søndag 18. oktober 2015

Det ligg nokon i porten min

21.s. i treeinigstida II. 18.10.2015
Hosanger kyrkje
Luk 16,19-31


Dette vart ein kjempedag! Tenk at vi skulle få ei slik vakker veke med haustfargar og strålande sol inn mot denne perfekte søndagen.  Kunne de fått ei flottare ramme rundt dåpsdagen til desse to småborna vi har døypt i denne vakre kyrkja? Blank haustsol. Fargesprakande landskap. Lys over glade fjes.
Slik vil vi så gjerne at framtida for desse nydøypte også skulle verte. De sit på fremste benken med desse borna i fanget og gled dykk over nytt liv.  ”Framtiden i våre hender” er det ein organisasjon som heiter. Det er ingen organisasjon de har i hendene og på fanget. Det er eit liv. Eit nytt levande menneske. Men aldri er uttrykket rettare enn i ei slik stund: ”Framtiden i våre hender”.

Litt lenger bak i kyrkja sit den eldre generasjonen. Dei som har funne vegen hit til dette tradisjonsrike gudshuset slik dei ofte gjer det når klokkene kallar på oss i helger og til høgtider. Eg er sikker på at de gler dykk i lag med nybakte foreldre. De synest det er flott med born som på denne måten vert borne til Jesus i den heilage dåpen. Saman kan vi førestille oss ein smilande Gud Fader som opnar armar og famn og gler seg storleg over nye små som han frå og med i dag har gjeve fulle rettar som eit Guds barn skal ha. Dei kan med tillit og glede få be slik Jesus sjølv har lært oss alle å be: Vår Far – du som er i himmelen.

Når høgtida her i kyrkja er ferdig om litt skal de halde fram med å feire dei nyfødde. Familiane kjem saman. Mat og fest. Haustfest og dåpsfest. Jau – dette vart ein kjempedag!

Hadde det berre ikkje vore for det ubehagelege vi får oss servert frå Guds ord på denne søndagen.
For sant å seie er det lite hyggeleg å verte minna om at utanfor porten til vår høgtid og vår glede og vår fest, der sit ein som heiter Lasarus.
Det er ein mann som har heilt andre levekår enn det dei fleste av oss her i Hosanger kyrkje lever under til dagleg. Bibelen kallar han rett og slett for fattig.

 Kva skal vi gjere med Lasarus på denne vakre haustdagen?
Vi må spegle livet vårt i lyset frå bibeleforteljinga som nett no vert løfta fram på preikestolar i kyrkjer over heile landet vårt.

 Vi må lytte til kva det står. Og vi må tenkje over om dette har med ditt og mitt liv å gjere.
For ikkje å snakke om – har det vi les her noko å bety for livet til den nyfødde framtida som skin som juvelar på fanget til dykk som bar dei til dåpen nettopp?

 Bibelteksten handlar altså om den rike mannen og Lasarus. Vi har lese om rikmannen som 
” - kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.”
Kanskje passar ikkje ordbruken heilt som hand i hanske på deg og meg. Purpur og fint lin er neppe så veldig aktuelt. Men fine klede har vi, sjølv om vi ikkje går i bunad til dagleg. Kleda er til og med dyre. Og vi har mykje klede. Meir enn vi treng. Så mykje at nordmenn har råd til å kaste tonn etter tonn av nesten ubrukte klede. Ta deg ein tur i garderoben på skulen der borna dine høyrer til. Sjå kva skuleborn har råd til å gløyme att utan ein gong å spørje etter det. Det er vi som på denne måten viser vår gode råd. Rikmannen vi las om levde i fest og prakt dag etter dag. Det kjenner vi betre att. Jammen har verdens rikaste folk mykje prakt som står i midt i hagar med flotte plantar og grøne plenar. Her finn vi nye og gamle hus, side om side, med hagemøblar og siste skrik av moderne hjelpemidlar innandørs og i garasjen. Og ved bryggjene rundt om på Osterøy duvar leiketøy for summar vi knapt kan førestille oss.

 Vi skal snart gå ut att frå Hosanger kyrkje på denne søndagen. Ut til alt vi omgjev oss med av rikdom og luksus. Nokre skal heim til fest – og lat meg streke under det eg no seier med store bokstavar:  Gå heim til dåpsfesten med stor frimot, godt samvit og i stor glede. For det du festar for når barnet ditt er døypt er meir verd ei fest enn nest alt anna vi lagar til fest for.

Men ingen av oss skal gå frå kyrkja utan at hjarta vårt slår eit ekstra slag eller to for Lasarus. Han fattige ved porten vår.
Ser du ingen Lasarus, seier du?
Kjenner du ingen fattig? Ingen som hundane kjem for å sleikje såra til?

På denne søndagen har vi opplevd norsk haust på sitt vakraste. Slik vi har gjort det ei vekes tid no. Vi vert rett og slett i godt humør av slikt. Det er slik vi drøymer om det når regnet heilt sikkert etter kvart kjem til å hølje ned over hjå oss slik det alltid gjer når hausten pakkar Vestlandet inn i det som berre er grått og vått.
Og var det berre så vel at vi utan reservasjonar kunne gle oss over det vi opplever som så fint og godt som ein slik søndag.

Framtida i våre hender, nemnde vi. Og straks vert vi urolege. Urolege for framtida. Er haustfargane berre eit glansbilete som for nokre dagar løyner alvoret for oss. Er det det våte og det grå vi heller skulle mane fram i tankane våre når vi slepper til vår uro for framtida til sjølve Moder Jord.
For det handlar faktisk også om klimaendringar. Om sola som skin så alt for mykje her nord nett no. Vi høyrer om is som smeltar og om konsekvensar for havet og for oss som bur på land.

Korleis skal dei få det når dei som i dag ligg nydøypte i fanget dykkar her i Hosanger kyrkje vert skikkeleg vaksne? Når dei vert besteforeldre eller oldeforeldre?
Det ligg ingen Lasarus utanfor porten din når du kjem heim att i dag.

 Men korleis vil det sjå ut rundt om i verda når mange hundre millionar menneske vert drivne på flukt rett og slett fordi jorda dei i dag bur på vert liggjande under vatn fordi havet stig og fordi drikkevatnet vert blanda med saltvatn eller fordi breane i Himalaya som i dag gjev drikkevatn til ufatteleg mange menneske rett og slett er fordampa? Ver trygg på at Lasarus då kjem til å banka på grenseportar og på våre heimelege dører.

 På denne søndagen er vi minna om regnskogane som vert hogne ned med ufattelege konsekvensar for tallause menneske. NRK sin årlege TV-aksjon går av stabelen nettopp i dag, og du får sjansen til å gje pengar allereie før denne gudstenesta er slutt.
Og endå har vi ikkje nemnt det som rullar opp ved dørene våre i går eller i dag og heilt sikkert i morgon og i vekene som kjem: Flyktningane som strøymer nordover i Europa. Berre den siste månaden kom det 170.000 nye flyktningar til Europa.
Det er mange Lasarusar ved porten vår!

Nettopp difor er bibelteksten om den rike mann og Lasarus ei veldig utfordring til oss. For det første handlar det om det evig, vanskelege forholdet mellom fattig og rik. For oss som både i bokstavleg og overført tyding må seiast å leve på solsida  nett no, så er det ei ubegripeleg stor utfordring å finne ein rett måte å leve med vår rikdom på. For vi skal merke oss at bibelteksten ikkje er eit åtak på rikdom i seg sjølv. Bibelen seier ikkje at det er forbode å vere rik. Bibelen peikar på at rikdomen skal vi vinne oss på ærleg vis og utan at vi trakkar på Lasarusane rundt oss for å verte rike.

Både den rike mannen og Lasarus døydde. Denne teksten lærer oss difor, for det andre, noko om dei to moglege utgangane på livet. Vi høyrer om rikmannen som hamna i fortapinga. Og vi les om Lasarus som kom til himmelen – det står at han hamna i Abraham sitt fang.

Vi må spørje oss: Er det rikdom som er skilnaden på det som hende med desse to i det evige?
Nei, slett ikkje. For motsetnaden til rikmannen i teksten er ikkje berre Lasarus, men også Abraham. Og ser vi etter kva det står om Abraham i GT, så ser vi at han var svært, svært rik då han døydde. Gud velsigna Abraham i hans liv med rikdom som Osterøyfolket kanskje ikkje ville brydd seg så mykje om i dag. Han fekk mange kamelar, sauer og esel.
Vi ville vel heller hatt mange hestekrefter under panseret eller i båthekken, eller vi ville hatt tilgang til flyreiser eller litt luksus på eit godt turisthotell i Hardanger eller på Gran Canaria.
Det som var spesielt med Abraham og hans rikdom, var at han visste at hans store velstand, det var Guds velsigning. Og då vart også hans forhold til Gud og til sine fattige medmenneske heilt annleis. Han oppførte seg ikkje som eigedom og rikdom det er noko som kun er til privat forbruk, for meg og mine, og for at alt mitt skal verte endå større.
I himmelen var det den rike Abraham som tok mot den fattige Lasarus til fest. Abraham sette aldri spørjeteikn ved Lasarus sin plass ved det himmelske festbordet. Sjølvsagt skulle dei sitje saman ved bordet der.
Men då rikmannen slo augo opp i dødsriket vibrerte hans tankemønster frå jordelivet framleis. Han ba korkje Gud eller Abraham om å kome over til seg med vatn. Send Lasarus – bad han. Send fattigkaren hit. Han kan hjelpe meg i mi pine.
Men det var for seint å rope på hjelp frå fattige der.

 Den fattige var i Abrahams fang. Ikkje fordi han var fattig på jordisk gods. Like lite som Abraham var hjå Gud på grunn av sin rikdom. Rikmannen var heller ikkje hamna der han var – borte frå Gud, i den vonde fortapinga, fordi han kledde seg i purpur og fine klede. Heller ikkje fordi han hadde råd til å ete god mat.
Man fordi han mangla kjærleik. Fordi han oversåg han som låg med verkjesåra i porten. Fordi han jaga bort hundane som sleikte såra til den sjuke og forkomne.

På denne dagen er du og eg minna om at vi må finne vår plass slik at vi ikkje vert som den rike mannen. Kjenslelause. Uvillige til å bruke vår rikdom til å stogge øydelegginga av jorda og klimaet. Kalde i vår avvisning av dei som kjem til våre grenseportar og tiggar om smular frå våre overflodsbord.

 I dag må vi lære at vi alle er både Lasarus og den rike mannen.  Framfor Gud, i hans hus, er vi tiggarar alle saman som ligg og ber han om hjelp. Og Gud er den store motsetnaden til rikmannen. Han bøyer seg ned til deg og meg. Aller først skjer det i den heilage dåpen slik vi har vore vitne til det i dag. Etter kvart som dei nydøypte, og vi alle, får alder og år til livet, bøyer han seg til oss på nytt og på nytt for å lækje våre sår og for å reinse vår styggedom og for å reise oss opp frå våre fall. Han har næring, omsorg, varme og det gode liv. I Guds nærleik kan Gud omforme bitre tiggarar til kjærleikens menneske. Det gjorde han med Abraham. Vi har lese at han gjorde det med Lasarus.

Men Gud har endå ein ambisjon. Han vi forvandle steinhjarta til den rike mannen til eit mjukt og kjærleiksfullt hjarta. Eit hjarta som gjer det naturleg for ein som er rik, for slike som deg og meg – å dele sine rikdomar med andre, som vil bruke rikdomen til å skape ei verd der rettferd bur. Han løfter opp ei framtid som ligg i våre hender. Vi må våge oss inn i den. Villige til å sanne våre synder, til å endre vår kurs og til å byggje eit samfunn i tru og tillit til han som har skapt oss og som vil at framtida for oss alle skal fyllast med velsigning og håp.
AMEN


1 kommentar:

Bloggarkiv