søndag 22. mars 2015

Tenarsinn

Maria bodskapsdag II. 22.mars 2015
Gjerstad
Lukas 1,46-55
Er det nokon av dykk damer eller jenter her i kyrkja i dag som heiter Maria?
Vi fekk aldri ei jente i vår familie, men hadde vi gjort det, trur eg ho hadde fått namnet Maria.

Namnet er vakkert. Og eg trur Maria var vakker. Ho som vi møter på denne søndagen; på dagen som kjenner vi som Maria bodskapsdag. Vi feirar denne søndagen så nær ni månader før jul som det er råd å få det til. Om tre dagar er det 25.mars. Det er ni månader til juledag, dagen for Jesu fødsel. Difor feirar vi og minnest at Maria fekk englebesøk og bod om at ho skulle verte mor til Jesus, at ho skulle føde eit barn som ingen mann var far til, derimot var barnet ei frukt av Guds vilje med henne.

Maria var rett og slett ei ungjente, truleg omtrent på alder med dykk konfirmantar som har funne vegen til kyrkje i dag.
Vågar du tanken, du konfirmantjente, at dette hadde handla om deg?
Vågar du tanken, du konfirmantgut, at du fekk vite at ei du gjekk på skulen med skulle bli mor. Med ein aldeles ukjend far?
Vågar du tanken, du som er far eller mor til ein av desse unge at det hadde hendt med ein av osterøyungdomane?
Og hadde vi vore i stand til å ta inn over oss at det handla om eit under, og ikkje om overgrep eller om sex som kom alt for tidleg?

For her er Gud far. Og Maria er mor. Vi møter Maria som den unge kvinna som stiller heile seg til disposisjon som tenarinne for den Allmektige. Ikkje berre vert morslivet hennar bustad og oppvekstrom for det underfulle livet som er skapt i henne. Det er heile Maria – kroppen hennar, viljen hennar, sjela hennar, jubelen hennar, gleda hennar – alt som bur i Maria - som slik koplar seg opp mot den Allmektige Gud når det nye livet festar seg i henne og utviklar seg fram mot fødselen vi feirar så grundig kvar einaste julehelg.

For med Gud som far og Maria som mor, kjem til slutt han som er Guds son inn i verda. Han som er av Gud, frå Gud, han er den som det framfor alt handlar om på denne dagen. Det handlar om Sonen meir enn om mora og meir enn om faren. Det handlar om Jesus på denne dagen. Om underet som hende då Jesus vart menneske, då Jesus vart vår bror.
I dag står familien i sentrum. Far – mor – son
I dag står familien i sentrum. Far; Gud – mor; Maria – son; Jesus, han som også er bror. Vår bror Jesus Kristus.

I dag er det meininga at alle vi som er ein del av ein familie, som sjølve er fedre eller mødre, som er søner eller døtre, at vi skulle få augo våre opna mot han som er vår store Far, han som kallast den Allmektige, han som Maria kallar for Herren, eller for Gud, min frelsar.
Og då må vi få augene opna for at til sjuande og sist handlar det om vår bror, Jesus, som er på veg inn i vår verd, inn mellom vanlege menneske.

Vi har lese eit avsnitt frå vår Bibel som vi kallar Marias lovsong.
Maria jublar i glede over at ho anar litt av underet – det at Gud skal la henne bli mor.
Vi kunne stansa for mange av dei motiv Maria har for å juble.
Vi kunne sett på mange av dei orda ho brukar.
Eg trur knapt at det er slikt ungdomar i vårt land i dag går rundt og syng på, slik til dagleg. Og når vi les desse orda til Maria i dag, må vi verkeleg undrast om denne pur unge jenta faktisk forstod kva ho sa..
Sant å seie spelar det neppe så stor rolle. Men ho sa det slik.

Kanskje var det ei form for profetisk jubel som bobla over i Maria etter at ho hadde hatt englebesøk, og etter at ho hadde fått delt opplevinga si med Elisabeth, slektningen hennar, som også bar eit under av eit barn i sitt morsliv.
Uansett  så kan vi i vår evangelietekst lese korleis Maria tek i bruk dei heilt store orda. Dei orda knapt nokon av oss ville teke i vår munn på fullt alvor. Det er ord som seier noko om Gud. Om han som er far til barnet ho ber på. Men det er også ord som seier noko om Maria. Som seier noko om tenarsinn. Om vilje til å vere Herrens utvalde reiskap.

På denne spesielle søndagen her på Osterøy, når konfirmantar seinare i dag skal ut etter vegane med ei innsamlingsbøsse i hendene og be om ei god gåve til Kirkens Nødhjelp sin fastaksjon, då må vi òg snakke om tenarsinn. Om vilje til å vere Guds utvalde reiskap. I dag skulle det vere ekstra god grunn til å lytte til Maria sine ord når ho prisar Gud for underet som skjer med henne.

Vi tenkjer vanlegvis stort sett på oss sjølve. På det som synest viktig i mitt liv, i våre liv. Viktig for min familie, for mine born.
Men Maria flyttar blikket frå sin eigen navle, bort frå den magen som skal vekse seg like stor som andre komande mødre sine magar. 
Ho løfter blikket og ser den Allmektige. Skaparen. Livgjevaren. Vår Far.
Og så syng ho lovsong.
Maria jublar, syng og lovprisar.

Kvifor?
Fordi ho anar den store samanhengen. Samanhengen mellom Guds gode vilje for den slekta han har skapt, som han har gjeve liv og som han ser treng miskunn og nåde og frelse, og det liv ho no ber i sin gravide mage.
Om alt dette brukar Maria slike  flotte ord.
Ord vi sikkert aldri hadde kome på ein gong..

Desse orda skal du ha i tankane dine, du som snart skal gå ut med fastebøssene:
Først møter vi ordet fattigdom.
Maria seier om Gud: «-han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom»
Gud ser dei fattige. Han såg den fattige ungjenta.
Han ser fattige ungjenter i dag. Dei skal ikkje verte mødre til Guds son.
Men i dag merkar desse fattige meir enn dei fleste andre til konsekvensane av klimakrise, tørke eller flom. Forureina drikkevatn og milelange vegar for å hente det livsviktige vatnet. Gud ser ungjentene som ber vatnet heim i timevis kvar dag.
Gud ser dei unge gutane som skal dyrka jorda, men som får flom eller tørke i fanget slik at livet går aldeles i stå. Framtida fell i hop.
Og Gud ser tenåringar på Osterøy som lever sine liv i den aller største kontrast til fattigdomen ute i verda. Han ser mobilane dykkar. Han ser sportsutstyret. Han ser bankkontoane som for dei fleste av dykk vil få store tilskot til på konfirmasjonsdagen.

Gud ser dykk. Han såg også Maria. Han valde henne ut på ein heilt spesiell måte til å verte mor til hans son. Når han ser dykk, ser han noko anna enn han såg i Maria.
Men han ser framleis etter vilje til å vere hans tenarar. For Gud bur i verda med si frelse også i dag. Gud vil framleis vere nær dei fattige. Og han vil vere nær også hjå dykk som i dag kan stå fram som hans tenarar.
Men då skal du ikkje gløyme Maria sine ord. Alvorlege ord  til håp og trøyst for fattige og undertrykte til alle tider. Difor lovsyng Maria Gud med slike ord:
«Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg»
Korleis er det for oss?
Forstår vi at Gud gjennom Jesus, vår bror, har gjort oss rike?
Forstår vi at Gud i tillegg har velsigna oss i dette landet vi bur i, slik at vi i dag kan velte oss i materiell rikdom, velstand, pengar?
Forstår vi at vi ved å bruke våre liv for å hjelpe dei fattige, dei svoltne, med gode gåver, kan gje vår pris og ære tilbake til Gud?

Litt slik Maria gjorde det. Vår teneste i dag, skal vere vår lovsong.
Denne søndagen gjer vi som Maria. Av hjarta vil vi vere med på å opphøgje Herren. Med takk og med glede vil vi lovprise han for at han, vår Far, valde ut Maria til å verte mor til Guds son, han som er vår bror og som heiter Jesus Kristus.
”- store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt  er hans namn.”
AMEN


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv