fredag 3. april 2015

Nådeblod


Langfredag 2015
Eidsvåg
Matt .26,30-27,50

"Red Crusifixion" av Daniel Bonnell

Dramaet på langfredag går utanpå det som til og med blaserte veteranar i TV-sjåing og videovaldkonsumering kan varte opp med. Alt det forferdelege som skrekkfilmane som vert sensurerte til 18-års aldersgrense; det er på plass.
Svik og løgn. Korrupsjon. Blod. Smerte. Skrik. Nyfikne tilskodarar. Alt kunne danna ramma for ein tradisjonell, men ufyseleg valdsfilm, lik dei mange som flimrar over våre skjermarar og som gjer mange av oss så sløve at vi ikkje lenger reagerer på vondskap og djevelsk brutalitet.

Likevel er det stor skilnad på alt dette skodespel, og på det som hende med Jesus langfredag. For her er skodespelarane bytte ut med verkeleg menneske. Svikaren Judas er ingen rollefigur. Han er ein tragedie som endar i fortapinga. Fornektaren Peter trong ikkje løk for å framkalle falske tårer som kunne tilfredsstille ein eller annan kameramann. Hans såre gråt sleit i dei djupaste hjarterøtene hans. Han ana omfanget av sviket sitt i det same hanegalet stilna.
Pontius Pilatus står tilbake som ein prototype på den feige og upålitelege dommar og embetsmann. Mange liknande personar er framstilte i litteraturen og i filmar fram gjennom tidene. Ja, også i det verkelege livet har slike menneske funnest. Likevel: Pilatus var slett ikkje oppdikta. Men han står att som ein karikatur av ein dommar.

Det er heller ikkje det faktum at dette verkeleg har gått føre seg, som set langfredagsdramatikken i ein så heilt spesiell særstilling. Det som gjer dette til noko fullstendig eineståande, er at i dette dramaet, så har vi alle ei rolle. Hovudpersonen er Jesus. Men i det som utspelar seg i Jerusalem og på Golgata er det med tallause statistar. Eg er ein av dei. Du er ein annan.

Det er lett å rygge tilbake i møte med ein slik påstand. Slik Peter gjorde det då han vart attkjend og plassert som ein av dei som var i Jesu følgje: "Visst er du en av dem, du også! Dialekten røper deg" (26,73)
Han vart attkjend. Panikken tok han. Ville dei arrestera han også? Han som hadde svore på at Jesus kunne lite på han. At han ikkje skulle svikta. Bannorda rann or Peters munn. Han svor og forsikra: "Jeg kjenner ikke denne mannen" (26,74)

Eg står og ser ut over ein lyttande kyrkjelyd. Ein kyrkjelyd med døypte kyrkjemedlemer. I langfredagslyset er det som om vassmerket på hovudet til dei døypte stig fram. Ja, til og med krossmerket du vart teikna med kan skimtast. Krossmerket du fekk teikna over deg i dåpen:  "- at du skal tilhøre den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus og tro på han." 


Visst er du en av dem!
Vi er ein kyrkjelyd i dag av døypte kyrkjemedlemer. Døypte til Jesu død og oppstode, som det står i Romarbrevet. Vi har våga oss inn i Guds hus på denne langfredagen. Vi er attkjende som slike som er involverte i Jesu død. Døypte til hans død.

I dag ser vi endå ein gong på dette forferdelege som hende med Jesus. Og med Judas som svik han til døden og som sjølv enda i fortapinga. Vi ser Peter som fornekta, men som reiste seg etter eit djupt, djupt fall.
Men det er ikkje berre i Bibelens historielys vi skal sjå på det som skjer. Vi stig på ein måte inn i historia og vert gjort samtidige med dramaet. Vi er med på det heile. Vi er av dei som ser historia på avstand, men som så lett gløymer at vi sjølve er ein vesentleg del av historia.
Også du og eg er ein del av langfredagsdramaet.

Pilatus stod med handduken og tørka dryppvåte hender. Han gjorde eit siste desperat forsøk på å skuve frå seg den ekle kjensla av å dra seg unna eit ansvar som berre var hans. Han var dommaren. Han skulle vurdere skuld og uskuld. Og alt han hadde sett og høyrt i møte med Jesus tilsa berre ei einaste fornuftig domskjenning: Uskuldig! Frikjent!
Men han var fanga inn av mobben. Av oppiska hatstemning. Han var ingen upartisk og rettferdig dommar. No freista han å vaske skulda av seg:
- Da Pilatus så at ingenting nyttet, men at uroen bare økte, tok han vann, vasket hendene mens mengden så på, og sa: «Jeg er uskyldig i denne mannens blod. Dette blir deres sak.» Og hele forsamlingen svarte: «La blodet hans komme over oss og våre barn.» (27, 24-25)

Pilatus si handvasking har for all ettertid stått som symbolet på ansvarsløyse og duglaust leiarskap. Men folket sitt rop gjekk likevel i oppfylling: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»

Folket var skuld i at Jesu blod skulle renne ut or den døyande kroppen på krossen. Folket som ropa krossfest var sjølvsagt medskuldige i det som Pilatus var hovudansvarleg for, at dødsdommen over Jesus vart avsagt. Men kor bokstavleg folket sitt rop skulle verte gjeldande for all etterslekt, tenkte neppe nokon av skrålhalsane i Jerusalem over denne dagen: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»

Jesu blod kom over borna til dei som ropa krossfest. For desse borna, det er deg og meg. 


Dei skjøna nok ikkje rekkevidda av sine rop. Profetiske rop var det nærast. Dei bad om å få bere si eiga skuld. Dei forstod ikkje at det som dei meinte var blod frå ein som fortente døden, eigentleg var blod frå ein skuldlaus som leid døden i staden for dei mange skuldige. Dei meinte at dette var straff som fortent. Det var det for så vidt også. Det var berre det at dei som fortente straff var folkemengda som skreik, det var Pilatus som dømde ein uskuldig, det var Peter som fornekta, og ikkje minst det er oss; alle vi som vart døypte til Jesu død for at det skulle gjerast soning for våre synder, for vår skuld.  - hele forsamlingen svarte: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»

Her er det at Gud oppfylte folkemengda sine bøner langt utover det dei sjølve forstod:
Gud fylte det blodet som rann frå såra til den skuldlause og krossfeste Jesus Kristus med eit heilt nytt innhald. Gud gjorde Jesu blod til nådeblod.
For alle som er involverte, anten det er bødlar eller krossfesta røvarar, anten det er Peter som fornektar eller du og eg som er for feige i kvardagen til å stå opp og rope ut at vi tilhøyer den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus og eg trur på han; for oss alle draup det dråpar med nådens blod frå såra til den døyande Jesus på krossen.

Langfredagsdramaet inkluderer difor oss alle. Eg er ein av dei. Du er ein av dei. Kanhende er det ikkje farleg for deg og meg å stå fram og seie dette. Ikkje slik det var farleg for Peter. Han risikerte trass alt å verte arrestert han òg. Likevel dreg vi oss unna. Det skal så mykje til å involvere seg i alt dette. Det er så mykje som går utanpå min forstand.

Ja visst!
Lat deg likevel involvere. For det angår deg i aller høgste grad. Profetien frå folkemengda har gått i oppfylling: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»
Dette blodet er i dag eit nådeblod. Og at det verkeleg gjeld deg og meg, det får vi handfast prov for når vi ved neste nattverdhandling her i kyrkja knelar ned og grip rundt kalken som vert rakt fram frå altarbordet: "Dette er Jesu blod". Eller kanskje vi høyrer orda ”Kristi blod – utøst for deg”
Når vi i nattverden rekkjer fram hendene våre og let kalken verte fylt opp, når vi fører klaken til munnen og drikk, då vert underet levande der og då. Hans blod har kome over oss, og det skal kome over våre born.

Han drakk sin kalk til døden. Blodet hans rann. Han anda ut.

Vi drikk hans kalk til livet. Blodet hans rann for mi skuld. For di skuld. Vi skal leve til evig tid fordi han døydde på krossen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv