4. s. i openberringstida. I. 25.januar 2026
Luk. 18, 35-43 * Salme 146, 1-10
Seim kyrkje
Du har høyrt om den blinde Bartimeus?
Vi las nett om han. Men namnet hans vart ikkje nemnd.
Bartimeus er eit namn mange søndagsskuleborn kjenner. Forteljinga om han er også
ofte framme i familiegudstenester.
Men då les vi gjerne forteljinga om den
blinde frå Markusevangeliet, i staden for frå Lukasevangeliet, som vi har gjort
i dag. Forteljingane er tilnærma identiske, men ein viktig skilnad er at
evangelisten Markus presenterer den blinde ved namn. Han heiter Bartimeus.
I dag vil eg seie ganske lite om Bartimeus.
Men eg vil i alle fall slå fast at Jesus gav den blinde synet tilbake. Og at Bartimeus,
som vi kunne forvente, vart hoppande glad. Og vi kan lese: «Han gav seg i
følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud» (Luk.
18, 43)
Så vil eg flytte fokuset til det vi høyrde
lese frå GT tidlegare i gudstenesta.
Vi las Salme 146. Ein skikkeleg Hallelujasalme!. Ein gledessalme. Ein
lovprisingssalme. Som til og med vert innleia med det ordet vi syng før og
etter lesinga av evangelieteksten i gudstenestene våre: Halleluja!
Kanskje skal vi bruke eit par minuttar til
å finne ut litt meir om dette ordet? Lenge trudde vi det var reservert for kyrkjer
som hadde skilt lag med den trauste norske kyrkja, som vi før kjende som
Statskyrkja.
Men altså: Halleluja er eit utrop som Bibelen
brukar mange gonger, som ei lovprising av Gud. Ordet, som er hebraisk,
betyr «Gud vere lova». Det er sett i hop av to ord, hallelu -
ei bydeform av ordet som betyr «lovprise» og - ja/jah - som
er ei kortform av gudsnamnet Jahve.
I GT er ordet brukt mykje i Salmane,
vanlegvis i innleiinga og/eller avslutninga av ein salme, slik vi ser her i
dagens salme, Salme 146. I NT finn vi det berre i Johs.opb. i skildringa av
lovsongen i himmelen.
I dag ser vi at «Halleluja» er eit fast
ledd i mange kristne gudstenester, særleg ved lesinga av evangeliet, som i våre
lutherske gudstenester. Tilsvarande gjer også katolske kristne som feirar
gudsteneste. Og frå salmeboka ser vi ordet er mykje brukt, kanskje særleg i
påskesalmar og takkesalmar.
Mange utanfor kyrkja likar å parodiere det dei gjerne kallar hallelujastemning.
Men Halleluja er ikkje eit ord for parodi. Det er eit jublande gledesuttrykk
som vi på ein dag som i dag gjerne stemmer i.
Denne søndagen er ein dag for jubel. For
lovsong. For glede.
Slik Bartimeus prisa Gud for at han fekk synet tilbake etter å ha vore blind
veldig lenge. Men han visste truleg korleis det var å sjå, for han bad Jesus om
å få synet att.
Om den sjåande, tidlegare blinde mannen, les vi altså:
«Han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det,
prisa Gud»
Og vi vil også stemme i dette ordet i dag.
Lovprisingsordet. Hallelujaordet.
Ikkje fordi vi alltid blir så glade og oppstemte over det vi ser med våre auge
i desse dagane.
Ei utblikk over verda og verdssituasjonen skapar ikkje akkurat
hallelujastemning hjå nokon av oss.
Vi finn likevel visdomsord i denne salmen
som synest å vere skrivne for å lesast nettopp no, vinteren 2026: «Stol ikkje
på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa.» (v.3)
Det er ikkje mange av oss som stolar på
dei tre store fyrstane i dagens verdsbilde – anten dei heldt til i Kina, Russland,
eller står fram som ei bølle frå USA som no får eit ras av mishagsytringar over
seg frå ein samla verdsopinion.
Ingen av oss vil bruke hallelujaordet når
vi tenkjer på dei. Salmisten seier det med orda som vi nikkar til, og som vi kanskje
ynskjer skulle gå i oppfylling snarast råd ord:
« Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus» (Ps
146, 3-4).
Men Hallelujaordet er likevel
så absolutt til å løftast opp på denne søndagen.
For i dag handlar det om storverk som Gud
har gjort, og som Gud framleis kan gjere.
Eit slikt storverk var det Jesus utførte
då han viste at han kom frå Gud, ved at han gjorde under og teikn, ved at han gav
den blinde synet tilbake. Slik at vi kan lese om Bartimeus: «- Han gav seg i følgje med Jesus og lova
Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud»
Difor – høyr enno ein gong våre grunnar
til å prise Gud – til å ta fram Hallelujalovprisinga. Vi lyttar enno ein gong til
orda i Salme 146:
Sæl er den som har Jakobs Gud til
hjelpar og set si von til Herren sin Gud.
Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei, han er trufast til evig
tid.
Han hjelper dei undertrykte til deira rett, han gjev mat til dei som svelt.
Herren set dei bundne fri.
Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei
rettferdige. Herren vernar innflyttarar. Han held enkjer og farlause oppe, men
gjer vegen kroket for dei som gjer urett. Herren er konge til evig tid, din
Gud, Sion, frå slekt til slekt.
Halleluja! (v.5-10)
Også her høyrer vi om at «Herren gjev
dei blinde syn.» Det er vel kanskje difor at denne salmen er sett opp for å
lesast i lag med evangelieorda om den blinde ved Jeriko.
Men Herren Gud gjer meir godt enn å gje Bartimeus
grunn til hoppande glede over auge som fungerer.
Vi høyrer om den trufaste skaparen av alt
som er. Himmel, jord og hav.
Berre å lese om skaparverket med slike ord
utfordrar oss i dag til å ta vare på det gode. Til å verne om skaparverket. Til
å forsake i vår velstand.
Vi må hugse at vår rikdom og vår vilje til å forbruke står fram på ein måte som
var bortanfor all fantasi til dei som i si tid skreiv denne lovprisinga av
Herren Gud.
I salmen høyrer vi at Gud hjelper
undertrykte. Om at han mettar svoltne. Han set bundne
fri. Han vernar om innflyttarar. Alt står i denne salmen.
I møte med slike ord må vi som står med
føtene våre solid planta i vår kyrkje ta til motmæle når folk står fram og
kallar det for venstrevridd politisering at kyrkja løftar fram nettopp slike
tema, og slike prioriteringar, i det som er viktig for kyrkja vår.
Dei undertrykte
Dei bundne
Dei svoltne
Innflyttarar.
Når skulle alle dei som kjem inn under slike
kategoriar finne jubel og glede og grunn til å stemme i eit halleluja – om ikkje
kyrkja var der og forkynte med ord og i praktisk gjerning – det vil les om som
Guds gode vilje?
Jesus viste Guds gode vilje mot den
blinde. Han gav Bartimeus ein totalt omstart i livet sitt då augo hans såg. Augo
hans gløda. I glede over å sjå det Gud hadde gjort. Gud som «-skapte himmel og jord, havet og alt
som er i dei.» Han hadde all grunn til å lova og prisa Gud. Til å stemme i
eit Halleluja.
No er det vår tur til å gjere Guds gode
vilje.
Kanskje er det rett og slett ei utfordring til alle oss i eit trygt demokrati
at vi ser det som Guds vilje i dei dagane vi no gjennomlever, å vere med på å gjere
slik det står i salmen at Gud gjer? For Gud «- gjer vegen kroket for dei som
gjer urett»
I møte med urett, med det som har gått på
tverke i den gode verda som Gud har skapt, må vi som trur på Gud som skapar og
Herre stå opp for hans gode gjerningar.
Vi vil bruke våre tankar, våre krefter, og vår forstand for å gje dei grunn til
å prise Herren, til å bere fram sine hallelujarop, dei som er dei undertrykte,
dei bundne, dei svoltne. Innflyttarane mellom oss.
No prisar vi Gud og seier: Herren er
konge til evig tid, din Gud, Sion, frå slekt til slekt.
Halleluja!
AMEN