fredag 16. november 2018

Guds gjerningar vert openberra


26. s. i treeiningstida II. 18.11.2018
Ytre Arna
Johs 9,1-7+35b-38
Lat oss fort gjere oss ferdige med dette spørsmålet som veldig mange har stilt fram gjennom tidene: Er sjukdom og funksjonshemming ei form for Guds straffedom over eit eller anna som ligg bak oss i livet? Gjorde vi ein gong ei synd som no fører til at borna eller barneborna våre vert plaga av sjukdom? Eller at dei vert utsette for ulukker, eller dreg på seg ei funksjonshemming som vender livet opp ned?

Det er forferdeleg for alle som kjenner på slike tankar. Som tek på seg ei skuldebør som dei aldri var tiltenkt frå Guds side. Kanskje las dei avsnitt i GT som kan tyde på at Gud faktisk straffar i ættledda som følgjer etter oss, f.eks det som står i 2. Mos 34,7?

Her kjem slike tankar fram når vi les om korleis Herren møter Moses i samband med lovtavlene der dei ti bodorda var hogde inn i stein.  Vi kan bl.a. lese at Gud seier til Moses: «Herren er Herren, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning!  Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff.»
2. Mos 34,6-7


Vi vil ikkje gå i djupna på ein del vanskelege tekstar frå Mosebøkene på denne gudstenesta.
Men vi vil fokusere på Jesu avvising av tankane om at den blindfødde mannen var blind som eit resultat av forfedrane sine synder.

Hald fast på Jesu ord om dette: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han.» Johs 9,3

Dermed går vi vidare med eit anna viktig spørsmål som denne teksten reiser:
Kan Jesu lækjande under vere noko som er aktuelt den dag i dag?
At det hende den gongen då Jesus gjekk rundt mellom dei som på den tida levde og budde i Israel, det går det an å tru på. Eller det går an å la vere å tru. Blåse det bort som legender og eventyr.

Men i kyrkja trur vi. Kyrkja har ei tru som vi gjerne vil dele med andre. Som vi vil invitere alle som vil høyre til å teste ut, til å opne seg for, til å gjere til si eiga.

Vi kan ikkje tvinge nokon til å tru.
Vi vil ikkje løfte fram den blinde, fanatiske trua som koplar ut refleksjonar og tankar om konsekvensar av trua. Men vi vil opne for den tilliten som har plass for Gud i livet til den einskilde. Ein Gud som endåtil kan utrette ting i våre liv som ligg langt utanfor det vi forstår. Han kan gjere åndeleg blinde menneske sjåande. Sjåande slik at vi ser med hjarta vårt, meir enn med augo våre.

Eg spør enno ein gong: Skjer det framleis slike underfulle ting som då Jesus gjorde den blindfødde sjåande?
Det er vanskeleg å gje eintydige svar.
Likevel – det finst frimodige vitnemål om at Gud verkar i det stille rundt om kring i vår kyrkje.
I veka som gjekk, fekk eg eit magasin i hendene som misjons- og dialogorganisasjonen Areopagos gjev ut. Det er ein liten organisasjon innan vår kyrkje som ikkje så veldig mange i kyrkja vår veit så mykje om. Men sjølv har eg funne mangt å gle meg over her, og har lyst å dele litt av det eg las i magasinet til Areopagos. Det heiter «Tørst». I haustnummeret som no kom i posten, var temaet «helbredelse».

Hovudartikkelen i magasinet er ein reportasje frå sjølvaste Nidarosdomen. Noko meir representativt for kyrkja vår enn denne katedralen i Trondheim kan vi knapt finne.
Visste du at Nidarosdomen har rom for meir enn kongesigning og prangande gudstenester ved store nasjonale hendingar?

Ein av prestane i Areopagos heiter Liv Hegle. Eg hadde gudsteneste i lag med henne i Åsane gamle kyrkje for eit par år sidan. I magasinet «Tørst» les vi artikkelen med overskrifta «Hender som ber for andre». Artikkelen blir innleia slik: «Menneske frå heile landet fyller det vesle sidekapellet i Nidarosdomen, der presten Liv Hegle leier ei sjeldan gudsteneste med «bønn om heling». Nedst i rommet sit «Snåsamannen Joralf Gjerstad på 92 år.»
Vidare kan vi lese om det som skjer i dette sidekapellet i Nidarosdomen:
«På stolane i kyrkjerommet sit biskopen i Nidaros, prestar, andre tilsette og frivillige i Den norske kyrkja. Ein høyrer så vidt litt blafring i salmeboka og arka der liturgien står, mellom salmesongen og veksellesinga. Hegle inviterer alle som ynskjer forbøn for vanskelege situasjonar og «sår i kropp eller sinn» til alterringen. Mange kjem. Kne blir bøygde, hender lagd på skuldrer. Stemmene er låge. «Gud er din hvile, Kristus din styrke. Ånden er nær som en trofast venn», syng forsamlinga i det gudstenesta er slutt.»


Skjer det noko på slike gudstenester?
Er Anden nær, eller er det innbilling. Vert folk lækte når presten ber? Eller når Snåsamannen legg hendene på dei?


Ein av dei som mange i vår kyrkje spør om dette, er professoren på MF med to doktorgrader, ein i teologi og ein i filosofi. Han heiter Jan-Olav Henriksen. Då han var kring 50 år opplevde han å få det vi gjerne omtalar som «varme hender», og han har skrive bok om dette temaet, og han var med i Trondheim i det vi kan lese om i magasinet «Tørst».
Han får spørsmålet: «Kva slags erfaring er det å bli lagt hendene på?»
-Det kan opna for ei sanseleg erfaring av Guds nærvær, meiner han.
Henriksen peikar òg på at ein lege også kan formidle alliansen med krefter utanfor oss sjølve, og han minner om at det å bli «heila» ikkje alltid betyr å bli frisk.

Og kva med den etter kvart så berømte Snåsamannen?
Er det humbug og fanteri, eller åndeleg kraft, som ligg bak når han fortel at han truleg har lagt det folk oppfattar som «varme hender» på rundt 50 000 menneske?
Det er i alle fall ikkje økonomisk vinning. Han har alltid gjort det gratis, og Joralf Gjerstad seier til «Tørst»: «Eg brukte Fadervåret og Jesu namn. Eg græt i lag med dei som var sjuke, og lo saman med dei som var glade» «Det er Jesus eg trur på når eg lækjer folk. Det er han som gjer dette» seier Snåsamannen.

Kjære Ytre Arna kyrkjelyd!
Guds gjerningar vart openberra på den blindfødde mannen.
Han fekk syn – han som aldri hadde sett former og fargar, himmel eller jord. Han hadde kjent gode hender til far og mor som heldt rundt han, men han hadde aldri sett smilet rundt munnen deira, eller tårer som rann frå augo når dei dei var uroa for barnet sitt som tumla rundt utan å kunne unngå å snuble og å støyte seg innimellom.
No kunne han sjå fordi Jesus rørte ved han.

Men endå meir enn syn – han fekk også trua som den heilt store gåva.
Jesus spurde han: «Trur du på Menneskesonen?»
«Eg trur, Herre», sa mannen. Og han tilbad han.
I dag vert di tru utfordra når du har benka deg i kyrkja vår, du som høyrer heime her i Ytre Arna, eller som gjestar oss som ein i koret som syng, eller som av anna grunn er i lag med denne kyrkjelyden på akkurat denne gudstenesta.
Er du ein som har sett Jesus, og som difor trur?
Trur du fordi du har høyrt? Høyrt vitnemål frå andre som har hatt større åndelege opplevingar enn du.

Trua heng ikkje på opplevingar. Trua skal ikkje byggje på at ein og anna av kyrkja sine folk ser ut til å ha ekstraordinære evner, som representerer det åndelege universet som ligg bortanfor det vi kan forklare.
Slike hendingar, slike miljø, slike gudstenester, slike menneske, skal vi gle oss over. Vi skal vite at dette også er ein del av det vi i kyrkja vår vil løfte fram og innby til å utforske.

Men trua vår er like god og like verdifull om vi i livet vårt sjeldan eller aldri opplever at Guds gjerningar vert openberra, slik Jesus uttrykte det om den blindfødde.
Og som truande kyrkjefolk kan vi i lag stå opp og saman tale trusspråket.

For kva gjorde den sjåande mannen som tidlegare var blind?
Då han hadde sanna si tru på Menneskesonen, står det at han tilbad Jesus.
I dag har du sjansen til å tilbe. Til å bøye knea dine i takk og tilbeding når vi om litt innbyr til nattverd her framme ved altaret. Det er ein del av ditt trusspråk. Slik du også kunne tala trusspråket då vi i lag sa fram truvedkjenninga under dåpshandlinga tidlegare i gudstenesta.

Eg håpar at eg no talar til ein kyrkjelyd der vi samlar oss i takk og tilbeding for det vi trur på: Vår Herre og frelsar som maktar å gjere det vi ikkje kan forklare, men berre gripe i tru. Gjennom ordet vi har lese om den blindfødde, gjennom vitnemåla vi høyrer frå forbønspraksis i vår eiga norske kyrkje, og gjennom å opne våre hjarto for at «Gud er din hvile, Kristus din styrke. Ånden er nær som en trofast venn», så kan vi sjå det som truande menneske ser, i motsetnad til dei som er åndeleg blinde: Guds gjerningar vert openberra!

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv