onsdag 1. august 2018

For eit syn!


11. s. i treeinigstida. (Forteljingstekst) 05.08.18
Hamre kyrkje – Kystsogevekene
Jesaia 6,1-8

(For interesserte - Les om Hamre kyrkje her:  www.kunsthistorie.com/fagwiki/Hamre_kirke )
For eit syn det måtte vere for dei som steig ut or robåtane eller seglbåtane som tok seg fram til Hamrekyrkja på slutten av 1600-talet, gjennom 1700-åra og heilt fram mot vår eiga tid. Hutrande og våte, kledde i bondekleda frå Nordhordland, berande på reisenista dei hadde pakka ned i dei små stovene dei hadde forlate timevis tidlegare for å nå fram i tide før kyrkjeklokkene ringde til messe. Heime var det fattig og grått. Knapt nokon stad i landet var det fattigare enn på strilelandet. I dag har oljerikdomen snutt alt på hovudet. For to-tre hundre år sidan var alt totalt annleis.
Men ikkje Hamre kyrkje. Den stod slik den står i dag - frå midten av 1600-talet. Kyrkja for småbøndene, kystfiskarane og fattigfolka på Osterøy, for det som i dag er søndre del av Lindås, i Meland og nordre del av Åsane. Ikkje rart at dei bøygde hovudet i djup vørnad når dei kom inn her, før dei våga å løfta blikket og såg seg om på det praktfulle.
Løft hovudet du òg, og sjå det høgt løfta taket med dekorasjonane. Dei same som har vore der gjennom hundreåra. Sjå på apostelfigurane på veggene i koret. Rett nok vart dei overmåla i nokre korte år før dei vart malte på nytt midt i 1860-åra. Tenk på kor vakkert det måtte sjå ut med altertavla i fokus, i vakre fargar, for dei som heime berre hadde ein grå tømmervegg å stire på, eller rett og slett ein steinvegg. Og hugs også at bak det vi ser som draperi på langveggane, var det ein gong enno meir veggkunst som vart malt over utan at vi veit kva som slik har gått i gløymeboka.
Hamre kyrkje var sjølve tempelet i Nordhordland gjennom hundreåra før vår tid.
For eit syn det måtte vere for dei som den gongen steig ut or robåtane eller seglbåtane som tok seg fram til Hamrekyrkja.
For eit syn det var, også for den gamle profeten. Dvs – enno var han ikkje profet, Jesaja. Men synet han såg og opplevde i Jerusalems tempel i det året kong Ussias døydde, det endra alt for Jesaja. For han såg meir enn vakre takdekorasjonar. Han såg ikkje bibelske figurar. Han vart derimot sjølv ein bibelsk figur pga det han fekk sjå og oppleve, og som han seinare skreiv ned, slik vi har lese det i dag.
Jesaja gjekk inn i tempelet og fekk sjå Gud.
Gud på si trune i all sin guddommelege og mektige majestet. Det står at kanten på kappa hans fylte tempelet. Så stor var Gud!
Vi høyrer om serafane som flaug rundt Gud. Serafar må vere det same som det vi til dagleg kallar for englar. Han høyrde ropet frå serafane, og han opplevde at Herren Gud vart løynd for han, for røyk kom og fylte huset.
Noko slikt fekk ikkje bøndene og fiskarane og husmødrene og konfirmantane frå Nordhordland sjå her i Hamre.
Men kanskje opplevde dei litt av den same stemninga? At her var det berre ein ting å gjere – løfte opp sine røyster og stemme i ein lovsong.
Kanskje den vi har sunge i lag i dag? Salmen som er vorten den norske nasjonalsalmen – med eigen heidersplass som nr. 1 i vår nye salmebok – salmen av diktarpresten Petter Dass frå Nordland. Ver trygg på at nordlendingane som kom med fisken sin til Bergen lærte denne salmen vidare til strilar og bergensarar.
Eg trur dei song denne salmen også i Hamre kyrkje sine tidlegaste dagar:
Herre Gud, ditt dyre namn og Ære
over verden høyt i savn må være;
og alle sjele og alle træle
og hver geselle de skal fortelle
din ære.
Det er nesten det same som Jesaja opplevde at serafane gjorde. Dei lovprisa Gud av all si makt og kraft. Med slik kraft ropa dei, at boltane i dørtersklane i tempelet rista.
Den same lovprisinga som vi har ført vidare inn i våre gudstenester, og som vi skal ta del i når vi seinare i dag samlar oss rundt nattverden:
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
Heile jorda er full av hans herlegdom.
Dette var sterkt!Dette var nesten øydeleggjande sterkt for Jesaja.
Dette var ikkje noko mindre enn eit møte med den levande Gud. Det er meir enn vanlege menneske kan tole.
Brått forstod Jesaja kva ordet heilag eigentleg innebar.
Kanskje er det det som også skal vere nøkkelordet for alle oss som har stige or båtar eller bilar frå Bergen og Åsane og våga oss inn i dette gamle tempelet i Nordhordland?
Kanskje skulle også vi gjere slik som eg trur strilane gjorde i gamal tid – bøygde hovudet i vørnad i møte med den tre gonger Heilage Gud?
Jesaja såg Gud. Eit syn som ikkje er for vanlege menneske.
Jesaja høyrde serafane sine mektige ord og kraftige rop: Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
Reaksjonen hans er slik som vi om att og om att les i Bibelen når vanlege menneske kjem nær det guddommelege, den heilage. Det vert for sterkt.
«Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og er bur i eit folk med ureine lepper og augo mine har sett kongen, Herren over herskarane.»
Kjære bergensarar og strilar og åsabuer og bygdefolk frå Osterøy!
Takk for at du fann vegen til Hamre kyrkje i dag!
Måtte du gle deg over turen hit og turen heim igjen. Måtte du gle deg over denne skatten av eit kyrkjehus. Men måtte du også sjå bak dekorasjonar og draperi som løyner det som ein gong var. Også der gøymer det heilage seg.
Måtte du vidare høyre ekkoet frå tempelet i Jerusalem der serafane ropa: Heilag, heilag heilag er Herren Sebaot.
Og må alt du opplever i glede, også føre deg dit at du innser at du er eit menneske som til liks med Jesaja og med dei bibelske figurane som kunstnarane i gamal tid festa til desse kyrkjeveggane; saman med desse er vi alle i ein posisjon at vi må rope til Gud om nåde, om oppreising og nytt mot.
Vi er rett og slett for små til å stå på eigne bein når vi er innfor det heilage.
Men like lite som fattige strilar frå farne hundreår, skulle verte verande i sine fortvila posisjonar, like lite skal nokon av oss trykkjast ned når vi ser og høyrer orda frå profeten.
For kva hende der i tempelet med profeten Jesaja?
«Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. Med den rørte han ved munnen min og sa: Sjå denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.»
Gjennom meir enn tre hundre år har Hamre kyrkje stått her med si prakt. Mange har gledd seg her. Mange har funne trøyst her. Trøyst i sorg. Og når dei var i fortviling over nederlag i eigne liv.
Og om att og om att er det med litt ulike ord ropa ut frå kyrkja sin preikestol det som skal vere det vi framfor alt skal lovprise Gud for i dag: Orda som Jesaja fekk høyre, og som er ord til syndar gjennom alle hundreår: «Di skuld er borte, og di synd er sona»
Løft hovudet mot altaret her i Hamre kyrkje. Der ser du den krossfeste Kristus. Der ser du den oppstadne Kristus.
Våg deg fram når vi ved altaret har sunge lovprisning til den tre gonger heilage Gud, og innstifta nattverden der den krossfeste og oppstadne Kristus møter deg med sin kropp og sitt blod til soning for det du aldri fekk til i livet ditt.
Ved å ta mot nattverden vert det sant også i ditt liv: «Di skuld er borte, og di synd er sona»
Då har du vore på meir enn båttur og turistoppleving til Hamre.
Du har vore i tempelet og møtt den tre gonger Heilage Gud på denne søndagen!

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv