(Innlegg i Vårt Land 21.sept)
Teolog Ivar Bu Larssen meiner at kyrkja ikkje etterlever Jesu misjonsbefaling i møte med muslimar. (Vårt Land 18.september)
Teolog Ivar Bu Larssen meiner at kyrkja ikkje etterlever Jesu misjonsbefaling i møte med muslimar. (Vårt Land 18.september)
Han har eit poeng.
Eg er av dei som har engasjert meg i
dialogarbeid. Eg har tru på det. Difor er eg styreleiar i Kirkelig Dialogsenter
Bergen. Men eg har også tru på misjon. Eg meiner at kyrkja må ta Jesu bod om å
gå – døype og lære på alvor. Dialog skal etter mi oppfatning ha eit mål der
framme ein stad om at mi tru også skal bli trua til dei eg er i dialog med.
Men nettopp i møte med det Ivar Bu Larssen
set fingeren på, dialogmøtet mellom kristne og muslimar, tenkjer eg at dialogen
er eit verktøy der ein er veldig tydeleg på at vegen til konvertering eller
omvending er ein lang og kronglete veg. Difor må og skal dialogen skje i djup
respekt for at andre menneske har ei overtyding. Ei overtyding eg ikkje kan
dele, men som eg kan lytte til, observere og kjenne igjen når eg sjølv er
overtydd om at Jesus faktisk er vegen, sanninga og livet. Den einaste vegen.
Den einaste sanninga. Og sjølve livet. Det evige.
Larssen viser til boka av Sunniva Gylver
og Bushra Ishaq. Eg har ikkje lese boka, og det er sjølvsagt meiningslaust å
kommentere den då. Men om det er rett at Gylver berre finn positive sider ved
Islam, slik Larssen hevdar, så må han ha rett i at vi ikkje skal oversjå det
han kallar for «dokumenterte problem med
æreskultur, homfobi og antisemittisme i muslimske miljøer i Norge». Sjølvsagt
ser vi alle desse problema. Det finst fleire problem også, som ikkje er nemnde.
Men nettopp i møte med desse problema, er dialogen viktig. Respektfull
tilnærming er utelukkande eit gode, sjølv om vår respekt ikkje alltid vert
returnert eller forstått slik vi som kristne gjerne skulle ynskje. Utan dialog
handlar det fort om konfrontasjon. Det kan lett verte farleg.
Men så er det faktisk også slik at eit
fleirtal av muslimar som bur i landet vårt ikkje er eit problem for nokon av
oss. Dei tilpassar seg til norsk kultur over tid, samstundes som dei held på
trua si og tilber Allah i moskeen. Dei utdannar seg og tilfører samfunnet vårt
ein rikdom av arbeidskraft, naboskap og eit fleirkulturelt levesett som
nordmenn kan lære mykje av. Ikkje minst i møte med den vennlege og fredfulle
varianten av islam er dialog viktig.
Og her må vi som kristne og som kyrkje også våge å ha to tankar i hovudet på same tid.
Og her må vi som kristne og som kyrkje også våge å ha to tankar i hovudet på same tid.
Dialog først. Varsam tilnærming.
Respektfull lytting. Tileigning av kunnskap om det som er framand.
Misjon dinest. Trygge på vår ståstad og uredd for konflikt, kan vi etter kvart by inn til både kyrkjeleg fellesskap med udøypte muslimar, og til reelle religionssamtalar der vi kan vitne om vår tru, og kanskje til og med seie rett ut at mi tru er dette: At Jesus faktisk er vegen, sanninga og livet. Den einaste vegen. Den einaste sanninga. Og sjølve livet. Det evige.
Men det må gjerast samstundes som vi har opne øyrer for ei anna tru, for ein anna veg. Vi kan ikkje fylgje gjennom Ramadan og bønetider. Vi kan ikkje likestille Bibelen og Koranen. Men vi kan lytte. Lære. Forstå.

Muslimane trur på ein gud, Allah.
Kristne trur på ein treeinig Gud. Fader, Son og Heilag ande.
Ikkje minst det at trua vår inneber tillit til den tredje personen i guddommen, Den heilage ande, gjer at vi kan gå inn i frimodig dialog med dei som trur på andre måtar enn vi gjer i den kristne kyrkja. Anden er den fremste garantist for at det er meiningsfullt å drive dialog med eit mål om at Jesu misjonsbefaling kan oppfyllast i møte med andre religionar.

Ivar Bu Larssen hevdar at vår kyrkje ikkje
etterlever Jesu misjonsbefaling.
Eg skulle ynskje at fleire av dei mest sentrale leiarane innan dialogarbeidet i kyrkja vår kunne tilbakevise hans påstand ved å vere endå tydelegare på at bak dialogen opnar misjonen seg.
Eg skulle ynskje at fleire av dei mest sentrale leiarane innan dialogarbeidet i kyrkja vår kunne tilbakevise hans påstand ved å vere endå tydelegare på at bak dialogen opnar misjonen seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar