torsdag 30. oktober 2025

Den vakraste dagen

 

Allehelgensdag III. 02.11.2025
Knarvik kyrkje
Lukas 6,20-23

Den vakraste dagen!
Det er ikkje haustfargar som gjer denne søndagen så vakker. Vi veit godt at i november kan hausten vere stygg, rufsete og ekkel.

Men november går med sin første søndag opp framfor oss som ein av dagane i kyrkjeåret med dei aller vakraste og mest forlokkande bibelorda vi møter på ein kyrkjesøndag.

I konkurranse med påskedagen, kanskje? Eller med juledagen?

Men denne søndagen står så fjellstøtt også på eigne bein.

Det er så uendeleg mykje håp og forventning som ligg i orda vi har høyrt lese. Ord som på Allehelgensdag kastar lys og varme mot oss. Lys og varme til alle som nyleg, eller for si stund sidan, eller for lenge sidan, gjekk inn i mørket då eit kjært menneske vart teken bort av dødens kalde klo. I mitt liv har eg aldri før opplevd det eg opplevde i 2025. Tre menneske som stod meg nær, dei døydde dette året. Tre døde og kalde kroppar i min familie. Tre gravferder.

Andre av dykk har andre historier å fortelje. Frå 2025. Eller frå eit tidlegare år.
Difor kan vi ikkje leve vidare og late som om døden ikkje finst. Vi veit om det med tanke på våre eigne liv. Det finst ei grense ein stad der framme som vi skal stige over. Då vil andre leve vidare. Med sorga. Med minna.

Midt i haustmørket stig vi no inn i kyrkjene våre. På denne særeigne dagen der vi ser føre oss dei som har gått framfor og stige over dødens grense. Dei vi minnest. Takkar for. Sørgjer over.
Men så – i kyrkjene våre strøymer dei vakre orda over oss. Frå Bibelens sider.
I kyrkjene våre kan vi også opne salmebøkene og stemme i songane med så mykje håp. Så mykje forventning. Vi lyttar til musikken som strøymer frå orgelet. Eller frå flygelet.

Alt dette gjer denne dagen så vakker.
Er det den vakraste gjennom kyrkjeåret?

Profeten Jesaja har ord til alle som i dette året, eller som i tidlegare år opplevde sorga.
Høyr kva han seier! Ord til deg:
«Herren skal vera ditt lys for evig, din Gud skal vera din herlegdom.
Sola di skal ikkje meir gå ned, månen din skal aldri minka.
For Herren skal vera ditt lys for evig. Sørgjedagane dine er til ende.»
 
(Jes. 60,19-20)

Kjære kyrkjefolk. Kjære Knarvikfolk. Om du ikkje akkurat i denne timen, på denne dagen, maktar å ta det inn i hjarta ditt: Det er likevel eit framtidshåp og eit framtidslys i ord som ein gong skal går opp for oss alle: «Sørgjedagane dine er til ende.» 

Den vakraste dagen, har eg kalla denne søndagen.
Kvifor?
Fordi dagen er for alle som ber i seg i litt tru – ei tru som ligg der i jorda lik det ørvesle sennepskornet. Frå sin plass der kornet er sådd, skal frøet veksa seg stort og rikt og bere frukt. Nettopp dette er sjølve livet som brettar seg ut framfor oss. Og nytt liv er vakkert!

Med tru har vi stige inn i kyrkja i dag. Nokre av dykk med litt skjelvande kne, kanskje. Ikkje fordi de var i sorg. Tvert i mot. De kom hit med trua dykkar og la eit nyfødd barn i Guds hender.
Vi måler ikkje tru i meter eller i kilo. Vi måler tru i slike steg som dette, opp kyrkjegolvet, fram mot døypefonten og ei open hand som tek mot dåpens glede og dåpens gåve. Kanskje også med ei udefinerbar forventning?

Var det dette, ei udefinerbar forventning, ho hadde, og bar i seg, Sara, gamle Abraham si kone, som vi las desse orda om for litt sidan?:  «I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand. 
I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda.»
(Hebr. 11,11-13)

Abraham og Sara. Trusheltar i GT.
I tru fekk dei to gamle til slutt sonen Isak.
Å, så mykje spanande vi kunne sagt om Isak! Det har vi ikkje tid til i dag. Men Abraham og Isak skulle også døy, mens dei venta på det som var lova. Ei tallaus ætt.
Dei såg det, håpa på det, men det var så langt, langt borte.

Men første punkt i Guds lovnader til Abraham, var at dei to oldingane vart foreldre til Isak.

Kva skal så vi tenkje her i Knarvik kyrkje på denne søndagen?
Kan vi i det minste får lov å gle oss i lag med dykk to foreldre som i dag har bore guten dykkar til dåpen her i kyrkja vår på denne vakre dagen?
Han heiter ikkje mindre enn Isak!

Kan vi også få bere med oss dette namnet på veg ut or kyrkja?
Det som kan minne oss på, og lære oss å tenkje, at der framme ein stad ventar det noko stort på alle som gjer som Abraham og Sara. At vi trur.

Den vakraste dagen.
Dagen med slike vakre ord frå Den heilage skrifta.

Men så var det denne presten som enno ikkje har løfta fram Jesu eigne ord på Allehelgensdag. Vel, eg har ikkje gløymt dei.

Slettepreika, er overskrifta i vår nyaste Bibel på det vi les om i Luk.6.
Dette er stort sett ei dublering av Bergpreika som vi kanskje kjenner betre.
Den les vi i Matteusevangeliet.
Men også her, i Luk 6, lyser dei gode orda mot oss. Sæleprisingane.

Jesus og læresveinane er på veg ned frå eit fjell der mykje folk har vore i lag med Meisteren. Han har gjort mektige gjerningar. Om alle desse, som nede av fjellet samla seg på ei slette der han tala desse orda; om dei kan vi lese: «Og alt folket prøvde å få røra ved han, for ut frå han gjekk det ei kraft som lækte alle.» (Luk.6,19)

Og så les vi altså orda i vår allehelgentekst; orda frå Jesu munn. Dei vakre orda:
-Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:
«Sæle de fattige! Guds rike er dykkar.
Sæle de som no svelt! De skal mettast.
Sæle de som no græt! De skal le.»
(Luk.5,20-21)

Vakre ord - som også utfordrar oss.

For Jesus prisar fattige og svoltne for sæle. Altså lukkelege. Glade.
Det er mange innfallsvinklar til å desse orda.
For sjølv om orda kan sjå ut, og lukte som, dei vakraste blomster, er det likevel noko som ikkje heilt passar.

Fattige og svoltne.
Eg tenkjer – desse orda skal vere utfordringa til oss i Knarvik kyrkje i dag.
Vi skal forkynne om Guds rike til fattige. Til utstøytte. Til dei som kanskje har pengar, men ikkje kjenner Guds gode kjærleik. Og til alle desse som er fokus for dei som gjennom denne helga har brukt kyrkjehuset vårt som base for den store misjonsmessa som har fått inn hundretusenvis av kroner her i Knarvik til misjonssaka og til NMS.

Vi vil hjelpe folk ut av fattigdom og svolt. Vi vil hjelpe folk ut av vantru. Vi vil hjelpe folk til han som ser med sine milde og gode auge: -Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa: ...

Jesus ser oss som vil vere hans læresveinar i Knarvik anno 2025. Han ser oss, og vil utfordre oss på ein vakker og god dag. Vi er hans føter og hender som i tru og håp skal gå til dei fattige. Til dei som svelt. For vi har eit gledesbod frå Jesu munn på denne dagen: De er sæle. Det ventar noko stort på dykk. Ikkje fordi de er fattige. Ikkje fordi de svelt. Men fordi Jesus ser dykk.

Og så til slutt: Til alle oss som møtte sorg, gråt og tårer for ikkje så lenge sidan.

Vi har noko i vente. Noko der framme ein stad. I det himmelske. Der dei samlast ein gong, alle dei som Jesus prisar sæle.
Om Abram, Sara, og Isak, skreiv forfattaren av Hebrearbrevet slik:  «I denne trua døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det..»

I dag tar vi trua med oss når vi går ut or kyrkja på denne vakraste dagen.
Dei syng i øyro våre desse merkelege, men håpefulle, orda frå Jesu eigen munn:
«Sæle de som no græt! De skal le. …
- Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd, stor er løna dykkar i himmelen.»

AMEN

 

onsdag 28. mai 2025

The Sound of Silence

 

Søndag før pinse III, 01.06.2025
Johs 16, 12-15
Modalen kyrkje
(Omarbeida preike frå 2019)

Søndag før pinse, kallar vi denne dagen. Ein slags adventsøndag før pinse, eller som ein fastesøndag før påske.

Ein søndag der vi har høgtida i sikte, men vi er ikkje der heilt enno. Ei veke igjen.

Kva ventar oss i pinsa?
Mange er uvisse på det. Det skal ikkje delast ut gåver som på julaftan. Det er ikkje særleg spaning og forventning hjå borna våre framfor pinsedagen om ei veke.
Det er heller ikkje jubel og livsglede som påskedagen. Men likevel – det ligg noko i lufta!

Vi har lese nokre av dei aller siste orda Jesus tala til læresveinane sine før påskedramaet i Jerusalem rulla opp.
«Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.» Slik vart preiketeksten innleia med orda av Jesus, talt til læresveinane.

Det var ikkje lett å forstå alt Jesus har på hjarte. Og at det var vanskeleg, på førehand, at læresveinane skulle begripe dei veldige påskehendingane som snart skulle rullast opp, det er nokså innlysande.

Men i det vi nett har lese, ser vi at Jesus opnar ei dør på gløtt inn til noko som er aldeles ukjend for dei tolv. Orda om Sanningsanden. Orda om denne merkelege personen, eller kanskje noko heilt anna, noko guddommeleg utan den jordiske kroppen som Jesus gjekk rundt med.

«Når han kjem, Sanningsanden, skal han leie dykk fram til heile sanninga. … han skal herleggjera meg.»

Kva betyr dette?
Kva meiner Jesus?
Kven er denne Sanningsanden som han lova til læresveinane?
Kven er Den heilage ande som vi ventar på fram mot pinsehøgtida?

For å prøve å finne eit svar, vil eg gå ein dryg omveg i lag med dykk modølar i dag. Ta mange steg tilbake i tid, og bla mange sider tilbake i Bibelen. Til ein tekst vi har lese i lag allereie, frå 1. Kong 19, 3-13. Der høyrde vi om profeten Elia.

Profeten Elia er ein av dei mest forunderlege personane vi møter i GT. Elia er for eksempel mannen vi kan lese om som vart henta direkte opp til himmelen i ei vogn av eld (2.Kong 2.11)
Det er ein mann vi merkeleg nok også møter i NT. Der kan vi lese om korleis han stod fram den gongen Jesus tok med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell, og desse tre læresveinane fekk sjå Jesu guddom. Jesus vert forklåra for augo deira, står det. Ved det høvet dukka det brått opp to figurar vi elles berre kjenner i frå GT. Det var Moses, og det var Elia. Og vi les at Peter ville byggje hytter til desse tre, Jesus, Moses og Elia.

Her og no kan vi ikkje gå veldig djupt inn i alt som skal ha hendt med denne profeten frå GT.
Vi flyttar oss likevel tilbake i tid frå det som hende på fjellet med Jesus, Moses og Elia; det handlar om nesten 900 år, til den tida då kong Ahab regjerte i Israel. Det var i ein periode på 22 år mellom år 871 og år 852 f.Kr. Denne kongen vert i GT framstilt som ein ugudeleg konge. Han «-gjorde det som vondt var i Herrens auge» (1.Kong 16,30). Saman med dronninga, Jesabel, opna denne kongen for å dyrke heilt andre gudar enn Israels Gud. Det dreia seg om tilbeding av Baal-gudane. Det står så sterkt om kong Ahab at «han heldt fram med å gjera H
ERREN, Israels Gud, rasande» (1Kong 16,32)

Inn i dette vart så profeten Elia sendt frå Gud for å forkynne Guds vilje for Israels folk.
Men det var ingen dans på roser å skulle vere profet i ei slik tid. Profeten fekk aldri anna enn motstand. Mange stod han etter livet, ikkje minst dronning Jesabel.

Konflikten med kongen og dronninga toppa seg kanskje høgast då Elia utfordra kongen ved å skulda han for å føre ulukke over landet ved Baal-dyrkinga. (1.Kong 18,18)
Det var ein kjempekonfrontasjon mellom profeten og prestane som dyrka Baal. 
Baal-dyrkarane fekk aldri den guden dei trudde på til å brenne opp offeret deira.
Elia, derimot, dynka sitt offer i store mengder vatn. «Då fór H
ERRENS eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda….» (1.Kong 18,38)

Trass i kongeleg motstand og forfølging kan vi heile tida her i 1.Kongebok lese korleis Elia var under Guds omsorg.
Merkelege ting hende. Profeten flykta, og gøymde seg ved bekken Kerit, aust for Jordan. Der var det to ramnar som kom med mat til han.
Vi møter han også saman med enkja i Sarepta, ho som gav profeten mat endå ho så å seie ikkje hadde noko å ete i det det heile. Då vart det slik at mjølkrukka til enkja i Sarepta aldri gjekk tom for mjøl, og oljen i mugga hennar tok aldri slutt.
Og vi brukar framleis uttrykket «Sareptas krukke» om noko som synest utømmeleg.

Kan alt dette verkeleg ha hendt?
Ramnane som kom med brød og kjøt til han?
Det at Elia ikkje berre gav opphav til uttrykket «Sareptas krukke», men at han også gav livet tilbake til enkja sin døde son? At han vart teken direkte opp til himmelen i ei eldvogn? Eller at han dukka opp, lys levande i lag med Moses på Jesu tid, 900 år seinare?
Vi lar desse spørsmåla kvile i dag, men på denne søndagen les vi i alle fall at denne  profeten var i ein fortvila situasjon. Han er livredd. Redd fordi dronning Jesabel vil drepe han fordi Elia på si side hadde late drepe alle Baal-prestane som svikta då dei påkalla sine gudar ved den store offerkonkurransen.
Han rømmer ei dagsreise ut i ørkenen. Han ber til Gud om å få døy.

Men Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.

Kjære alle dykk som kom hit til Modalen kyrkje på denne siste søndagen før det snart er pinse. Til dykk alle seier eg: Så fint at du er her!
Så fint at du orkar å lytte til ei merkeleg forteljing frå fleire tusen år tilbake i tid. Men eg trur denne forteljinga har noko å vise deg, å lære deg, eller å gjere klårt, også for meg som er prest på denne søndagen, søndag før pinse.

Eg har forsøkt å dra opp nokre strekar av eit bilete av kven profeten Elia var.

La du merke til kva eg nett sa om han?
Eg trur det må repeterast. Eg sa: Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.

No møter vi han han altså på ei flukt både frå kongeleg raseri og frå ein Gud han har tent med iver og truskap. Men profeten kjenner på at han ikkje orkar meir: «No er det nok, HERRE, sa han»  (1.Kg 19,4) «Nok er nok» Vi har adoptert uttrykket også i vår daglegtale.

Eg veit nesten ingenting om dykk eg no snakkar til.
Modalen er ein litt eksotisk stad for oss som kjem frå nord i Lindås.
Men no er du her i kyrkja di. Kanskje vågar du også i ditt stille indre å reflektere litt over det som har hendt i livet du har levd så langt. Eit godt liv, håpar eg. Eller kanskje har du opplevd ting i livet som vart vanskeleg. Sorg, kanskje. Motgang.

Profeten sa det slik: «No er det nok, HERRE,»
Eg ser ikkje dine tankar. Like lite som eg kan lese tankane til nokon andre menneske.

Men eg vil minne deg om det som hende med Elia, med profeten. Han som var redd. Han som flykta. Han som ikkje orka meir. «No er det nok, HERRE, sa han» 
Guds svar til profeten var desse orda: «Gå ut og still deg opp på fjellet, for H
ERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi» (1.Kg 19,11)

Kva betyr eigentleg det? Kva betyr det å stille seg opp for Herrens andlet, og at Herren skal gå forbi?
Det er ein måte å uttrykkje at no kjem ein sjanse til å oppleve noko uendeleg stort. Noko som kan gje styrke til trua. Noko som kan gje håp for dagar som skal kome. Noko som gjer at dette guddommelege som Peter, Jakob og Johannes fekk oppleve på fjellet i lag med Jesus, då dei også fekk møte den bibelske fortida i form av nettopp profeten Elia; det kan vere det også du får kjenne ein flik av. Ein flik av det himmelske. Det som er større enn oss. Større enn våre tankar. Bortanfor det vi kan forklare. Det vi skal rette ut handa og halde fast i med eit hjarte som bankar i tru.

«- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»

Desse orda er ein biletleg måte å invitere deg til ei kort stund som kan openberre for deg eit glimt av Gud. Han er der faktisk! Aldri har noko menneske sett HERREN Gud. Men i enkelte korte glimt går det an å få sjå pass at tvilen ikkje lenger er der.
Det er dette vi håpar skal skje med oss i pinsa. Det er dette vi ventar skal fylle oss når Jesus sender sin Ande over oss. Når Sanningsanden herleggjer Jesus.

Men kvar skal vi sjå? Kor er fjellet vi skal stille oss opp på? Kva er det vi skal søkje etter? Kor skal vi leite etter Gud i våre liv?

For profeten Elia vart det på denne måten:  Føre HERREN kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men HERREN var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men HERREN var ikkje i jordskjelvet, etter jordskjelvet ein eld, men HERREN var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille.  Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga. (1. Kg 19,11-13)

Forunderlege ord. Men dei betyr rett og slett: Vi søkjer ikkje Gud i det opprørande. Det som stormar og buldrar. Det som bivrar og brenn. Gud er ikkje i det oppsiktsvekkjande.

Derimot står det ord om «ei skir stille». På bokmål: «en skjør stillhet» Eller: «ei linn susing» som det stod i førre bibelomsetjing.

Dette parakdoksale er det vi skal sjå og lytte etter. Det stille. Lyden av stillheit. «The Sound of Silence» som Paul Simon så meisterleg har uttrykt det i sin vedensberømte song.

Ei skir stille. Det vi kan høyre når vassdropar forsiktig dryp frå eit barnehovud som Gud møter ved døypefonten. Denne stilla kjem til uttrykk når vi sender våre bøner utan ord til Gud frå dette kyrkjerommet. Bøner om at han må halde fast i handa som kanskje vart retta mot han på ein konfirmasjonsdag for lenge sidan.
Det er stille når vi smakar, et og drikk av den heilage nattverden.

Lyden av det stille er skrudd på i dette kyrkjerommet nett no. Snart er det pinse. Jesus vil kome nær oss.

Vil du lytte? Kan du tru? «- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»

AMEN.

 

 

                                                

Bloggarkiv