mandag 30. desember 2019

Det tidlause namnet


1.nyttårsdag / Jesu namnedag I. 01.01.20.
Åsane
Luk. 2,21

A-Magasinet er viktig i norsk presse. Ikkje minst fordi dette er det desidert største avismagasinet i landet, med eit opplag på over 750.000 kvar veke. Vi som abonnerer på BT får det i postkassa kvar fredag.
Fredag før jul sette magasinet fokus på årsskiftet vi no opplever. Ja, meir enn det – vi opplever å gå inn i eit nytt ti-år i dag. Det var verd å lese ein del av tankane som stod på trykk omkring dette temaet. Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke.

Det er eigentleg ikkje oppsiktsvekkande at dei som styrer med media gjer noko slikt når vi byter kalender. Liknande saker har stått på trykk mange gonger før, og det kjem sikkert til å bli repetert.
Eg opplever at det er nyttig å få hjelp til å oppsummere tida vi har gjennomlevd. Det hjelper oss litt med å sortere viktig frå uviktig. Det kan vere med på å opne auger og å forme fornuftige tankar vi bør tenkje når tida sitt nyaste landskap skal rullast opp framfor oss.

Kva er viktig for deg og meg akkurat i dag?
Vel – sjølv vakna eg opp til ein splitter ny heimkommune denne nyårsdagen. Tre kommunar vart til ein der eg bur. Eg har forventning til at det er eit framsteg for meg og dei nesten 30.000 menneska som skal bu og byggje i nye Alver kommune. Vi fekk noko nytt i lag ved dette årsskiftet. Det spanande.

Og alle vi som høyrer heime i Åsane er i dag ein del av det store, nye Vestland fylke. Fjella i Hordaland er dei same i dag som i går. Hardangerfjorden og Sognefjorden i begge dei to gamle fylka ligg der dei alltid har lagt. Husa våre står på dei same tomtane som dei gjorde på julaftan. Men eit usynleg band knyter likevel i dag saman folk frå Røldal til Stadt; frå Sognefjellet til Fedje. Eg har budd i begge dei gamle fylka, og hatt gode år der. Det trur eg vi skal få i den nye tida med Vestland også.

Men vi som er samla i kyrkja, kan kanskje tenkje ein ekstra fin tanke på denne dagen.
Dei gamle fylka våre utgjorde til saman Bjørgvin bispedøme. I dag er bispedømet og det samla fylket samanfallande. Og som med alt anna vi har peika på: Kyrkja er den same. Kyrkjene står der dei har stått. Gravene som gøymer våre kjære ligg slik dei skal liggje til Jesus kjem igjen, og vi som tilber og trur, vi samlar oss i samsvar med det vårt bispedøme har formulert som sitt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke. Det var det A-magasinet serverte som overgang til det nye tiåret.
Ingen kan vere i tvil om at det er viktige tema, kvart einaste av dei.

Men i møtet med alt dette viktige som veldig mange nordmenn kunne lese, så saknar eg som prest eit utblikk mot det som er større enn eit årsskifte, det som omfattar meir enn eit dramatisk ti-år. Det som rett og slett går utanpå tida, som vi måler med klokker og kalendrar, og som vert sett merkelappar på i viktige delar av pressa.
Større enn tida, er, så paradoksalt som det kan høyrast, det tidlause.
Det som går inn som ein del av den kristne trua under nemninga æva.

I dag bør kyrkja rette fokuset på det som ikkje berre er aktuelt når vi går inn i eit nytt
ti-år. Det finst noko tidlaust å snakke om. Noko som ber med seg det evige.
Det er dette bibeltekstane på Jesu namnedag, nyårsdagen innbyr til.

Det finst viktigare namn å snakke om enn ein president som passande nok heiter Donald.
Det finst viktigare saker enn bompengar. Til og med viktigare enn flyktningar og terror, eller å snakke om klima. 

På den åttande dagen etter at vi mintest Jesu fødsel, samlar vi oss for å feire minnet om at han vart boren fram i tempelet i Jerusalem for å omskjerast. Og då vart det stadfesta det engelen hadde sagt til Josef lenge før barnet vart fødd: «Dei kalla han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.»

Det tidlause namnet. Det evige namnet. Det som vil vere årets namn for kvar einaste truande kristen over heile verda i år etter år. Heilt til han kjem att. Han som er Kristus, Herren. Frelsaren. Messias. Den salvevigde. Guds eigen son. Ordet, som alt vart til ved.
Han har framfor alt eitt namn –  Jesus - det som betyr Frelsar. Men i Skrifta vert han omtala på ulikt vis, utan at vi nokon sinne treng å vere i tvil om kven det dreier seg.

Tenk om vår viktigaste og største presse kunne oppdage dette namnet ved eit årsskifte? Og slik gå eit stykke veg, hand i hand, med dei kristne og løfte fram dette namnet vi aldri vert ferdige med.

I meir enn tusen år har samfunnet vårt hatt namnet Jesus som ein grunnpilar.
Ikkje fordi kvar einaste nordmann til ei kvar tid har brydd seg så mykje om Jesus.  Nokre har fornekta han. Avvist å tru på han. Argumentert, til dels kraftig, mot oss som trur, tilber og lovsyng dette namnet.
Likevel samlast hans kyrkje kvar einaste søndag.
Likevel vert framleis fleirtalet av nordmenn døypte i Jesu namn.
Likevel vert 80-90 % av dei som døyr frå oss, senka i grava mens presten kastar jord på kista, «-i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage  ande»

I det nye tiåret, mens vi skal venje oss til med at vi no bur i Vestland fylke, skal vi som er med i kyrkja i det bispedømet som geografisk fell saman med det nye fylket, stadig halde fram med å etterleve vårt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Å forkynne Kristus, å løfte fram Jesu namn for alle som vil høyre, og som kanskje etter kvart også vil tru, det er nyårets fremste oppgåve for hans kyrkje på denne staden, her i Åsane.
Men skal vi oversjå det viktige som pressa har peika på nettopp no framfor den høgtida som eit årsskifte er? Er det faktisk like viktig å snakke om Jesu namn, som å snakke om flyktningar og terror, eller å snakke om klima?

Til det vil eg seie: Det er inga motsetning!
Visst skal kyrkja snakke om flyktningar. Det er det mange grunnar til. Ein av dei er at Jesus sjølv var ein flyktning då han og Josef og Maria måtte rømme til Egypt kort etter fødselen hans. Om den hendinga snakka vi i kyrkjene våre søndag for tre dagar sidan. Sjølv brukte eg desse orda i kyrkja i Arna om flyktningen Jesus:    
«Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.
Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.
Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger»

Kyrkja skal snakke om Jesus. Kyrkja skal snakke om flyktningar. I Bjørgvin har kyrkja som sitt motto at vi skal fremje rettferd. Då må kyrkja våge å konfrontere statleg urettferd  overfor flyktningane.

Kyrkja skal sjølvsagt snakke om terror. Ikkje minst fordi nettopp Jesus vart ein flyktning som ei følgje av hårreisande terror av kongen som regjerte då han vart fødd. Kong Herodes er berømt for si forferdelege framferd ved barnemordet i Betlehem. Ein terroraksjon han iverksette fordi ryktet om frelsarfødselen hadde nådd han. Messias, kongen, den salva var komen. Hen heitte Jesus. Herodes forstod ikkje å tyde teikna på himmelen. Men han hadde makt til å utføre terror ved å drepe alle guteborn i Betlehem som var under to år. Ein uhyrleg terrorist som jaga Jesus på flukt mens han enno var baby.

I gudstenesta for tre dagar sidan spurde eg:
«Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!»
Terror er ikkje nytt i vår tid. Samfunnet må sjølvsagt konfrontere terroren. Kyrkja vil kanskje ha si største oppgåve i å trøyste. I å vise omsorg. I å vere diakonal. Men i alle fall kan ikkje vi som vedkjenner oss namnet Jesus vere likesæle neste gong ein eller annan Herodes går langt over streken i møte med oss og våre medmenneske.

Det er ikkje spesielt originalt at også ved dette årsskiftet, så løftar A-Magasinet fram klima som eit hovudtema i året som ligg bak, og for åra vi skal gå inn i.
Slik må det også vere for den kristne kyrkja. Det må vere slik, nettopp fordi vi vedkjenner oss Jesu namn. Det er han vi trur på. Det er han vi ber til. Det er han som er vårt lys når vi skal finne vegen ut i ei mørk verd. Denne verda synest å liggje i skuggen nettopp av klimakrisa  akkurat no. Difor treng denne verda å sjå  til han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I lyset frå dette namnet, lærer vi i jula at han som heiter Jesus, også kan kallast Ordet. Og på sjølvaste Jesus fødselsdag, juledag, lærte vi at Ordet var med då alt vart skapt, då alt vart til. Ved dette Ordet, ved Jesus, stod skaparverket fram i all si prakt: «Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til» (Johs 1,2) las vi på juledag.
I Jesu namn vart skaparverket fullført.

Ved dette namnet skal kyrkja vere med i klimakampen fordi vi anar alvorlege konsekvensar av at vi har vore med på å setje skaparverket i dramatisk ulage.
Som kristne fornektar vi ikkje menneskeskapte kriser når klima og miljø står på dagsorden.
Men vi fornektar heller ikkje det namnet som alt er skapt ved.

I tru og tillit til den treeinige Gud går vi framtida i møte. Vi forkynner Kristus, vi byggjer kyrkjelyden vår, og vi fremjar rettferd. Rettferd for flyktningar, for terrorofra, og i klima- og miljøkampen.
Vi trur på han som heiter Jesus – han har namnet som fortel oss at han er vår Frelsar.
Det er vårt lysande håp når vi ynskjer kvarandre eit godt og velsigna nytt år.

AMEN




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv