fredag 21. januar 2022

Oppreist

 

4. s. i openberringstida. III. 23.01.22
Bardu
Luk. 13, 10-17

 

I evangelia møter vi mange menneske som var nedbøygde av mange grunnar, Som gjekk rundt i livet og bar på noko tungt, noko som gjorde  ryggen  krum, nakken bøygd og knea skjelvande.

Det kunne vere ein lam som måtte ha hjelp for å finne seg ein stad i vegkanten eller på torget for å møte rike menneske med sitt bedande og tiggande blikk.

Eller vi høyrer om dei med verkbrotne og nedbrotne lemmer. Kanskje var det leprabasillen som hadde sendt dei ut i grenselandet mellom øydemark og sivilisasjon der familien bar mat ut til dei ureine som var smitteberande med ein langt verre sjukdom enn dagens covid.
Urein, urein, ropa dei om seg sjølve for å halde avstand, langt over meteren. Sjukdommen og skamma var forferdeleg. Slik var det i Israel på Jesu tid, og slik var det her hjå oss like fram til vår eiga tid.
Den aller siste spedalske i vårt land budde i min heimkommune. Han døydde  i 1957 i Bergen, og i NRK sine gamle arkiv går det enno an å høyre intervju med denne mannen.

Tenk også på dei mange andre skamfulle, med blikket i bakken, som vart hersa med av mektige og store, av dei  som var rike og som sat med makta til å dømme, og i verste fall til å mishandle. Vi ser for eksempel for oss forteljinga om kvinna som dei skriftlærde mennene ville kjeppjage og steine fordi ho var teken på fersken mens ho gjorde ekteskapsbrot. Heilt fram til dei la saka hennar fram for Jesus og alt snudde seg. Det kan vi lese om i Johs. 8

Og eg trur at den krumbøygde kvinna som stig mot oss i denne forteljinga vi har lese i dag, også var av dei skamfulle.
For aksepten for den slags funksjonshemming i Jesus samtid var neppe særleg stor.
I 18 lange år har ho gått der med sin krokete rygg og stira ned for seg.
Ho var sikkert sett utanfor det meste av det sosiale livet som dei fleste andre tok del i. Truleg var ho aldri ein kandidat til å få seg ein mann og stifte familie. Det står ikkje noko om det, men det er lett å forstille seg at ho var ei av dei som sat med tiggarskåla på byens torg.
Når det på toppen av dette også står at diagnosen og årsaka til den bøygde ryggen hennar er sett i samanheng med det som kallast ei sjukdomsånd, og at Jesus sjølv seier at denne Abrahams dotter, altså ein kvinne med djupe røter i det jødiske folket, rett og slett var bunden av Satan gjennom desse 18 vonde åra, så hjelper ikkje det mot skamkjensle.

Desse forunderlege diagnosane kunne vi sjølvsagt brukt tid til å dukke ned i.
Ville Jesus, om han gjekk rundt mellom oss og kunne vise til moderne medisin og flotte sjukehus, brukt slike ord og uttrykk? Det tvilar eg på.
Eg vil ikkje seie meir om desse uttrykka, anna enn at vi må sjå dei i lys av det som gav meining for folk som høyrde på Jesus, som møtte han, og som var begeistra for det han gjorde, eller som tvert i mot heller såg på han som ein trøblete oppviglar i det religiøse miljøet rundt synagoga.

Denne kvinna møtte Jesus, og ho fekk endeleg rette ryggen. Ho fekk løfte ansiktet og møte andre sine ansikt. Det var eit betre og hyggelegare syn enn å stire ned for seg og berre sjå sine eigne, eller naboens, sandalar som var sveipte rundt støvete tær.

Denne kvinna møtte Jesus.
Slik også vi i dag kan få møte Jesus.

Jesus gjore to viktige ting.

Først dette at han gjorde noko med hennar naud. Med den krokete ryggen hennar. Han la hendene på henne, og ho kunne rette seg opp. Ho kunne lovprise Gud. Ho kunne sjå rundt seg. Ho kunne sjå menneske og natur, dyr og hus, frå det perspektivet ho var skapt til, ikkje slik sjukdomen hadde tvinga henne til å sjå tilværet sitt. Ho hadde sett det låge, det det støvete, det som alle gjekk og trakka på og i. No kunne ho sjå familien som smilte til henne, ho kunne gle seg over borna som leika, og over å setje seg til bords og nyte eit godt måltid utan å vere til bry og sjenanse for menneska som var hennar nære.

Jesus gjorde to viktige ting, sa eg.

Det andre han gjorde var å ta eit oppgjer med dei villfarne religiøse leiarane som hadde stivna til. Også dei var krumbøygde og skakke. Men det var i deira oppfatning av kva som var Guds vilje for menneska som levde saman på denne staden der Jesus no gjekk rundt mellom dei.

Forstandaren i synagoga fekk passet sitt påskrive at Jesus. Det er nesten som vi ser han for oss der han prøver seg med å kome drassande med det som var velkjende påbod og forbod som var knytte til sabbatsfeiringa. Arbeid var slett ikkje lov på den jødiske kviledagen. - Kva som helst, sa han – men styr unna lækjedom på denne eine dagen i veka.

Hyklarar! Jesus var skarp. Han var tydeleg. Og truleg vart han populær med ein slik reaksjon. Populær mellom vanlege folk, men på ingen måte i augo til synagogeforstandaren.

Det er nesten som vi den dag i dag høyrer ekkoet, snerten, av dei sylkvasse irettesetjingane frå Jesus: «Hyklarar! … Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet sitt frå båsen på sabbaten og leier dei ut så dei få drikke ?»

Kva er det som skjer?
Det er at Jesus ser at dei guddommelege reglane om korleis vi skal leve saman, dei vert plukka ut or sin samanhang, og nye, menneskeskapte lovar og reglar oppstår slik at vi står att under eit trykk av forventningar og eit finurleg forventningspress som fort får oss til å bøye nakken og krøkje ryggen og stå igjen som vanskapte kristne, utan glede, og i verste fall med skade på helsa vår.

I møte med denne evangelieforteljinga vert eg ekstra glad og oppbygga.
For her får vi malt opp for augo vår to velsigna gode sider ved Jesus.

Det eine er altså at vi har sett korleis han tek eit oppgjer med det som av og til kan synast som ein ibuande trong for religiøse, eller skulle vi i vår norske samanhang seie, kyrkjelege eller kristne, leiarar til å herse med menneska som desse leiarane heller skulle hjelpe til gode liv, og til innsikt i Guds gode vilje. Hyklarstempelet frå Jesu munn må mane kvar og ein av oss som er i ein slik posisjon til å granske Jesu ord endå djupare, og endå meir nøye slik at vi kan sleppe eit rettferdig hyklarstempel.

Men det andre vi har sett på, og som er det største i dagens evangelium, det er likevel å få høyre om at det går an å få rette ryggen for kvar einaste som av ein eller annan grunn kjenner seg krumbøygd, som stirer i bakken og ikkje mot sola.

Ein som har sagt nokre flotte visdomsord om dette er teologiprofessoren Notto R. Thelle i ei bok som heiter «Ditt ansikt søker jeg». Eg siterer frå boka[1]:

«Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.
Vi er ikke kalt til å kues med bøyde nakker og blikket vendt mot jorden. Da blir vi i stagnasjonen og veksten stopper opp. Vi er heller ikke skapt til å gå på tærne og strekke oss etter det som er over vår fulle lengde. Da ender vi i overanstrengelsen.
… Den virkelige utfordringen er å bli et menneske som lever i sin fulle høyde.»

Vi kan gjerne bøye oss for Guds storverk som han viser oss når vi får sjå kven Jesus er og kva Jesus gjorde og kva Jesus sa. Men vi skal ikkje gå inn i det sjukelege, det krumbøygde, det underkua.
Det står i det vi las frå evangeliet i dag at folket som opplevde desse hendingane med Jesus i sentrum, dei «gledde seg over alt det underfulle han gjorde»

Det skal også vi får gjere på denne søndagen, og vi gler oss i lyset frå evangelieordet, men gjerne også av dei kloke orda til teologiprofessoren: «Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.»

AMEN

 



[1] Notto R Thelle: «Ditt ansikt søker jeg» s.22

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv