Viser innlegg med etiketten Treeiningstida. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Treeiningstida. Vis alle innlegg

onsdag 6. september 2023

FULLKOMEN ??

15. s. i treeiningstida I. 10.09.23
Brekke bu- og omsorgsenter
Matt. 5, 38-48

Det er store ord vi møter på denne søndagen.
Jesus brukte store ord då han heldt Bergpreika, som vi nett har lese eit utsnitt av.

Vi las ord som på den eine sida er flotte og velformulerte. Ord vi hugsar. Ord som på mange måtar også er som ein definisjon på det mange vil seie er kyrkja sin grunnlov – ord om det å elske.

Men samstundes er desse orda så store at vi opplever det komplett uråd å følgje dei opp i praksis. Det er som om vi kan ta oss sjølve i å tenkje: «Meiner du dette på alvor, Jesus?»
«- eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.
 Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen.»

Eller endå sterkare ord som evangelieteksten i dag vart avslutta med: «Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.»

Går det verkeleg an å elske fiendar? Eller å leve og stå fram som fullkomne menneske?

Vi las evangeliet. Matteusevangeliet.
Vi las ord av Jesus frå hans bergpreike.
Og no spør vi: Kva er evangeliet?

Jau. Evangeliet er Guds kjærleik til oss menneske. Guds kjærleik som er slik at han ofrar seg sjølv for oss. Han gjev son sin i døden for di og mi synd. Det handlar om ein ufatteleg kjærleik. Han elskar på ein måte som vi nesten ikkje har ord for å uttrykkje. I vårt språk må vi ty til ordet ”elske”. Eit ord som ikkje rommar den djupna og den fylden som ligg i det at Gud elskar oss. Vi tenkjer på noko i retning av å ”føle godt om, like, vere glad i” når vi høyrer ordet elske. Eller vi brukar ordet i den erotiske tydinga. Alt dette er for slapt når vi skal snakke om å elske i bibelsk samanhang. Når det handlar om å elske slik Gud elskar. Gud elskar ved å gjere. Ved å handle. Han handlar i møte med dei som ikkje fortener. Dei som kjem til kort. Dei som ikkje er elskverdige. Slike som deg og meg. Han ventar ikkje å få noko att.

Evangeliet handlar om at Gud elskar. Det handlar om kjærleik. At vi skal elske slik Gud elskar.

Går det an?

I dag tenkjer eg at vi skal søkje svar på dette ved å vende oss til GT. Vanlegvis er det omvendt. At vi les ord i GT som må forståast i lys av NT.

Vi har i dag også lese ord frå den relativt ukjende profeten i GT som heiter Mika, og vi repeterer litt av det vi las der:
«- kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.» (Mika 6,8)

Dei fleste av oss er så gamle at vi enno har ei storhending for over 30 år sidan i minnet vårt. Då døydde kong Olav. Eg trur at mange hugsar dette. Vi ser kanskje for oss lysa på slottsplassen i Oslo? Kanskje hugsar vi den storslegne gravferda frå Oslo domkirke?
Men vi har truleg gløymt preika som biskop Andreas Aarflot heldt ved denne anledninga.

Biskopen brukte då den bibelteksten vi har lese frå profeten Mika i dag, som utgangspunkt for gravferdstalen over kong Olav. Talen kan framleis lesast  i ei bok som Aarflot har gjeve ut med preiker ved store anledningar i landet vårt.[1]
La meg sitere litt av biskopens ord; ord som framleis gjev djup meining:

«Med disse ord kommer Gud oss i møte på nådens regnbuebro. Når mennesket spør hva det kan bringe med seg fram for Herrens ansikt, svarer Gud ved å peke på det han selv har bragt med seg inn i vår verden: Rett, kjærlighet og tro. Helt siden han satte regnbuen i skyen, har han holdt sin pakt med menneskene, en gjensidig avtale om at rett, kjærlighet og tro skal råde. Gud krever ikke det umulige av noe menneske … Når vi vil bringe ham våre offer, viser han til hva han har ofret for oss. Han har gitt oss sin godhet og omsorg, og han spør etter det samme hos oss. Klarest lyser Guds nåde mot oss i Jesus Kristus.»

No er vi her i Brekke. Visst nok den våtaste bygda i landet. Men i sommar har vi sett at det ikkje berre er i Brekke det kan regne. Regnet har flomma og vinden har blese på og over oss alle. Slik sett er det ikkje gjort skilnad frå Han som styrer med vêr og vind på nokon av oss som bur på kvar vår side av dei høge fjella i landet vårt.

På same måten er det med Guds kjærleik til oss alle. Han elskar oss. Han vil renne over oss sol og regn, nåde og tilgjeving. Han vil puste på oss med sin Ande, slik han let vinden blåse.  Han vil ikkje plukke ut eit menneske som ein eller ei som er meir fortent til hans kjærleik og godleik enn andre.

Slik er Guds nåde mot oss. Ufortent. Utan grenser.

Slik skal vi vere mot dei vi ferdast mellom til dagleg ,seier Jesus.
Han seier altså at vi til og med skal vere fullkomne.

Men, som vi alt har vore inne på: Det er umogleg å leve fullkome.
Men eg vil ikkje trekkje eit komma frå det som Jesus sjølv har sagt. Når det står at vi skal vere fullkomne, så skal det få lov å stå. Så skal den lista liggje der som ei utfordring for deg og meg og alle i hans kyrkjelyd å strekkje seg mot. Og di mindre vi snakkar om å vere fullkomne, for så i staden å gjere det som er godt og rett mot våre medmenneske, til og med mot våre fiendar, di nærare kjem vi i praksis det målet som er å vere fullkomen.

Lat meg sitere enno nokre linjer av det biskop Aarflot sa ved kong Olavs båre: «Hvor kan jeg finne livets mening? Hvordan er jeg beredt til å møte Gud? Hva skal jeg ha med når jeg tre fram for Herren?
Hører du svaret som Gud gir deg i dag? Han venter at du skal gjøre det som er rett, vise trofast kjærlighet, og vandre ydmykt med din Gud. I det siste, avgjørende møte med Gud er vi alle like»

Difor: Di meir nær vi med våre liv lever i teneste og etterfølging av Han som verkeleg var fullkomen, di meir vil det strøyme over oss av Guds nådige regn. Di meir vil vi kjenne hans oppreising og tilgjeving. Di klårare vil evangeliets sol skine for oss, den sola som er speilbiletet av Gud sjølv som sende Jesus Kristus til soning for alle våre synder.

AMEN





[1] Andreas Aarflot: En tro som bærer. s. 66


fredag 18. august 2023

Søk først Guds rike

 

12. s. i treeiningstida. 20.08.2023
Brekke kyrkje
Matt.6,24-34

No er det sommar. Men la oss ta eit steg tilbake og tenkje på det som var då det var vinter. Vi ser for oss nokre born som leikar i snøen. Det var våt og kram snø, og dei laga seg ein snøball som dei tok til å trilla rundt og rundt på bakken.

Då veit vi alle kva som skjer. Snøballen veks. Og for borna som leika, hende det som vi ikkje har vanskeleg for å førestille oss: Den vesle snøballen som dei starta med, vart etter kvart så stor at dei ikkje greidde å rikke han. 

Kan dette enkle biletet gje deg eit innblikk i korleis det ofte er med dine og mine suter? Med alt det vi går rundt og gneg på inne i oss. Mykje av det kan vere smått og ubetydeleg, men dersom vi får tumle rundt med det i våre sinn og i våre tankar lenge nok, så vert det til noko svært og digert og urikkande.

Slik er det veldig ofte med suter. Med bekymringar. Dei kan vekse seg så store at vi ikkje hanskast med dei lenger. Då vert dei til bører som kan bryte oss sund.

 I dag vil Jesus lære oss noko om våre suter. Om at dei skal vi gløyme og i staden lite på Gud.

Men lett er det neimen ikkje!
Det er ikkje så mange av oss som treng tenkje på kva vi skal ete eller kva vi skal kle oss med. Det var det Jesus snakka om i si Bergpreike. Og han snakka med så vakre ord at dei har rissa seg inn i språket vårt for all framtid:

Matt 6:26-29

Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?  Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?  Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

Fuglane under himmelen. Liljene på marka. Dei er så vakre. Dei lever så fritt. Dei er utan vonde minne frå gårsdagen, dei har det dei treng i dag, og dei tenkjer ikkje på morgondagen.

Men morgondagen tenkjer Gud på! 

Slik var det du og eg skulle ha det. Vi som slepp å uroe oss for mat og klede, men som har skaffa oss så mange andre suter og sorger i staden for. Vi hugsar kor redde mange var då pandemien tak tak i oss. Vi høyrer dagleg om krig ikkje så langt unna. Vi synest straum og mat er altfor dyrt. Og vi tenkjer på avdraga vi skuldar banken for lånet, vi uroar oss for arbeidet vårt, vi har problem med helsa eller vi er redde for korleis det skal gå med borna våre der dei ferdast på kveldstid eller nattestid. Sutene står i kø. Og vi kan ikkje nekte for at i alle fall ein del av oss er veldig flinke til å gjere som borna som laga snøball: Vi tumlar rundt med dei til dei veks oss over hovudet; til vi kjem til det stadiet der dei ikkje er til å rikke. Vi går oss til slutt fast i våre eigne suter og sorger.

Og på legekontora veks køane av menneske som treng hjelp til å meistre kvardagen; til å leve med  angsten for morgondagen.

Jesus seier: Syt ikkje! Ver ikkje urolege for morgondagen.

Men er det berre å opne munnen på denne måte med ei formaning til å gløyme alt som er vanskeleg?Sjølvsagt måtte det vere herleg å kunne leggja av all angst og uro for korleis det skal gå med oss vidare.

Men er det verkeleg mogeleg?

Er ikkje dette berre store ord av Jesus som ikkje passar inn i ein norsk kvardag, prega av oppjaga stress frå borna som går i barnehagen til overarbeida helsepersonell som strevar det dei kan for å gje best mogeleg omsut til den eldste generasjonen på sjukeheimen? 

Det er store ord av Jesus!
Samstundes er det ord med eit fabelaktig innhald og med ei veldig rekkevidde, om vi berre greidde å ta tak i kva det er Jesus vil ha sagt.

Jesu poeng er ikkje at nokon av oss skal la tilfeldige innfall og utfall styre vår framtid. Jesus vil ikkje at vi skal leve uansvarleg - at vi skal blåse i skulegang og utdanning eller at vi skal satse på at kjende eller ukjende skal gje oss pengar eller mat til livets opphald utan at vi sjølve treng å bry oss med arbeid og innsats. Jesus vil ikkje at eit menneske som vert ramma av sjukdom, skal vere så utan tankar på framtida at det ikkje oppsøkjer lege eller hoppar bukk over medisinar.

Ein slik livsstil kallar vi svermeri. Det har ikkje noko med kristendom å gjere. 

«Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der.  Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.»
Slik talar Jesus ein annan stad i Matt; i kap.10,29-31
 

Ver ikkje redde! seier Jesus.
Syt ikkje for morgondagen! Morgondagen og dei dagane du og eg har fått, dei kviler Herrens hender. Der kan du og eg søkje ro og kvile.

For Gud bryr seg om oss. Slik han bryr seg om fuglane under himmelen og om liljene på marka. Ja, han bryr seg langt, langt meir om deg og meg enn han gjer om resten av skaparverket. Han kler blomster i vakker drakt og flotte fargar. Han gjev himlens fuglar eit luftig liv i fabelaktig fridom.

Slik, ja endå meir enn det, vil han kle deg med det som er godt og det som er vakkert. Slik, ja enda meir enn det, vil han gje deg fridom til å  leve livet ditt i glad teneste for han som er Herre  over  livet ditt, over morgondagen og over framtida, ja, også over døden når den ein gong kjem. 

Men eit vilkår set Jesus for at du og eg skal finne denne store fridom, denne gode kvile og ei framtid vi kan gå inn i utan sut. Jesus seier:
"Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.” 

Guds rike, og hans rettferd. Dit styrer vi tankane våre på denne søndagen.

Eigentleg er det vi har tala om i dag, ein tale om å leve i samsvar med det første av dei ti boda: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”

Det handlar om å setje Gud først. Om å søkje Guds rike framfor mitt eige, framfor alt det viktige i mitt liv. Tekstordet vårt vart innleia med dei kjende orda om at det ikkje går an å tene både Gud og Mammon. Kan hende har dei aller fleste av våre suter og sorger si rot i nettopp det at vi alle saman er Mammons tenarar. Vi er så opphengde i pengar og eigedom og det som tilsynelatande set farge og glans på livet vårt, at det rett og slett ikkje er plass for Gud der. Vi har ikkje tid til, og rom for, Guds omsut. Då skal det ikkje mykje til før sutene vert som den vidgjetne snøballen. Dei veks oss over hovudet og vi maktar ikkje å rikke dei.

 Men det første bodet lyder altså: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”

Det betyr at Gud skal ha førsteplassen. Det betyr at Mammon og heile hans velde, skal vike for Gud i mitt hjarta og i mitt sinn. Gud skal vekse, i staden for sutene. Gud skal vere som snøballen. Han kan vi sleppe til i tankane våre. I bønene våre. I kvardagen vår. Også då kan det verte som med snøballen. Gud kan vekse seg så stor for oss at han ikkje er til å rikke.

Men Gud vert ikkje ei bør, slik sutene vert det. Gud er i staden den som ber!
Gud kan bere deg og meg gjennom kvardagar der motgang og otte for framtida ikkje får maktstele oss.

For det er ein lovnad knytt til det å først søkje Gud og hans rike; til å halde det første bodet:
”Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.”

Det er veldig mange menneske som kan vitne om dette. Som kan fortelje korleis Gud gjev oss langt meir enn vi forstår å be om. Nøkkelen ligg i det å leggje seg til kvile i dei hendene som kan bere, i staden for at vi sjølve freista å bere det som har vakse oss over hovudet. Gud vil gje oss alt det andre attåt. 

I staden for sut og bekymring,  vil Gud gje oss det vi treng, ja meir enn det. Slik han pyntar liljene med form og farge og lukt så dei vert til noko av det vakraste vi kjenner, slik vil Gud ”pynte” livet ditt med godleik og velsigning.

Slik Gud mettar himmelens fuglar utan at dei treng korkje å hauste eller så, slik vil Gud mette deg og ditt liv med godleik og miskunn.

Ikkje ved å gjere livet ditt til eit lettvint og sorglaust liv, men ved at du får kjenne at han er ved sida di; at det er han som ber deg og ditt liv, i staden for at du må bere alt det som kan tårne seg opp når det skyar over.

 

 

fredag 9. september 2022

Ankerfeste

 

14.s. i treeiningstida. Vingardssøndagen. III. 11.09.2022
Eidsvåg krk
Matt.19,27-30

«Vi er et folk på vandring» song vi til innleiing i denne gudstenesta.

Vi har eit mål for livet vårt.
Det vesle dåpsbarnet vi har presentert her i kyrkja i dag kvilte i trygge, vaksne hender då vi høgtideleg bar han inn i prosesjon.
På denne dagen var målet ein heilag stad her i kyrkjerommet. Det var å lese dei heilage orda frå Bibelen, og det var å ause det vigsla dåpsvatnet over barnehovudet slik at fellesskapet med Kristus og med den verdensvide kyrkja vart etablert og konstituert.

Ei vandring har starta for den vesle guten vi døypte. Vandring mot eit mål. Vi håpar og trur at målet enno er langt unna. At mange år skal levast. Eit liv skal formast. Vaksne skal visa vegen, fram til guten er stor og forstandig nok til sjølv å velje, til sjølv å tenkje, til sjølv å ta ansvar for sitt eige liv.

For tre dagar sidan ebba eit langt og forstandig liv ut på eit slott i Skottland. Det mest berømte menneske på jorda sovna stille inn, i veldig høg alder. Ingen i vårt land kan i desse dagane unngå å høyre om dronninga, anten vi er rojalistar eller republikanarar.
Vi får tallause påminningar om det eventyrlege livet dronning Elisabeth har gjennomlevd. Eg skal gå veldig lett forbi det aller meste.
Men ein ting vil eg minne om, og dette vert veldig lett hoppa bukk over når pressa i desse dagane kan fylle alle plattformar med kongeleg stoff.
Kvar 1.juledag heldt Elisabeth ein kort tale til folket sitt på engelsk fjernsyn, BBC. Desse talane har ein fantastisk profil. Ingen prest i Church of England, som ho var overhovud for, kunne vore meir personleg og meir presis i å forkynne den kristne julebodskapen enn dronninga. Talane kan vi framleis sjå og lese på nettet.

I 2014 sa ho bl.a.: For me, the life of Jesus Christ, the Prince of Peace, whose birth we celebrate today, is an inspiration and an anchor in my life. A role-model of reconciliation and forgiveness, he stretched out his hands in love, acceptance and healing.
Heilt personleg seier ho altså om Jesus: «For meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, som vi i dag feirar fødselsdagen til, ein inspirasjon og eit anker i livet mitt. Ein rollemodell for forsoning og tilgjeving. Han retta ut hendene sine i kjærleik, anerkjenning og med lækjedom.»

Frå Bibelen har vi i dag lese ord av Paulus. Ord om eit mål han har i sikte ein stad der framme.

Han lengtar etter oppstoda frå dei døde: «-om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde! Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.» (Fil. 3,11-14)

Paulus var gripen av Jesus Kristus. Han såg fram mot målet, oppstoda, det å verte eitt med han.
Dronninga som døydde var også gripen av Jesus Kristus.
Ho har tala krystallklår om det ved mange anledningar, som f.eks då ho sa: «For meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, … ein inspirasjon og eit anker i livet mitt.»

Kjære alle dykk i Eidsvåg menighet:
Tenk om vi alle hadde eit ankerfeste for livet vårt. Eit anker som knytta oss fast til Jesus slik at målet var klårt for augo våre heile tida: Å nå fram til oppstoda og evig liv.

No kunne vi kanskje sagt amen, og lagt Bibelen til side.
Men då tek vi for lettvint på det vi les i evangeliet til oss på denne dagen.
For noko skal skje på vegen mot målet.

Kva var det vi song?

Vi er et folk på vandring.
I uro, bekymring og nød,
da søker vi styrke og stillhet,
og samles om vin og brød,

Uro, bekymring og nød.
Målet der framme er stort og lysande og innbydande.
Men vegen dit kan vere kanta med «uro, bekymring og nød.»
Den døde dronninga fekk smake sitt av alt slikt, midt i det ufattelege luksuslivet ho levde, kanskje avskjerma frå folket ho på sin måte tente. Men likevel vitnar ho for oss at ankerfestet hennar i det livet som no er over, var Jesus Kristus, Fredsfyrsten.

Også læresveinane til Jesus var urolege. Dei hadde forlate alt, seier Peter. Så mykje at til og med desse aller næraste venene til Jesus forventa å få noko att, noko som kunne bøte for det som Jesus sjølv omtalar som å «forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld»

Når eg ser utover denne forsamlinga som er i Eidsvåg ved inngangen til eit nytt haustsemester, når eg inkluderer meg sjølv og mine næraste, og spør om dette er ord som passar på oss, så vert eg forlegen.
«-forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Har nokon av oss gjort det for Jesu namn skuld?

Det finst nok menneske som vi i dag kan peike på at dei har forlate uendeleg mykje. Nettopp dette: «hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Men dei som gjorde det er vel helst flyktningar. Frå Ukraina. Frå Syria. Frå land i Afrika der det mest kollapsar rundt det som er bygd opp. Det var krigen som tvinga dei til å forlate. Eller klimaet. Flommane. Tørken. Heten.
Det finst nok også kristne som er på flukt fordi dei trur på Jesus. I Kina, for eksempel.

Jesus vil at vi skal halde oppe motet på vandringa gjennom livet. Han lovar ikkje at vi, på vår veg mot målet vi håpar på for livet vårt, skal sleppe unna det å forlate. Det å forsake. Det å måtte seie nei til seg sjølv og det ein mest av alt lystar.

Men han fortel at ein gong skal vi få att i goder, mangedobbelt, for det vi måtte forsake.
Dette mangedoble ligg gøymt i det evige. I håpet i det som gjer at vi kan løfte hovudet i fortrøystning.

Juledag 1980 sa dronning Elisabeth til folket sitt i sin tale: «Vi veit at verda aldri kan verte fri for konflikt og smerte. Men jula viser oss alt som er håpefullt og godt i ei verd i endring. Den talar om verdiar og kvalitetar som er sanne og varige, og minner oss om at den verda vi ynskjer å sjå, berre kan kome frå godleiken i hjartet.»

Vi er på veg. Livet er sjølve vegen.
Det nyfødde livet vert bore dei første stega mot målet. Etter kvart flyttar vi våre eigne føter. Steg for steg. Kanskje får vi trong til å jage fram, strekkje hender mot målet, slik Paulus skriv om det.
Men om vi kan lære av dronninga, så skal vi sleppe å stresse. Vi skal kvile i dette at vi er festa til Kristus; til hans liv og gjerning.  Vi fekk ankeret festa til han i dåpen. Han vil føre oss fram. Kristus vil vere vår inspirasjon og vårt ankerfeste, slik han var det for henne som gjekk over målstreken for tre dagar sidan.

 

AMEN

torsdag 1. september 2022

Ord til Kristi vener

 

13. s. i treeiningstida. III - 04.09.2022
Eidsvåg krk.
Johs. 15, 13-17

Kjære alle i Eidsvåg kyrkje. Takk for at de fann vegen hit på ein vakker sommardag.
Det er godt å vere i lag med dykk, sånn på overtid i mi presteteneste. Her starta eg opp som kyrkjelydsprest for akkurat 40 år sidan i ei splitter ny kyrkje. Og her skal eg, som no er pensjonist, få halde fram å hjelpe til med å halde hjul i gang i ein periode på nokre månader, mens vi ventar på nytt prestemannskap. Dette ser eg fram til. Nokre av dykk er ukjende for meg. Men framleis er det mange ansikt her som med rette kan seiast å vere gamle kjende.

Vi møter kvarandre i dag i lyset av dei orda vi har no har delt gjennom dei tre lesingane frå Bibelen. Spanande ord som gjev innsikt i det som godt kunne vore pensum i eit kyrkjeleg leiarkurs. Nyttig tilnærming for alle som kjenner seg engasjert, oppglødd og villig til å dele ein bit av livet sitt i lag med andre som trur og tilber i den kyrkja vi tilhøyrer og som vi er døypte inn i.

Vi startar med å minne om det vi las om Moses. Denne eineståande gudsmannen som hadde fått den store oppgåva å føre Israelsfolket ut or fangenskap i Egypt og heim til landet som folket skulle eige og leve i – Israel.

Det vi las frå 2.Mos 18 var ikkje noko mindre enn den eldste innføring i godt leiarskap som eg kjenner til. Det er som å vere på eit innføringsseminar for nytilsette i eit stort, moderne firma der arbeidsfordeling og oppgåveansvar vert delt mellom dei tilsette. Og den som heldt forelesinga er svigerfaren til Moses, Jetro.
Men det kunne gjerne vore staben i Eidsvåg menighet som snakka saman framfor eit nytt semester. Arbeidet som Moses var ansvarleg for, var viktig. Også for ein moderne kyrkjelyd. «Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover» seier Moses.

Men også det å jobbe med noko viktig i ei kristen kyrkje, det er ein jobb og eit ansvar som må fordelast på mange. Svigerfaren sa altså til Moses: « - du skal sjå deg ut dugande menn av heile folket, menn som fryktar Gud, er pålitelege og som hatar urett vinning. Du skal setja dei til å vera førarar for tusen, hundre, femti og ti.    Slik skal du letta børa for deg sjølv og la dei bera henne saman med deg. Gjer du det slik og dette er Guds vilje, kan du halda ut, og då kan alt folket her dra heim i fred.»

I dag vil eg nytte anledninga til å rette ei takk til dei mange her i Eidsvåg som fram gjennom åra har vore slike som har teke ansvar, som har gått inn og vore medhjelparar, medberarar og medarbeidar for at ordet om Gud, og frå Gud, skal spreiast, gjerast kjend og etterlevast lokalt her. Sokneråd. Barnearbeid. Ungdomsarbeid. Kjøkkenteneste. Korarbeid. Praktiske utfordringar. Medliturgar i gudstenesta. Massevis av oppgåver som har vorte utførte og løyst.
Takk for det taket du tok. For din velvilje i kjærleik til Gud og til din neste.

Massevis av oppgåver ligg framleis der framme og ventar. Difor kan vi aldri slutte med å repetere kallet til medarbeidarskap i ei kristen forsamling. Nye menneske må få møte kallet. Unge menneske må få høyre at Jesus gjerne vil ha dei med på laget. Difor lyttar vi alle nøye til desse utsnitta frå Bibelen som vi har lese saman.

Vi høyrde også eit utdrag frå Apostelgjerningane i dag. Det  handla om medarbeidarskap, det òg. Om at dei første kristne
delte på oppgåver slik at ingen vart oversette, eller sette til sides på ein måte som kunne skape misunning og splid.
Nokre måtte ta på seg praktiske oppgåver. Elles vart det lett slik at dei som gjekk for å vere læresveinar ikkje fekk tid til å utføre si hovudoppgåve – tenesta med bøna og med å forkynna Ordet. Dei kalla difor på hjelp til «tenesta ved borda» - kjøkkenteneste, rett og slett. Eller kanskje vi i dag skulle kalle det for diakonalt arbeid?

Uansett – som på Mose tid - det gjekk på arbeidsfordeling også for dei alle første kristne vi les om i Apostelgjerningane. Organisering.
Men dette praktiske arbeidet, diakonien, var så sentralt og viktig at dei som tok på seg å gå inn i det, vart førte fram for apostlane, og der fekk dei handspålegging, bøn og velsigning til å vere slike medarbeidarar.

No må vi stige over i evangelieteksten.
Der lyttar vi til nokre av dei mest sentrale orda frå Jesu munn som han talar til sine næraste medarbeidarar, læresveinane.
På denne søndagen talar han til sine næraste. Til dei han omtalar som venene sine.
Eg ber deg: Lytt til Jesu tiltale. Det er deg han reknar inn blant venene sine.

I dag vil han be deg om å vere med på laget. «Eg kallar dykk vener» seier han til oss alle.
Høyr orda hans til venene sine: «-eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer.»

Det er første søndagen i september. Hausten ligg framfor oss. Vi vil så gjerne finne frukt når det er haust. I frukthagar rundt om på Vestlandet ser det ut til å verte dårleg avling hausten 2022. Fruktdyrkarane i Hardanger seier det kjem av dårleg vèr då biene skulle på jobb i vårblomstringa.
Men frukta som gror i kyrkjehagen er det enno tid til å berge.
Det vert ein noko spesiell haust akkurat i Eidsvåg fordi prestetenesta ikkje er fullt oppe og går.
Men vi er fleire enn prestane i Eidsvåg. Difor handlar det om arbeidsfordeling. Slik var det for Moses og dei han hadde fellesskap med. Slik var det for læresveinar, og dei aller første kristne som vi les om i Apostelgjerningane.  
Arbeidsfordeling mellom Jesu vener på denne staden. Jesu vener i Eidsvåg.

«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger» seier Jesus til oss alle. «Eg kallar dykk vener»

No talar eg til Jesu vener i Eidsvåg menighet.
Hausten er over oss. Er det frukt å hauste inn?
Igjen må vi lytte til korleis Jesu formulerer seg i evangelieteksten i dag. Enno ein gong ser vi etter kva som står der: «De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.
»

Det er alltid godt å høyre at Jesus reknar meg som sin ven.
Men det er samstundes lett å oversjå, eller å gløyme, at han har eit vilkår for dette venskapet: « - så sant de gjer det eg byd dykk».

Spørsmålet vi sjølvsagt då må stille vert dette: Kva er det Jesus byd oss å gjere?
Lytt vidare:
« -eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. 
Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!»

Det er mi inderlege bøn at frukthausten i år skal verte betre i kyrkjehagen enn hausten på dei to epletrea som står i hagen min på hytta. Der kom det rett og slett ingen eple dette året. I fjor bugna det. Hjorten kunne då meska seg med nedfallet. No kan både dyr og menneske gløyme å finne frukt å gle seg over i min eplehage.

I kyrkja skal vi ikkje sanke eple. I kyrkja skal vi sjå etter menneske som elskar kvarandre. Då tenkjer vi sjølvsagt ikkje på det å elske i erotisk forstand. Gløym alt slikt.
Vi snakkar om å elske slik gode og nære vener elskar kvarandre. Slik foreldre elskar borna sine. Slik born elskar sine gode foreldre. Slik gode kristne skal elske andre som trur og tilber den same Gud.

Den som elskar slik, tar gjerne eit tak i det som er heimen for alle truande. Guds kyrkje på jord.
Det er slett inga fullkomen kyrkje. Det har det aldri vore. Heilt tilbake til dei aller første kristne, dei vi m.a. les om i Apostelgjerningane, så dukkar det opp konfliktar, feil og manglar. Splid og direkte fiendskap. Kristi kyrkje på jord er ikkje fullkomen.

Men vi trur på han som er fullkomen, og som gjer oss fullkomne for sitt rike, ved å gje oss frukta av sitt eige fullkomne liv. Vi trur på Jesus Kristus som reinsar oss i dåpen. Han vaskar oss på nytt med sitt dyre blod som han gjev oss gjennom nattverden. Han nærer oss ved Ordet som lyder i gudstenesta, eller når vi opnar Bibelen vår. Vi trur og tilber han som kallar oss vener.

Kjæraste Kristi vener i Eidsvåg menighet. Jesus har møtt deg i dag. Han kallar deg ven, og no seier han: « -eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!»
                                                                                                                         AMEN


søndag 30. mai 2021

Areopagos

 

Treeinigssøndag (III) 30.05.2021
Avskilsgudsteneste, Åsane kyrkje
Apgj 17,22-34

«Minnesamvær». Det likar biskopen vår å omtale slike samlingar som det vi er med på nett no. Avskilsgudstenester, eller «siste kveld med gjengen», slik eg var med på då prostane var samla i veka som gjekk.
Eg skal ikkje stå her og minnast mange år med presteteneste. Berre løfte fram ei hending, eit minne, frå tidleg i mi tid som prost.

Prostane i Bjørgvin reiste på kurs. Heilt til Hellas. Til ei lita, koseleg øy utan vegar. Hydra. I lag med oss var prostane frå Møre bispedøme, og der møtte eg for første gong han som skal overta jobben min. Leif Endre Grutle.
Kurset vi hadde, hugsar eg ingen ting frå. Sorry, biskop – men slik er det.
Men heldigvis vart turen til Hellas avslutta med ein dag eller to i Aten. I det inngjekk sjølvsagt tur til det storslagne Akropolis der mange av dykk sikkert har vore som turistar.

Det hugsar eg. Og aller best hugsar eg det vi fekk sjå ved inngangen til dei verdensberømte minnesmerka. For der ligg Areopagos.
Der var det Paulus heldt denne talen som vi nett har lese utdrag av. Areopagostalen.

Den store misjonæren Paulus gjorde minst tre lange reiser til landa rundt Middelhavet. På den andre av desse kom han altså til Aten.  Der gjekk han opp på Areopagoshøgda. Og her forkynte han til atenarar som hadde så mange gudar, så mange altar og så mange tempel at dei til og med reiste altar for ein ukjend Gud. ”Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk” sa Paulus i Aten – og så løfta han Jesus opp for augo deira. Han forkynte den krossfeste og oppstadne Kristus. Han som gav læresveinar den gongen, og til alle tider, ordren om å forkynne for alle folkeslag.

På Areopagos lydde orda om Jesus til verdensborgarane i Aten. Talen til Paulus er eit fantastisk døme på  forkynning inn i ei vantruande og vanskeleg samtid. Slik sett er dette ein tale som sjølvsagt alltid vil vere pensum for prestar og forkynnarar.
Og difor var det stort å stå på den staden og oppleve Areopagos for 8 år sidan.

I dag har mange år gått etter at Paulus drog frå Aten, men dei ruglete steinane står der enno som monument over ei storhending. På staden der han truleg stod og talte, er det no sett opp ei stor minneplate der teksten vi nett har lese i lag er rissa inn med greske bokstavar. Areopagostalen.

I dag er vi ikkje i Aten. Vi er i Åsane. Eg har tillate meg å gjere denne preika til eit ørlite minnesamvær. Eg minnest noko som vart viktig for meg. Eg håpar at dette kan minne oss alle på noko vi må stå saman om i kyrkja i dagar og år som ligg framfor oss.

Nemleg å forkynne om Gud. Forkynne om Jesus Kristus til dei mange der ute som er på leit, som søker etter noko dei kanskje ikkje heilt veit å setje ord på.
Altaret Paulus fann i Aten, var tenkt å vere staden der folk kunne tilbe ein ukjend Gud.

Slike menneske fyller i våre dagar kjøpesenteret på Horisont, eller Øyrane Torg, eller på utestadene som opnar att langs Bryggen eller ved Byparken i desse vakre maidagane. Kva dei ville finne på å tilbe, har dei fleste av dei neppe ord for. Berre ordet «tilbeding» er sikkert eit framandord for veldig mange.

Nokre få av dei stikk innom ei kyrkje av og til. Andre ser aldri det som noko alternativ. Mange vil avvise alt slikt prat som oppspinn, humbug eller irriterande mas.
Men kyrkja trur. Kyrkja lever for dette oppdraget.

«Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk» sa Paulus i Aten for lenge sidan.

Ein ven og kollega av meg har i ei preike sett ord på kva dette kan bety for ein del år tilbake. Tidlegare i dag fekk Sandefjord ny prost. Biskop Jan Otto Myrseth,  som var domprost her hjå oss til for nokre år sidan, hadde i dag innsetjing for prost Raag Rolfsen i Sandefjord.

Raag har eg lært å kjenne gjennom mitt engasjement i misjonsorganisasjonen Areopagos. Der var Raag Rolfsen tidlegare direktør, og vi skal seie litt meir om organisasjonen Areopagos etter kvart. Men den nye prosten i Sandefjord sa altså dette i ei preike over denne teksten for ei tid tilbake:

Jesus er Guds ansikt i vår verden. Det viser oss at det ukjente ikke er noe mystisk som befinner seg et eller annet sted jeg ikke kan nå. Det ukjente er det jeg ikke kan kjenne, ikke kan gripe eller bruke fordi det møter meg ansikt til ansikt som noe hellig og ukrenkelig, som noen som er atskilt og som jeg nettopp derfor kan være sammen med.
I barnets, den fattiges, og vår nestes ansikt ser vi Jesus, møter vi den ukjente Gud.

Så langt prost Raag Rolfsen sin ord.
Den ukjente Gud – han kjenner vi som Jesus Kristus.
Den ukjente Gud er ikkje ukjent i den kristne kyrkja. Jesu stig oss i møte når vi kjem saman, og han gjev seg til kjenne for oss gjennom sitt ord. Når vi speglar eit barn i dåpsvatnet, og når vi et og drikk Jesu kropp og blod i form av nattverdelementa brød og vin.
Og ikkje minst i ansiktet til vår neste, slik Raag Rolfsen minna oss på det; der kjenner vi igjen Jesus Kristus.

Paulus var misjonær. Paulus var visjonær.
Paulus, så lenge før vår tid, men samstundes så tilpassa vår tid.
Han gjorde det vi er kalla til i kyrkja: Han forkynte den levande og oppstadne Kristus.
Men han gjorde det med respekt for tilhøyrarar.
Han gjorde det med innsikt i andre sin måte å tenkje på.
Han omtalte Gud med orda «-i han er det vi lever og rører oss og er til»
Dei orda var ikkje tilfeldige, men sitat av det han sa var noko «som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt» Desse diktarane var i flg. noteapparatet i våre NT, Aratos og Kleantes, frå det tredje hundreåret f.Kr.

Kva er det Paulus gjer når han på denne måten forkynner til atenarane?

Han tek dei på alvor! Han går i dialog med dei. Han viser at han kjenner til kva dei trur på. Kva som er viktig for dei han talar til, og snakkar med.
Respekt, heiter dette.
Slik både veit eg, og trur eg, mange misjonærar og kyrkjeleg arbeidarar i ulike samanhengar tenkjer og arbeider den dag i dag. Slik arbeider misjonærar av mange slag. Også norske.

Sjølv har eg lært mykje om misjon, og om dialog, gjennom den organisasjonen som har vald å kalle seg nettopp Areopagos. I sitt arbeid her i landet, og i Hong Kong og Kina, har eg personleg fått sterke impulsar og lært mykje om dialog, og om respekt, gjennom det misjonsorganisasjonen Areopagos står for. Eg er glad for at kyrkjelyden her i Åsane har valt å inngå eit formelt samarbeid med Areopagos, og at vi i dag skal få gje vår offergåve til denne organisasjonen.

Når eg om eit lite øyeblikk har avslutta denne preika, og vi har sagt fram vår felles truvedkjenning til den treeinige Gud på denne treeiningssøndagen, så skal vi synge ein velkjent misjonssalme, kanskje den mest kjende av alle misjonssalmar: «Din rikssak, Jesus, være skal». Forfattaren av denne salmen er Karl Ludvig Reichelt, og han blir gjerne rekna som grunnleggjaren av Areopgaos, og av det viktige misjonssenteret Tao Fung Shan i Hong Kong, der eg har vore så mange gonger og fått inspirasjon og påfyll.

Ei av strofene i salmen lyder slik:
«Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm!»

Kjære Åsane menighet. Kjære kollegaer, og gode vener.
Det er mitt håp og mi bøn for oss alle at vi kan ha eit slikt «frelsarsinn» for dei vi møter. Slik at vi ser dei som er på leit og på søk etter ein ukjend Gud. Slik at vi lærer dei å kjenne, og at vi møter dei med respekt og med innsikt i deira tankar og veremåte.
Om Paulus står det: «Det var somme som spotta, men andre sa: -Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong. Så gjekk Paulus frå dei. Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru.»

Desse orda tek vi til oss som kyrkjelyd og som kyrkje. Det gjev oss lærdom og inspirasjon til å møte menneska som kjem i vår veg med eit frimodig vitnemål. Eit vitnemål i respekt, med forstand, men med håp om at nye skal kome til tru på den oppstadne og levande Jesus Kristus.                                                  AMEN

torsdag 8. oktober 2020

Vår rettferd

 

19.s. i treeiningstida. I – 11.09.2020 
Biskopshavn og Eidsvåg
Matt. 5,20-26

Jesus tala ofte til farisearane og dei skriftlærde og sa sanninga om deira liv. Han åtvara dei ofte. Farisearane og de skriftlærde ville leve i samsvar med Bibelen, men dei ville samstundes vri på meininga med det som stod i Bibelen, eller i GT som var den delen av Bibelen dei kjende.

Dei levde tilsynelatande fullkomne liv, men likevel var dei ikkje slik at Gud kunne godta deira liv. Kvifor var det slik? Og kan det lære oss som lever i dag noko?

Det må vi snakke om denne søndagen.

Det vi kan lese ut frå teksten vi har lese i lag – ein tekst som er ein del av Bergpreika – det er at farisearane og dei skriftlærde sin religion, den var berre noko dei kledde på seg, noko dei pynta seg med i det ytre. Den gjekk ikkje inn i deira indre liv. Deira tru og deira religion var utan frukt. Den var utan kjærleik.
Slik står dei der som ei åtvaring til oss som lever i dag. Vi som gjerne vil tru på Jesus. 

Det første vi kan lære er at Jesus seier noko om at vår rettferd må vere større enn rettferda til farisearane og dei skriftlærde. Elles kjem vi ikkje inn i himmelriket.
La dette stå der som ei overskrift for det vi skal snakke om. At vi må vere rettferdige. Så skal vi etter kvart kome tilbake til kva dette betyr. 

Denne teksten frå Jesu Bergpreike lærer oss også noko spanande om tilhøvet mellom GT og NT.

Vi tenkjer ofte at vi som kristne ikkje treng å bry oss om GT. Det overlet vi til jødane, det er noko som ikkje angår den kristne kyrkje. Vi held oss til Jesus. Vi lar Paulus og dei andre apostlane undervise oss om kristen tru. Men slik tenkjer ikkje Jesus. For han er GT høgaktuelt. Han vil ikkje sjå bort frå innhaldet der. Tvert om. Han løftar det opp og syner oss den djupe meininga med det som står der. Slik talar han det berre tre vers før vår preiketekst tek til: 

Tro ikke at jeg er kommet for å oppheve loven eller profetene! Jeg er ikke kommet for å oppheve, men for å oppfylle.  Matt 5:17 

Jesus held fast på GT. GT  inneheld ekte kristen tru og lære. Men dei skriftlærde og farisearane, dei vrei på meininga med det som stod der. Særleg dei viktige avsnitta frå Loven. Ikkje minst dei ti bod.

-Dei fordømde drap. Men dei hadde hatefulle hjarto.
-Dei fordømde ekteskapsbrot, men dei gav rom for syndige lyster.
-Ved å misbruke eid, gav dei rom for løgna.
-Dei elska venene sine, men hata fiendane sine.

Jesus var no komen for å lære kva som var meininga med GT. Og kanskje heilt spesielt med Lova.
Han lærte at også hat er mord. Han sa at til og med å lyste etter ei anna kvinne, det er hor. Og han synte dei at å elske sin neste, også betyr å elske sin fiende. 

Gjennom det han talte til sine samtidige, farisearane og dei skriftlærde, lærer Jesus også oss som lever i dag noko om korleis våre liv som kristne skal vere. Han plukkar av oss pynten vi heng utanpå. Han set lyskastaren på vårt indre liv. Kva er det eigentleg som bur i oss?

Er vi betre enn farisearane og dei skriftlærde?

'Jjesus set ikkje berre søkelyset på våre indre tankar, det som ingen andre kan sjå. Han går lenger enn til hat og til syndige lyster.
Jesus peikar også på vår gudsdyrking. Vår gudstenestegang. Han snakkar om å bere fram eit offer på altaret. Med det meiner han sjølve det innarste i gudstenesta. Ikkje berre det å leggje ein pengesum i offerskåla når det er kyrkjeoffer til misjonen.

Vår gudsdyrking er ganglaus dersom vi lever i konflikt med vår neste, seier Jesus:

Om du bærer offergaven din fram til alteret og der kommer til å tenke på at din bror har noe imot deg,  så la gaven din ligge foran alteret og gå først og bli forlikt med din bror. Så kan du komme og bære fram offergaven din! Matt 5:23-24    

Heilage gjerningar – vår gudstenestefeiring, - er spotting  når vi lever i uoppgjort fiendskap med vår nabo. Det er meiningslaust å rope til Gud i bøner om vi ikkje vil snakke med dei vi lever saman med, om det som ligg der som eit stengsel oss i mellom.

Eigentleg talar Jesus om konsekvensane av å leve eit liv der vi stengjer kjærleiken ute. Der vi gjev rom for hat, for sinne, for baktaling, eller der vi lever i konflikt med vår neste, samstundes som vi dyrkar vår Gud ved Herrens altar.
Konsekvensane av eit slikt liv, eit liv i urettferd, dei er veldige i følgje Jesus. For han sa det altså slik: 

Jeg sier dere: Dersom ikke deres rettferdighet langt overgår de skriftlærdes og fariseernes, kommer dere aldri inn i himmelriket. Matt 5:20 

Vår rettferd må vere større enn rettferda til farisearane og dei skriftlærde. Elles kjem vi ikkje inn i himmelriket. La dette stå der som ei overskrift for det vi skal snakke om i dag.
Det sa eg ved innleiinga til denne preika. Og eg sa at det skulle vi kome tilbake til dette. Vår rettferd må vere betre enn dei skriftlærde og farisearane. Korleis kan det gå til?
 

Heldigvis har vi i dag, tidlegare i gudstenesta, også lese om apostelen Paulus. Frå eit viktig avsnitt i hans brev til kyrkjelyden i Galatia har vi lese.
I motsetnad til dei aller fleste av oss, men på line med dei aller frommaste farisearar, levde Paulus lenge eit perfekt liv, i det ytre.
I brevet han skreiv, er det som om han vil løfte dei kristne i kyrkjelyden han kjenner opp på eit høgare nivå.
Han hugsar tilbake til då han gjesta dei, men no har han høyrt at deira kristne omvending synest å byggje på ein nokså sviktande grunn.
Tidleg i brevet skriv han: «Det undrer meg at dere så raskt vender dere bort fra ham som har kalt dere ved Kristi nåde, til et annet  evangelium.»
(Gal 1,6) 

Mot slutten av brevet, er det som om Paulus vil samle trådane. Han vil vise vegen til eit nytt liv. Ikkje tufta på lovens strenge krav som han var kjent med gjennom fariseismen.
Han seier i dagens lesetekst frå Gal 5: «Lev et liv i Ånden!»
(Gal. 5,16)

Paulus viser kva det betyr, det som Jesus i si tid tala om i Bergpreika, og som vi har vore inne på:  Dersom ikke deres rettferdighet langt overgår de skriftlærdes og fariseernes, kommer dere aldri inn i himmelriket. 

Å leve rettferdig handlar ikkje om å streve livet av seg for å halde bod og forbod. Eit rettferdig liv er eit liv i Anden.  Noko som veks fram som ei god frukt som kjem frå Gud sjølv.

Paulus ramsar først opp ei heil rekkje med gjerningar som kjem frå det han omtalar som «kjøtet» i oss: Han nemner i alt 15 døme på slike dårlege gjerningar, kanskje det vi i vår daglegtale ville kalla for synd. Men det finst langt fleire enn 15, for han legg til: «-og mer av samme slag» (Gal. 5,21)

Som eit lite apropos inn i vår lokale kamp mot pandemien som har nådd også oss som bur i Bergen, høyrer vi at Paulus dreg fram fyll og festing som gjerningar av kjøtet. Det er nr. 14 og 15 av omtalte gjerningar av kjøtet.  
Vi skal ikkje henge oss for lenge opp i dei negative gjerningane. 

Men heller lytte når apostelen vil lære oss om Andens gode gjerningar.
«Lev et liv i Ånden!»
Kva betyr det?
Det aller viktigaste vi skal merke oss er at Paulus kallar eit slikt liv for eit liv som ber frukt. Frukt som rett og slett veks fram som eit resultat av at vi lever nær Jesus. At vi lyttar til hans ord og formaning. At vi tek til oss av hans nåde og tilgjeving. At vi lar oss vegleie gjennom bøn og stille nærvær. Av å lese hans Ord. Lytte til forkynning og formaning. Slik dei kristne i Galatia lytta når Paulus forkynte og formana.

Skal di og mi rettferd, målt med Jesu rettferdige auge, overgå rettferda til farisearane og dei skriftlærde, så må vi leggje til rette for at frukta frå Den heilage ande skal få vekstvilkår.  Andens frukter skal haustast få våre liv. Og det er velsmakande frukt. Høyr enno ein gong Paulus sine ord:

 «Åndens frukt er kjærlighet, glede, fred, overbærenhet, vennlighet, godhet, torfasthet, ydmykhet og selvbeherskelse. Slike ting rammes ikke av loven.» (Gal 5,22-23) 

Det er Paulus sine ord. Men for oss er det storarta hjelp for å vite kva Jesus eigentleg formanar oss til når han ser etter eit rettferdig liv som må overgå livet til farisearane og dei skriftlærde.

 Så står vi på denne søndagen altså overfor eit av paradoksa i den kristne lære.
På den eine side: Lovens krav til oss om å leve eit rett og rettferdig liv. Krav som Jesus på ingen måte løfter av oss. Han seier ikkje at vi ikkje skal bry oss om å leve rett. Tvert om. Han siterer bodorda: ”Dere har hørt det er sagt..” Og så skjerpar han faktisk innhaldet i boda for oss ”-men jeg sier dere”
Han avlyser ingen krav. Vi skal leve rettferdig.

På den andre sida: Bibelen ord gjer det også klårt at same kor godt vi lever, lever vi ikkje godt nok til å gjere oss fortente til himmelriket. Difor må vi ved den same tru som Paulus greip i sitt hjarte få del i det fullkomne og rettferdige livet Jesus sjølv levde. Ved å leve nær han kan våre liv vere frukter av vår tru. Andens gode frukter. Kjærleik – glede – fred. 

På denne søndagen har vi altså snakka om og lært noko av det mest grunnleggjande i den kristne trua. Noko av det som på den eine sida er så lett. Men som på den andre sida er så vanskeleg å få tak i. At vi skal leve rett. At vi skal prøve oss sjølve kva som bur i oss. Er det vakre fasadar med rote innhald på baksida? Det må vi leggje av. Vi skal leve rett. Andens frukter må få vekse fram.

Men samstundes som vi lever rett, skal vi vite at det er ikkje livet vårt i seg sjølv som kvalifiserer for inngang i Guds rike. Berre ein har levd så fullkome og rettferdig at det gjev tilgang der. Det var Jesus sjølv. Ved å tru på han får vi del i hans fullkomne rettferd.

Så skal vi, ved å leve i kjærleik og i rettferdige, Andens gode gjerningar, vise at vi trur. Gjennom denne levande trua er det at mi rettferd overgår farisearane og dei skriftlærde. Gjennom denne levande trua som ber frukt i form av Andens gode gjerningar er det at eg og du får del i Jesu fullkomne rettferd. 

AMEN

onsdag 16. september 2020

Forventning

 

16. s. i treeiningstida I – 20.09.2020
Salhus. Dåp og konfirmantjubileum
Mark.7,31-37

For nokre av dykk er dagen i dag fylt med forventningar knytte til seg. Å bere eit barn til dåpen er ei høgtidsstund, sprengfull av fortetta forventning. Forventning til det nye livet som er midtpunkt i ein familie. Glede over, og forventningar knytte til ansvaret ein har fått som foreldre. Ei veldig glede og forventning til den rikdom ein har fått mellom hendene - umåleleg i materielle verdiar. 

Eit nytt barn ber i seg så ubegripeleg mykje av spaning og ordlaus forventning at berre dei nybakte foreldra har ord som kan dekkje dette.
Og kanskje er det nettopp det som er så stort på ein slik dag. Det at orda eigentleg ikkje strekk til. Vi må gje uttrykk for forventningane våre gjennom handlingar som løfter seg over språklege uttrykk. 

Dåpshandlinga vi har vore vitne til, er ei slik stund der vi utan ord kan tale gjennom handlingar. Ved å løfte opp barnet, bere det fram til dåpsvatnet og leggje det over i Guds hender, signaliserer vi at vi ynskjer det aller beste for dette vesle livet.
Vi legg barnet i skaparhendene, hendene som skapte liv, som skapte den nyfødde og som skaper håp om evig liv gjennom den heilage handlinga vi har vore med på.

Difor seier eg i dag til dykk som har halde dåp for barnet dykkar. Ser du kva du har vore med på? Ser du kor stort det er?
Og ser du den andre hovudpersonen ved sida av det vesle barnet – ser du Jesus som slik tek barnet til seg?
”Han tok dei fanget, la hendene på dei og velsigna dei” las vi som ein del av dåpsritualet då vi høyrde korleis Jesus tok i mot småborna som dei bar til han.

Dei hadde også forventningar til Jesus, folk som stod rundt den døve som altså hadde vondt for å tala. For vi las at dei førte bort til Jesus denne mannen og bad Jesus om å leggje hendene på han. 

Det vi no snakkar om, kallar vi gjerne for religiøs lengt. Forventningar til nyfødd liv, dåp, konfirmasjon med handspålegging, alt kan samlast i det vi kallar for religiøs lengt. Det som også kjem opp i dagen når døden gjestar oss, og vi vert tvinga til å tenkje gjennom kva vi tenkjer, trur og håpar om livet etter dette. 

For heile 65 år sidan var det fleire av dykk som var her i kyrkja som unge konfirmantar.
Den gongen knela de ved altaret, og prest og kyrkjelyd bad for framtida dykkar.
Eit ungt liv låg i Jesu hender. Tillitsfullt vart framtida di lagt fram for Gud.

Jesus ville forma livet ditt ved å røre ved deg. Være nær deg. By deg inn til å kome litt avsides med han frå tid til anna. Vere stille for han i bøn og lytte til det han vil seie deg.
Andre gonger inviterte Jesus deg til å møte han i fellesskapet med andre som trur, for å tilbe og lovsyngje han.

Tiår på tiår har gått. Dei eine kalenderen etter den andre er bytta ut. De er komne langt inn i pensjonisttida som 80-åringar. De har vore i mange konfirmasjonar, til barneborn, og kanskje også oldeborn. 

Eg ser Jesus for meg i dag. Eg trur hans auge er fokuserte på Salhus kyrkje og alle oss som er her no. Jubilantar, eller pårørande, saman med dåpsborna.
Så mange fleire er det ikkje rundt oss i ei pandemitid.

Men eg trur han ser oss, kjenner oss, og vil røre ved oss, alle som ein.
Det er som eg kan høyre sukket hans mellom kyrkjeveggene her i Salhus denne haustsøndagen: Effata, lyder det frå Jesu munn. Lat deg opp!

Lat opp øyra ditt og lytt. Lat opp hjarta ditt og tru. Lat opp munnen din til takk og lov.

For framleis ser han. Framleis kjenner han deg og meg og oss alle.
Han ikkje berre kjenner oss. Han har også medkjensle med oss. For han veit om det som er vanskeleg i livet til deg og meg.

Det er ikkje sikkert det er så mange stumme og døve mellom oss. Men han ser oss med det som er vår bør. Det som er vanskeleg i ditt og mitt liv.
Han vil ta deg ut or flokken som driv rundt i velstandslandet Norge og er forblinda av løn og status, hus og bil. Han vil ta oss til side og opne øyrer og augo så vi høyrer han, ser han, og takkar han.
 

Den døvstumme hadde heldigvis nokre tolmodige menneske som stod han nær. Som, når dei berre tok seg tid til å konsentrere seg, også forstod litt av det han freista å seie.

Så ein dag kom familien hans og drog han med seg. Han forstod ikkje heilt kvar dei skulle. Men dei førte han fram til ein mann i trettiåra. Mannen heldt seg for seg sjølv. Borte frå der folkemengda i byen heldt til.
Familiemedlemene peika på den døvstumme. Jesus lytta. Han nikka. Den døve forstod ikkje kva som skulle skje.
 

Så kom Jesus bort mot han. Han la handa rundt skuldra til den døve og førte han endå litt lenger bort frå familiemedlemene. Han kjende varmen frå Jesus. Han lurte på kven Jesus var. For den døve var Jesus ikkje nokon anna enn ein ukjend mann med ei forunderleg utstråling. Det var merkeleg å vere åleine med han.

Den gongen var det ingen koronarestriksjonar. Ikkje noko smittevern  Så Jesus løfta armane og mannen kjende at Jesus rørte ved han. Han tok inn i øyro hans. Fingrane til Jesus var lette å kjenne inne i øyregangane. Så tok han spytt på fingeren og vette tunga til mannen som ikkje kunne tala tydeleg.

Jesus talte til mannen med teikn. Med handlingar som var til å forstå for ein som ikkje kunne høyre eller tale sjølv. Dette var nærspråket. Kroppsspråket. Han såg med augo kva Jesus gjorde. Han kjende med huda si. Han fornemma med tunga.

Han såg også korleis Jesus løfte augo og involverte himmelen. Han såg at Jesus opna munnen og ropa eit ord.
Underet hende. Der alle tidlegare hadde tala til døve øyro, tala Jesus no brått til opne øyro. Mannen kunne høyre og forstå kva Jesus sa. 

Jesus hadde oppfylt forventningane til dei som førte mannen fram til han som var Meister og Herre. Dei kunne ikkje forklare. Deira ynskje var at Jesus skulle leggje hendene på den funksjonshemma mannen. Dei fekk eit under i svar. 

Slik kan Jesus oppfylle forventningane til dykk som bar borna dykkar fram til Jesus i dåpen i dag. Han har så mykje å gje til det livet som vart bore fram for han som er Meister og Herre også for oss. Men ser vi? Høyrer vi? Forstår vi? Eller har det proppa seg til for oss? Vågar vi å forvente eit under i barnets liv? Eit trusunder? 

I møtet med den døvstumme les vi om Jesus at han: såg opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»

I dag vil eg utfordre oss alle på våre forventningar: Våg å forvente at Jesus vil møte deg, og at han vil opne stengde kanalar, slik at hans velsigning får strøyme over deg og ditt liv. Våg å forvente at Jesus vil møte din ordlause lengsel. Din religiøse lengsel. Våg å tru at han vil høyre bønene for borna som vi i dag har lagt i Guds hender, og for dei born som mange av oss tidlegare gjorde det same med. Våg å forvente velsigning over eit liv som skal forme seg gjennom åra som ligg framfor.

Og de som har så mange år av livet å sjå tilbake på – kan du sjå at Jesus var der?
At han velsigna deg? At han let deg kome gjennom også det som var dagar i mørke, motgang og med vondt å bere?

Slik det var i byen der Jesus stogga og var tett i lag med ein som ikkje kunne høyre, slik kan det også verte for alle som vil våge seg nærare han der han er. For eksempel i kyrkjehuset. Til øyro som lenge har vore proppa igjen, vil han tale sine gode ord. Ord som kan forløyse gleda og lovsongen i livet. Ord som kan fornye og reise opp.

Jesus kan kome opp på sida di. Ta deg til sides frå flokken av menneske rundt deg og tale så du høyrer og forstår. Tale sitt ”effata” inn i ditt liv, slik at du svarar som det vart svart ved Galileasjøen: ”Han har gjort alle ting vel”.  
Det var ordet som lydde om Jesus etter at underet skjedde.

Det er dette vi vil vise kvar einaste av dykk som er i kyrkja i dag, dåpsfamiliar, konfirmantjubilantar og de som er dei trufaste kyrkjegjengarar her i kyrkjelyden vår:
Jesus gjer alle ting vel!

Berre han får sleppe til. Berre vi vågar å la han opne opp der det er stengde kanalar som fører inn i mitt og ditt liv.

Effata, sa Jesus. Lat deg opp! 

Lat opp livet ditt for Jesus slik at ekkoet frå det som hende den gongen også kan lyde mellom oss som lever i dag. Ekkoet av lovsong og lovprising. Han har gjort alle ting vel!

Vi får løyste tunger som takkar og lovsyng fordi vi forstår og begrip at det er Gud som vil oss noko. Han vil oppfylle våre lengsler og våre forventningar.

fredag 11. september 2020

Dømmekraft og innsikt

 

15. s. i treeiningstida I. 13.09.20
Fil. 1, 9-11
Hamre kyrkje. Konfirmasjon

Kjære konfirmantar. Kjære pårørande.
Det vart haust og regn på denne dagen. Det skulle vore vår og ventande sommar. Mykje er snudd på hovudet dette året. Men noko er like vel på rett kjøl. Konfirmasjon og fest kan det vere, sjølv med regn og med restriksjonar, og berre halvfull kyrkje.
Konfirmasjon kan det vere, også med ein prest de ikkje kjenner.
Men heldigvis er ikkje presten hovudpersonen i dag.
Du som er konfirmant er hovudpersonen.
Og viktigare enn at du kjenner presten, er at du kjenner Gud.
Og aller viktigast er det at du er kjend av Gud. Det vil vi framfor alt formidle til deg i dag.
Gud kjenner deg. Ved namn. Han gjorde deg til sitt barn i dåpen. Han vil vere din gode himmelske Far for deg så lenge du lever. Gjennom ungdomstida. Inn i ung, vaksen alder. Når du stiftar familie, og når du får barnebarn, og etter kvart blir så gammal at du forstår at livet her har ei avgrensa lengde. Gud kjenner deg.

På denne konfirmasjonsdagen vil vi, som det aller viktigaste vi gjer, be til Gud for deg.

Du skal knele her på altarringen, og til Gud vil vi nemne namnet ditt.
Og så ber vi for deg med nokre korte ord.

Men på denne søndagen er det også slik at vi, og alle andre som samlar seg i kyrkjene i landet vårt, no har høyrt lese frå Bibelen, frå eit brev apostelen Paulus for lenge sidan skreiv til dei kristne i byen Filippi, ein by som i dag ligg i Hellas.
Til desse aller første kristne i vår del av verda, Europa, skreiv Paulus i brevet sitt:
«Dette bed eg om ….»

Vi las ei bøn for dei første kristne i Europa.
Vi har lese denne bøna også til dykk konfirmantar i Hamre i dag.

Ei bøn om at «kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig …. »

Fantastisk flotte ord til konfirmantar!

Bøn om at kjærleiken dykkar må bli rikare.
At de skal få god dømmekraft. Så de forstår kva som er viktig.

Eg trur mange av oss no er grundig leie av alt styret med antibac, og all handvasking, og av lite klemming, og av saknet av fotball ,og av å halde på meteren til Erna. Eg trur vi føler med dei som inne i byen vår, Bergen, i dag ikkje får ta med seg alle gjestane som var inviterte til konfirmasjonar denne søndagen, slik vi trass alt fekk lov til her på Osterøy.

Likevel må eg seie at det var oppløftande å høyre om at unge menneske er flinkare enn meir vaksne personar til å praktisere og å etterleve smittevernet som desse siste månadene er påtvinga oss alle. Dei unge har dømmekraft; dei forstår kva som er viktig. 

Dømmekraft. Vite kva som er viktig.
Eigentleg er det gamle ord. Men det er ord som er veldig aktuelle. Og så viktige at dei står i Bibelen.

I dag har vi også lese nokre endå eldre ord i den gamle boka. Frå profeten Mika.
Ord som også er gullord på ein konfirmasjonsdag:

« - kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.»
(Mika 6, 8b)

Igjen handlar det om at Gud, Herren, vil at du skal vise kjærleik.
Slik Paulus skreiv om det: «- kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt»

Og då handlar det om å gjere rett.
Kva er så rett? Til oss alle vil eg på denne dagen løfte fram det som ei samla kyrkje i landet vårt dei siste dagane har ropa til styresmaktene våre om: Det er rett å hente hit til landet vårt flyktningar frå den brannherja flyktningeleiren på Lesvos. «50 er ikke nok» er eit slagord som vi no ser gå igjen på haugevis Facebook-profilar. Også på min profil!

Eg er overbevist om at det er å vise kjærleik, rik på dømmekraft, å opne landet vårt for folk som er i desperat naud. Kristen kjærleik er for konfirmantar. Kristen kjærleik er for konfirmantfamiliar. Kristen kjærleik er for politikarar.
Vi ber i dag om at «- kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt.»

Eller som også den gamle profeten sa det: « - kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.»

Eg står her og ser dykk konfirmantar. De er pynta til fest. Og det er fest. Det er glede. Men også ein snert av alvor. Det trur eg at de også kjenner på, bak festkleda.

Eg står og ser at utanpå festkleda, bunadene, dei nye dressane, så har de også på dykk dei kvite kappene. Desse kvite kappene er eit vakkert symbol som har samanheng med det som hende, i alle fall med dei av dykk som vart døypte som små born. Då bar de ein kvit dåpskjole på dykk.
Den kvite drakta er eit symbol på at Gud gjennom dåpen, der de fekk del i alt det Jesus gjorde for dykk med si frelsargjerning på krossen, er blitt «reine og ulastelege» slik Paulus også nemner noko om i denne bøna vi har lese i dag.

I bøna er desse orda brukte om at de må «- stå reine og ulastelege på Kristi dag … »

Kjære konfirmant: Hald fast på det du fekk i dåpen. Du fekk eit levande fellesskap med din skapar og med din frelsar. Han gjorde deg til sitt barn. Han vil at du skal «- vandre audmjukt med din Gud»

Og han vil at du på denne vandringa gjennom livet skal vere fylt av kjærleik, dømmekraft og innsikt slik at du og alle konfirmantane ein gong kan
«- stå reine og ulastelege på Kristi dag … »

Til lukke med dagen, og må Gud velsigne framtida di.

Bloggarkiv