fredag 18. mai 2018

Det usynlege


Pinsedag II. 20.mai 2018     
Eidsvåg kirke
Johs 14,15-21

Det usynlege er alltid vanskeleg.
Vanskeleg å gripe. Vanskeleg å begripe. Vanskeleg å ta inn over seg. Augene våre sansar ikkje det usynlege.
Jesus var synleg mellom oss i ein kort mannsalder. Dei som levde i hans samtid såg han som barnet i snikkarverkstaden som tumla rundt føtene til Josef. Dei såg han då han som tolvåring tok innersvingen på dei gamle, lærde mennene i tempelet i Jerusalem. Eller då han vandra rundt i Galilea saman med sine nære vener. Dei høyrde og såg då han heldt taler eller gjorde under. Folkemengda rundt krossen grøssa over dei dei hadde sett og opplevd då han anda ut og mørkret senka seg over Jerusalem på langfredag. Og med truande vantru var det til og med nokre som såg han etter oppstoda. Tomas fekk endå til leggje hendene i sårmerka til Jesus etter hans oppstode.

Historia om den synlege og levande Jesus går an å begripe. Vi har så mange vitne om det som hende. Slik vi har vitnemål om andre historiske personar. Men knapt nokon historisk person så langt tilbake i tida er så godt dokumentert som Jesus.

Vanskelegare vert det når Jesus etter kvart vert borte.
Vi ser han ikkje lenger. Jesus sa det sjølv: «Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger.»

Det usynlege er vanskeleg.
Difor er også pinse vanskeleg. Vanskelegare enn jul.
Vanskelegare enn påske.
Difor er det ei lett oppgåve for journalistar å intervjue folk på gata om pinse og få fram ei endelaus rekkje av folk som synest å vere heilt blanke om kva denne høgtida handlar om.

Jesus seier sjølv kva dette handlar om i dei orda vi har lese i lag: «Sanningsanden som verda ikkje kan ta i mot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje.»

Det er pinse i vår kyrkje enno eit år. Vi feirar den vanskelege festen for det som er lite kjent i vår kristne tru. Det som er vanskeleg å forstå. Og for mange: Også vanskeleg å tru. Det usynlege.

Fordi dette er vanskeleg, er det godt at Anden sjølv har lagt ord i munnen på menneske med formuleringsevne, med lyrisk sans og skaparkraft i språket. F.eks gjeld det den svenske salmediktaren Anders Frostenson som har skrive ein av dei salmane som har dei aller enklaste orda og dei aller enklaste bileta. Men gjennom desse korte salmeversa forklarar han det som er så vanskeleg:

Vinden ser vi ikke,
men vi merker den,
snart som stille susing,
snart som storm igjen.

Ånden ser vi ikke,
men hans stille røst
taler i vårt hjerte
både tukt og trøst.

Fra vår Gud i himlen,
ham som ingen ser,
kommer Ånden til oss
og et under skjer.

Pinsa er usynleg. Som vinden. Som stormen. Som pusten.
Likevel er pinsa verkeleg. Steng for lufta når du skal puste, så vil du kjapt merke at det usynlege er livsviktig.

Vi som er ein del av den kristne kyrkja på denne pinsedagen, vi er alle av dei som vert kalla for Guds born. Gjennom dåpen fekk vi Gud til Far og Jesus som vår bror. Gjennom dåpen fekk vi den same Heilage Ande som vart utrend over læresveinane den første pinsedagen. Gjennom dåpen kjem Jesus nær oss og vil vere nær oss i vår kvardag.

Jesus er nær oss ved sin Heilage Ande. Vi kan ikkje sjå han, men vi opplever verknadene av at han er her. Det er som med vinden. Vi ser ikkje vinden, men når stormen ular høyrer vi lyden og vi ser verknaden når trær bøyer seg og bølgjene slår. Det er som med pusten. Vi ser ikkje vår eigen pust, men når pusten vert hindra, merkar vi det på ein dramatisk måte.

Slik har også Anden sine verknader i vårt kvardagsliv som kristne. Anden skal rettleie oss, undervise oss, syne vegen til Gud for oss. Anden skal overtyde oss om synd og Anden skal peike på at Jesus er den som kan bere syndene i vår stad slik at denne børa ikkje vert til hinder for ein open veg inn til Gud.

På pinsedag vart desse verknadene av Anden dramatisk demonstrert. Peter stod fram og heldt ei mektig tale som resulterte i at dei som høyrde på kjende at det stakk dei i hjarta fordi dei skjøna at dei bar på synd i seg. Dei kom i syndenaud og ropa: ”Kva skal vi gjere?” Og meldinga tilbake frå den åndsfylte Peter var at dei skulle omvende seg og la seg døype. (Apgj.2,14ff)
Andens verknad var ikkje først og fremst lyden av ein sterk vind eller tunger av eld som sette seg på læresveinane. Det var ytre teikn som manifesterte seg den eine gongen. Den viktigaste verknaden av pinseunderet var at dei mange som var samla i Jerusalem kunne forstå læresveinane fordi dei talte framande språk slik at alle fekk høyre om Herrens storverk på sitt eige tungemål. (Apgj.2,11)

Det er når slike opplevingar vert levande for eit menneske i vår tid, at vi merkar at Anden pustar sin livgjevande varme også inn i våre liv.

Når Ordet frå Bibelen vert levande for oss slik at Skrifta vert opna og vi ser Jesus stige fram frå Bibelens sider, ikkje berre som ein litterær figur, men som ein lys levande Frelsar, som ein omsorgsfull bror og som Guds eigen son som tek oss ved handa for å leie oss på vegen til vår heim i Guds rike; då er det pinse anno 2018.

I hundrevis av år har dette hendt, på nytt og på nytt i vår kyrkje. I generasjon etter generasjon har Jesus vorte forkynt slik at folk har forstått kva dette handlar om. Ikkje gjennom veldige under og teikn. Men ved at Talsmannen har kviskra det udøyelege Ordet om Jesus i våre øyro og i vårt hjarte og slik tent ein usynleg flamme av tru i oss. Vi har kjent at vi er ikkje åleine. Vi er ikkje som foreldrelause born. Difor ber vi ”Vår Far”. Og sjølv om vi ber til ein Far som er i himmelen, så er han samstundes så nær at vi kan kjenne pusten hans. Anden hans. Den Heilage Ande.

Jesu avskilsord til læresveinane er sanne også for deg og meg: ”Eg kjem til dykk”.

Er dette berre fjern teori for deg som lyttar til desse orda?
I så fall vil eg seie til deg, kjære kyrkjegjest: Så lenge du går i lange bogar utanom dei stadene der du har sjanse å kome nær Guds ande – eg tenkjer på kyrkja og på Bibelordet eller på den private bøna, - så lenge vil all tale om Andens gode kraft og Andes rike frukter aldri verte meir enn tørre, og i beste fall interessante, ord. Men vågar du å opne deg for bodskapen, å lytte og å be ei forsiktig bøn om at Anden må kome på innsida av livet ditt, då kan store ting snart hende.

Tenk deg at du er ute og går i sterk vind. Du har på deg ein stor frakk eller kåpe. Dersom du knappar frakken tett om deg, surrar beltet stramt til rundt livet og krøkjer deg i hop, merkar du lite til at du har eit slikt plagg på deg. Men opnar du kåpa og brettar henne ut, fungerer plagget omtrent som eit segl. Vinden tek tak i deg og fører deg av garde. Har du då medvind, kan det til å med verte lettare å gå.

Når vinden frå Vår Herre vil ta tak i deg, går det an å knappe så tett igjen at vi vert lite påverka.
Slik skulle det ikkje vere. Som kristne vil vi vere djerve og dristige. Vi vil ut i vinden. Kjenne at Gud ruskar i oss, og oppleve spanande seglasar i frisk vind.
Men vi treng ikkje uroe oss for å havarere. Gud held si hand over oss. Han fører oss trygt gjennom stormar og motgang. Han trøyster og stør oss.

Men han kallar heile tida på oss. Han vi ha oss i teneste for seg. I teneste for kjærleiken. Han vil at vi skal elske og tene. Halde boda hans og lever nær han. Då ber vi det som Bibelen kallar Andens frukter. Kjærleik, glede og fred står det om i Galatarbrevet (Gal.5,22)

Det hender i dag også. I 2018. Framleis renner Gud ut av sin Ande. Det er spanande ting som følgjer med for den som vil ta mot av dei gåvene Gud auser over si kyrkje. Livet nær Gud, livet i Anden, er eit liv i overflod på gode opplevingar i lag med Jesus, vår bror.
Han er i dag hjå sin Far i himmelen. Samstundes er han ved sin Heilage Ande nær i livet til deg og meg. Vi vil ikkje dra oss unna dette livet, men i staden opne oss for gåvene han gjev oss, ta i mot dei og bruke dei i teneste for han og for vår neste.
Då vert det framleis ei velsigna pinse for oss alle!
AMEN.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar