torsdag 29. mars 2018

Guds kyrkje syng kring vide jord


Påskedag II. 1.april 2018
Åsane kyrkje
Matt. 28. 1-10

Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.
Denne tanken er overveldande. På denne dagen – påskedagen - syng dei i kyrkjer over alt i verda. Salmar og songar fulle av jubel over det vi snart skal lese om frå Matteusevangeliet: Jesu siger over døden. Dei syng om den tomme grava som var det første teiknet til Jesu nære vener om underet som hadde skjedd: «livsens helt, som ris or grav»
To av oss her i Åsane kyrkjelyd reiste over den vide jord for to veker sidan. I ei sprudlande gudsteneneste i ein millionby langt nord i Kina kunne vi lytte til eit språk vi ikkje forstod eit ord av.
Men vi høyrde songgleda til koret. Vi var vitne til jubelen til dei 1200 som var benka i den store kyrkja. Litt lite folk den dagen, sa dei, og skulda på pøsregnet. Men likevel reiste folk i opp til tre timar for å slutte seg til ei gudsteneste som starta kl.0830 om morgonen.
Det var søndag i Kina. Herrens dag, der også.  På den første dag i veka tok dei ut mot kyrkja vi ser bilete av på baksida av programarket du har fått utdelt. Slik også vi gjer det her i Åsane kvar søndag, feira dei Jesu oppstode.
Men sant å seie – vi kan misunne dei trykket i salmesongen, gleda over å vere i lag, og iveren etter å delta i kyrkjelydsarbeidet.
Nett no er klokka litt over 1800 der, langt i aust. Det er ein søndag. Påskesøndagen. Snart samlast dei på nytt til kveldsgudsteneste. Både der og i mange andre kyrkjer i dette veldige landet.
På strekkja mellom Kina og Åsane ligg Russland. Klokka er litt nærmare vår tid der. I dette landet dominerer den ortodokse kyrkja. Dei ligg ei veke etter oss, og feirar ikkje påskedagen før om sju dagar. Dei av dykk som abonnerer på Vårt Land kan lese der korleis den imponerande feiringa går føre seg etter ortodoks praksis. Men alt under overskrifta som lyste mot oss på framsida av VL onsdag i påskeveka: «Feirer seieren – ikke døden»
Nett no handlar det om dette bokstavleg tala grensesprengjande: Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.

Om dette syng vi også når vi no reiser oss og stemmer i vårt høgtidsvers på nr. 193:

Tekstlesing: Matt.28.1-10

Eg er langt frå nokon meisterfotograf. Ikkje har eg profesjonelt fotoutstyr heller. Men av og til slumpar det til at det kjem veldig bra bilete ut or mobiltelefonen også. Eit av dei knipsa eg nokre hundre meter heimanfrå. Eit foto av Knarvik kyrkje dagen etter ho vart vigsla, 1.s. i advent i 2014. Det er som alle veit, nokså mørkt på den tida av året, men nokre strålar frå sola kan ein få med seg om ein er heldig.
Eg såg at dette var ein slik dag då eg rusla opp på ein liten knaus rett utanfor kyrkja og knipsa eit foto nett på den tida at dagen bryt fram.
Det biletet ligg no som skrivebordsbakgrunn på min PC. Det eg likar best, er at her ser ein verkeleg den stolte og prisbelønna arkitekturen på denne kyrkja som stig mot himmelen og vinterlyset og liksom ropar mot meg:
Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.
Aldri kan vi verte nok minna om at det er dette det handlar om for alle som trur eller som er på leiting etter noko å tru på. Det handlar om Jesu siger.
Kyrkja vert så alt for ofte kopla opp mot død og tårer.Det er veldig godt at kyrkja er der med trøyst og omsorg og varme når døden har vore på ferde. Det er aldeles rett at kyrkja sine truande skal vere medmenneske som kan tørke tårer og vise omsorg gjennom motgang og tunge tider.
Men kyrkja er meir enn eit bindeledd inn mot dødsriter og kister med vakre blomar.Kyrkja representerer livet. Kyrkja skal forkynne Kristus som den oppstadne.Difor er det også godt at fleire og fleire kyrkjer, som både her i Åsane, og i Knarvik, der eg bur, vert frikopla frå gravplassen og ligg der som eit monument over det aller viktigaste kyrkja har å seie til folk: Kristus lever! Til og med arkitektane kan vitne om dette når dei skaper slike bygg som dette vi no er i, eller som kyrkja eg ser frå stovevindauga heime i Knarvik.
Kristus lever, og vil vere mellom dei levande.Han vil vere midt på bydelstorget. Den levande er der folket i Åsane er. Han stig ned på Horisont. Han ruslar rundt i Gullgruven. Han kviler seg i ein utstillingssofa på IKEA. Han er på Senteret. Storsenteret.Han vil gjerne flytte inn hjå dei som bur i blokk eller rekkjehus eller einebustader over alt i vår bydel.
For Jesus har eit ynskje – at vi skal sjå han, og oppleve han som sigerherre over døden og alle vonde krefter som herjar med verda og med menneskeslekta – og ikkje minst trugar ditt og mitt liv.
Påskedagen er Herrens dag. Underet hende. Uforståeleg. Ulogisk. Men med ettertrykkeleg himmelsk stempel på det heile. Grava var tom. Jesus lever. Og kvinnene er forsongarar i eit verdsomspennande jublekor på Herrens dag.
Engelen fortalde det til kvinnene: "Han er ikkje her; han er stått opp som han sa. Kom og sjå staden der han låg!»
Og engelen hadde meir på hjarta. Det er nesten som om han innvier kvinnene ved grava til ei evangelistgjerning når han pålegg dei dette: «Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: -Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. ­ No har eg sagt det til dykk."
Den oppstadne hadde allereie forlate gravstaden. Han høyrde heime i livet. Det var tilbake til livet at kvinnene skunda seg. Bort frå grava og tilbake til livet, sprekkeferdige med påskedagens nyhende, snubla dei seg ut i verda for å fortelje om ei tom grav der døden hadde lidd eit endeleg nederlag. Redselen deira, forvirringa og sorga, veik etter kvart plass for ei fast tru på at han som hadde lagt i grava, verkeleg levde. Ei tru som også du og eg kan gripe tak i. Vi lyttar til engelens vitnemål, til det kvinnene forkynner, og vi les vidare i evangeliet enn det påskedagens preiketekst omfattar, og vi ser at den oppstadne Jesus verkeleg møtte dei og helsa dei.
Dette er det som kveikjer trua vår. Dette er det som gjev oss håp om at døden verkeleg er overvunnen. Til og med der krigen har herja. Der lidinga har overgått forstanden. Der sjukdomen trugar. Livet er sterkare enn døden alle desse stadene.
Slik livet skal vise seg sterkare enn døden, også ved gravene i Åsane når den siste, store dagen kjem. Dagen vi ventar på. Oppstandelsesdagen for alle som kviler i gravene i påvente av at Jesus ein gong skal kome tilbake og tømme alle graver for død, og fylle dei med liv. Evig liv.
I trua på at hans siger over døden skal gje oss alle siger over døden på den yttarste dagen, gjev vi oss i veg med kvinnene. Frå påskehelg og inn i kvardagen med eit nytt ankerfeste for vår tru:Jesus lever! Døden er overvunnen!
Eg har diverre aldri vore i Russland. Det næraste er ein del overflygingar på veg til og frå Kina. Når eg flyr slik, er eg fasinert over å kunne følgje med på kartet på skjermane i flyet. Det er mange byar å fly over når ein flyr tvers over dette digre landet. Ein av dei eg berre kjenner frå eit slikt flykart er, Novgorod, den gamle russiske hovudstaden ein stad mellom St.Petersburg og Moskva.
Vårt Lands journalist, Erling Rimehaug, tok oss med til bl.a denne byen i onsdagsavisa føre påske. Han fortel frå eit nonnekloster like utanfor byen: «På påskedag kan alle ringe med kirkeklokkene. Og det gjør de med stor fryd, både barn og gamle. Noen drar i snorene til de små klokkene, andre tråkker på pedalene til de store.Utover landskapet klinger klokkene hele dagen, og de får svar fra de digre klokkene i katedralen inne i byen. Hele dagen jubler klokkene at døden er overvunnet, og Kristus har seiret, ikke bare over døden, men over synden og alle dødskreftene som har grepet om oss.»
Det er dette som er påske: Klangen frå kyrkjeklokker, kyrkjeorgel, trompetar, songsolistar, kor, og frå songen i kyrkjebenkane – alt sameina i ein jubel over Jesu siger -ikke bare over døden, men over synden og alle dødskreftene som har grepet om oss.
I sanning: I dag gjer det godt å stemme i: Guds kyrkje syng kring vide jord: Sjå siger vann vår konge stor.

AMEN






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar