Innsetjing av to prestar, Eidsvåg kirke 09.02.20. Såmannssøndag.
Aage Mjeldheim, sokneprest. - Martin Nørremark, kapellan.

Kjære Eidsvåg menighet.
Kjære Aage. Kjære Martin.
Kjære Aage. Kjære Martin.
Dette er ein veldig spesiell dag for
Eidsvåg menighet. Så vidt eg veit har det ikkje hendt før at to prestar på
formelt vis er blitt innsette på same dag i denne kyrkja.
Vi kjenner rett nok deg, Aage, godt no. Du har vore mellom oss lenge, men først i dag kan vi helse deg velkomen mellom oss som fast tilsett sokneprest. I den tida du har vore konstituert i denne stillinga har du fått mange vener her i denne kyrkja. Vi veit kven du er. Vi veit kva du står for, og hadde vi vore små born kunne vi stemt i barnesongen der omkvedet lyder slik:
«Du er du og du duger,
ja, du passer perfekt i Guds hånd»

Aage, det var aldri tvil om at du skulle
bli fast sokneprest i Eidsvåg. Du duger! Lukke til!
Sant å seie er dei fleste som er her i dag,
meir spente på kven den nye kapellanen vår er.
Martin, vi har venta lenge på deg no.
Du har gjort eit stort oppbrot i livet ditt. Frå Danmark har du tatt med deg kona di og dei to borna dine, og alt du eig og har. Med danskebåten kom du og dine seglande hit til byen vår for ei veke sidan. Du har fått deg norsk personnummer og norsk mobiltelfonnummer. Du må selje den danske bilen din og kjøpe deg ein svensk bil med norske skilt. Så er du klar til å bli kjent med norsk kultur, med norsk språk og med norsk kyrkjeliv.

Det blir masse nytt for deg. Det blir mange utfordringar. Og vi som allereie før denne dagen i dag har rukke å helse på deg, har lært så pass om deg at vi forstår at du med stort frimot vil ta fatt å lære deg alt dette nye på kort tid.
Du er dansk. Du skal få lov å vere dansk
mellom oss. Nordmenn og danskar har som kjent eit langt og djupt fellesskap som
eitt folk. Eg håpar av vi her i Eidsvåg vil demonstrere for deg og din familie
at vi framleis kan leve som eitt, og at du etter kvart vil bli ein så integrert
del av Eidsvåg menighet at ingen vil reflektere over dette.
Vi skriv difor litt om på den norske barnesongen, og ynskjer deg velkomen med desse orda:
«Du er dansk og du duger,
ja, du passer perfekt i Guds hånd»
Vi ynskjer to prestar velkomne på
såmanssøndagen.
Det er Martin som i dag skal forkynne for oss alle om såmannen, og om såkornet.
Kva Martin har på hjarte om såmannen og om såkornet vil vi snart få høyre.

Men om både Martin og Aage ser eg for meg
dette som vert uttrykt i den enkle, norske songen som mange av barnekora våre
syng: «Du passer perfekt i Guds hånd»
Eg ser for meg at på same måten som
såmannen tar kornet, altså Guds ord, i handa si og sår det ut slik at det skal
bere frukt, slik har Gud også desse to prestane i si hand.
Guds hand sår, eller plantar, dykk to i
dag i jorda her i Eidsvåg.
Og så skal de to, på kvar dykkar måte, vere såmenn som skal forkynne Guds ord.
Aage: Du skal tru at den gode jorda, den finn du her i Eidsvåg. Så skal du rikeleg forkynne. Du skal med forventning og spenning sjå fram til det bibelteksten i dag omtalar som fullmoden frukt. Kvil i prestegjerninga di. For: «Du passer perfekt i Guds hånd»

Martin:
Både i Eidsvåg, og i Biskopshavn, der du også skal gjere ein del av di prestegjerning,
der fins det rikeleg med god jord. Her finn du mange menneske, born, unge,
vaksne og eldre, som alle har eit fint og godt hjarte.
Du skal så. Du skal gje dei Guds ord. Gjer det på din måte. Bruk gjerne dine danske ord, for vi forstår dei. Så vil Gud sjå til at det blir frukt. Du skal også sjølv vere uthaldande i såmannsarbeidet, og bere god frukt. For: «Du passer perfekt i Guds hånd»

No vil eg bed dykk begge om å knele her
ved altaret, slik at vi kan få leggje tenesta dykkar fram for Gud i bøn.
L La oss be om Guds velsignelse
over vår nye medarbeidere.
Evige Gud, du som kan bruke svake og syndige mennesker i din tjeneste, vi takker deg fordi du kalte apostlene og grunnla din kirke på jorden. Vi ber deg, velsign Aage Mjeldheim og Martin Nørregård ved din Ånd, så de forkynner ditt ord klart og rent og forvalter de hellige sakramenter med troskap. Hjelp oss alle å tjene deg med våre nådegaver og evner, så vi sammen kan bygge vår menighet på den ene sanne grunnvoll, Jesus Kristus, vår Herre.

Amen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar