torsdag 29. november 2018

Korrigert forventning


1.s. i advent. III. 02.12.2018
Sjømannskirken. London
Matt 21, 10-17
Ikkje veit eg kor mange nordmenn som i tida fram mot jul kjøper flybillettar og sjekkar at alle bank- og kredittkort er maksimalt fulle, og så finn dei vegen til den næraste verkelege storbyen vi har. Men det må vere veldig mange, for London er umåteleg populær for alle oss som lever under litt mindre forhold på andre sida av Nordsjøen.

Heime er det nokre av oss som heiar på eit fotballag som måtte nøye seg med bronse i den heimlege eliteserien. Eller vi har eit anna lag som spelar sine kampar nesten på kyrkjetrappa i Åsane, men som måtte oppleve at favorittane rauk ned frå første til andre divisjon sist søndag. Det var surt. Men det finst heldigvis trøyst her i denne byen. Her lokkar Chelsea eller Arsenal eller Tottenham. Om ein då ikkje vil reise lenger nord i landet til dei alternativa som finst der. 

For nordmenn er London og England ein by og eit land som får forventningsfulle norske auge til å gnistre. Dette veit sikker alle de som for kortare eller lengre tid har funne tilhald her i byen mykje meir om enn eg som berre er her ein gong i blant.

Men alt er ikkje enkelt eller idyllisk her heller. Vi kjenner ikkje detaljar, og skal langt frå leggje oss bort i, innvikla politikk som for tida er i støypeskeia i dette landet. Likevel: Frå Norge er det mange som føl godt med på mykje av det som rører seg i denne store byen.

Men ein ting har vi i alle fall i lag.
Alle vi som høyrer med i det store fellesskapet som heiter den kristne kyrkja, vi tek i dag kvarandre i hendene og ynskjer eit godt nytt år.
Ikkje fordi vi ikkje kjenner den borgarlege kalenderen som fortel at det enno er tre-fire veker til vi skal skrive 2019, men fordi det kyrkjelege året i dag har sin aller første dag. Første søndagen i adventtida.

Då er det også slik at det kyrkjelege året som no ligg blankt og ubrukt framfor oss, det er eit år det er grunn til å vere spent på. Det er grunn til å ha forventning knytta til det ukjende, som kanskje ikkje er så langt inne i framtida, men som vi likevel berre kan ane noko om.
Aller mest er nok adventstida si forventning knytta til høgtida som kjem mot oss med stadig kjappare steg. At jula ikkje er så veldig langt unna, gjer i alle fall handelsstanden alt dei kan for å minne oss om.

Kva skal vi som kyrkje tenkje om dette kjøret som dei aller fleste av oss så gladeleg er med på? Nordmenn dreg på julehandel, nettopp til London. Eller vi fyller opp kjøpesentera i og rundt byar og bygdesentrum heime. I Norge kan eg for min del seie at eg har orkesterplass til alt dette frå kontorvindauga der eg til dagleg sit og ser rett ut på ein av hovudinngangane til det svære Åsane storsenter i Bergen. Det er ikkje heilt det same som Oxford Street, men likevel…

Ut frå det vi i dag les om i Matteusevangeliet, skulle eg ynskje at vi kunne makte å halde fast på forventninga til det som skal møte oss. Men samstundes la det vere ei korrigert forventning. La Jesus sleppe så tett inn på oss, at vi får med oss det doble i hans gode nærvær mellom oss.

For kva er det vi har høyrt om når vi i dag har lese om det som skjedde ved Jesu inntog i Jerusalem? Det gjekk føre seg palmesøndag. Det var den dagen folket hylla han med hosiannarop og palmegreiner. Eit tema som går att, også i adventstida, der vi hyllar Jesus som kongen som kjem til oss.

På denne søndagen kan vi lese kva som hende då inntoget i Jerusalem hadde kome på innsida av byporten. Vi høyrer om uro i byen, og folket undrar seg: «Kven er dette?»
Og mengda svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

Det hadde vore spanande om adventstida kunne skape litt uro i byen. Ikkje minst om det kunne skje i denne metropolen vi nett no er i. Eller heime – i Oslo, i min by Bergen, eller kvar det måtte vere. Tenk om vi kunne lukkast i å setje Jesus og advent og jula i så skarpt fokus at folk kunne sjå at bak alle dei blenkjande førjulsdekorasjonane, så skin det i eit større lys. Det rører seg i viktigare saker enn Brexit, eller framtidig oljepolitikk, i våre heimland.

«Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea» Desse orda vart sagt i Jerusalem for lenge sidan. Kan vi ta dei i vår munn i vår tid og forkynne med overtyding at advent og jul og eit nytt kyrkjeår handlar om det same?
Om han som kom den første jula.
Om han som vart vaksen og kom til Jerusalem, ridande på ein enkel eselfole. Det er profeten. Det er Jesus. «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

Vår kyrkje heime har ei utruleg viktig oppgåve i å peike på han i det nye kyrkjeåret.
Kan vi få hjelp frå den mektigare Church of England, så ville det vere strålande.
For vår felles oppgåve er nett den same – å vise dei truande kven Jesus er. Å skape undring og forventning hjå dei som ikkje trur, eller ikkje kjenner Jesus, slik at dei kunne stimle saman når kyrkjeklokkene kallar i adventstida og gjennom jula. Dei må gjerne spørje slik dei gjorde det i Jerusalem: «Kven er dette?»  Og vårt svar må vere: Det er Jesus!

Men så ser vi også at då Jesus var innafor byporten, så sette han kursen rett mot tempelet i Jerusalem.  Det som skjer der, skal vi ikkje hoppe lett over. For den hendinga kan hjelpe oss til å få det eg nettopp omtala som ei korrigert forventning til Jesus.
Så å seie all moderne førjulsstemning som i det heile bryr seg om å ha Jesus med som ein bit av julestemninga, det skaper eit søtt og uprovoserande bilete av denne mannen. No skal vi minnast om barnet i krybba. Om englesong over søte sauer i ei stjerneklår natt. Om vise menn og vakre gåver.

Vel. Dette høyrer med.
Men det blir så avkorta. Då har vi gløymt at då Jesus steig ned av esleryggen i Jerusalem, så gjekk han altså rett til tempelet og reinsa det for pengevekslarar og dei som kjøpte og selde.
Ei røvarhole. Det var ordet han brukte om dette staselege bygget, sentrum for gudsdyrkinga. Staden der folk skulle tilbe.

Hjelpe meg! Angår dette ein rik nordmann på førjulstur til London anno 2018?
Angår det britar som høyrer heime i denne verdensbyen? Eller nordmenn som bur her? Eller dei mange heime som på sitt vis tel ned ved å opne 24 luker i adventskalenderen fram til julaftan?

«Mitt hus skal kallast eit bønehus»
Er det for å be i Guds hus at vi søkjer til kyrkje og gudsteneste? Er det for å søkje Gud i tilbeding og trusutfalding?
Eg trur faktisk at mange vil kunne svare ja på det. Eg trur at mange som i dag søkjer kyrkjene våre har eit ynskje om å finne Gud der. Om å finne Guds fred der.
Måtte dei alle verte velsigna av Guds nærvær i kyrkjeåret vi no går inn i. 

Må førjulskonsertar, julekonsertar, gudstenester for barnehagar og skular, og dei ordinære gudstenestene i advent og jul, alle ha dette eine siktet – at vi kan sanne: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

Men skulle det vere trong for å velte eit og anna bord der folk sit fanga i Mammons klør, så var det godt om det kom ein profet som kunne gjere det, men som også samstundes kunne peike på den store profeten som kan setje oss fri og som kan opne våre augo for kven dette faktisk er – nemleg; «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»

På denne første søndagen i det nye kyrkjeåret, mens vi ventar på jula og puslar med adventssyslene våre, kan vi ved å lytte til evangeliet i dag lære litt om denne profeten som vi ventar på.

Kven var det?
Det står litt meir om Jesus i dagens avsnitt frå Bibelen enn at han reinsa tempelet og velta borda til pengevekslarane. Det står òg at han gjekk ut or tempelet og stansa på tempelplassen der han lækte dei blinde og dei lamme som kom til han.
Det er også denne Jesus vi ventar på gjennom advent og jul. Vi ventar på den guddommelege som har makt til å gjere under og teikn. Nettopp fordi han kjem frå Gud. Fordi han er meir enn ein profet. Det er sjølvaste Guds son som er på veg til oss.

Til slutt skal vi merke oss: Dei som hylla han på tempelplassen for det store og underfulle som hende rett framfor augo på dei som var der, det var borna. Det var dei aller minste som ropa: «Hosianna, Davids son!» Det var denne hyllinga Jesus tok til hjarta og løfta fram som den rette måte å helse han han på: «Ja, svara Jesus. Har de aldri lese dette ordet: Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»

Det er kyrkja sin første dag i eit nytt år for kyrkja. I lag med forventningsfulle born og truande vaksne, i denne store byen, og rundt på heile kloden, ventar vi i spaning på at vi enno ein gong skal få helse og hylle han som kjem til oss: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea»
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv