torsdag 27. februar 2020

Mat, mirakel og makt


1.s. i fastetida. I – 01.03.2020
Arna
Matt, 4,1-11

«Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.»
Jesu fastetid i 40 dagar i øydemarka, åleine med Gud, var ei direkte følgje av det vi kan lese om i linjene rett føre vår preiketekst frå starten av kap. 4 i Matteusevangeliet. Kap.3 i same evangelium sluttar nemleg med forteljinga om Jesu dåp. I det vi kan lese om Jesu dåp, ser vi m.a. at Jesus får Den Heilage Ande som ei gåve frå Gud Fader sjølv. Den treeinige Gud openberrar alle personane i guddommen samstundes ved Jesu dåp. Vi møter Jesus; vi ser Anden kome ned frå himmelen som ei due, og Guds røyst lyder frå skya.

Og denne viktige hendinga, som eigentleg fortel oss korleis Jesus, ved å verte døypt, går inn under menneskelege kår; han vert som ein av oss vanlege syndarar; denne hendinga fører altså direkte vidare til det vi les om i dag: «Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka»

Den Anden som Jesus fekk ved dåpen, er det som fører Jesus ut i øydemarka for at han skal faste, for at han skal vere nær sin himmelske Far og førebu seg på prøvingane som ventar han.

Og han hadde grunn til å førebu seg. For det var store prøvingar han gjekk inn i då dei 40 dagane og nettene var til ende.  
For då var han straks på pletten. Han som er vond og sløg som slangen. Djevelen sjølv. Men taktikken til djevelen er heldigvis grundig avslørt alt på Bibelens første sider. Heilt frå vi møter han når han lokkar dei første menneska, Eva og Adam, til fall, og tvers gjennom alt vi les i Bibelen, så trør Satan dei same stigane.

I gudstenesta i dag har vi alt lese om korleis djevelen skapte seg om til ein slange som smaug seg inn i Paradis og førte Adam og Eva utfor stupet. Tilsynelatande uskuldig nærma han seg dei første menneska. Lokkemiddelet hans var enkelt, men utspekulert:
- Smak og et!   - de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt. (1.Mos.3,5)

Den første freistinga gjekk på at mennesket ville verte som Gud.
Dei ville unngå døden. Dei lytta til djevelen som laug: "De slett ikkje til å dø" sa han. Men ved å ta djevelen på ordet, i staden for å lyde Guds påbod, var det nettopp døden som vart resultatet, ikkje berre for Adam og Eva, men for heile menneskeslekta som vart deira etterkomarar.

”- No såg kvinna at treet var godt å eta av, og og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så tok ho av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.” (1.Mos.3,6)

Tilbake til Jesus i teksten vår i dag.
Han er i same situasjon som Adam og Eva. Freistaren smyg seg innpå han. Men no er Jesus trøytt og utmatta etter lang faste. Djevelen veit at Jesus er svolten. Han lokkar ikkje med frukt. Men med brød. Dvs., han lokkar med Jesu allmakt som kan skape om steinar til brød for ein svolten mage.
 
I denne situasjonen er det at vi ser kva som bur i Jesus. I motsetnad til dei første menneska, som vart lokka i djevelens felle, så maktar Jesus å avvise djevelens freisting.

På første søndag i faste står den kristne kyrkja opp for å sjå djevelen i kvitauga. Vi vil freiste å finne ut kven det er som utfordrar Jesus og alle hans tilhengjarar så kraftig. Kven er som byd opp til kamp?
Djevelen er ingen mann med horn og geitefot. Han svingar ikkje djevelgaffelen over hovudet. Rett nok står det i skrifta at ”Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka.” (1.Pet. 5,8)

Men djevelen, det er han som lokkar med alt som tilsynelatande er godt og positivt.
Han lovar mat, mirakel og makt i møte med ein svolten og utsliten Jesus.
Tre gonger gjekk djevelen i nærkamp med Jesus. Tre gonger gjorde han freistnad på å lokke Jesus inn i si teneste. Tre klassiske feller stilte djevelen opp for Jesus.

Først var det maten. Den svoltne Jesus skulle gjera steinar til brød og ete seg god og mett.
Djevelen vart avvist av Jesus.

Dinest var det mirakelet som den vonde lokka med. Han ville ha Jesus til å kaste seg utfor tempelmuren, for at englar skulle kome og bere han på hender.
Framleis var Jesus avvisande.

Den tredje fella til djevelen var makta: All verdens rike og deira herlegdom skulle Jesus få om han tilbad Satan.
Vekk med deg! var Jesu klåre svar.

Mat - mirakel og makt.
Freistingar som ville lokka dei fleste av oss til fall.
Men Jesus stod fast. For han visste kva det heile dreia seg om. Han visste at her stod det om å unngå Adam og Evas grunnleggjande feilsteg - det som førte død og fortaping med seg. 
Den forførande djevelske røysta som til og med nytta Guds ord som lokkemiddel, den måtte avslørast med det same middelet: Gud ord.
Difor var Jesus kontant og krystallklår: "- Det står skrive" eller: "Det står òg skrive.."
Jesus hadde det rette svaret å møte den vonde med:
"Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn".

Eg trur at djevelen i dag gjerne vil stengje utsynet vårt til lidande menneske rundt om i verda. Akkurat no har ei heil verd fokuset retta mot eit virus som skapar frykt og uro hjå mange. Det skulle berre mangel om ikkje styresmakter og helsevesen tar dette på alvor.

I Kina har det på to månader døydd ca 1350 menneske av Coronaviruset.
Det skaper panikk og mediestorm over heile verda.
Samstundes døyr 24.000 menneske av svolt, kvar dag.
Av desse er 3 av 4 born under 5 år. Nesten ingen skriv om dette i media.

Vi må spørje: Er det djevelen som har fått oss til å vere så passive at vi tilsynelatande nesten ikkje gjer noko som helst for å betre deira kår som svelt, eller for å dempe konfliktar mellom rike og fattige?
Er det fordi svolt ikkje er noko som rike døyr av? Er det difor vi uroar oss grenselaust for eit virus, mens det døyr ca. tusen gonger fleire pr. dag av svolt?

Djevelen vil ikkje at vi skal sitje att med ein dårleg smak eller kjenne på at livet vårt har gått sund. Men om han kan få oss til å leve slik at livet for mengder av menneske andre stader brotnar i hop, då har djevelen likevel vunne ein stor siger. Om vi kan leve slik at vi med vår levemåte provoserer dei fattige til opprør, motstand og terror, til at krigar vert utløyste, og miljøet og klima vert øydelagd, då kan den vonde smile til slutt.

I dag er vi komne til Guds hus, ikkje for å la oss vippe av pinnen av vår vonde motstandar.
Men for å la oss inspirere til å leve slik han viste at vi kan gjere det, han som ikkje let seg freiste – Jesus Kristus.

Vi må våge å seie nei til det som fortener eit nei. Vi må innrømme at vi er svake i vår vilje, at vi av vond røynsle veit at det er lett å gje etter for noko vi seinare vil angre på. Det gjeld å lære seg sjølv å kjenne på godt og på vondt.

For mange er det kanskje lett å hoppe forbi freistingane, mens andre høyrer den lokkande røysta som eit ekko frå Paradis: ”Smak og et”.
Lærdom frå den gongen er nyttig å ta med seg. Forboden frukt smakar kanskje godt der og då. Men som i Paradis: Forbanninga kan verte følgjesveinen om ein let seg lokke. Difor må vi be om mot og kraft og visdom og Ande til å seie nei til djevelens lokkemat.

Vi står ved inngangen til fastetida. Frå kyrkja kallar vi menneske til å følgje Jesus tett gjennom denne tida. Vere nær når han kjempar mot den vonde og mot freistinga. Og vite at den sigeren han vann, den skal vi få del i.

Vi vil kome til å falle der Jesus stod fast. Men fordi han stod fast og ikkje fall, så kan vi som trur på han og lever nær han; vi kan stole på at det finst nåde og tilgjeving og oppreising som vert retta ut mot falne menneske.
Når freistingane vert for store for deg og meg, då skal vi vite at han som ikkje fall står ved sida vår, reiser oss opp etter fallet og fører oss vidare.

Vår bøn til han, i fastetida, og kvar dag i året, har han sjølv lært oss:
”-lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde”.  
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv