torsdag 12. mars 2026

De skjønar ingenting

4.s. i fastetida. 15.mars 2026
Knarvik kyrkje
Johs 11,45-53

De skjønar ingenting!
Slik snakka øvstepresten Kaifas til dei som utgjorde Rådet, altså den øvste nasjonale domstolen, sett saman av overprestar, eldste og skriftlærde.
Det som var ubegripeleg for denne religiøse og juridiske eliten i Israel handla om det som skjedde rundt Jesus.  Alle kunne sjå korleis folk no flokka seg rundt Jesus i store mengder. Det står rett ut at dei kom til tru på han. For dei hadde sett kva Jesus hadde gjort!

Og det dei hadde sett var ikkje småtteri.

For det siste som skjer før vi stig inn i vår preiketekst, er det vi les i dette same kapitlet hjå Johannes, nemleg at Jesus vekkjer opp att Lasarus frå dei døde.
Ikkje noko mindre enn oppvekking av ein død mann. Ein som hadde lagt i grava i fire dagar, og som dødens nedbrytande krefter hadde herja med, slik naturens gang ein gong er. Sveipt i likklede kom Lasarus ut att or grava som eit svar på Jesu bydande ord: ”Lasarus, kom ut!” 

Etter dette underet les vi at mange kom til tru på Jesus.
Det var grunn til uro mellom dei etablerte, religiøse leiarane. Rådet vart kalla saman og drøftinga om kva dei skulle gjere med Jesus tok for alvor til:

«Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han,»

Så stig altså Kaifas fram. Øvstepresten. Den store sjefen. Den kloke leiaren. Han tek på seg den litt overlegne tonen: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»

I flg Kaifas var det ingen i Rådet som forstod. Difor var hans råd til Rådet: Éin må døy for at ikkje eit heilt folk skal gå til grunne. Eller i klårtekst: Kaifas meinte at Jesus måtte fangast inn, dømast og drepast for å unngå at folket vart ført vill og gjekk til grunne.

De skjønar ingenting, sa Kaifas.
Sanninga var at heller ikkje Kaifas forsto noko som helst av det som hadde med Jesus å gjere. Og han forstod ikkje at han med sine fiendtlege ord rett og slett vart brukt av Gud for å oppfylle Guds store plan for at folket ikkje skulle gå til grunne. Men då på ein heilt annan måte enn slik Kaifas såg det føre seg.

Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.

Han talte profetisk, står det. Han var profet utan å vite om det. Han sa ikkje desse orda av seg sjølv. Gud brukte Kaifas for å oppfylle sin plan. Den som handla om at ein måtte døy for at dei mange ikkje skulle gå til grunne.
Jesus måtte døy for at ei heil menneskeslekt skulle ha håp om å unngå avgrunnen. 

Kva er betyr dette? Er dette noko vi her i Knarvik kyrkje, samla til gudsteneste for nest siste gong før vi går inn i sjølve påkefeiringa, forstår?
De skjønar ingenting!

Kanskje er desse orda sanne også om mange av oss?
Lat oss difor prøve å dukke ned i det sentrale teologiske innhaldet denne søndagen konfronterer oss med.
Og då må vi snakke om at eit menneske døyr slik at heile folket ikkje skal gå til grunne.

Med litt meir teologiske ord, må vi snakka om Jesu offerdød i din og min stad. 

Vi skal snart samle oss til nattverd i denne gudstenesta. Nettopp nattverdliturgien er med på å kaste eit klårgjerande lys over kva dette eigentleg handlar om.

Difor kan vi i dag minne kvarandre om at eit av avsnitta i nattverdliturgien har ei overskrift; ei latinsk overskrift: "Agnus Dei".  Guds lam, betyr det.
Du ser det øvst oppe på baksida av liturgiarket vi har delt ut.

Dette er eit uttrykk som vi kjenner att frå det døyparen Johannes sa då han såg Jesus koma for å verta døypt i Jordan: "Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda"  (Johs.1,29)

Og i vår nattverdliturgi vert dette uttrykt slik : "Du Guds lam, som ber all verdsens synder, miskunna deg over oss!" 

Ein som ber verdsens synd. Ein som tek straffa i staden for andre. Ein som vert ofra; som døyr for at andre skal leve. Det var nettopp dette øvstepresten Kaifas profeterte om. Dette var den rolla Jesus skulle gå inn i.
«De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»

Jesus er Guds lam.Offerlammet. Han er den som er oppfyllinga av det syndeofferet ein kjende til frå GT. I GT les vi korleis presten gjorde soning for folket sine synder ved å bere fram særlege offer for Guds åsyn i tempelet.
Den eigentlege soninga skjedde normalt ved at det vart ofra dyr, og sjølve soningsmiddelet var blodet av offerdyra.
Men i GT ser vi at offerdyret må innviast til å lida døden, til å vera eit sonoffer.

Det mest kjende dømet på dette er det vi les om i 3.Mos 16 der det er føreskrive korleis Aron skulle leggje hendene på hovudet til den bukken som skulle sendast ut i øydemarka. Aron skulle sanne alle synder og misgjerningar til israelsfolket og leggje dette på bukken sitt hovud, og så sende den ut i øydemarka. Bukken skulle bere med seg all synd til folket. (Jfr. vårt kjende uttrykk – syndebukk)
Dette er eit symbolsk uttrykk for at synda vert fjerna. Men sjølve soninga, det som verkar reinsing og oppattretting av det nådige livsfellesskapet med Gud, vert ikkje knytta til denne bukken, men til syndoffera som vert bore fram til altaret same dagen.

(sjå 3.Mos.16, 11f; 15f; 24f)
 

Det er altså i denne samanhangen vi ser at Jesus går inn og ofrar livet. Med ord frå NT:  Han er Guds lam som ber verdsens synd. Og det er denne Jesus vi ropar til før vi går fram til nattverdbordet. "Du Guds lam, miskunne deg over oss!" 

Og om vi framleis held oss til nattverdens ord og formuleringar:
Når presten har delt ut brød og vin til kvar einskild nattverdgjest med dei velkjende orda: "Dette er Jesu kropp" og "Dette er Jesu blod", så seier han til nattverdgjestene før dei reiser seg frå knefallet:

"Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har nå gjeve oss sin kropp og sitt blod som han gav til soning for alle våre synder. 

I nattverden får vi del i Jesu kropp og blod. Vi får del i det offer han har bore fram for Gud. Seg sjølv. Jesus er sonofferet. Han er den eine som døyr i staden for dei mange, slik øvstepresten profeterte om. 
Døden råka Jesus langfredag. Vi får del i det offer Jesus bar fram på langfredag når vi  tek del i den heilage nattverdferiringa.

"Den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus har nå gjeve oss sin kropp og sitt blod som han gav til soning for alle våre synder. 

Øvstepresten Kaifas var, utan å vite det, Guds profet gjennom sine utsegn om Jesus då Rådet drøfta kva dei skulle gjera med Jesus.
Kaifas kom aldri med nokon profeti som han tenkte ut av seg sjølv. Gud nytta Kaifas som sin profet i kraft av den embete Kaifas hadde som øvsteprest.

Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.
På forunderleg vis gjekk det slik at øvstepresten Kaifas, utan sjølv å vere klår over det, tala profetisk om at Jesus skulle døy ein soningsdød for syndene til heile folket når Jesus veldig snart vart teken til fange og etter kvart avretta.

Etter at møtet i Rådet var over og drøftingane der fullførte, les vi at det no leid til jødisk påske. Det var den påska då det hende. Då Jesus gjekk død og oppstode i møte. Slik sett, er denne teksten ei veldig god avrunding på vår fastetid, og ein opptakt til det som ventar. Snart er det påske også hjå oss. Men først skal vi neste søndag stige ut or fasterytmen og feire Maria bodskapsdag. 

Altså: På forunderleg vis ser vi korleis dei ufriviljuge profetorda vi har høyrt om, er med på å kaste lys over det vi opplever når vi feirar nattverd. Då får vi del i eit sonoffer som Jesus har fullført. Det hende i påska då han måtte døy på krossen. Der har vi sonofferet som er gjeve til forlating for syndene våre.

 AMEN

 

tirsdag 20. januar 2026

Halleluja (?)

 

4. s. i openberringstida. I.  25.januar 2026
Luk. 18, 35-43  *  Salme 146, 1-10
Seim kyrkje

 

Du har høyrt om den blinde Bartimeus?
Vi las nett om han. Men namnet hans vart ikkje nemnd.
Bartimeus er eit namn mange søndagsskuleborn kjenner. Forteljinga om han er også ofte framme i familiegudstenester.

Men då les vi gjerne forteljinga om den blinde frå Markusevangeliet, i staden for frå Lukasevangeliet, som vi har gjort i dag. Forteljingane er tilnærma identiske, men ein viktig skilnad er at evangelisten Markus presenterer den blinde ved namn. Han heiter Bartimeus.

I dag vil eg seie ganske lite om Bartimeus. Men eg vil i alle fall slå fast at Jesus gav den blinde synet tilbake. Og at Bartimeus, som vi kunne forvente, vart hoppande glad. Og vi kan lese: «Han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud» (Luk. 18, 43)

Så vil eg flytte fokuset til det vi høyrde lese frå GT tidlegare i gudstenesta.
Vi las Salme 146. Ein skikkeleg Hallelujasalme!. Ein gledessalme. Ein lovprisingssalme. Som til og med vert innleia med det ordet vi syng før og etter lesinga av evangelieteksten i gudstenestene våre: Halleluja!

Kanskje skal vi bruke eit par minuttar til å finne ut litt meir om dette ordet? Lenge trudde vi det var reservert for kyrkjer som hadde skilt lag med den trauste norske kyrkja, som vi før kjende som Statskyrkja.

Men altså: Halleluja er eit utrop som Bibelen brukar mange gonger, som ei lovprising av Gud. Ordet, som er hebraisk, betyr «Gud vere lova». Det er sett i hop av to ord, hallelu  - ei bydeform av ordet som betyr «lovprise» og -  ja/jah -  som er ei kortform av gudsnamnet Jahve.

I GT er ordet brukt mykje i Salmane, vanlegvis i innleiinga og/eller avslutninga av ein salme, slik vi ser her i dagens salme, Salme 146. I NT finn vi det berre i Johs.opb. i skildringa av lovsongen i himmelen.

I dag ser vi at «Halleluja» er eit fast ledd i mange kristne gudstenester, særleg ved lesinga av evangeliet, som i våre lutherske gudstenester. Tilsvarande gjer også katolske kristne som feirar gudsteneste. Og frå salmeboka ser vi ordet er mykje brukt, kanskje særleg i påskesalmar og takkesalmar.
Mange utanfor kyrkja likar å parodiere det dei gjerne kallar hallelujastemning.
Men Halleluja er ikkje eit ord for parodi. Det er eit jublande gledesuttrykk som vi på ein dag som i dag gjerne stemmer i.

Denne søndagen er ein dag for jubel. For lovsong. For glede.
Slik Bartimeus prisa Gud for at han fekk synet tilbake etter å ha vore blind veldig lenge. Men han visste truleg korleis det var å sjå, for han bad Jesus om å få synet att.
Om den sjåande, tidlegare blinde mannen, les vi altså:
«Han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud»

Og vi vil også stemme i dette ordet i dag. Lovprisingsordet. Hallelujaordet.
Ikkje fordi vi alltid blir så glade og oppstemte over det vi ser med våre auge i desse dagane.
Ei utblikk over verda og verdssituasjonen skapar ikkje akkurat hallelujastemning hjå nokon av oss.

Vi finn likevel visdomsord i denne salmen som synest å vere skrivne for å lesast nettopp no, vinteren 2026: «Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa.» (v.3)

Det er ikkje mange av oss som stolar på dei tre store fyrstane i dagens verdsbilde – anten dei heldt til i Kina, Russland, eller står fram som ei bølle frå USA som no får eit ras av mishagsytringar over seg frå ein samla verdsopinion.

Ingen av oss vil bruke hallelujaordet når vi tenkjer på dei. Salmisten seier det med orda som vi nikkar til, og som vi kanskje ynskjer skulle gå i oppfylling snarast råd ord:
« Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus» (Ps 146, 3-4).

Men Hallelujaordet er likevel så absolutt til å løftast opp på denne søndagen.

For i dag handlar det om storverk som Gud har gjort, og som Gud framleis kan gjere.

Eit slikt storverk var det Jesus utførte då han viste at han kom frå Gud, ved at han gjorde under og teikn, ved at han gav den blinde synet tilbake. Slik at vi kan lese om Bartimeus:  «- Han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud»

Difor – høyr enno ein gong våre grunnar til å prise Gud – til å ta fram Hallelujalovprisinga. Vi lyttar enno ein gong til orda i Salme 146:

Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar og set si von til Herren sin Gud. 
Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei, han er trufast til evig tid. 
Han hjelper dei undertrykte til deira rett, han gjev mat til dei som svelt.
Herren set dei bundne fri.
Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige. Herren vernar innflyttarar. Han held enkjer og farlause oppe, men gjer vegen kroket for dei som gjer urett. Herren er konge til evig tid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt.
Halleluja!
(v.5-10)

Også her høyrer vi om at «Herren gjev dei blinde syn.» Det er vel kanskje difor at denne salmen er sett opp for å lesast i lag med evangelieorda om den blinde ved Jeriko.

Men Herren Gud gjer meir godt enn å gje Bartimeus grunn til hoppande glede over auge som fungerer.

Vi høyrer om den trufaste skaparen av alt som er. Himmel, jord og hav.

Berre å lese om skaparverket med slike ord utfordrar oss i dag til å ta vare på det gode. Til å verne om skaparverket. Til å forsake i vår velstand.
Vi må hugse at vår rikdom og vår vilje til å forbruke står fram på ein måte som var bortanfor all fantasi til dei som i si tid skreiv denne lovprisinga av Herren Gud.

I salmen høyrer vi at Gud hjelper undertrykte. Om at han mettar svoltne. Han set bundne fri. Han vernar om innflyttarar. Alt står i denne salmen.

I møte med slike ord må vi som står med føtene våre solid planta i vår kyrkje ta til motmæle når folk står fram og kallar det for venstrevridd politisering at kyrkja løftar fram nettopp slike tema, og slike prioriteringar, i det som er viktig for kyrkja vår.

Dei undertrykte
Dei bundne
Dei svoltne
Innflyttarar.

Når skulle alle dei som kjem inn under slike kategoriar finne jubel og glede og grunn til å stemme i eit halleluja – om ikkje kyrkja var der og forkynte med ord og i praktisk gjerning – det vil les om som Guds gode vilje?

Jesus viste Guds gode vilje mot den blinde. Han gav Bartimeus ein totalt omstart i livet sitt då augo hans såg. Augo hans gløda. I glede over å sjå det Gud hadde gjort. Gud som «-skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei.» Han hadde all grunn til å lova og prisa Gud. Til å stemme i eit Halleluja.

No er det vår tur til å gjere Guds gode vilje.
Kanskje er det rett og slett ei utfordring til alle oss i eit trygt demokrati at vi ser det som Guds vilje i dei dagane vi no gjennomlever, å vere med på å gjere slik det står i salmen at Gud gjer? For Gud «- gjer vegen kroket for dei som gjer urett»

I møte med urett, med det som har gått på tverke i den gode verda som Gud har skapt, må vi som trur på Gud som skapar og Herre stå opp for hans gode gjerningar.
Vi vil bruke våre tankar, våre krefter, og vår forstand for å gje dei grunn til å prise Herren, til å bere fram sine hallelujarop, dei som er dei undertrykte, dei bundne, dei svoltne. Innflyttarane mellom oss.

No prisar vi Gud og seier: Herren er konge til evig tid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt.
Halleluja!

 

AMEN

Bloggarkiv