Viser innlegg med etiketten Openberringstida. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Openberringstida. Vis alle innlegg

tirsdag 16. januar 2024

Gratis

3. s. i openberringstida. II. 21.01.2024
Johs. 4,4-26
Gulen kyrkje – Mjømna kyrkje

Det er gratis!
Betre salstrick finst ikkje. I alle fall ikkje om det faktisk er alvorleg meint. Gratis!

Tenk om straumen vår var gratis? Eller bensinen. Eller maten. Eller flyreisene.
Vi kan ikkje førestille oss det. I alle fall ikkje midt i ei dyrtid. Vi kan vanskeleg sjå for oss at eit samfunn kan fungere utan at saker og ting, varer og tenester, må kjøpast og seljast. Dei kallar det for «markedet» i massemedia. Det må fungere. Der er ingen ting gratis.

Men altså – i dag kom du til kyrkje, og eg kan love deg – vi leverer det beste frå oss til deg i dag: Gratis!

Høyrde du orda vi las for litt sidan?: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
(Jes. 55,1)

Eller Jesu ord, som vi også las, sagt via ein engel, og skrive ned i Johs. opb. :
«Kom! Den som trøstar skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.»

Det handlar om vatn i dag. Ikkje heilt det same vatnet som renn i røra til hus og verksemder her i Gulen. Det vi drikk av. Det vi vaskar oss i. Det som pøsar ned over oss i ein av dei mest nedbørrike kommunar i landet.

Men det handlar om vatn.

Jesus kallar det levande vatn. Og det er gratis. Det er ei gåve. Det utrettar uendeleg store ting.

I kyrka vår slår vi vanleg vatn i ei kanne, tømmer det i døypefonten, les Guds ord over vatnet, før vi auser det over eit barnehovud. Då er det ikkje vanleg vatn lenger. Då er det levande vatn. Himmelvatn. Vatn som reinsar. Som gjev nytt liv til eit barn som allereie fekk livet i gåve gjennom far og mor. 
Gjennom dåpsvatnet skjer ein ny fødsel. Ein åndeleg fødsel. Ein underets fødsel som opnar opp vegen til himmelen. Også dåpen er ei gåve. Heilt gratis.

I Bibelen handlar mykje om vatnet. Vi kan ikkje ta føre oss alt som kunne vore løfta fram. Men om att og om att kjem vi til passasjar der vatnet er eit hovudpoeng, gjerne med mykje djupare meining enn det ein først tenkjer, berre ved å lese orda som er trykt på bibelsidene.

På denne søndagen har vi landa i Johannesevangeliet, etter å ha vore innom profeten Jesaja og Johannes openberring, slik vi så vidt har stansa for.

Vi har høyrt om Jesu samtale med denne kvinna han møtte ved brønnen i byen Sykar.

Brønnen som vart kalla Jakobsbrønnen. Jakob frå GT. Barnebarnet til Abraham. Son til Isak. Bror til Esau.
Kvinna ved brønnen løfta fram Jakob då ho tok til å samtale med Jesus der ved brønnen.

Hugsar du Jakob fra GT?
Han hadde rota det til i livet sitt. Farens velsigning hadde han svindla til seg på broren Esau si bekostning. Han flykta frå ein hatefull bror og frå ei slekt han hadde svikta og lurt. Men han fann seg ein kvilstad der han sovna med ein stein til hovudpute. Og der fekk han den gode draumen. Draumen om himmelstigen der Guds englar steig opp og ned og der Gud Fader stod ved øvste trinn i stigen og talte gode ord til den svikefulle Jakob.  Jakob fekk ei himmelopenberring og eit møte med Gud der han sov i steinrøysa. Midt under si flukt frå den slekta han hadde gjort urett imot, møtte Gud han med sine veldige lovnader:

"Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg...." (1.Mos.28,15)

Utan at Jakob heilt var klar over kva som hende, kom Gud han i møte med sine nådige armar. Og heilt ufortent fekk han drikke av ei kjelde av nådevatn. Og det var først då han hadde drukke at han forstod kor tørst han hadde vore. Difor braut han også ut i undring då han vakna:

"Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!" (1.Mos.28,16)

Visste du at det var Herren som var her i kyrkja i dag? Du gjekk til kyrkje i dag utan nokon spesiell god grunn. Kan hende rett og slett fordi du vanlegvis gjer det når det er gudsteneste. Eller du kom fordi det var noko som dreiv deg hit; noko du ikkje heilt veit å setje ord på.  [Eller du kom til kyrkje i følgje med eit dåpsbarn.]
Men at du skulle møte Herren, var du kan hende ikkje heilt budd på.

Ho var heller ikkje budd på å møta Herren, samaritanarkvinna ved brønnen i Sykar. Ho med den rotete fortida og sine frynsete utskeiingar med menn. Ho hadde heilt sikkert eit dårleg rykte på seg blant andre der i Sykar. Difor gjekk ho til møteplassen, der folk vanlegvis treftest til ein liten triveleg prat medan dei henta opp vatn, på ei tid av døgnet då der var liten sjanse for å treffe alle desse med dei skeive blikk og dei underfundige kommentarane. Ingen av desse var heller ved brønnen. Men der var i staden Jesus.

Og det viste seg at det denne kvinna hadde lengta etter, og som ho hadde søkt hjå alle mennene ho hadde vore saman med, det var noko anna enn det vi kallar for livstørst.
Visst var ho tørst. Visst lengta ho etter liv. Men det var først når Jesus baud henne drikke av det levande vatnet at det gjekk opp for henne at ho hadde søkt å sløkkje tørsten sin i fullstendig feilaktige kjelder.

Det er dette vi skulle få augene våre opp for på denne søndagen, alle vi som tørstar.  
Har vi det slik inne i oss at vi kjenner at det skulle vore godt å møte Gud på ein slik måte at livet vart rikare, at lengsler vart fylte, så er kjelda vi kan drikka frå å finne her på denne møtestaden vi har funne fram til i dag; her i Guds hus.

Då Jakob vakna etter draumen om himmelstigen, og han hadde konstatert at Gud var på denne staden, sjølv om han ikkje visste det, så las vi at Jakob gav staden namnet Betel.
Det tyder Guds hus. No er vi i Guds hus på vår stad. Guds hus i vår bygd.
Betel. Møtestaden. Her er brønnen med det levande vatnet. Kjelda for nåde og for nytt og friskt liv.

Det er godt å vera prest i Gulen på ein slik dag, og få lov til å ause opp or denne kjelda til dykk som er her. Det er godt at eg sjølv får drikke av denne kjelda.

[Og bokstavleg tala skal vi ausa or nådekjelda i dag. Vi har allereie ausa levande vatn over eit barnehovud. Vaska barnet med nådevatn og gjort han rein for Guds rike og for eit liv i tru og teneste for han.]

Bokstavleg tala skal vi ause or ei anna nådekjelde i dag. Nattverdens vin. Jesu blod. Utrend til forlating for syndene dine. Og for syndene mine. Vi skal drikke. Meir enn levande vatn. Vi skal drikke dråpar av blod frå den levande og oppstadne Jesus Kristus.

Han som kjenner kvar og ein av oss. Han som kan seie meg alt eg har gjort, slik han sa det om den samaritanska kvinna; han vil trass i sin kjennskap til det vi helst ikkje vil skal verte kjend for våre næraste ein gong, møte tørstande sjeler som lengtar etter liv og nåde og etter vekking og endå meir liv; nettopp det vi treng i våre uttørka åndelege halsar.

I dag sit han ved brønnen. Han dreg sitt levande vatn opp or ei botnlaus kjelde. Ei kjelde som aldri tørkar inn.

Er du tørst?

Då er det berre ein ting som hjelper deg.
Drikk av det som vert bydd fram i dag. Det er Jesus sjølv som vartar opp.
Kjelda er full.
Og når vi er tørste, er det fordi vi ikkje har drukke nok.
Versågod! Drikk ut!
Alt er gratis.

AMEN


fredag 21. januar 2022

Oppreist

 

4. s. i openberringstida. III. 23.01.22
Bardu
Luk. 13, 10-17

 

I evangelia møter vi mange menneske som var nedbøygde av mange grunnar, Som gjekk rundt i livet og bar på noko tungt, noko som gjorde  ryggen  krum, nakken bøygd og knea skjelvande.

Det kunne vere ein lam som måtte ha hjelp for å finne seg ein stad i vegkanten eller på torget for å møte rike menneske med sitt bedande og tiggande blikk.

Eller vi høyrer om dei med verkbrotne og nedbrotne lemmer. Kanskje var det leprabasillen som hadde sendt dei ut i grenselandet mellom øydemark og sivilisasjon der familien bar mat ut til dei ureine som var smitteberande med ein langt verre sjukdom enn dagens covid.
Urein, urein, ropa dei om seg sjølve for å halde avstand, langt over meteren. Sjukdommen og skamma var forferdeleg. Slik var det i Israel på Jesu tid, og slik var det her hjå oss like fram til vår eiga tid.
Den aller siste spedalske i vårt land budde i min heimkommune. Han døydde  i 1957 i Bergen, og i NRK sine gamle arkiv går det enno an å høyre intervju med denne mannen.

Tenk også på dei mange andre skamfulle, med blikket i bakken, som vart hersa med av mektige og store, av dei  som var rike og som sat med makta til å dømme, og i verste fall til å mishandle. Vi ser for eksempel for oss forteljinga om kvinna som dei skriftlærde mennene ville kjeppjage og steine fordi ho var teken på fersken mens ho gjorde ekteskapsbrot. Heilt fram til dei la saka hennar fram for Jesus og alt snudde seg. Det kan vi lese om i Johs. 8

Og eg trur at den krumbøygde kvinna som stig mot oss i denne forteljinga vi har lese i dag, også var av dei skamfulle.
For aksepten for den slags funksjonshemming i Jesus samtid var neppe særleg stor.
I 18 lange år har ho gått der med sin krokete rygg og stira ned for seg.
Ho var sikkert sett utanfor det meste av det sosiale livet som dei fleste andre tok del i. Truleg var ho aldri ein kandidat til å få seg ein mann og stifte familie. Det står ikkje noko om det, men det er lett å forstille seg at ho var ei av dei som sat med tiggarskåla på byens torg.
Når det på toppen av dette også står at diagnosen og årsaka til den bøygde ryggen hennar er sett i samanheng med det som kallast ei sjukdomsånd, og at Jesus sjølv seier at denne Abrahams dotter, altså ein kvinne med djupe røter i det jødiske folket, rett og slett var bunden av Satan gjennom desse 18 vonde åra, så hjelper ikkje det mot skamkjensle.

Desse forunderlege diagnosane kunne vi sjølvsagt brukt tid til å dukke ned i.
Ville Jesus, om han gjekk rundt mellom oss og kunne vise til moderne medisin og flotte sjukehus, brukt slike ord og uttrykk? Det tvilar eg på.
Eg vil ikkje seie meir om desse uttrykka, anna enn at vi må sjå dei i lys av det som gav meining for folk som høyrde på Jesus, som møtte han, og som var begeistra for det han gjorde, eller som tvert i mot heller såg på han som ein trøblete oppviglar i det religiøse miljøet rundt synagoga.

Denne kvinna møtte Jesus, og ho fekk endeleg rette ryggen. Ho fekk løfte ansiktet og møte andre sine ansikt. Det var eit betre og hyggelegare syn enn å stire ned for seg og berre sjå sine eigne, eller naboens, sandalar som var sveipte rundt støvete tær.

Denne kvinna møtte Jesus.
Slik også vi i dag kan få møte Jesus.

Jesus gjore to viktige ting.

Først dette at han gjorde noko med hennar naud. Med den krokete ryggen hennar. Han la hendene på henne, og ho kunne rette seg opp. Ho kunne lovprise Gud. Ho kunne sjå rundt seg. Ho kunne sjå menneske og natur, dyr og hus, frå det perspektivet ho var skapt til, ikkje slik sjukdomen hadde tvinga henne til å sjå tilværet sitt. Ho hadde sett det låge, det det støvete, det som alle gjekk og trakka på og i. No kunne ho sjå familien som smilte til henne, ho kunne gle seg over borna som leika, og over å setje seg til bords og nyte eit godt måltid utan å vere til bry og sjenanse for menneska som var hennar nære.

Jesus gjorde to viktige ting, sa eg.

Det andre han gjorde var å ta eit oppgjer med dei villfarne religiøse leiarane som hadde stivna til. Også dei var krumbøygde og skakke. Men det var i deira oppfatning av kva som var Guds vilje for menneska som levde saman på denne staden der Jesus no gjekk rundt mellom dei.

Forstandaren i synagoga fekk passet sitt påskrive at Jesus. Det er nesten som vi ser han for oss der han prøver seg med å kome drassande med det som var velkjende påbod og forbod som var knytte til sabbatsfeiringa. Arbeid var slett ikkje lov på den jødiske kviledagen. - Kva som helst, sa han – men styr unna lækjedom på denne eine dagen i veka.

Hyklarar! Jesus var skarp. Han var tydeleg. Og truleg vart han populær med ein slik reaksjon. Populær mellom vanlege folk, men på ingen måte i augo til synagogeforstandaren.

Det er nesten som vi den dag i dag høyrer ekkoet, snerten, av dei sylkvasse irettesetjingane frå Jesus: «Hyklarar! … Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet sitt frå båsen på sabbaten og leier dei ut så dei få drikke ?»

Kva er det som skjer?
Det er at Jesus ser at dei guddommelege reglane om korleis vi skal leve saman, dei vert plukka ut or sin samanhang, og nye, menneskeskapte lovar og reglar oppstår slik at vi står att under eit trykk av forventningar og eit finurleg forventningspress som fort får oss til å bøye nakken og krøkje ryggen og stå igjen som vanskapte kristne, utan glede, og i verste fall med skade på helsa vår.

I møte med denne evangelieforteljinga vert eg ekstra glad og oppbygga.
For her får vi malt opp for augo vår to velsigna gode sider ved Jesus.

Det eine er altså at vi har sett korleis han tek eit oppgjer med det som av og til kan synast som ein ibuande trong for religiøse, eller skulle vi i vår norske samanhang seie, kyrkjelege eller kristne, leiarar til å herse med menneska som desse leiarane heller skulle hjelpe til gode liv, og til innsikt i Guds gode vilje. Hyklarstempelet frå Jesu munn må mane kvar og ein av oss som er i ein slik posisjon til å granske Jesu ord endå djupare, og endå meir nøye slik at vi kan sleppe eit rettferdig hyklarstempel.

Men det andre vi har sett på, og som er det største i dagens evangelium, det er likevel å få høyre om at det går an å få rette ryggen for kvar einaste som av ein eller annan grunn kjenner seg krumbøygd, som stirer i bakken og ikkje mot sola.

Ein som har sagt nokre flotte visdomsord om dette er teologiprofessoren Notto R. Thelle i ei bok som heiter «Ditt ansikt søker jeg». Eg siterer frå boka[1]:

«Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.
Vi er ikke kalt til å kues med bøyde nakker og blikket vendt mot jorden. Da blir vi i stagnasjonen og veksten stopper opp. Vi er heller ikke skapt til å gå på tærne og strekke oss etter det som er over vår fulle lengde. Da ender vi i overanstrengelsen.
… Den virkelige utfordringen er å bli et menneske som lever i sin fulle høyde.»

Vi kan gjerne bøye oss for Guds storverk som han viser oss når vi får sjå kven Jesus er og kva Jesus gjorde og kva Jesus sa. Men vi skal ikkje gå inn i det sjukelege, det krumbøygde, det underkua.
Det står i det vi las frå evangeliet i dag at folket som opplevde desse hendingane med Jesus i sentrum, dei «gledde seg over alt det underfulle han gjorde»

Det skal også vi får gjere på denne søndagen, og vi gler oss i lyset frå evangelieordet, men gjerne også av dei kloke orda til teologiprofessoren: «Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.»

AMEN

 



[1] Notto R Thelle: «Ditt ansikt søker jeg» s.22

torsdag 13. januar 2022

Namnet

 

3. s. i openberringstida III. 16.01.2022
Nedre Bardu kapell
Johs. 1, 15-18

Når vi skal bli kjent med kvarandre, så er det alltid grunnleggjande at vi fortel kva vi heiter. At vi presenterer oss. Og då er det slik at nokre av oss er veldig treige til å hugse namn. Det er litt pinleg å seie det, men eg er ein slik som treng lang tid på å lære meg namn på nye kjenningar. Andre synest å vere reine ekspertar på å lære namn, og å plassere desse rett i årevis seinare, kanskje berre etter eit flyktig møte. 

I kyrkjene våre har vi no etter jul gått inn i den delen av det kyrkjelege året som vi kallar openberringstida. Då er det noko vi skulle bli betre kjende med, noko som skulle openberrast for oss.
Det er vel ikkje spesielt overraskande at det i kyrkja handlar om å gjere oss betre kjende med kven Jesus er, kvar han kjem frå, og kva som er hans viktigaste oppgåve.
 

I dag får vi gjennom det vi les frå Bibelen lære noko både om kven Jesus er, og om kven Gud er. Vidare om den tette samanhengen, eller skal vi heller seie: Om den merkelege einskapen det er mellom Jesus og hans himmelske far, Gud sjølv.

Vi høyrer først i dag frå eit lite avsnitt frå 2.Mos i GT. Forteljinga om då Moses fekk vite kva Guds namn eigentleg er. Det er ein underleg, men viktig samtale vi høyrde eit referat frå.

Det er Gud som presenterer seg sjølv for oss, så og seie! 

Da sa Moses til Gud: "Sett at jeg går til israelittene og sier til dem: Deres fedres Gud har sendt meg til dere, og de så spør meg: «Hva er hans navn? Hva skal jeg da svare dem?" Gud svarte Moses: "Jeg er den jeg er». Og han sa: «Slik skal du svare israelittene: Jeg er har sendt meg til dere." (2.Mos.3,13-14)

Gud, han som har det merkelege namnet ”Jeg er” eller ”Eg er” som det er naturleg for meg å seie, han møtte Moses. Han kalla Moses til leiar og førar for Israelsfolket. Og Gud gav seg til kjenne for Moses ved å presentere seg, ved å openberre namnet sitt. Gud heiter rett og slett ”Eg er”.

Kanskje visste du ikkje det før du kom til kyrkja i dag? Kva Guds namn er. Vi kallar han gjerne for Gud. For Far. For Jahve. For Herren. Gud har mange namn. Men når han presenterer seg for Moses kallar han seg altså for ”Eg er”.

Vi kunne brukt mykje tid på å forklare djupna i dette namnet. Det har vi ikkje tid til no. Men om du ikkje har lært noko anna i dag, så har du i alle fall lært kva Gud eigentleg heiter. Eg er heiter han. 

Og ved å ta på seg eit slikt namn, fortel det noko grunnleggjande om Guds eksistens, om hans posisjon i tilværet.
Dette betyr at Gud har ein eksistens som går tvers gjennom, og utanpå det vi er i stand til å førestille oss. Eit menneske, du eller eg, har ei tilmålt levetid der vi er – der vi finst til. I snitt lever dei fleste nordmenn nokre og 80 år her på jorda. Nokre mykje kortare, Og ein del til dei vert litt over 100 år.

Men når Gud seier at han er, så betyr det at han også var – før tida tok til, og så var han der vidare gjennom alle tider. Når ein gong alle jordiske klokker og kalendrar ikkje har meir tid å måle her på jorda, då skal Gud framleis vere. Inn i det evige som ikkje har ein ende. Gud er. Alltid og i all æve. 

Gjennom alle tider har folk vore på leit etter Gud. Mange leitar også i dag. Dei søkjer Gud og det guddommeleg på mange underlege stader. I stjerneteikn og meditasjon; i framande religionar eller i naturopplevingar. Den religiøse lengten er kanskje større i vår tid enn det vi har sett nokon gong. Sjølv om mange rett og slett er sjenerte over å vise at Gud er i tankane deira. Sjølv om mange har tungt for å finne vegen til ei kyrkje og slik gje uttrykk for at Gud kan bety noko i livet deira. 

Men å finne Gud på ein fjelltopp, i ei stjernetåke eller ved å lage seg det mange omtalar som «min gud», eller ved å prøve å snekre seg ein eller anna form for privat religion, det er truleg vanskeleg, og neppe realistisk.
I vår kyrkje trur vi på, og er overtydde om, at det berre er ein som har vist oss kven Gud er. Det er han som kom frå Gud, han som Gud kallar for son sin, og som vi også har lese om i dag, gjennom orda som er refererte frå munnen til døyparen Johannes:
 

«Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.» 

Her siktar evangelisten Johannes, som har skrive desse orda, til Jesus.
Ingen har sett Gud.
Men mange har sett, eller såg, Jesus. Og det dei såg og høyrde av Jesus, det vart skrive ned slik at vitnemåla om denne eineståande mannen kan vi ta fram og lese i vår Bibel den dag i dag. I historia vår finst det ikkje ein einaste person som er så mykje omtala, og som har fått så sterke vitnemål om seg som snekkarsonen Jesus Kristus frå Nasaret.
 

I dag får vi høyra at Jesus er den som har gjort Gud kjend: «Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.»

«Den einborne» står det. Kva betyr det? Det betyr den einaste; det einaste barnet, den einaste sonen. Guds einaste son. Det er han som vart fødd av Maria i 
jula, og som heiter Jesus. 

Guds son, Jesus, han har eit nesten uforståeleg tett forhold til sin Far, til Gud. Det står her at han er i Fars favn; på nynorsk står det i Fars fang.

I Johs. 10,30 uttrykkjer Jesus dette tette forholdet endå sterkare. Her seier han det rett ut: «Eg og Far er eitt»

Altså: Ved at vi ser på Jesus, ved at vi les og lærer, lyttar og tilber, kjem vi så tett inn på Jesus at vi får ei aning og ei formeining om kven han var. Kven han er. Kven Jesus er.
Men då forstår vi også ein liten bit av kven Gud er. Korleis Gud er. Korleis han er, han som kallar seg sjølv for «Eg er»
 

Guds namn, Eg er, høyrest veldig merkeleg for oss som er vane med at vi alle har normale fornamn, slik kvar og ein av oss fekk tildelt då vi var nyfødde. Men når vi ser på Guds namn og på Jesu namn, så er det ein ting til vi må merke oss som angår Jesus.

Det at han og Gud, han og Far, som han seier at han er eitt med, har eit så tett forhold, avspelar seg i at Jesus mange stader når han talar om seg sjølv også stig inn i rolla til han som heiter Eg er.

For når vi tenkjer etter, hugsar vi korleis Jesus omtalar seg sjølv. Har seier f.eks:
Eg er  - den gode hyrding; - vegen sanninga og livet; - lyset i verda; - livsens brød; - døra; -oppstoda og livet; -det sanne vintreet.

Alle desse presentasjonane av seg sjølv der han brukar denne formelen, eg er, om seg sjølv, viser at Jesus også identifiserer seg med måten Gud presenterte seg for Moses på då Gud fortalde kva hans namn er – han heiter Eg er.

I det nye testamentet viser Gud seg som Gud i og gjennom Jesus, som er Gud. Menneska har fått eit nytt gudsnamn – Jesus.

Når vi vil ha kontakt med Gud kan vi be i Jesu namn. Då ber vi også til Gud. For Jesus namn er Guds namn på jorda.

Når vi vil ha kontakt med Gud og ber til han, snakkar med han, då går vi til Jesus. Han kan vi kome fram for, og han har uendeleg rike gåver å gje til dei som vil være nær med han, verte kjend med han som presenterer seg for oss, og  som vil la oss forstå kva som ligg gøymt bak namnet hans. 

Vi går vidare inn i det nye året, og ynskjer å lære Gud og Jesus betre å kjenne. Vi vil be om at Gud vil gje oss av alle sine rike gåver gjennom Jesus.
Det største av alt er omtalt i tekstordet til oss i dag:
Nåden og sanninga som kom ved Jesus Kristus.
Dette vert også kalla for nåde over nåde.
Måtte kjennskapen til Jesus vekse og modnast slik at vi kan halde fast på hans overflod som vi alle har fått av.

AMEN

mandag 10. januar 2022

Sjå!

 

2. s. i openberringstida. III. 09.01.2022
Bardu krk
Johs 1, 29-34

 
Vi kallar det for openberringstida, desse vekene i året som kyrkja no har gått inn i. Når noko skal openberrast, så er det noko som vi får lov å sjå. Sjå inn i. Noko som kanskje har vore gøymt for oss. Eller usynleg. Eller uforståeleg. Kanskje kan vi tale om noko mystisk som ikkje lenger skal vere så mystisk.

Vi helsar på Johannes i dag. Døyparen Johannes. Slektningen til Jesus. Son til Elisabet og Sakarja. Vi kan lesa at engelen som kom til Maria og fortalde at ho skulle bli mor til Jesus, denne engelen omtalar Elisabet som slektningen til Maria. Desse to slektningane, - kanskje var dei søskenbarn? – gjekk altså gravide samstundes. Johannes vart fødd eit halvt år før Jesus.

I dag møter vi Johannes som vaksen mann, og han hjelper oss til å sjå det som skal openberrast for oss, nemleg kven Jesus var, og kven Jesus er.

Vi skal sjå.

Johannes ser også. Først ser han Jesus som kjem gåande mot seg.
Det som er i ferd med å hende, er at Jesus er på veg ut i øydemarka for å la seg døype av slektningen sin. Det er dette Johannes ser, og han anar straks at no skal no veldig stort skje.
Noko mykje større enn det som har pågått ei stund ved at Johannes sjølv har døypt menneske som kom til han. Denne dåpen som Johannes utførte, var noko heilt anna enn det vi er med på i kyrkjene vår når småborn vert døypte med ein kristen dåp i Jesu namn. Johannes sin dåp var ei symbolhandling der folk som hadde eit litt rufsete liv kunne stige ut i elva Jordan og på den måten vise at no ville dei starte eit nytt og betre liv. Vende seg bort frå det som av mange vart opplevd som vondt og vanskeleg. Kanskje ville vi i dag omtale det som eit syndig liv.

Den kristne dåpen som skjer i kyrkjer verda over, er ein dåp der vi trur at den som vert døypt vert gjort til eit barn av Gud. Den døypte blir eitt med Kristus og får del i hans frelsarverk.  Det gjev mellom anna full soning av alle synder. Det er ein dåp der vi vert sameina med Kristus i hans død og oppstode, og slik får vi ein open veg til frelse og evig liv.

Johannes døyparen ser altså at Jesus er på veg til han for å verte døypt med denne omvendingsdåpen. Han reagerer. I Matteusevangeliet kan vi lese at Johannes til og med vil hindre Jesus i å bli døypt med Johannes sin dåp. «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg» står det at Johannes seier til Jesus. (Matt.3,14)

Altså: Johannes har sett at Jesus kjem til seg for å blande seg med syndarane som stod i kø for å starte ei nytt og betre liv ved å stige ut til ein dåp i Jordanelva.
Då ropar han ut til alle dei andre som er i lag med han, samstundes som han peikar på Jesus:
«Sjå Guds lam, som ber bort synda i verda»

Dette er den første openberringa vi skal stogge for på denne søndagen: Jesus er Guds lam.
Men det er veldig lett å forstå om nokon av dykk som lyttar no, straks innvender: Det var ikkje mykje til openberring!
Guds lam – det høyrest meir ut som eit mystisk kodespråk. Kva betyr det?

Kanskje skal vi prøve å ta ein omveg tilbake til GT for å forstå betre.
Vi har i dag også lese eit avsnitt frå den gamle profeten Jesaja som levde 600-700 år før Jesus. Her ligg noko av bakgrunnen for at Johannes brukte uttrykket Guds lam om Jesus.
Vi repeterer: (Jes.53,6-7)

Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han. Han vart mishandla, han vart plaga, og han opna ikkje munnen, lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.

Desse orda skulle vi hatt god tid til å forklare, men vi må nøye oss med ein kortversjon. Profeten skriv her om ein som vert omtala som Herrens tenar. Denne tenaren har i ettertida vorte sette på som ein profeti om Jesus. Jesaja viser oss at her handlar det om eit menneske som tek på seg skuld og straff for det som andre har gjort feil. For synda deira. Denne tenaren, Jesus altså, gjekk inn og tok straff for det som andre var skuld i. Og så står det også: «-lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.»

Døyparen Johannes ropar ut til alle som kan høyre han: Sjå! Der er Jesus. Der er Guds lam. Han er det som ber bort synda i verda.

Angår så dette oss som nett har starta på eit nytt år, vi er i 2022?
Vi er moderne menneske. Er slike gåtefulle ord noko å bry seg om i vår tid?
Sauer og lam, gamle profetar og mystiske menneske som snakkar om å omvende seg. Kan dette betyr noko, for f.eks ein konfirmant? I ein konfirmantfamilie?
Er dette aktuelt for eit folk som kjempar for å bli kvitt koronapesten snarast råd er?

Av og til kunne det vere godt om vi som enkeltmenneske våga å stige litt til sides og dra bort alt vi har pakka oss inn i av kamuflasje eller sminke eller godluktande deodorantar som skal gøyme bort det ved oss sjølve vi ikkje heilt vil vedkjenne oss. Vi treng ikkje gjere det for å blottstille oss for slekt og vener. Men for å være ærlege med oss sjølve, og med Gud.

I ei slikt lys kan det vere at vi anar at det finst noko som skulle vore borte. Ute av livet mitt. Ordet synd er faktisk råd å bruke.

Det er dette Jesus vil gjere noko med.
Difor er det at vi på denne søndagen kunne få ei god openberring. At vi kan sjå at Jesus vil bere bort, ta i frå meg, følgjene og konsekvensane av det som ikkje vart slik det skulle ha vore i livet.
Det at eg har gått på nederlag i forhold til det eg veit er rett å gjere.
Nokre få eksempel: Å vere ærleg. Kutte ut baktaling av andre. Vise omtanke med menneske som har det vanskelegare enn eg. Verne om natur og miljø. Ditt bidrag til det indre livet i ein familie må tole lyset utanfrå.
Det er veldig mykje vi med takk og tilbeding kan leggje av oss dersom vi får sjå at dette ligg på Jesus. Guds lam som ber bort synda i verda.

Vi er i openberringstida.

Vi skal sjå og oppleve kven Jesus er. Kven han kjem frå. Kvar han vil ta oss med. Han kom frå himmelen, frå Gud.
I dag møter vi han og døyparen Johannes ved Jordanelva. Der ved Jordan får Jesus familiebesøk ved sin dåp. Slik det er vanleg i våre dagar at ein familie samlar seg når eit lite menneske vert døypt, slik hende det ved Jesu dåp. Då var den heilage treeinige Gud til stades i alle tre personar.
Jesus var der. Gud Fader var der. Røysta hans lydde frå himmelen som var open. Og Den heilage ande var der i dua som dala ned over Jesus.

Kjære truande kyrkjelyd.
Dette er eit mysterium.
Ingen kan forklare. Ingen kan begripe.
Vi kan berre gripe. Gripe i tru etter orda frå den opne himmelen. Halde fast i dei.
Her i Jordan, på den aller lågaste staden på jordkloden, så langt ned som det var råd å stige for ein menneske, steig mennesket Jesus ned for å gjere seg til ein av oss. Til ein syndar utan synd. Ein som gjekk inn i rekkja av andre syndarar som let seg døype til omvending når Johannes ropte på dei og kalla dei for ormeyngel.
Slik viste Jesus at han var som ein av oss, endå han var frå Gud. Heimen hans var hjå Far i den opne himmelen. Gud stadfesta det med ei røyst som klang over elvevatnet: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede»

Og Johannes såg endå ei avgjerande viktig side ved Jesus som vi skal halde fast ved på denne dagen: «- eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son»

AMEN

torsdag 4. februar 2021

Ingen annan enn Jesus

 

Kristi forklåringsdag. II. 07.02.21
Arna kyrkje
Mark. 9, 2-13

Når ein er langt nede, er det godt å kome seg opp på eit høgare nivå. Få litt utsyn og oversyn. Kanskje få auga på eit problem. Eller endå betre: Sjå ei løysing på det som er utfordrande eller vanskeleg.

Nett no trur eg mange av oss kjenner seg langt nede. Vi kjenner på utfordringar og vanskar. Det er synleg og tydeleg for oss alle her i kyrkja. Ti personar er det som har lov å samle seg til gudsteneste. Vi skulle gjerne vore 100. Eller endå fleire.

Men vi ti, vi tar kvarandre i hendene og blir med på fjelltur.
Ikkje noko tur, fysisk hand-i-hand. Men i eit trusfellesskap som heng i hop, klatrar vi opp til fjelltoppen. Trua bind oss saman. Vi har forventning til å sjå noko stort. Vi lengtar etter å sjå, og etter å møte Jesus.

Kan Jesus vere til hjelp i den tida vi no gjennomlever?
Kan han sløkkje ut potensen i smittevirusen?
Kan Jesus gjere dei sjuke friske att? Kan han hindre død og sorg?

Som kristne trur vi på ein Gud som vi i truvedkjenninga omtalar med desse orda: «-den allmektige som skapte himmel og jord.»
Likevel – også vi som trur på ein allmektig Gud, vi anerkjenner at sjukdom, liding og død er ein del av det å vere levande. Det høyrer med til mennesketilværet. Vi har ingen lovnader om at den allmektige skal spare oss frå vanskar, sjukdom eller død.
Kyrkjegarden utanfor desse veggene er full av døde kroppar. Ein gong skal det opnast ei grav, også for deg eller meg på ein slik kyrkjegard.
Vi søkjer ikkje til kyrkja for å kome unna desse realitetane.

Men med tru og i tillit til han som kom frå Gud, søkjer vi hit, til kyrkja, for å møte den einaste vi kjenner som har vist at han med kraft kan møte dette vanskelege, djupe, trugande eller mørke. Vi vil gjerne sjå han som kan føre oss gjennom det. Ikkje utanom, men gjennom. Ta oss med til den andre sida. Ut att i lyset.

I dag inviterer orda frå Bibelen oss til å dra på fjelltur. Til å gå opp i høgda. Streve oss gjennom motbakkar. Klatre i berg. Kanskje til å få skrammer på knær og albogar. Eller til og med ei rift i trua vår.

Men der oppe slår vi oss i lag med Peter, Jakob og Johannes. Desse tre aller næraste av Jesu vener og medarbeidarar, dei fekk sjå det ubegripelege. Det guddommelege opna seg for dei i eit lite glimt. Jesus vart forklåra. «Då vart han forvandla for augo deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.»

I dag skulle eg gjerne hatt god tid, god tid til å gå i djupna på dette forunderlege som hende der på fjellet. Men på denne minigudstenesta må vi berre pirke litt i det aller viktigaste
– det at Jesus viste sin himmelske herlegdom for desse tre, og at dei fekk høyre den allmektige Gud vitne og tale til dei om det aller mest sentrale å halde fast på: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Vi menneske blir fasinerte, vi blir utfordra, ja vi kan til og med bli redde når vi vender oss til Gud, og når han så dreg til sides i liten flik av det som gøymer herlegdomen hans.
Å nærme seg det guddommelege er noko menneske til alle tider har søkt i mot. Og oftast er det då for å få hjelp. Hjelp når nauda er naken. Når problema tårnar seg opp. Når sjukdomen bryt ned. Når redsla kryp kald gjennom kroppen.

Frå dagens evangelium har vi ei forteljing som viser oss det vi lengtar så sterkt etter i vår verkelege verd. Vi står her i vår fortviling over smitte, sjukdom og død. Vi er her i vår lengt etter fellesskapet som var, i storfamilien, her i kyrkja, i fritidsaktivitetar. På Brann stadion!
Difor har vi gått dei bratte motbakkane mot det høge fjellet. Vi har streva oss fram. Kanskje snubla og teke nokre tilbakesteg.
Men vi gjev ikkje opp. Med trassig tru ser vi det skin mot oss i denne korte augneblinken, før vi skal ut or kyrkja. Tilbake til vår vesle kohort.
Men no lyser det. Og så høyrer vi røysta frå det høge: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Kjære truande: Vi kan ikkje leve berre på slike vakre, men tunge oppturar der vi søkjer det ekstraordinære, og det himmelske. Det er ikkje sikkert vi får sjå så mykje.
Men det er mykje vi får høyre.
Vi får styrke til trua vår av å høyre frå dei som var der oppe på fjellet: «Vi var augnevitne og såg hans guddommelege herlegdom» (2.Pet.1,16)
Men vi må stige ned att til bygda ved fjorden. Til kyrkja i det låge. Vi har høyrt det som vart sagt frå det høge: : «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Gud talar dette til oss: Høyr på Jesus. Stol på han. Hald deg til han.
«Best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.»

Høyrer du, du som er fortvila og redd: Det handlar om å halda fast på trua. Det handlar om å sjå det som opnar seg gjennom evangeliet: «-ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.»

I dag vil han ta deg i handa enno ein gong. Du skal få høyre orda. Presten les dei og talar dei, men orda kjem frå Jesus sjølv.  Vi skal lese innstiftingsorda. Etter dei guddommelege orda har lydd, skal du få rette ut dine hender og få ta mot brødet. Vinen.: «Kristi kropp, gjeven for deg. Kristi blod, utrend for deg»

Det er som eit tilsvar, eit ekko frå himmelrøysta på det høge fjellet: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

AMEN


fredag 15. januar 2021

Gjev meg noko å drikka

 

3.s. i openberringstida. II. 17.01.21
Åsane kyrkje. Digitalt opptak
Jes. 55,1-3. Johs. 4,4-26

 «Gjev meg noko å drikka»
Slik startar samtalen mellom den samaritanske kvinna og Jesus. Det er desse som er hovudpersonane i dagens evangelietekst.

No er vi komne så langt at veldig mange som kjenner at kyrkja vår også skal vere vår åndelege heim, vi saknar å få kome saman. Og vi saknar å drikke når vi er i lag. Eg tenkjer både på kyrkjekaffien, men endå meir på dei små dråpane av nattverdvin som på ein så særleg måte knyter trua vår, ja, heile oss, til Jesus Kristus.

Det er no eit åndeleg rop frå ei kyrkje som lengtar etter å kome saman: «Gjev meg noko å drikka!»

På denne søndagen er det difor godt å høyre dei sterke orda som var ei innbyding og ein lovnad til Israelsfolket. Dei vart tala hundrevis av år før Jesus og kvinna frå Samaria møttes ved brønnen i Sykar.
Profeten Jesaja forkynte den gongen, og vi lyttar til orda den dag i dag:
«Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

Vi gler oss over innbydinga. Vi lyttar. Vi strekkjer ut hender mot han som kan gje oss alt dette. Og så lengtar vi mot at det skal opnast opp igjen.

Kyrkja er ingen utestad der vi serverer i baren og  pressar oss saman i meir eller mindre lukkeleg rus.

Kyrkja er ingen utestad. Men kyrkjehusa står ute, og vi vil ha opne dører og kunne gå inn i desse kyrkjene. I den vesle vinen vi der skjenkar ut, og i det enkle brødet vi et i lag, opnar det seg eit djupt, djupt, og mysteriefylt fellesskap.
I dag er det difor vår bøn til han vi trur møter oss, nettopp i brødet og vinen:
«Gjev meg noko å drikka!»

Vi søkjer ingen rus.
Men vi søkjer å vere i lag. I lag med kvarandre og i lag med Jesus.

Profetorda er ord som viser oss at det vi har lovnad om, er det som ikkje er anna enn rein nåde.
Nåde, fordi den er ufortent.
Nåde, fordi den er gratis.
Korn. Vin. Mjølk. Utan pengar.
Kjøp utan betaling, seier profeten, mens han nemnar nettopp dei elementa vi nyttar oss av i nattverden. Brød av korn, og kanskje også av mjølk. Vinen.
Og så innbyr han oss til vatnet. Vatnet der vi vert døypte. Vatnet der vi kan gjere vårt daglege stell og vask, for å halde oss reine i det ytre.
Og vatnet som vi skal drikke når vi tørstar.

Til kvinna frå Samaria sa Jesus om vatnet ho henta opp av brønnen: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»

Ei lengtande kyrkje, eit folk og ei verd som kjenner seg innestengde og nedstengde i pandemien, vi ropar til Gud: «Gjev meg noko å drikka!»

Høyrer du dei guddommelege orda som er eit svar til oss alle på denne søndagen?: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

fredag 14. februar 2020

Det skremmande og fasinerande mysteriet


Kristi forklåringsdag, I. 16.02.2020
Biskopshavn
Matt. 17, 1-9

Det er lenge sidan eg var teologisk student. Kanskje er det difor at eg enno hugsar første gongen vi lærte å forstå eit uttrykk på latin. Eit av faga vi fekk opplæring i den gongen eg tok mine første steg inn i den teologiske verda, var læra om dei ulike religionane. Der var det eit viktig begrep på latin som vi måtte dukke ned i, utan at vi hadde lært noko om sjølve språket det var skrive på. Det var desse orda:
”Mysterium tremendum et fascinosum”
(Rudolf Otto: «Das Heilige»)

Uttrykket er ei skildring av det som ligg i fenomenet religion, av religiøs erfaring, av nærleik til det guddommelege.
Orda betyr ”Det skremmande og fasinerande mysteriet”.

Det er ei utruleg god samanfatning av kva det handlar om når vi nærmar oss det guddommelege. Det er skremmande og fasinerande.

Slik opplevde dei nok hendinga på fjellet, dei som var der i lag med Jesus og som fekk sjå Jesu herlegdom. Peter og Jakob og Johannes var høgt oppe i denne samanhangen. Dei var høgt til fjells. Og dei opplevde det som svenskane ville kalle for en ”höydare” i det dei så langt hadde vore med på i si læretid saman med Meisteren.

Seks dager senere tok Jesus med seg Peter, Jakob og hans bror Johannes og førte dem opp på et høyt fjell, hvor de var alene.  Da ble han forvandlet for øynene på dem. Ansiktet hans skinte som solen, og klærne ble hvite som lyset.
Dei fekk ein glimt av Jesu guddom. Ikkje noko mindre.

Og alt hende på fjellet. Der Bibelen fortel oss at Gud kjem ned og stig mennesket i møte.
Gud møtte Moses på fjellet. Gud møtte Elia på fjellet.
Vi skal merke oss kva som hender på fjellet – nemleg at Gud openberrar seg for oss menneske her. Ikkje alltid synlege og tydeleg openberringar, men fleire stader i Bibelen les vi om delvise openberringar, oftast ved at utvalde personar får høyre Guds røyst. Røysta kjem som regel får ei sky eller ut or ei skodde som hyller inn fjelltoppen. Slike openberringar kallar teologane med eit framandord for teofaniar – det betyr gudsopenberring.

I lag med Peter og Jakob og Johannes kjem Jesus ved denne anledninga så nær læresveinane sine at den guddommelege glansen smittar over på dei.
Læresveinane ser Jesus. Men dei ser han ikkje som kvardagsmannen, snikkarsonen frå Nasaret. Han som hadde hus i Kapernaum. Han som gjekk rundt i same kvardagskleda som dei sjølve gjorde.
Brått framstår Jesus slik han var i opphavet, saman med Faderen, ein stad i det evige. Det vert synt fram eit glimt som viser litt av det som var før Jesus vart menneske.
Og av slik det skal vere når menneska kjem i Guds rike, og vert han like.

Jesus er så nær at det er råd å begripe at bak det vi ikkje fattar og forstår, der er han som er større enn oss. Der er Gud. Gud som skapte i opphavet. Gud som steig ned og vart menneske då Jesus vart fødd inn i vår verd.
Gud, han som er meir enn oss. Han som gjev loven gjennom Moses. Han som forkynner sin vilje til oss gjennom heilage profetar, representert på fjellet gjennom Elia som er ved hans side.

I lag med gudsmenn frå GT som ingen hadde høyrt frå på uminnelege tider, står Jesus der i det skinande lyset. No handlar det ikkje om loven eller om profetane. Her er han som er evangeliet. Den gode bodskapen. Jesus Kristus. Her vert han presentert av Gud sjølv. Løyndomsfullt, or skya talar Gud til læresveinane, men også til oss.

Vi ser han ikkje. For guddommen er ikkje for våre augo. Det guddommelege vert for oss openberra gjennom ord: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede. Hør ham!»
Men lysglansen frå Jesus vert snart borte. Røysta frå himmelen tagna.
Likevel: Det veldige som læresveinane fekk oppleve gjorde dei audmjuke, redde og underdanige. Det står at i møte med desse sterke opplevingane, så kastet de seg ned med ansiktet mot jorden, grepet av stor frykt”.
Jesus læresveinar hadde fått eit møte med det heilage, med det guddommelege. Dei opplevde
”Det skremmande og fasinerande mysteriet”.

Slik er det å kome nær det guddommeleg for eit vanleg menneske. Det vert for sterkt. Til og med Jesu aller næraste vener tolte ikkje det veldige dei fekk sjå. Dei kasta seg ned etter å ha sett den gamle og den nye pakt møtast på fjellet i guddommeleg glans.

Matt 17:7-8:  Men Jesus gikk bort og rørte ved dem og sa: «Reis dere, og frykt ikke!» Og da de løftet blikket, så de ingen uten Jesus alene.
Det var ikkje meir enn dette dei fekk sjå. Eit kort glimt av Jesu herlegdom. Ei kort vitjing av Bibelske personar som kom frå Guds æve og inn i deira tid. Berre små glimt.
«-Og da de løftet blikket, så de ingen uten Jesus alene.»
Det var over. No skulle dei ned att frå fjellet.
Det er der vi er nett no. Slik vi oftast er det. Nede i låglandet.
Men vi som har funne vegen inn i Biskopshavn kirke denne vinterdagen, vi skulle ta med oss viktige ting etter å ha høyrt om denne hendinga.

Først: Trua vår handlar om at vi stig nær eit mysterium. Å nærme seg den heilage Gud, å våge å feste blikket på det guddommelege, er å stige ut or kvardagen. Det er å gå steg som løftar oss høgare opp. Kanskje er det tungt å gå i motbakke av og til, trua sin motbakke. Men vi veit at når vi har forsert tunge brattheng og steile skråningar, så ventar det strålande utsyn frå fjelltoppen.

Som kyrkjelyd og som enkeltkristne skulle vi i sterkare grad søkje mot det guddommelege, mot det vi ikkje forstår og enno ikkje har sett fullt ut. Mot det vi anar er der, men som vi ikkje heilt har ord for å skildre. Skal vi våge å kalle det for det heilage? Eller rett og slett mysteriet? ”Troens mysterium”?

”Det skremmande og fasinerande mysteriet”.
Det heilage mysteriet er ikkje berre fasinerande. Det kan også verke skremmande. Skremmande fordi når vi syndige menneske kjem tett inn på det guddommelege, då vert nettopp vår syndige side avslørt.
Då er det utruleg sterkt å sjå det reine, det lyse, det skinande, i kontrast mot alt i meg sjølv som er tilsmussa, mørkt og falleferdig.

Det er ikkje tilfeldig at alle stader der vi les om liknande episodar som den vi har hatt i sentrum frå Bibelen i dag, så endar det med at menneska som møter det heilage vert slegne til jorda. ”(de) kastet seg ned med ansiktet mot jorden, grepet av stor frykt
Skremmande og fasinerande.

I skjeringspunktet mellom desse motsette røynslene av det heilage, av Gud sjølv, der lyser Guds nåde aller klårast mot oss.
Det er forferdeleg for ein syndar å falle i hendene til den heilage Gud.

Men det er den same Guds hender som kan reise opp den som ligg nede, som kan fri oss frå angst og uro, som kan vise oss kva som hender når vi har opplevd det som er skremmande, slik Peter, Jakob og Johannes opplevde det:
Jesus gikk bort og rørte ved dem og sa: «Reis dere, og frykt ikke!» Og da de løftet blikket, så de ingen andre enn ham, bare Jesus.»
Han som er høg og heilag, han som talar or skya, han som er Gud og som let sin guddom skine gjennom Jesu ansikt, han kan nok slå oss til jorda. Men denne Gud kan også vise oss det vi treng å sjå for at vår redsle kan vike, og våre lengsler kan fyllast. Han vil vise oss Jesus åleine. Difor, når vi ser han, kan vi med rette syngje: ”Deg å få skode er sæla å nå”

Vi skulle våge oss nærare inn på dette mysteriet. Ta slitet med og gå trua sine motbakkar mot fjelltoppen, dit vi kan vere åleine med Jesus. For det står faktisk at det var litt av poenget med fjellturen.

Slik det også står at Jesus på veg ned frå fjellet bad læresveinane om ikkje å snakke om det dei hadde opplevd av store ting, ikkje før seinare.
Dette siste er også eit poeng vi ikkje skal oversjå. Mange har lurt på kvifor Jesus ikkje ville at dette skulle snakkast om, før etter hans død og oppstode.
Noko sikkert og godt svar på spørsmålet har vi ikkje.

Men kanskje kan vi som lever i ei tid der vi har lett for å stige over grenser mellom det intimt, private, og det som er offentleg, tenkje over: Er dette eit teikn på at vi lever i ein kultur i oppløysing?

Eg tenkjer at det i alle menneske finst opplevingar, ikkje minst av åndeleg karakter som skal forvarast i det løynde, som ikkje skal brettast ut for kven som helst. Difor er det av og til godt å søkje inn i det stille rommet. Inn i det meditative, inn i retreaten, der vi kan vere åleine ei stund i lyset frå Jesus, og vere så stille at vi kan høyre den stemma som peikar på Jesus: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede. Hør ham!»
Høyr han!

Det er dit vi må kome. Inn i stilla og det ettertenksame, der Ordet lyder, der Jesus talar, der mysteriet blenkjer slik at trua kan sjå og gripe tak.
Det kan være skremmande. Men også fasinerande.
Og synet av Jesus vi då får sjå, kan vere aldeles overveldande.
AMEN

torsdag 30. januar 2020

Fullt hus


5. s. i openberringstida. I. 02.02.2020
Haus (Gudsteneste med suppleringsval til soknerådet)
Mark. 2,1-12
Fullt hus.
Det er gøy med fullt hus når vi innbyr til eit møte med Jesus. Slik vi gjer det i kyrkjene våre på søndagane. Av og til fyllast det også godt opp. Trongt i benkeradene. Varmt og klamt kanskje.  Vi helsar og nikkar til kvarandre på slike dagar, og gler oss over storhendingar.

Men det er for sjeldan at det faktisk er slik i våre kyrkjer. Dei siste vekene har eg jobba med statistikken for prostiet vårt. Då ser eg at det går for lenge mellom kvar gong vi har det som på julaftan eller på konfirmasjonssøndagane. Her i Haus har det vore ein liten nedgang i kyrkjesøkinga frå 2018 til 2019. Ikkje dramatisk stor. Det meste kan forklarast med ein konfirmantflokk som berre utgjorde halvparten av flokken året før. Det utgjer mange kyrkjebesøk gjennom året. 

Dette kan fort snu seg, og i det nye året vi har kome godt i gang med, vil vi heie på kvarandre. Vi vil invitere. Vi vil gjere det vi kan for å fylle tettare opp i kyrkjebenkane. Tenk om vi kunne auke gjennomsnittet for kyrkjebesøk i Haus i 2020 til å passere 100 personar! Det er å setje seg eit høgt mål, men ikkje eit urealistisk mål.

I dag skal vi komplettere soknerådsvalet som ikkje gjekk heilt i boks i haust. Eg ynskjer dei som vert valde i dag all moglege lukke med å finne gode måtar å invitere folk inn til oss.
Frå mi side har eg to stikkord som eg har tru for kan hjelpe oss til å få fleire til å kome til kyrkje:
a) Få i gang søndagsskule.
b) Invitere kor og musikk-krefter utanfrå til å delta i gudstenestene.

Eg har gått gjennom mange statistikkskjema dei siste dagane. Då har eg merka meg at alle sokn som har hatt auke i oppslutninga om gudstenestene sine, dei har også hatt søndagsskule.
Kanskje sit det nokon i kyrkjebenkene i dag som kjenner på at dette er ei oppgåve eg vil gå inn i? Då må du snakke til. Kontakte soknepresten eller nokon i soknerådet.

Det er så kjekt med fullt hus!
Men det kan av og til vert litt i overkant fullt.
Slik var det ein dag i Kapernaum. Kapernaum var ein liten by ved Galileasjøen som på Jesu tid hadde ca. 1500 innbyggjarar. Det står om denne byen i Matt 4,12 at «Han (Jesus) flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen..»
Etter ei rundreise i Galilea der Jesus i ei tid hadde reist omkring og forkynt i synagogene, drive ut vonde ånder og lekt ein spedalsk mann, står det på slutten av kap. 1 hjå Mark. at den friske, tidlegare spedalske, mannen alle stader fortalde om det som hadde hendt. «Etter dette kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. … - folk kom til han frå alle kantar.» (Mark.1,45)
Då er det at Jesus i flg. innleiinga til vår preiketekst vender heim. Han vil ha fred og ro i eige hus i Kapernaum. Men det var lettare sagt enn gjort. Det står om det som hende:
« - det vart kjent at han var heime. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.» (Mark. 2,1b-2)

Fullt hus!
Visst er det spanande når det vert oppstyr rundt Jesus. Når folk strøymer til og vil høyre meir om han.  Fordi dei allereie har høyrt eit rykte. Ord om lækjedom. Ord som har utfordra. Handlingar som er underlege. Nesten utrulege.

For nokre tiår tilbake i tid så høyrde vi rett som det var om det vi kalla for vekkingar her på våre kantar av landet. Gjerne i tilknyting til bedehusa rundt omkring. Eg var ung gymnasiast då eg var vitne til dette i bygda der gymnaset låg. Folk fylte det store bedehuset kveld etter kveld. Kyrkja måtte opne dørene for å få rom til alle som kvar einaste kveld ville inn og høyre om Jesus. Det var fullt hus i månadsvis. Mange fann ei trygg og god tru på Jesus ved det som hende. Men det var også nokre som vart skuffa, og dei kom ikkje tilbake.

Eg eg ikkje sikker på at vi skal drøyme om at nett slike tider må kome i reprise.
Men det må vere lov å håpe på at dører skal opne seg i kyrkjene våre, også i denne kyrkja vi har samla oss i nett no, og at det er ei folkemengd utanfor som er stor og velviljug innstilt til å få eit møte med Jesus.

Om det som hende i Kapernaum står det om Jesus at han forkynte Ordet for dei.
Jesus går ikkje lenger rundt på jorda. Og her på Osterøy er korkje soknepresten eller prosten av eit slikt kaliber at vi skal samanliknast med Meisteren.
Men vi representerer ei kyrkje som har sett oss prestane til å forkynne Ordet. Inn i vår tid. Til alle som vil høyre.
Og vi prestar er heldigvis ikkje åleine om dette oppdraget. Vi har betalte medarbeidarar. Det finst friviljuge medarbeidarar. Det finst foreldre og besteforeldre som vil vere utanfor kyrkjedøra og invitere borna og dei unge inn til eit møte med Jesus.

I dag har vi samla oss, ein flokk frå kyrkjelyden på Haus i kyrkja vår til ein viktige søndag for heile kyrkjelyden.
Til liks med alle som går til kyrkje rundt om i landet, vert vi møtt av ord frå Bibelen som tek tak i oss og fører oss inn i kjernen av det kristne livet. Vi høyrer om Jesus. I dag handlar det om ei tru som i fellesskap fører andre menneske til Jesus; om tru som opnar veg både for frelse og for helse fordi vi kjem inn i huset der Jesus er å treffe.

Evangeliet i dag handlar om ein lam mann som på eiga hand ikkje kunne kome seg inn i huset i Kapernaum der Jesus budde. Fire menn tok den lamme mannen mellom seg. Mannen låg på ei båre og dei var på veg til huset der Jesus var. Men det var altså fullt hus. Aldeles stapp fullt hus. Ikkje ein gong fram for døra var det rom for dei fire som bar den lamme. Men inne i huset var Jesus. Der talte han Ordet, står det. Då gjorde dei det geniale: Opna eit hol i taket og firte den lamme ned til Jesus.

Eg kan ikkje kome på nokon annan stad i Bibelen der vi får eit betre bilete på kva det kristne fellesskapet av menneske som trur på Jesus kan utrette, enn denne forteljinga viser oss. Dette er eit verkeleg godord til alle som vil vere med på det som går føre seg i ein kristen kyrkjelyd, som denne på Haus.

Vi møter nokon som i tiltru til Jesus tok eit tydeleg ansvar for eit anna menneske som tilfeldigvis var sett utanfor, som ikkje makta å finne vegen til Jesus på eiga hand.
Her handla det om ein lam mann. Ein som ikkje kunne gå på eigne bein. Ein som ikkje kunne trengje seg gjennom folkemengda. Ein som var overlaten til seg sjølv og til sin eigen lagnad. Difor trongst det berarar. Og det trongst mot til å bryte seg inn der normale inngangar var stengde.

Det finst ufatteleg mange av slike som er overlatne til seg sjølve. Dei finst mellom oss som bur i denne bygda. Det er ikkje sikkert at dei er så lette å sjå, slik ved første augekast. Utanpå har dei same klede som alle andre. Dei bur i hus som liknar på det naboen har, og dei køyrer ein bil som kanskje til og med er finare enn gjennomsnittet. Men i høve til det å finne vegen inn dit Jesus er, så er dei åndeleg tala, lamma. Dei vågar ikkje å nærme seg Jesus.

I konfirmasjonstida høyrer dei unge mellom oss om Jesus. Dei får vite at dei ein gong vart døypte til å tilhøyre Jesus. Til å vere hans. På konfirmasjonsdagen kneler dei ved kyrkja sitt altar og opplever at det er godt at presten og kyrkjelyden ber for dei.
Seinare kjem mange innom Guds hus der Ordet vert tala når borna deira skal døypast, eller når foreldre eller besteforeldre eller tante og onkel skal leggjast i grava.
Dei fleste av oss er i kyrkja så pass ofte at ein heile tida anar litt av at dette er noko stort, men ein har berre opplevd ein ørliten smakebit. Likevel er kanskje det nok til at lengten ligg der. Lengten etter tettare fellesskap. Etter meir nærleik til Jesus. Etter å få høyre ord som kan tale frigjerande til hjarta: ”- Syndene dine er tilgjevne”

I dag skal vi i den kristne kyrkja her på Haus, vi som trur på Jesus, vere med ta eit tak i ei båre som kan bere slike menneske til Jesus. Menneske som på ein eller annan måte ikkje kjem seg heilt inn til han. Menneske som opplever at det er for fullt av folk rundt Jesus til at det også er plass for dei. Menneske som lengtar etter tettare samfunn med han, men som ikkje vågar seg inn mellom alle dei som fyller opp huset hans. Menneske som er stengde ute frå det kristne fellesskapet av fordommar og angst for å inkludere dei som er annleis.
I dag skal vi vere med på å velje ut nokre av dei som vert utfordra til å bere andre fram for Jesus. Eit nytt sokneråd har det som si oppgåve. Dei skal arbeide for alt som kan vekkje og nære det kristne arbeidet i soknet. Det er ei veldig viktig oppgåve, og difor er det også viktig at vi som no er i lag om å velje ut desse menneska, også hugsar å be for dei slik at dei kan gå inn i oppgåva  med frimot og glede. 

Dei skal vere kyrkjelyden sine fremste berarar. I tru skal dei vere med på å bere naboar og vener til Jesus. Men vi som ikkje er i soknerådet er gode medberarar.
Vi eig ei tru som ber. Vi vil bere i lag slik at huset der Jesus er å finne kan bli fullt. Fullt hus i kyrkja. Og endå meir: Fullt hus i det evige Guds rike!

AMEN

fredag 9. februar 2018

Vi ville så gjerne sjå Jesus


Fastelavnssøndag II. 11.02.2018
Salhus
Johs.12.20-33

 «Herre vi ville gjerne få sjå Jesus»

Det var ynskje til grekarane som var komne for å feire påske i Jerusalem. Ryktet om mannen frå Nasaret hadde nådd langt. Kven var denne merkelege mannen? Det gjekk ord om at han til og med hadde vakt opp døde. Hendinga med Lasarus låg berre nokre dagar tilbake i tid. Dei ville møte han. Sjå Jesus.

Ser du Jesus i Salhus kyrkje i dag?
Vi ser i alle fall det klassiske krusifikset over altaret. Det hjelper oss til å fokusere på Jesus. Men det er ikkje noko anna enn ein trefigur.
I andre kyrkjer ser vi ofte malte bilete. Kunstnarar har sett føre seg ein situasjon dei las om i Bibelen. Vi ser deira tolking gjennom meir eller mindre vellukka kunstverk.
Gjennom mange år stod eg regelmessig framfor altaret og altartavla i Fore kirke i Nordland der eg var sokneprest. Altartavla var eit relativt enkelt maleri med eit motiv som ein sjeldan ser avbilda. Det var av Jesus i Getsemane. Nettopp det er eit vanleg motiv, men akkurat dette biletet er uvanleg fordi vi ser at Jesus lener hovudet inn til ein engel som støttar han og trøystar han. Jesus i bønekamp i Getsemane, same kvelden som han vart sviken. Det står om denne situasjonen i Luk 22,43: ”Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.”
Det er denne augneblinken som er motivet for altartavla i Fore kirke.

N
år vi i dag les teksten for Fastelavn frå Johs. 12, er vi ikkje komen så langt som til Getsemane i Jesu lidingssoge. Men no nærmar vi oss. No er første steget på lidingsvegen teken, og Jesu veit kvar det skal enda.

Johannesevangeliet skil seg litt frå dei tre andre evangelia i kronologien i det som hende i samband med påska. Og i høvet mellom Getsemanehendinga, slik vi f.eks les om det i Matt.evang kap 26, og vår preiketekst, ser vi at orda liknar kvarandre veldig.
I vår preiketekst heiter det v.27: No er sjela mi fylt av angst.
Men i Matteusversjonen (Matt.26, 37b-39) les vi om Getsemanehendinga:
…han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
Vi som er komne til kyrkje i dag, skal i alle fall høyre at fastetida nærmar seg for oss dette året. Saman med Jesus skal vi i tida som no kjem følgje han på lidingsvegen. Kanskje skal vi våge å seie som grekarane: «Herre vi ville gjerne få sjå Jesus»

Og då skulle eg så inderleg ynske at eg var som engelen på altartavla som eg så mange gonger stod framfor: Engelen som kunne støtte Jesus i hans redsel. Engelen som kunne styrkje Jesus når angsten tok tak med si iskalde hand om hjarta hans.

Men eg er ingen engel. Eg kan aldeles ikkje hjelpe Jesus. Tvert om. Eg kan berre vere med på å auke børa som kviler på skuldrene hans der han er på veg mot liding og død, berande på all verdens synd og skuld og skam.

Men Jesus talar sterke ord til oss i dag. Han seier noko til meg som så gjerne vil vere tenaren hans: ”Den som vil tena meg, må han følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera.” (v.26)

Det handlar om å følgje Jesu når fastetida brettar seg ut.

Men maktar eg det? Maktar du å vere med han? Vågar vi å sjå? Sjå Jesus?
Meinar vi alvor med orda: «Herre vi ville gjerne få sjå Jesus»

Korleis skal det gå når vi kjem til Getsemane? Jesus låg på kne der og bad. Med ei sjel tyngd til døden av sorg. Men læresveinane hans sov!

Korleis er det med deg og meg?
Har vi søvn i kroppen og søvn i augo og søvn i hjarto når vi skal gå inn i faste?
Eller er det slik at vi alltid er lys vakne, lys levande? Livlege fordi livet vårt kjennest så ubegripeleg rikt og godt at vi må nyte livet. Nyte i fulle drag. Nyte så sterkt at det ikkje er plass til faste. Til bøn. Til å fylgje frelsaren på lidingsvegen.

Vi er tørste. Tørste etter liv. Tørste etter å elske. Elske oss sjølve. Elske våre eigne. Elske livet.
Men elskar vi Jesus? Og elskar vi nesten vår?
Korleis vert det med oss når vi i fastetida som startar på onsdag vert møtte med utfordringa frå Kirkens Nødhjelp om å redusere på privat forbruk og heller gje til dei som er fattige, dei som ikkje har vårt rike liv å vakne opp til kvar morgon?
Tema for Fasteaksjonen 2018 er Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn og sanitær i utsette område omkring i verda.

Høyr kva Jesus seier i dag: "Den
som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar liv sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv."

For meg er dette utruleg utfordrande ord. Eg veit noko om kor høgt eg set meg sjølv og mitt og mine. Eg har lova å følgje han. Lova å vere hans tenar. Vere prest for hans kyrkjelyd.

Men likevel: Eg elskar livet mitt, og kan stå i fare for å misse det. Det er ikkje mykje som liknar engelen i meg. Engelen som styrkjer Jesus i hans kamp og bøn og forsaking når han ligg på kne i Getsemane.

I det vi les om i vår tekst, er Jesus på veg inn i Jerusalem, ridande på eit esel, vel vitande om kva som ventar han. Dette hender eigentleg på palmesøndag.
Jesus kjem, som sagt, frå ei storhending i Betania. Der har han vakt Lasarus til live. Han har gjort eit av sine aller største under. Men dette underet skjer altså like før påske. Ikkje lenge etter er Jesus i lag med Lasarus og søstrene hans til ein stor fest heime i Betania. Der vert Jesus salva, før han dagen etter set seg på eselet og rir inn i hovudstaden Jerusalem.
Ei stor folkemengde, inkludert utlendingar frå Hellas, har høyrt om underet om at han kunne vekkje døde til nytt liv. Difor er folkemengda på føtene og står langs vegen for å hylle han. I denne situasjonen talar Jesus dei orda vi har lese saman. Orda som viser kjenslene hans medan han lar seg hylle som livets sigerherre. Han er redd. Han har ei sjel fylt av angst. Men har er klar for det som ventar:

No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg fra denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. (v.27)

- til denne timen skulle eg koma!

Han er ferdig. Ferdig til å lida. Ferdig til å dø:
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eit korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. (v.24)

Det er til si dødsstund at Jesus er komen. Det er til dette han er på veg. Han er kveitkornet som skal leggjast i jorda. Han skal dø. Men det skal spire nytt liv. Det skal kome grøde. Frukt. Frelsefrukt. Evig liv.

Det er gåva han kjem med til meg. Og til deg.
For han som no skal lide og dø, han som har ei sjel, fylt av angst for det som ventar han, har gjer alt dette fordi han ser at du og eg er totalt avhengige av at han ikkje dreg seg unna.
Han ropar ikkje til sin himmelske far om å sleppe lidinga, om frelse frå den tyngste stund nokon har vore gjennom her på jorda.
Han veit så inderleg vel at det er til dette han er sendt av Gud.

Og han veit så inderleg vel at det er det han skal gjennom når han kjem inn i Jerusalem, det må gjerast for mi skuld. For han ser meg. Han ser at eg ikkje er ein engel som kan styrkje han. Han ser at eg er eit syndig menneske som berre har skuld å kome med. Han ser meg, men er likevel viljug til å døy for meg. Han veit at eg og du, til liks med læresveinane i Getsemane, ikkje kan vake med han gjennom bønekamp og påskedrama. Han ser oss alle. Han ser oss med sine gode frelsaraugo.

Han ser oss.
Ser du Jesus i dag?
I dag var det om å gjere at du kunne sjå kva han har gjort for deg. I dag var det godt om dine augo kunne kvile på eit bilete som kanskje ingen målar enno har festa til eit lerret. Eit bilete av han som sig i kne i bønekamp, i redsel og fortviling, men som likevel aldri har ein tanke om å vike tilbake eller trekkje seg unna. No er stunda hans nær. Han er komen til denne timen. Han er komen for å døy. For å leggjast i jorda som kornet vi sår om våren.

I dag bøyer vi våre hovud i takksemd for at det ligg eit slikt korn i jorda og spirer. Det ligg der og veks slik at vi anar at det er nytt liv i emning når døden har gjort si gjerning med dette kornet. Det er nytt liv i emning for Jesus. Det er von om nytt liv for deg og meg. Grøda skal haustast inn. For når kveitekornet døyr og vert lagt i jord gjev det stor grøde. 

AMEN

Bloggarkiv