torsdag 6. september 2018

Priviligert?


16. s. i treeiningstida. II. 09.09.2018
Hamre kyrkje
1.Pet 4,12-19
Eg er privilegert.
Eg har jobba som prest i snart fire ti-år. Eg har aldri opplevd noko som liknar på forfølging og trakassering fordi eg er kristen eller fordi eg jobbar som prest. Eg har fått nokre sure telefonar med ganske lange mellomrom. Nokre få gonger negative, anonyme brev. Ein gong for lenge sidan, eit ubehageleg trugsmål. Men det er alt i hop bagatellar. For eg er framfor alt privilegert som har ei teneste og eit arbeid som eg er veldig glad i, og som betyr mykje for meg. Eg er med i ei kyrkje som eg kjenner som den andre heimen min. Den betyr mest i livet mitt, når eg ser bort frå mine næraste i familien.

Det er ikkje alle kristne som har det slik.

Eit av mine privilegium er at eg har fått lov å reise mykje, og eg har fått glimt av innsida i kyrkjer i andre land. Mykje av det eg har sett der har vore til å gle seg over. Ikkje minst å få kjenne fellesskapet med andre som trur, ber og lovsyng den same Frelsar og Herre som vi gjer på Osterøy og i resten av landet vårt. Det er til å bli glad av å sjå kyrkjer som veks. Nokre av dei i ein fart vi ikkje kan forestille oss. For vi er festa i ein arv av litt seig, tradisjonell statskyrkje. No leitar vi alle etter ein ny, tidsmessig måte å stå fram som eit kyrkjesamfunn som ikkje vert styrt frå regjeringskvartalet i Oslo.
 Men nokre av dei kyrkjene eg har fått vere gjest i, har få eller ingen av våre privilegium som vi lener oss tilbake på i vår kyrkjekvardag.
Eg kunne nemnd fleire ulike kyrkjer som har sitt å stri med, og som eg har fått eit lite glimt av. Eg vil dra fram ei oppleving.


I programarket ser du eit foto i svart/kvitt. Det er teke av ein profesjonell kinesisk fotograf. Eg såg det på opninga av ei stor kunstutstilling i Beijing for nokre få år sidan. Vi var inviterte dit, ei gruppe nordmenn som var på tur i regi av den norsk/danske misjonsorganisasjonen Areopagos. Dei har eit kunst- og kulturprosjekt i samarbeid med kinesiske kristne. Mykje kunne vore sagt om denne spanande måten å nærme seg kristne i ein annan kultur enn vår eigen. Det har vi ikkje tid til no.

Men altså: Vi var på opninga av denne kunstutstillinga i en ny, kjempestor kunsthall i Beijing. Det var kristne kinesiske kunstnarar og intellektuelle som hadde invitert oss. Omtrent på same tid, eller litt før vi kom dit, hadde vi høyrt om eit fenomen som tok til å ramme kyrkjelydar i delar av Kina. Kyrkjelydar som dei siste åra har opplevd ein ufatteleg stor vekst av nye truande. Så sterkt veks kyrkja, at styresmaktene der i landet har teke til med det vi i beste fall kan kalle trakassering. Kanskje til og med forfølging.

Den aktuelle fotografen hadde dokumentert det vi allereie hadde høyrt om, nemleg at styresmaktene gjekk laus på kyrkjebygg og reiv ned alt som på yttersida viste at det handla om ei kyrkje. Sjå på fotoet. Der ser vi at krossane på toppen av kyrkja er rivne bort. Tittelen på biletet ser vi mellom kinesiske teikn, heilt nede til venstre: «Corrected church» eller «Korrigert kyrkje».
Mens vi alle sat i kunsthallen og venta på at programmet skulle starte, gjekk leiaren av det heile på talarstolen og sa på engelsk til oss som var der: «Ver varsame. Legg bort og gøym i vesker og innerlommer, alt de har fått utdelt frå oss av adresser, kontaktar, informasjon om oss som er her som utstillarar. For nett no går sivilkledd politi rundt i utstillingshallen for å kontrollere det som skjer…»

For meg vart dette ei lita aha-oppleving.
Slik er det når privilegia vert ribba. Når motstanden møter meg. Når ein tenkjer at neste omdreiing av denne skruen fører kyrkja nærare det vi rett og slett må kalle forfølging.

Apostelen Peter skreiv brev til dei han kallar for «-dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia» (1.Pet 1,1) Dette er altså utvalde, kristne, som budde i det området vi i dag kjenner som Tyrkia.
Eit lite avsnitt frå dette brevet har vi lese opp i denne gudstenestesta. Og vi skal sjå at det Peter skriv om, handlar nettopp om forfølging, om lidingar, fordi desse menneska, dei utvalde, lever som kristne.
Peter seier dei ikkje må verte forundra om dei må gjennomgå ei eldprøve.

Peter kallar dei altså for utvalde når han heilt i starten innleier brevet han skriv.
Å vere utvald, er kanskje noko som har tilnærma same tyding som å vere privilegert?
Men desse utvalde er utvalde på ein noko spesiell måte. Vi går tilbake til innleiinga av Peters brev, der står vidare i 1,2: «De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod.»
Privilegiet dei hadde, dei som fekk dette brevet første gongen, var at dei var utvalde «til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod».

Dei som høyrer Kristus til skal vere lydige, og dei skal gle seg over å vere reinsa i Jesu Kristi blod.
Det er ikkje akkurat søndagsskulepensum det vi no kjem inn på.
Dette er kronglete språk som handlar om dei innerste sanningane ved det å vere kristen.
Og vi lærer altså i dag at det å vere ein kristen, det å kunne gle seg over å bli reinsa for synd, nederlag og det vi ikkje får til i våre liv, det kan ha ein pris som for mange er veldig høg.

Difor gjev Peter tydeleg beskjed. Dei som er utvalde, dei som har det privilegium å høyre Jesus til, å kunne kalle seg ein kristen – dei får denne klare meldinga: «Mine kjære. Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.»
Og så held apostelen, ein av dei aller næraste medarbeidarane til Jesus, Peter, fram med å tale om å få del i Kristi lidingar, om å bli spotta for Kristi namn skuld.

Eg sa at eg er privilegert.
For eg veit at eg aldri, så langt i mitt liv, har opplevd denne type motstand fordi eg er kristen, eller fordi eg er prest. Samstundes les eg først det Peter talar om i brevet sitt. Og så, ikkje minst, det Jesus sjølv sa i evangelieteksten på denne dagen: «Sæle er dei som blir forfølgde..»
Matt.5,10

Eg har sloppe unna. Eg har aldri hatt politiet i hælane i kyrkjene eg vore i. Og slett ikkje opplevd rasering av kyrkjebygga rundt meg. Landet vårt synest trygt tufta på verdiar som enno er så forankra i folket eg er ein del av, at det også verkar utenkjeleg at det skal bli endringar.

Eller?
Kan det endra seg? Om ti år? Om femti år?
I så fall tenkjer eg at det må vi som er døypte inn i vår kyrkje sjølve ta ansvar for.
Mange viftar med slagord at det er dei framande som kjem til landet vårt som er dei farlege. Som trugar kulturen vår, eller trua vår.

Ærleg tala – kva om vi stod opp og viste vår takk for arven vi er tiltrudd?
Her på denne staden har vi ein diamant av eit kyrkjehus som har prega tru og kultur i hundrevis av år. Berre ein ting kan få dette til å vakle. At vi sjølve, vi som bur her, ikkje støttar opp. Ikkje bryr oss. Ikkje lærer borna som skal vekse opp om kva kyrkja betyr. Om kven vi møter der. Og av den grunn også sluttar å gå her. Her møter ein ikkje først og fremst ein prest og ein organist og ein kyrkjetenar. Heller ikkje er det ei forsamling av meir eller mindre gråhåra menneske med litt sære interesser.
Her i dette huset møter vi den treeinige Gud. Han som også vil vere Gud for komande slekter. Han vil vere Gud for nye landsmenn.

Vi er alle utvalde av Gud. Men nokre lever enno som framande – kanskje ikkje for Gud. Men framande for oss.
Potensiell, framtidig motstand og forfølging eller trakassering, kan ingen utelukke her hjå oss. Våre privilegium som statskyrkje er borte. Andre privilegium kan også falle bort.
Men ved sjølvsyn har eg sett at nettopp under slike forhold veks det fram ei kyrkje med rekordfart i det veldige Kina. Ikkje utan motstand. Likevel under velsigning fordi dei som trur står saman.

Kanskje ventar det ei eldprøve på vår kyrkje også?
Det skal ikkje få oss til å gje opp. Til å vende oss bort frå han vi trur på.
Det er ikkje sikkert at eg ville uttrykt meg på same måte om kva det vil seie å vere privilegert, dersom eg hadde møtt motstand og forfølging i min kvardag som kristen og som prest.
Men eg ser kva Peter skriv. Eg trur at kristne i mange land som lever under forhold vi ikkje kan forstille oss her i det trygge Norge, dei har lese dette og teke det til hjarta: «-lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet»
I dag skal du og eg våge å be om at vi alle med frimot kan løfte opp det vi trur på, sjølv om det kan koste. Kanskje vil eit og anna privilegium smuldre bort. Men vi har apostelen Peters sterke lovnad å støtte trua vår på: «Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk»
Amen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv