onsdag 16. april 2014

Brødet og vinen

Skjærtorsdag I. 05.04.2007
Ask bo- og omsorg. Herdla
Matt. 26,17-29

Brød og vin er i sentrum på denne dagen. Slik det er kvar gong når vi samlast til nattverd i ei kyrkje, på ein institusjon eller ved ei sjukeseng i ein heim eller på eit sjukehus.
Brød og vin er alltid i sentrum når det handlar om nattverd.
Men på sjølvaste skjærtorsdag er det likevel rett tid til på ein heilt særleg måte å rette lyskastaren mot desse to elementa som betyr så mykje i den kristne kyrkja og for den kristne tru og for dei kristen truande.

Kva dreiar det seg eigentleg om?
Først litt om brødet.
Det er ikkje vanleg kneip eller loff vi serverer. Det er ikkje høge smørbrød med eggerøre, laks eller reker som pålegg.
Brødet i nattverden har sitt førebilete frå GT.
Utgangspunktet er forteljinga om Israels utferd or Egypt. I 2.Mos 12 les vi korleis Israelsfolket fekk føreskriftene frå Moses om at dei skulle gjere seg klare til å dra ut or Egypt. Moses forklarar om påskelammet som skulle slaktast, om korleis blodet av påskelammet skulle strykast over dørstolpane i husa der israelittane budde og korleis kjøtet av påskelammet skulle etast same natt, men det skulle etast med usyra brød og bitre urter til.
I alle år etter utferda or Egypt feirar jødane minnet om denne storhendinga ved å ete eit måltid, eit påskemåltid, med dei same måltidingrediensane som dei hadde på bordet i Egypt. Ein del av dette påskemåltidet var usyra brød.

I dagens bibeltekst møter vi Jesus og hans læresveinar når dei er samla for ete det jødiske påskemåltidet til minne om utferda or Egypt. Og når vi les at Jesus der ved bordet tok ”eit brød, takka og braut det, gav det til disiplane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» - når vi les om dette , så les vi om det usyra brødet.
Difor er det også usyra brød vi brukar i det vi nyttar som nattverdbrød ved våre gudstenester. Vi brukar oblatar, bakte, eller steikte, ved diakonissehusets oblatbakeri i Oslo. I dei fleste store kyrkje verda over brukar dei nettopp slike oblatar til nattverden. Her ser vi at det er prega inn eit bilete av Jesus på krossen. Det var det sjølvsagt aldri tale om ved det aller første nattverdmåltidet. Då brukte dei vanleg brød som var bestemt til å etast som ein del av måltidet. Og det er på ingen måte slik at vi ikkje kan lage oss vår eige nattverdbrød til våre gudstenester, brød som vi kan bryte bitar av og ete slik vi et oblatane. Mange stader gjer dei nettopp det. Einaste kravet er at vi skal bruke usyra brød, slik dei brukte den aller første gongen.

Det er brød. Det ser ut som brød. Det smakar som brød.
Likevel er det noko langt meir, den vesle brødbiten vi får i handa når vi samlar oss ved Herrens bord, anten det er skjærtorsdag eller ein annan dag i løpet av kyrkjeåret.
Jesus sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»
Desse orda frå Jesu munn endrar alt. Desse orda frå Jesu munn var ord som utretta under den aller første gongen dei vart uttala. Desse orda frå Jesu munn urettar under når vi les dei frå den Heilage skrifta ved nattverdfeiringa i kyrkjer verda over den dag i dag.
Nattverdbrødet er brød. Det ser ut som brød. Det smakar som brød. Men samstundes er det Jesu kropp. Jesu lekam. Heilt og fullt er brødet Jesu kropp. Kyrkja tenkjer ikkje at brødet er eit symbol på Jesu lekam, men kyrkja trur fullt ut at det hender eit under, slik at i brødet vi et i nattverden, der er Jesus fullt og heilt tilstades med sin kropp, sin lekam.
Dette er, som eg seier, ikkje noko mindre enn eit under. Dette er det ikkje råd å forklare med logiske tankerekkjer, med vitskapleg gransking, med kjemiske testar av brødet før og etter at vi har lese innstiftingsorda.
Dette er eit mysterium for trua vår.

Det handlar om brød og vin i nattverden.
No vil eg seie litt om vinen.
For i påskemåltidet som vi alt har snakka om, inngjekk også vanleg vin.
Vi les i tekstordet vårt at Jesus tok ein vinkalk, eller eit beger og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
Kva slags vin dreier det seg om?
Heilt vanleg druevin!
Vi høyrer Jesu ord der han omtalar drikken som ”frukta av vintreet”. Frukta av vintreet er ikkje saft. Det er ikkje vatn. Det er ikkje te. Det er ikkje kaffi. Det er vin. Vanleg vin med alkohol, slik dei drikk til dagleg over store delar av verda. Kanskje var det slik vin som Jesus skapte då han som sitt første under gjorde vatn om til vin i bryllaupet i Kana.
Eg veit at urolege fråhaldsfolk i vårt land av og til protesterer på at Jesus kunne nytte eller nyte alkohol. Eg kan ikkje hjelpe for at det står slik. At det handlar om alkoholhaldig vin skulle vere tydeleg i Kana, for då høyrer vi at vinen dei drakk var til å bli full av.
I våre kyrkjer her på Askøy brukar vi også vin, fukta av vintreet. Alt anna ville vere meiningslaust. Dei som tek i bruk saft el.l. set seg opp mot Skrifta sitt ord. Rett nok har den vinen vi brukar mest av i våre kyrkjer gått gjennom ein ekstra prosess hjå vinmonopolet slik at mesteparten av alkoholen er fjerna. Men framleis handlar det om vintreets frukt. Og framleis er det ørlite alkohol i vinen. Og slik må det vere, elles fuskar vi med det Jesus sa vi skulle gjere når vi feirar nattverd.

Både i GT og i NT er vin svært ofte eit uttrykk for glede. Den nemnde hendinga der Jesus gjorde vatn om til vin i Kana er eit døme på det. Samstundes les vi også i Bibelen åtvaringar mot å drikke seg full, om å vise måtehald med alkohol. Men også i den himmelske festen ved enden av tida ser det ut for at det skal vere vin å få. Jesus skal drikke dette på nytt i sin Fars rike, les vi.
Likevel, det viktige for oss å halde fast på når vi snakkar om vin og nattverd, det er at Jesus knyter nattverdens vin til det å drikke hans blod. Heilt parallelt til å ete brød som er hans kropp.
Og slik nattvedebrødet verkeleg er Jesu kropp, slik er også nattverdvinen Jesu blod. For ein del menneske som er meir eller mindre negative til både Jesus og den kristne kyrkja, så kan ein slik påstand opplevast som ein form for kannibalisme.
Men for ein kristen er vinen – Jesu blod ikkje noko mindre enn det yttarste beviset på Jesu kjærleik.
På den eine sida handlar det altså om vanleg vin som vi kjøper på Vinmonopolet, men samstundes endrar vinen seg , eller rettare - vinen sameinar seg på underfullt vis med Jesu blod gjennom at Den Heilage Ande gjer eit under når Jesu eigne ord vert lesne i kyrkja sin liturgi.

Den første nattverd – halden på Jesu siste kveld i lag med sine læresveinar er altså eit underets måltid.
Det hende eit under den gongen. Brødet som Jesus tok og braut, det vart til hans kropp. Vinen som han løfta opp i ein kalk, den vart til Jesu blod.
Og det underet hender på nytt når vi i nattverden gjer dette på nytt på denne skjærtorsdagen eller på ein vanleg søndag eller når vi elles måtte feire nattverden.
Eit under. Ikkje noko mindre.
Ikkje til å forstå. Men som vi held fast i med trua vår.

Men endå større enn det, er det under at vi ved å ete og drikke brødet og vinen, hans kropp og hans blod, så får vi del i det ubegripelege som hende med Jesus på krossen dagen etter at denne hendinga vi har lese om no, gjekk føre seg. Gjennom nattverden får vi del i den same kropp og det same blod som dagen etter at Jesus innstifta nattverden vart krossfesta, blødde og døydde for vår skuld.
I dag skal vi som går til nattverdens heilage måltid få ta i mot, ete og drikke, den same kropp og det same blod som dei første læresveinane fekk del i den aller første skjærtorsdagen.

Til mannen som var eigar av huset der Jesus og læresveiane åt det siste måltidet i lag, sende Jesu følgjande bodskap: Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med disiplane mine.'»

I dag lyder dei orda til deg og meg. Meisteren er her. Han vil halde måltid i lag med oss. Han vil ete med oss. Han vil etast av oss.
Måltidet som er duka opp er proppfullt av ubegripelege ingrediensar. Måltidet er ei einaste utfordring til trua vår. Det er ei utrekt hand frå han som vil leie oss inn i eit fellesskap av kjærleik, av liding, av død og av oppstode. Det er eit måltid for alle som har bruk for det Jesus lovar at vi får når vi et og drikk: ” - så syndene blir tilgjevne”
Måltidet har eit ubegripeleg innhald.
Samsundes er det ytterst begripeleg. For brødet, det usyra, enkle brødet, ser vi, vi smakar det, vi et det. Som om det var vanleg brød. Men det er det ikkje. Vinen, vintreets frukt, ser vi, vi smaker den, vi drikk den. Som om det var vanleg vin. Men det er det ikkje.
Det er eit underleg måltid. Det er eit underfullt måltid. Måltidet er eit under.
Med takk og i tru rekkjer vi hendene våre ut. Vi tek mot og puttar i munnen. Vi et og drikk. Og vi trur.
Slik kjem Jesus til deg og meg i dag. Slik kjem han og held påskemåltid med oss. Slik skal vi ein gong ete med han, på den dagen Jesus ser fram i mot når han seier at han skal drikke ”- saman med dykk i riket til Far min.»

Vi ser fram mot den dagen med forventning og glede, men til vi opplever å ete i lag i Gud Faders rike, så bøyer vi oss her ved Herrens bord og et og drikk av dei gåvene han byr oss ” - så syndene blir tilgjevne”


AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar