torsdag 11. juli 2019

Kvile for livet


5. s. i treeiningstida III. 14.07.2019
Åsane
Matt 18, 12-18
Det er så mykje å oppleve ute i verda.
Det er så mykje å sjå. Vakre utsyn. Store byar. Små grender. Høge fjell. Fjerne øyar. Holmane i fjorden heime. Atlanterhavsvegen. Trollstigen. Den transsibirske jernbana. Lindisfarne, eller Holy Island i fjæra litt nord for Newcastle. Eller fottur på den Trondhjemske postveg forbi det vakraste kulturlandskapet i vest, Mellingen her i Åsane.

Så seier Herren: Still dykk på dei gamle vegane og sjå! (Jer.6,16)
 «Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode!»
Profetordet vi las i denne gudstenesta heng litt og dirrar.
Kva er det Herren vil seie oss?
Han vil oss noko godt i dag. Herren vil visa vegen til det gode.

Eg er så nyfiken på alt slikt. Også eg synest det er så mykje fint å sjå, og så mykje god mat å smake på. Eg ser med store auge. Syg opplevingar til meg.
Og eg et stort sett med god appetitt. Også det eg ikkje burde ete. Det er oftast enkelt å finne ut at det ikkje smakte så godt likevel. Men eg lærer av det. Mykje kinamat er veldig god. Men i min munn er det også noko som er beint fram ekkelt.

I dag må det vere lov å håpe at det som Herren vil vise kyrkjefolk frå Åsane, er litt meir populært enn det profeten i si tid tok fram som det beste for Israelsfolket.
«Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Gå på den så skal de finna kvile for dykkar liv.
Men dei svara: -Vi vil ikkje gå der.»
Vegen til det gode.
Kvar går den? Kvar går den vegen i det landskapet vi som lever anno 2019 reiser rundt i?
Det gode liv.
Mange jagar etter det. Ikkje minst i vår tid. Vi leitar etter det gode liv på alle tenkjelege stader. Ikkje minst vert dette bevist ved den enorme reisetrongen som folk over heile verda legg for dagen. Turistindustrien er overveldande. Rundt 1,5 milliardar menneske i verda er registrerte med turistreiser i året. 1/3 av desse kjem frå Asia.[1]
Men vi i vesle Norge veit å ta vår del av dette.
Og eg for min del har eit solid personleg bidrag til reiseverksemda.

Kva søkjer vi? Kva leitar vi etter?
Gamle stigar? Ja kanskje det. Men då er det slik at for nokre av oss er Silkevegen til Samarkand meir utfordrande enn den gamle postvegen gjennom Mellingen.

Kvar finn vi kvile for våre liv? Det er det Herren framfor alt vil vise oss på denne søndagen. Kvile.
Herren vil vise deg vegen til kvile. Slik profeten forkynte for folket i Israel.

«Men dei svara: -Vi vil ikkje gå der.»
Vi jaktar på opplevingar. På det eksotiske. På det nære. På det velsmakande. På det utfordrande.
Kanskje er vi som sauer? Slike sauer som Jesus måler opp i eit riss for augo våre når han fortel likninga om den eine sauen og dei nittini.
Ein sau kom på avvegar og måtte leitast opp.
Kvar var den eine? Kvar hadde han rota seg bort? Kvar vart han funnen att?
På ei berghylle ved ein djup avgrunn?
Hadde han vikla seg inn i ei gamal fiskenot som nokon hadde slengt frå seg ved stranda til den store innsjøen? Som eit slags førebilete på dagens moderne miljøsvin.
Eller fann gjetaren den eine sauen att i eit myrhol der sauen trudde vatnet smaka ekstra godt? Det viste seg å bli ein bomtur som lett kunne kosta han livet. Sauen var bortanfor gjerdet, utanfor gjetaren sitt synsfelt, i fare for å bli til ulvemat.

Det er ofte slik med sauer. Eller kyr. Eller menneske.
Gjetaren vil at dei gamle stigane skal følgjast.
At vi skal gå vegen dit det er kvile. Ikkje stress.
«Men dei svara: -Vi vil ikkje gå der.»
Det vil seie: Sauen på ville vegar svara vel ikkje så mykje. Men han stakk av. Det kunne gått verkeleg ille for denne sauen. Der han no på ein eller annan måte hadde hamna: Utanfor gjerdet. Med ulven siklande ikkje langt unna.

Det kunne gått verkeleg ille. Om ikkje det var for den gode gjetaren.
Vi skal ikkje bruke så mykje tid på å repetere det vi alle no tenkjer på, håpar eg.
At Jesus kallar seg sjølv for den gode gjetaren.
I møte med ulv og villdyr treng sauene gjetar. Ved avgrunnen. I myra.
Den gode gjetar - måtte han alltid vere der! Ikkje minst for oss menneske på oppdagarferd.
Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Gå på den så skal de finna kvile for dykkar liv.

Når Jesus talar om den gode hyrding, så er sauene eit bilete på deg og meg. På kyrkja. På dei kristne.
Men ulven? Kven er det?
Kanskje er det også ulvar mellom oss?
Ulven ein skapning som skapar frykt og forvirring. Han jagar og spreier for alle vindar. Til slutt drep ulven for å ete.
Slike ulvar finst det også der dei kristne samlar seg.
Ulven er rett og slett den motsette av gjætaren. Ulven tenkjer på seg sjølv. Ulven bryr seg ikkje om skade, om skambitt og blodspor, om liding og om oppsplitting der mor vert skild frå son, der vener vert delte i småflokkar, utsette for alt som er vondt og vanskeleg og farleg.
Han set alt inn på å splitte flokken. Få den eine bort frå den trygge stien. Den gamle vegen.

For oss som i dag høyrer kyrkjelyden til, må vi våge å sjå i augene at det er fort gjort å hamne utanfor gjerdet når vi tek ut på våre oppdagingsferder. Når det er mykje nytt og spanande å smake på.
Men det viste seg å smake ekkelt, trass i at danderinga var vakker å sjå til.

Vår tid er ekstremt innretta mot det private. Mot å vere sin eigen herre. I vår tid vil vi ikkje at andre skal fortelje oss kvar vi skal gå. Kva vi skal sjå. Kva vi skal smake på.
Alle val skal vere mine eigne. Dette er postmoderniteten i eit nøtteskal.

Då kan det lett skje at vi med vår livsferd kjem i skade for å gjere vondt og urett mot andre. Våre brør og søstre.
Urett mot samfunnet vi lever i.
Urett mot framtida vi enno ikkje har sett.
Kva gjer vi med miljøet rundt oss? Med naturen vår? Reflekterer vi nok over om det rette er ein tur på postvegen forbi Mellingen, heller enn ein ekskursjon langs Silkevegen i Kirgisistan?

Profeten løftar opp for oss desse orda i dag: « -vegen til det gode! Gå på den, så skal de finna kvile for dykkar liv.»

Tida vår er eit dragsug. Tida vår tek oss med inn i ein malstraum av opplevingar. Nokre er veldig fine. Nokre er veldig gode. Det finst vegar vi skal gå på. Men ikkje absolutt alle.
Og når vi gjekk feil, er det faktisk råd å finne tilbake til hjelp til fred. Til kvile. Til ein ny start.

Ein skal leite lenge føre ein finn ei så god kvile som det er å få leggje feilstega bak seg. Få ein sjanse til å starte på nytt. Vaske skitt bort. Ta på reine klær når ein har skitna seg til.

Det er det siste vi skal løfte fram i dag. Orda som Jesus brukar om å tale til rette den som har gjort feil val. Om å hente tilbake den av forsamlinga i kyrkjelyden som har rota seg bort. Gått seg ut i myra. Eller som står på berghylla, livredd for å ramle utfor i avgrunnen.
Dette er vanskeleg. Dette er rett og slett ikkje for kyrkjelege amatørar eller for umodne nybyrjarar. Det å stille til ansvar, på tomannshand eller for forsamlinga, det skal vi ikkje gjere utan å vite, utan å forstå, utan å kunne stå for, det vi gjer.
Det er ikkje utan grunn at sjelesorg er eit eig fag i presteutdanninga.
Det er ikkje tilfeldig at det å gå inn i slike situasjonar som Jesus talar om i evangelieteksten i dag, bør overlatast til dei som kan dette faget betre enn ein gjennomsnittleg prest.
Vi har etterutdanning og spesialisering i dette.

Men redsla for å nærme seg det å tale til rette må ikkje bli så stor at vi misser dette instrument til å hjelpe dei som treng det, hjelpe den eine som er på avvegar.
Det handlar om berge frå ein avgrunn. Det kan handle om å berge frå fortapinga.

Nøkkelordet vi avsluttar med, heiter skriftemål.
Skriftemålet er å sanne syndene sine for ein bror eller søster som trur på tilgjevinga av synd som vi får ved Jesu soningsdød på krossen.
Prestar lyttar gjerne til skriftemål på tomannshand. Prestar har den aller strengaste teieplikt knytta nettopp til dette.
Eg kjenner ikkje til noko større kvile i livet enn å få høyre desse orda; løysingsorda:
«Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn tilseier eg deg nåding forlating for alle dine synder, i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande».
Jesu forsikring til alle oss som trur på skriftemålet er det han seier i dag:  «Alt det de løyser på jorda, skal vere løyst i himmelen»
Dette er « -vegen til det gode! Gå på den, så skal de finna kvile for dykkar liv.»

AMEN





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv