11. s. i treeiningstida III. 25.08.2019. ~ Salhus krk.
Johs 8, 31 -36
Johs 8, 31 -36
Det er framfor alt eit enkelt ord i preiketeksten som står og lyser mot oss i dag.
Det er ordet sannhet/sanning.
"Hvis dere blir
i mitt ord, er dere virkelig mine disipler. Da skal dere kjenne sannheten, og sannheten
skal gjøre dere fri."
Slik talar Jesus.
Den bundne vert frigjort ved å lære sanninga å kjenne. Sanninga om seg sjølv. Sanninga om livet eg har levd. Sanninga om livet som ligg og ventar.
Sanninga om det evige livet. "- sannheten skal gjøre dere fri."

Det er slett
ikkje alltid at sanninga om oss sjølve er ei behageleg sanning.
Men likevel: Det som er endå verre enn å få seg fortalt sanninga, det er å ikkje vite.
Men likevel: Det som er endå verre enn å få seg fortalt sanninga, det er å ikkje vite.
Situasjonen må
verte avklåra. "Det verste er ikkje å vite..."
Slik fortel dei at det er, dei som verkeleg er sette på prøvar i livet. Ein uavklåra situasjon. Eit menneske som er forsvunne. Ingen veit kva som har hendt. Uvissa er forferdeleg å leve med. Eller ein er redd at ein går rundt med ein farleg sjukdom. Prøvar er tekne. Men resultata lar vente på seg. Uvissa i ventetida før ein får beskjeden er kan hende den aller verste. Verre enn å få høyre ei vond sanning.

Rundt oss er det
køar av menneske som vil fortelje oss den sanne vegen å gå. Som set opp pilar
som skal peika ut din og min livsveg. Som vil gje oss dårleg samvit fordi vi
aldri heilt strekk til med vår måte å takle livet på. For mange er dette veldig
frustrerande. Men i dag er det ei røyst
som hevar seg over alle andre. Ei røyst som gjer krav på å representere
sanninga framfor alt anna.
Mange ser på det som arroganse at den kristne forkynninga hevdar at Jesu røyst er i særklasse framfor alle dei andre røystene. Mange synest det er meiningslaust at berre vi som har vår heim i den kristne kyrkja skal ha funne den sanninga som folk gjennom alle tider og over heile verda har vore på leit etter.

Kan hende ville
mykje kritikk ha tagna om dei heller hadde lytta til denne røysta. Om dei hadde
late Jesus vise vegen gjennom livet. Vegen som han sjølv fortel oss vil føre
oss like inn i Guds rike.
Når Jesus fortel
sanninga om oss sjølve, så er det ingen lettvint lukke han teiknar opp for oss.
Som ein lækjar som har den ubehagelege oppgåve det må vere å fortelje ein
pasient at han el. ho har fått ein sjukdom til døden, slik forkynner Jesus det
som er sant om mitt liv og det som er sant om ditt liv. Og sanninga om oss er
den same som for den blindfødde som vi les om i Johs. 9,34. (Eit kapittel
lenger ute i vår Bibel enn det preiketeksten vår er henta frå) Om den blindfødde står det skrive: "
Du er født som en synder tvers igjennom,”
Dette gjeld i
like stor grad for deg og meg. Dette er sanninga også for oss.
Men det er
samstundes berre ein del av den sanninga som Jesus vil læra oss på denne
søndagen.
For like sant som
det er at du og eg og alle menneske er syndarar, like sant er det at Jesus har
gått i døden for å sona syndene våre. Like sant som at vi vart fødde med synd,
tvers igjennom, like sant er det at Jesus i dåpens bad reinsa oss for denne
synda og gjorde oss til sine born.
Og like sikkert
som at vi i dåpen vart gjort til Guds born; at Gud vart vår himmelske Far, like
sikkert er det at vi fram gjennom livet, på tallause måtar, har gjort opprør
mot han. Vi har gjort nye synder. Og endå nye synder.
Det vi framfor
alt er bundne opp i, er ikkje andre menneske sine forventningar til at vi skal
leve prektig når vi pyntar oss med kristennamnet, men rett og slett av vår eiga
synd.
Sanninga skal
gjere oss frie.
Vi må tola å
høyre sanninga om våre liv. Vi må akseptera sanninga. Og vi må opna oss for
sanninga om ein frelsar som døydde for å sone andre si synd. Di synd. Mi synd.
" Får
Sønnen frigjort dere, da blir dere virkelig fri. ”
Det er ikkje ei
god kjensle å innsjå at ein kjem til kort med livet sitt. Det er ubehageleg å
verta minna om at ein har kome på avvegar frå den gamle, trygge stigen ein
gjekk på som barn eller som ung. Den stigen der ein visste at Jesus gjekk ved
sida og hadde godt tak når farar truga. Men fordi ein slo inn på sidevegar som syntest
breiare og meir lokkande, kom ein skeivt ut. Og etter kvart var sanninga at i
høve til målet for livsferda; evig liv i Guds rike, så var ein fullstendig på
villspor.
Sanninga var at det levde livet hadde bunde ein så opp at det vart vanskelegare og vanskelegare å kome tilbake til den vegen ein gjekk på for lenge sida. Den gamle stigen. Den som hadde rett mål ved enden.

Men akkurat i dag
har livsvegen vår snudd seg slik til at vi er tett opp til den gamle stigen. Så
tett at vi høyrer Frelsarens røyst som kallar oss til å ta steget tilbake. Han
står der og fortel oss ei sanning som vi ikkje kan unngå å høyre: Dersom du
ikkje lever livet ditt i lyset frå han som fortel sanninga, så er du på feil
kurs, på feil veg.
Men vi er så tett ved Jesus i dag, at vi høyer kallet til å leve sant. Vi er så nær ved den gamle stigen, at det berre skal eit kort lite steg til, så er vi på rett veg. Det steget er steget inn til Jesus. Gå bort til han og ta tak i handa hans. La han leia oss vidare i livet. For eksempel på den korte vegen som fører fram til nattverdmåltidet i dag. Der møter han deg. Enno ein gong. Også om det er lenge sidan du sist var tett ved han.
Der er vi frie. Der
får Sonen feste sitt trygge tak i oss. Så vil han så gjerne leie oss heilt fram
til det lysande målet for vår ferd gjennom livet, målet heime hjå Gud.
Han vil heile
tida fortelje oss sanninga om vårt eige liv. Men framfor alt vil han vise oss
at det nettopp med ditt eller mitt levde liv som bakgrunn, så er det mogleg å
finne ein veg som leier oss mot det eine og sanne målet: Gud rike.
Den veien er Jesus sjølv og hans frelse.
Den veien er Jesus sjølv og hans frelse.
" Får
Sønnen frigjort dere, da blir dere virkelig fri."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar