ting kan skje. Ting vi ikkje likar å tale om eller setje ord på.

På denne søndagen skal vi våge nettopp det.
Tale om det vi stort sett teier om. Og stort sett skal vi gjere nettopp det. Teie om at døden faktisk er ein realitet, også når gleda over det nye livet boblar i oss. For vi skal ikkje, til dagleg, gå rundt og bekymre oss om død og liding og det som er vondt. Til det er heldigvis livet for godt. Vi skal glede oss over livet og leve utan frykt: «Fylt av glede over livets under»

Likevel: Framfor denne søndagen såg eg etter kva eg hadde tala om for tre år sidan då denne teksten sist var framme i kyrkjene våre. Forteljinga som handlar om at Jesus vakte den unge Lasarus tilbake til livet etter at han døydde.
Då vart eg minna om at eg eit par dagar før eg den gongen stod i kyrkja og tala om Jesu makt over døden, så hadde eg stått ved ei kiste i den same kyrkja. I den låg ein heilt ung mann som mista livet i bilulukke. Tilbake, i lag med ein stor flokk av sørgjande, sat ei ung enkje med eit barn som nett hadde begynt på skulen og eit anna barn som var ti dagar gammal då faren døydde.
Ei av dei sterkaste gravferdene eg har vore med på gjennom nesten 37 år som prest.
Ti dagar gammal vart barnet farlaust.
«Fylt av beven foran ukjent fremtid….» Det er realitetar bak desse orda også.

Vi veit ikkje akkurat kor gammal Lasarus var då han døydde av ein eller anna ukjend sjukdom. Men vi veit at Jesus var tidleg i trettiåra då han stod fram med sine store gjerningar (Luk.3,23). Og vi veit at Jesus var omgangsven med dei tre søskena Lasarus, Marta og Maria. Så det er vel ikkje urimeleg å anta at også Lasarus var i den alderen: I trettiåra.

Lasarus vart sjuk. Han døydde. Han vart gravlagd. Og søstrene Marta og Maria var i sorg då venen deira, Jesus, kom på besøk heime hjå dei.
Det er i korte trekk det bibelforteljinga til oss på denne søndagen har som ramme.

Vi høyrer korleis søster Marta nesten anklagar Jesus: «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død»
Marta kjente Jesus godt. Ho visste tydelegvis at Jesus var ein mann heilt ulik alle andre menn. Ho var klar over at han hadde gjort mange sjuke folk friske. Difor hadde ho større forventningar til Jesus enn at han skulle kome på ein trøystevisitt fire dagar etter gravferda til broren. «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død»

Dette utsegnet frå Marta gjev Jesus sjansen til å forkynne til henne, men også til alle andre menneske gjennom alle tider: Dette er mi hovudoppgåve! Dette er det eg er komen for: Eg er her for å bryte dødens makt og for å opne vegen inn til det evige.

Høyr enno ein gong orda til Jesus:
«Jeg er oppstandelsen og livet. Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?»

Marta trudde på Jesus.
Vi forstår at også søstera Maria gjorde det same.
Og Jesus gjekk saman med dei gråtande til ei grav som hadde vore lukka i dagevis. Og ved denne grava kan vi lese at han sjølv også var i sorg. Jesus gråt, stod det.
Men underet hende. På Jesu ord kom den døde ut or grava. Framleis ikledd likkleda, men levande.
Jesus hadde rett i det han hevda om seg sjølv: «Jeg er oppstandelsen og livet»

Ein gong til, ei tid seinare, skulle han understreke dette enno tydelegare.
Det var då han sjølv sleit seg laus frå grava dei la han i etter hans død på krossen.
Jesus er sterkare enn døden. Difor syng vi slik vi gjorde då gudstenesta starta i dag: «Deg være ære, Herre over dødens makt»

Eg sa tidlegare i denne preika, at det vi opplevde ved døypefonten i dag, det var ei berøring frå det himmelske.
I endå sterkare grad var det som hende med Lasarus ei himmelsk berøring av vanlege jordiske menneske.
Og kontakten, linken, mellom det jordiske og det himmelske, det er Jesus.

Han har makt over døden. «Jeg er oppstandelsen» seier han.
Det gjev grunn for å roe ned når vi bevande skjelv for ukjend framtid, vår eiga framtid, eller framtida for våre born, nydøypte, eller større born, eller unge vaksne.

Men kanskje viktigare akkurat i dag, på denne gledesdagen over nyfødd liv, er det å lytte når Jesus understrekar at han også er livet!
«Jeg er oppstandelsen og livet»

Livet er framfor alt ei gåve. Difor er det så viktig å leve. Leve ut alle livets beste sider.
Difor er det så viktig å verne om livet. Verne om fosteret som skal spire og vekse og bli til barnet vi legg i Jesu hender på slike dagar som i dag.
Verne om dei minste og veikaste. Gjennom trygge heimar og fullverdige barnehagar og skular.
Verne om unge konfirmantar på leit etter det dei skal tru på.
Her i Biskopshavn er prestane og andre leiarar på tur med konfirmantane nettopp denne helga. På tur for å vise dei Jesus. Han som er sterkare enn døden, men som også er herre over livet.

Til slutt: Det vi talar om no er store, store ting.
Noko av det av ein slik karakter at vi aldri får prov på sanninga før vi passerer dødens definitive grense. Difor er det å snakke om tru så viktig.

Jesu utfordrande ord til Marta var desse orda: "Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?"

Som sagt: Marta trudde. Lasarus fekk livet i gåve enno ein gong.
Men det evige livet er det ingen som har smaka på denne sida av døden. Vi eig eit håp, knytta til vår tru på at Jesus både gjev liv, og at han er sterkare enn døden.

«Tror du dette?»
Jesus utfordra Marta si tru.
Men også di og mi tru.
Han seier ikkje kor stor trua vår skal vere. Men ein stad (Matt.17,20) samanliknar han trua med ei sennepsfrø, det minste av alle frø. Ei tru på den storleiken kan flytte fjell, sa Jesus.

Kanskje er det ei slik tru som ligg gøymt i eit foreldrehjarte som legg barnet i Guds hender i den heilage dåpen? Det er ei stor tru. Ei viktig tru på Jesus som altså seier det slik: "Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø."

AMEN



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar