fredag 4. februar 2022

Bålet

 

Samefolkets dag. III. 06.02.2022
Bardu kirke
Johs. 21, 9-13

 

Det er sikkert mange som lurar på kvifor det i kvar gudsteneste i kyrkjene våre her i Bardu, og elles også i heile bispedømmet vårt no, lyder korte liturgiske ledd på samisk språk. Ikkje berre i dag, på samefolkets dag, men på alle søndagar.
Den 10. januar i år fekk alle kyrkjelydar her i bispedømmet eit brev frå biskopen vår om bruk av samisk og kvensk i kyrkjene i Nord-Hålogaland. Der skriv han bl.a., etter å ha gått gjennom grunngjeving for desse orda:

 Biskopen vil derfor pålegge alle menigheter i Nord-Hålogaland om å ta inn samiske liturgiske ledd i sin lokale grunnordning. Et minimum må være å inkludere nådehilsen og velsignelsen.

Det er altså ein av grunnane til at samisk lyder her i Bardu, uttalt av ein søring som forsiktig prøver seg med noko som er endå meir framandt for han, enn det er for dykk som trass alt har ei lita gruppe av dette folket, buande mitt mellom dykk.

Eit pålegg frå biskopen er naturlegvis god nok grunn til å bruke språket. Men ein betre grunn finn vi i den fasinerande bibelteksten vi nettopp har lese, pinseteksten frå Apgj.2 om då apostlane talte på så mange ulike språk som dei i utgangspunktet slett ikkje kunne tale.
I denne bibelforteljinga handlar det om noko som ikkje er mindre enn eit guddommeleg under. Slik vi også har lese om to andre guddommelege under i bibeltekstane i dag. Her om språkunderet på pinsedag.
Og det store poenget med språkunderet står tydeleg på trykk i vår Bibel. Alle desse folkeslaga som høyrde apostlane tale til dei på framande språk, kunne til slutt stemme i: «- vi hører dem tale om Guds storverk på våre egne tungemål.»

Det at alle skal få møte bibeltekstar, kyrkja sin liturgi, salmar, og aller helst forkynning, på hjartespråket sitt, det er noko Den norske kyrkja vil prioritere svært høgt i alle samanhangar. Og det er veldig godt, ikkje minst for alle som snakkar eit mindretalsspråk. Det veit eg, som er nynorsktalande, noko om også. Eg hugsar godt i fjor haust då kyrkjetilsette frå heile bispedømet her i nord var samla til gudsteneste i Tromsø domkirke der m.a. vår preses Olav Fykse Tveit tok del. For meg var det rørande å kjenne på inkluderinga då velsigninga til slutt lydde i den store kyrkja – på kvensk, samisk, og så også på nynorsk, frå preses sin munn!

«- vi hører dem tale om Guds storverk på våre egne tungemål.»

Om Guds storverk!
Det skal det handle om på denne dagen også. Det skal vi tale om. På norsk, ja til og med slik eg må gjere det, på nynorsk, som vi alle forstår, heldigvis.

Og då set vi oss ned ved bålet. Då stirer vi inn i elden, blafrande og varm, slik det kan vere på vidda for folket som i dag feirar dagen sin, men slik det også er for ein kvar av oss som likar varmen og gløden i bålet, anten det er på hytta no om vinteren, eller ein sommarkveld ved eit fiskevatn.

Bålet vi ser på denne søndagen er av ein litterær karakter. Av ein bibelsk karakter. Vi møter fiskarane som hadde gått frå alt dei hadde for å slå seg i følgje med Jesus. Hus og heim og familie. Alt låg bak dei gjennom tre år i følgje med denne merkelege mannen som gjor under og teikn, og som heldt så mange store talar. Men så enda det heile med katastrofe. Med at han dei trudde på, han som var helten og venen deira, han vart fanga, dømd, krossfesta og lagt i grav.
Det gjekk nokre dagar etter påske, og rykta om at Jesus hadde stått opp att or grava høyrdes no mellom folk. Nokre påstod at han som var krossfesta framleis levde, men det er veldig tydeleg at noko slik var vanskeleg å tru på.

Difor står det at læresveinane, dei gamle fiskarane, rett og slett ville ta opp igjen sitt gamle fiskaryrke.

No var det tilbake til kvardagen. Fiskebåtane venta.

Men fiskarane på veg tilbake til sitt gamle liv i båtane fekk snart oppleve at den levande Jesus enno ein gong kunne endre tilværet deira.
Det gamle livet synte seg å vere tomt og verdlaust.
Garna vart kasta. I utgangspunktet var det profesjonelle yrkesfiskarar som gjekk i båtane for å ta opp att sin gamle leveveg. Men det gamle livet var innhaldslaust. Garna var tomme. ”-den natten fikk de ingenting”

 Slik er det også for oss som tenkjer at vi kan leve utan Jesus. Det kan vere eit tomt og innhaldslaust liv. Som læresveinane sine garn.

Men heldigvis har vi ein levande Jesus. Ein levande Jesus som på uforklarleg vis fylte garna til læresveinane med så mykje fisk at garna heldt på å revne.
Sjøen var ikkje død. Like lite som Jesus var død.

Heldigvis har vi hatt påske. Om ikkje så lenge skal vi enno ein gong feire påske i kyrkjene våre. For Jesus har stått opp att, og Jesus lever! Han vil fylle ditt og mitt liv med det vi treng for å leve godt, slik han fylte læresveinane sine garn med fisk.

Slik eit nyfødd liv, som dette dåpsbarnet vi har mellom oss i Bardu kyrkje i dag, fyller ein familie med nytt og rikare innhald, med nye kvalitetar, med nye ting å tenkje på og ta ansvar for, slik fyller Jesu liv etter påske heile hans kyrkje med nytt innhald, med lys, med framtid, med håp.

 I dag vil vi la den krossfesta og oppstadne sleppa til mellom oss. La han få puste litt bålvarme på oss, midt i vinteren. For då opplever vi at det livnar til også i våre liv, slik som læresveinane fekk oppleve det på ei strand ved Tiberiassjøen.

Kanskje er ikkje alt som Jesus vil vise oss like behageleg. Det kan vere at det må til snø- og issmelting i våre liv òg. Slik vi håpar at all snøen vi har fått å hanskast med denne vinteren til slutt må vike for vår og grotid.

 Vi hugsar kanskje korleis kulda tok tak i Peter seint om kvelden skjærtorsdag. Det var så kaldt at han fraus og måtte inn til eit bål for å varme seg. Der, i skinet frå bålet vart han attkjend av fleire av dei som var Jesu fiendar og som nett då var ute etter å ta Jesus til fange for å få han dømd. Dei spurde om ikkje også Peter var ein av Jesu læresveinar. Men han nekta. Tre gonger nekta han. Heilt til hanen gol. Peter sitt fundamentale svik mot Jesus.

Møtet med Jesus her på stranda nokre dagar seinare, vart for Peter eit minne om dette sviket mot Jesus. For det første han ser når han stig i land frå båten etter denne merkelege fiskefangsten, det er eit lysande bål.

I lyset frå bålet står hans nederlag og hans synd klårt for han. Han har ikkje gløymt då han ved eit anna bål svor på at han ikkje kjende Jesus.

 Men i lyset frå bålet denne kvelden ser han også Jesus, han som dei hadde lagt i grav og som dei trudde var død.

Men Jesus er ikkje død. Jesus lever. Ein levande Jesus står der og ber om fisk. Om mat. Og brød har Jesus med seg. Han steller i stand eit måltid.

 Peters svik gløder i glørne frå bålet. Men det er som om følgjene frå sviket smeltar bort som snø for vårsola. For Jesus er der også. Det han har å by Peter er viktigare enn fisk og brød. Gjennom dette måltidet forkynner Jesus på sin stillfarande måte at han har tilgjeving å by fram.

Slik er det å møte den levande Jesus. Han feier ikkje våre svik og nederlag under teppet.  Han tek dei fram og lyser dei opp. Men så hentar han nåden fram. Tilgjevinga og oppreisinga. Nåden som kan etast som eit måltid. Brødet som vert brote. Ta og et! Til minne om meg, seier Jesus. Til forlating for syndene.

Nåden er ikkje å gøyma og å gløyma. Nåden er å vedkjenne og å vedkjenne. Først vedkjenne synda og nederlaget. Så vedkjenne trua.

Læresveinane møtte ein levande Jesus, like etter påske. Han var ikkje død. Han levde. Og dei trudde! ”De visste at det var Herren”

 Vi stirer inn i bålet i dag. Der kan vi ane Jesu nærvær. Der kan vi ane hans storverk, hans død, men også hans oppstode. Han lever. Han lever i dag. Han vil gje oss sin nåde og sin fred. Om dette vil storverket vil vi forkynne til alle folkeslag, og på alle språk: For nordmenn, samar eller svenskar, eller kvar dei måtte høyre heime på jorda.

Jesus lever, og vil fylle alle folk med glede og med håp for dette livet, og for det evige.

 Amen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv