torsdag 5. desember 2019

Fars hus


2. s. i adventstida. 08.12.2019.
Åsane krk
Johs. 14,1-4
Kjære kyrkjefolk.
Kjære dåpsfølgje.
Kan du høyre Guds gode, trygge stemme i dag?
Vi song det nettopp saman: «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare»
Vi las det nettopp frå evangeliet. Vi las den gode bodskapen. Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Vi ville så gjerne at alle dykk som tok tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud.

Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Likevel: Eit menneske vil vi på ein særleg måte setje i fokus nett no. Den vesle jenta vi har døypt. Vi vil enno ein gong sitere orda vi song i dåpssalmen. Kanskje ein ukjend salme for mange? Men med det varme og trygge innhaldet som er mynta på henne som i dag for første gong er boren til Gud.
Men det som hende med henne i dag, hende med meg ein gong. Og med deg, du som er døypt i den treeinige Guds namn: «Du lyser din fred over barnet. Du tek det i hendene dine». Måtte veslejenta og alle i hennar familie kjenne dette som eit ekstra handslag på ein stor høgtidsdag i familien: At Guds fred kviler over barnet, og over alt som no skjer.

Guds fred – den lengtar mange av oss etter. Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om, som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»
Treng vi freden meir i adventstida, enn vi gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned.
Vi som steller med kyrkja og alt som skjer her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Tradisjonelt har denne andre adventssøndagen vore ein dag med fokus på at Jesus ein gong skal kome tilbake for å hente heim til himmelen alle som høyrer til der. Men bibeltekstane har gjerne vore tematiserte rundt det spektakulære, det voldsame, det som hender brått, og som skaper eit skarpt skilje mellom dei som får vere med inn til det himmelske og dei som vert ståande utanfor.

Men ved revidering av dei bibeltekstane som no vert lesne denne søndagen, har vi også fått med denne høgst verdifulle vinklinga som evangelieorda i dag gjerne vil vise oss: Det ligg noko forventningsfullt og fredfullt over det å skulle gjere seg klar til å møte Jesus.

Meir enn at det er eg og du som skal skikke oss slik at vi står klare til å møte han, så handlar det like mykje om han som enno ei tid er oppteken med å gjere alt klart til at du og eg skal flytte inn i Fars hus. Få ei ny adresse i huset med dei mange rom.

Vi må snakke litt om det huset.
Kvar for oss har vi alle eit hus der vi i dag høyrer heime. Eit hus ein eller anna stad i Åsane, eller i Bergen, eller som eg, ute i Knarvik. Vi er glade i heimen vår. Vi vil helst sleppe å flytte ut. Vi gror fort fast. Men vi veit at ein gong er det slutt. Vi skal ut heimanfrå til slutt. Men då ventar altså ein ny heim.
Jesus brukar i dag desse orda: «- eg går for å gjere klar ein stad for dykk» Og så talar han om Fars hus. Huset med dei mange rom.

Eg håpar at det må vere slik at vi i dag, i kvile under den freden Gud vil sende over oss, også kan rette blikket vårt framover mot denne staden. Mot den staden der Gud er klar med eit nytt rom for kvar einaste ein av oss. Eit hus med lyse festsalar, med god mat, perlande drikke og vakker musikk. Der er det vår håp at vi som kristne, som menneske som trur på Jesu død og oppstode for våre synder, ein gong skal møtast att sjølv om vi her vart skilde av ei grav.

Vi er alle vel kjende med at livet vårt her på jorda har heilt avgrensa tid. Nokre får leve lenge, målt med våre mål for tid, kalender og klokke. Andre får langt kortare tid.
Men om både husa vi i dag bur i, og menneska i huset ein gong vert borte, så vonar vi at det reiser seg ein ny heim, og at eit nytt og nyskapt menneske ein gong skal stå opp att or grava i krafta frå den oppstoda Jesus sjølv har vunne for oss då han sigra over døden påskedagen.

I evangelieordet vi har lese, så sa altså Jesus:
- eg går og vil gjere klar ein stad til dykk. Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg så de skal vera der eg er.
Høyrer du den undertonen av forventning som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt, men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset til Far og tenkjer: 
- I det rommet skal Øystein bu! Lenger borte i gangen bur far hans. Det er nærmar seg 40 år sidan faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller – for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.

Så trur eg Jesu går inn i nokre andre korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for. Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort  på vegen gjennom livet slik at romma blir ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp og vi går inn i den store eva.

Vi legg slike fantasiar til side.
Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg ikkje viske bort.

Uansett er det slik at på denne andre adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Eg har invitert deg til å finne kvile i ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er i ferd må gjere. Han held på å gjer at klart for å møte oss. Eit møte i Fars hus.

Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus.
Vi kallar kyrkja vår for Guds hus på vår stad.
Det er mange slike gudshus rundt om. Kvar kyrkje, kvart gudshus, er eit slik rom som vil vere ein kvilestad for Guds born som lever saman i hans familie på kvar stad, i kvar einaste kyrkjelyd, verda over. Måtte Guds fred kvile over hans kyrkje på alle desse stadene.

Men på denne dagen må vi også invitere, vi må kalle, til å tru på han som talar til oss i dag. «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg» seier Jesus.
Mange av oss har kanskje ei ureflektert tilslutning til at kyrkje og kristendom, det er greitt nok. Det er eit passande uttrykk for norsk kultur og historie i møte med folk som trur annleis enn vi har gjort, og som kanskje opplevast som framande for nokre av oss.

Å våge steget ut av det ureflekterte, og inn i dette som handlar om tru, om det vi aldri heilt kan vere trygge på verkeleg er sant, det kan vere eit vaklande steg.

Eg inviterer deg til å prøve, om du kjenner at slik har du det på denne dagen. Eit første steg for denne trua kan kanskje vere å ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud. Nettopp då tek trua over. Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Og om du allereie kviler fast i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du no få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi skal syngje om, og som er sjølve framtidshåpet på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt; …»
AMEN


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv