torsdag 13. januar 2022

Namnet

 

3. s. i openberringstida III. 16.01.2022
Nedre Bardu kapell
Johs. 1, 15-18

Når vi skal bli kjent med kvarandre, så er det alltid grunnleggjande at vi fortel kva vi heiter. At vi presenterer oss. Og då er det slik at nokre av oss er veldig treige til å hugse namn. Det er litt pinleg å seie det, men eg er ein slik som treng lang tid på å lære meg namn på nye kjenningar. Andre synest å vere reine ekspertar på å lære namn, og å plassere desse rett i årevis seinare, kanskje berre etter eit flyktig møte. 

I kyrkjene våre har vi no etter jul gått inn i den delen av det kyrkjelege året som vi kallar openberringstida. Då er det noko vi skulle bli betre kjende med, noko som skulle openberrast for oss.
Det er vel ikkje spesielt overraskande at det i kyrkja handlar om å gjere oss betre kjende med kven Jesus er, kvar han kjem frå, og kva som er hans viktigaste oppgåve.
 

I dag får vi gjennom det vi les frå Bibelen lære noko både om kven Jesus er, og om kven Gud er. Vidare om den tette samanhengen, eller skal vi heller seie: Om den merkelege einskapen det er mellom Jesus og hans himmelske far, Gud sjølv.

Vi høyrer først i dag frå eit lite avsnitt frå 2.Mos i GT. Forteljinga om då Moses fekk vite kva Guds namn eigentleg er. Det er ein underleg, men viktig samtale vi høyrde eit referat frå.

Det er Gud som presenterer seg sjølv for oss, så og seie! 

Da sa Moses til Gud: "Sett at jeg går til israelittene og sier til dem: Deres fedres Gud har sendt meg til dere, og de så spør meg: «Hva er hans navn? Hva skal jeg da svare dem?" Gud svarte Moses: "Jeg er den jeg er». Og han sa: «Slik skal du svare israelittene: Jeg er har sendt meg til dere." (2.Mos.3,13-14)

Gud, han som har det merkelege namnet ”Jeg er” eller ”Eg er” som det er naturleg for meg å seie, han møtte Moses. Han kalla Moses til leiar og førar for Israelsfolket. Og Gud gav seg til kjenne for Moses ved å presentere seg, ved å openberre namnet sitt. Gud heiter rett og slett ”Eg er”.

Kanskje visste du ikkje det før du kom til kyrkja i dag? Kva Guds namn er. Vi kallar han gjerne for Gud. For Far. For Jahve. For Herren. Gud har mange namn. Men når han presenterer seg for Moses kallar han seg altså for ”Eg er”.

Vi kunne brukt mykje tid på å forklare djupna i dette namnet. Det har vi ikkje tid til no. Men om du ikkje har lært noko anna i dag, så har du i alle fall lært kva Gud eigentleg heiter. Eg er heiter han. 

Og ved å ta på seg eit slikt namn, fortel det noko grunnleggjande om Guds eksistens, om hans posisjon i tilværet.
Dette betyr at Gud har ein eksistens som går tvers gjennom, og utanpå det vi er i stand til å førestille oss. Eit menneske, du eller eg, har ei tilmålt levetid der vi er – der vi finst til. I snitt lever dei fleste nordmenn nokre og 80 år her på jorda. Nokre mykje kortare, Og ein del til dei vert litt over 100 år.

Men når Gud seier at han er, så betyr det at han også var – før tida tok til, og så var han der vidare gjennom alle tider. Når ein gong alle jordiske klokker og kalendrar ikkje har meir tid å måle her på jorda, då skal Gud framleis vere. Inn i det evige som ikkje har ein ende. Gud er. Alltid og i all æve. 

Gjennom alle tider har folk vore på leit etter Gud. Mange leitar også i dag. Dei søkjer Gud og det guddommeleg på mange underlege stader. I stjerneteikn og meditasjon; i framande religionar eller i naturopplevingar. Den religiøse lengten er kanskje større i vår tid enn det vi har sett nokon gong. Sjølv om mange rett og slett er sjenerte over å vise at Gud er i tankane deira. Sjølv om mange har tungt for å finne vegen til ei kyrkje og slik gje uttrykk for at Gud kan bety noko i livet deira. 

Men å finne Gud på ein fjelltopp, i ei stjernetåke eller ved å lage seg det mange omtalar som «min gud», eller ved å prøve å snekre seg ein eller anna form for privat religion, det er truleg vanskeleg, og neppe realistisk.
I vår kyrkje trur vi på, og er overtydde om, at det berre er ein som har vist oss kven Gud er. Det er han som kom frå Gud, han som Gud kallar for son sin, og som vi også har lese om i dag, gjennom orda som er refererte frå munnen til døyparen Johannes:
 

«Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.» 

Her siktar evangelisten Johannes, som har skrive desse orda, til Jesus.
Ingen har sett Gud.
Men mange har sett, eller såg, Jesus. Og det dei såg og høyrde av Jesus, det vart skrive ned slik at vitnemåla om denne eineståande mannen kan vi ta fram og lese i vår Bibel den dag i dag. I historia vår finst det ikkje ein einaste person som er så mykje omtala, og som har fått så sterke vitnemål om seg som snekkarsonen Jesus Kristus frå Nasaret.
 

I dag får vi høyra at Jesus er den som har gjort Gud kjend: «Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.»

«Den einborne» står det. Kva betyr det? Det betyr den einaste; det einaste barnet, den einaste sonen. Guds einaste son. Det er han som vart fødd av Maria i 
jula, og som heiter Jesus. 

Guds son, Jesus, han har eit nesten uforståeleg tett forhold til sin Far, til Gud. Det står her at han er i Fars favn; på nynorsk står det i Fars fang.

I Johs. 10,30 uttrykkjer Jesus dette tette forholdet endå sterkare. Her seier han det rett ut: «Eg og Far er eitt»

Altså: Ved at vi ser på Jesus, ved at vi les og lærer, lyttar og tilber, kjem vi så tett inn på Jesus at vi får ei aning og ei formeining om kven han var. Kven han er. Kven Jesus er.
Men då forstår vi også ein liten bit av kven Gud er. Korleis Gud er. Korleis han er, han som kallar seg sjølv for «Eg er»
 

Guds namn, Eg er, høyrest veldig merkeleg for oss som er vane med at vi alle har normale fornamn, slik kvar og ein av oss fekk tildelt då vi var nyfødde. Men når vi ser på Guds namn og på Jesu namn, så er det ein ting til vi må merke oss som angår Jesus.

Det at han og Gud, han og Far, som han seier at han er eitt med, har eit så tett forhold, avspelar seg i at Jesus mange stader når han talar om seg sjølv også stig inn i rolla til han som heiter Eg er.

For når vi tenkjer etter, hugsar vi korleis Jesus omtalar seg sjølv. Har seier f.eks:
Eg er  - den gode hyrding; - vegen sanninga og livet; - lyset i verda; - livsens brød; - døra; -oppstoda og livet; -det sanne vintreet.

Alle desse presentasjonane av seg sjølv der han brukar denne formelen, eg er, om seg sjølv, viser at Jesus også identifiserer seg med måten Gud presenterte seg for Moses på då Gud fortalde kva hans namn er – han heiter Eg er.

I det nye testamentet viser Gud seg som Gud i og gjennom Jesus, som er Gud. Menneska har fått eit nytt gudsnamn – Jesus.

Når vi vil ha kontakt med Gud kan vi be i Jesu namn. Då ber vi også til Gud. For Jesus namn er Guds namn på jorda.

Når vi vil ha kontakt med Gud og ber til han, snakkar med han, då går vi til Jesus. Han kan vi kome fram for, og han har uendeleg rike gåver å gje til dei som vil være nær med han, verte kjend med han som presenterer seg for oss, og  som vil la oss forstå kva som ligg gøymt bak namnet hans. 

Vi går vidare inn i det nye året, og ynskjer å lære Gud og Jesus betre å kjenne. Vi vil be om at Gud vil gje oss av alle sine rike gåver gjennom Jesus.
Det største av alt er omtalt i tekstordet til oss i dag:
Nåden og sanninga som kom ved Jesus Kristus.
Dette vert også kalla for nåde over nåde.
Måtte kjennskapen til Jesus vekse og modnast slik at vi kan halde fast på hans overflod som vi alle har fått av.

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv