torsdag 25. november 2021

Hosianna

1. s. i adventstida. III. 28.11.2021.
Salangsdalen kapell. 50-årsjubileum
Matt. 21, 1-17 (Forteljingstekst/evanglietekst)

I 50 år, sidan 1971, har bygdefolket her i Salangsdalen toga inn i kyrkjehuset på denne staden. Eit enkelt, lite og praktisk kapell, til glede og til velsigning for alle dykk som bur i denne bygda. Gudstenester og oppbyggelege samlingar. Dåp, vigsel og gravferd. Minnesamvær og konfirmasjonsfestar. Alt slikt som eit kyrkjehus skal vere ramma for.

Ein gong opplevde de det vonde at kapellet brann ned, men i 1982 stod bygget fram, nyreist frå oske og ruinar.

Og i dag, på den første dagen i eit nytt kyrkjeår samlar vi oss til jubileumsglede i frost og snø, og litt dagslys før polarnatta snart skal opne seg for nordlys og stjerneskin over denne staden.
I skogane rundt oss ruslar det kanskje ein og anna bjørn som ikkje har forstått at det er lurast for han å gøyme seg inne i Sverige ein stad. Og heilt sikkert går det rundt mange eksemplar av skogens konge som har overlevd jakttida så langt.
Uansett vakker vinternatur, skog eller dyr, så det er vi, menneska på denne staden, kyrkjelyden i Salangsdalen, som no skal helse på den kongen som vil møte oss til enno eit nytt nådens år.
Ikkje berre i eit jubileumsår som vi stig ut or, men i eit nytt, nådens kyrkjeår som vi i lag går inn i.

Borna i bygda har vore samla sidan frukosttider i dag og førebudd pynting av juletre, dei har øvd på songar, og dei har sett farge på salmesongen ved å hjelpe oss alle med å gjere som dei gjorde i Jerusalem den gongen Jesus kom ridande på eselet.
Vi ropte og song det ut i glede: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste!»

Det er så flott at vi har borna mellom oss i dag. Unge menneske. Slike som slett ikkje hugsar det som hende for 50 år sidan då kapellet var bygd. Eller for snart 40 år sidan då det reiste seg etter ein brann. Historie kan vere nyttig. Men det er framtida vi skal oppleve. Borna er notida. Borna er framtida.

I lag med borna skal vi gjere som dei gjorde i Jerusalem for lenge sidan, og som vi alt har gjort her i kapellet i dag: Rope til Jesus enn ein gong: Hosianna!
Veit du kva det ordet betyr?
Hosianna betyr «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»

Tenk om dette vart eit rop vi kvar for oss la hjarta vårt i når vi får høyre at no kjem Jesus til oss.
Enno ein gong er det det som skal stå i sentrum når vi i vekene framover førebur jula og høgtid.
Jesus kom til oss ein gong. Den aller første jula kom han til jorda. Eit lite barn, fødd av ei ung mor.
Eit barn som Maria fødde til jubel frå englar, sende frå himmelen. For barnet hennar var meir enn vanlege guteborn. Han var også Guds son.

Jesus kom til oss på denne jorda. Jesus kom til dei som levde i Israel i hans samtid. Han var gutt, han vart mann, og han stod etter kvart fram mellom sine eigne og gjorde det klart at han kom frå Gud.

Han kom til sine eigne, og etter kvart som tida gjekk og Jesus vart meir og meir kjent, forstod mange at Jesus ikkje var som andre menn. Han heldt store talar som gjorde inntrykk på tilhøyrarane. Han møtte menneske med varme og omsorg. Til og med gjorde han store under og teikn som førte med seg at folk flokka seg rundt han. Rett før hendinga med inntoget i Jerusalem, kan vi lese at Jesus hadde gjeve synet tilbake til to blinde menn.
Difor stimla folk saman då han ein dag kom til Jerusalem og passerte gjennom byporten. Han sat på ein eselfole og reid inn i byen til stor jubel frå både born og vaksne.

Og så var det sjølve jubelropet då! Eller var det eit jubelrop?
«Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste!»

Folkemengda ropa. Samstundes som dei vifta med palmegreiner som dei strødde langs vegen. Framfor eselfolen som kom med Jesus på ryggen, breidde dei ut kappene sine på vegen.

Det var jubel og fest for Jesus som kom. Men det var også alvor og forventning i ropa deira: Hosianna! - «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»
Det er advent.
Det er forventning. Det nærmar seg jul. Då er det fest og feiring. For Jesus som kom. Som vart fødd. Det er det årlege jubileet for Guds son som vart menneske.

Jesus kom til Jerusalem.
I dag kjem han til oss i Salangsdalen. For å vere med på vår fest og feiring i dette huset som vi har vigsla til hans ære.
Han kjem slik at vi kan hylle han og helse han og ta mot han med glede og med opne armar.
Men i våre rop kan vi legge inn at vi treng han i våre liv. For at han skal kunne hjelpe oss med det som er vanskeleg for den enkelte av oss. «Kom med hjelp!»

Bruk dei orda med stort frimot, du som treng Jesus i din kvardag. Vi høyrde at han lækte blinde rett før han rei inn i Jerusalem. Og i tekstordet til oss i dag står det å lese at Jesus kom med hjelp også denne dagen. Vi kan lese at då han var på tempelplassen, så kom det nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei.

Difor: Ver frimodig til å be om hjelp for dine sjukdomar. For dine sorger. For det du er redd for å møte på din veg gjennom livet.
Jesus kjem framleis til oss for å vere nær oss. For å gje oss hjelp.
Han vil være nær borna i mellom oss. Dei vaksne. Dei gamle.

Det er advent, og vi vil 
med våre Hosiannaropta ta i mot han som kjem til oss : «Gje frelse!»
Vi vil legge oss og våre liv i Jesu hender og tru at gjennom det skal vi får glede oss over hans frelse. Over at vi skal kunne håpe på det evige livet, det evige som startar her og no, mens vi lever kvardagane våre på vår eigen plass. I heimen vår. På skulen. På arbeidsstaden. Mellom naboar i bygda. I kyrkjelyden.

Jesu frelse og berging startar her og no. Og skal bli fullkomen når det evige opnar seg framfor oss, bak slutten av jordelivet.

Jesus kom til oss på denne jorda den første jula.
Jesus kom seinare til sine samtidige medmenneske på ein eselfole.

Jesus kjem til oss i dag og vil være nær oss i dette kapellet som vi i glede jubilerer for.
Jesus skal ein gong kome tilbake og hente oss inn i sitt evige rike.
Og heile tida vil vi med forventing rope til han: Hosianna! Kom Jesus! Hjelp oss, berg oss. Frels oss.

Gratulerer med jubileet for Salangsdalen kapell.
På jubileumsdagen går vi med glede inn i eit nytt kyrkjeår.
Vi går ut her i frå med forventning til jula som kjem mot oss.
Vi ventar på Jesus, og ropar våre Hosianna til kongen vår.

God adventstid!

AMEN


 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv