onsdag 13. april 2022

Første strek under svaret

 

Langfredag.  15.04.2022. IV
Rødalen, Bardu (friluftsgudst.)
Johs. 18,1 – 19,42

Det er påske.
Det er fritid for dei fleste av oss.
Men nokre er igjen i bygda for å ta seg av det mest nødvendige. Bønder har alltid dyr å ta seg av. Nokre har omsorg for dei gamle på Barduheimen. Andre vaktar ro og orden og beredskap, eller går i uniform i forsvaret sine store anlegg her i traktene. Bensinstasjonane er opne, og slik også med nokre serveringsstader.
Heller ikkje kyrkja har stengt i påska. Og det skulle berre mangle!
Var det nokon som skulle stå på, nesten døgnet rundt, i desse dagane, så var det oss som har løn for å fortelje om desse hendingane. Påskeforteljingane.
For å forkynne til så mange som råd om Jesu liding, død og oppstode.

På langfredag gler vi oss over å sjå alle dykk med påskefritid som har funne vegen hit til fjellet og snøen og løypene for å sitje ned og lytte til forteljinga om langfredagsdramaet.

Det er påske. Og i påska dette året skjer det verdshistorie nesten utanfor stovedørene våre. Krigen, med all si gru, rullar på TV-skjermar og på mobiltelefonar, slik at vi er oppdaterte nesten frå minutt til minutt.
Dagsrevyreporterane åtvarar mot sterke bilete. Bileta er sterke. Dei er vonde.
Dei gjer noko med oss alle. Sympati med dei lidande utløyser hjelparglede.
Og raseri over meiningslaus rasering og død utløyser antipati, og i verste fall hat, mot eit nabofolk som landet vårt aldri har vore i krig mot.
Måtte krigens brutalitet og meiningsløyse ta ein ende. Og måtte det finnast lækjedom for fiendskap som spirer betre enn på mange, mange tiår her i vår del av verda.

Det er påske.
Vi har lese den lange lidingsforteljinga på langfredag. Det vi har lese, handlar ikkje om krig. Derimot om det som har vore kjent for menneskeslekta tilbake til opphavet.
Ei forteljing om svik.
Ei forteljing om korrupte og ansvarslause styresmakter.
Og framfor alt – forteljinga om brutalitet, råskap og vald.
Dette er også krigens ingrediensar. Dei mørkaste sidene av menneska.

Langfredagen er historia om menneskeslekta si styggaste bakside.
Og er vi ærlege, gjev dette også innsyn i det negative potensialet som vi alle er smitta av. Men vi har lov å håpe og tru at vi aldri skal dukke inn i bekmørket som bur ein stad i det indre av oss.
Det beste vi kan gjere for å hindre det, er å sleppe lyset til. Påskelyset.

Kvifor vart det langfredag?

Det finst eit svar med to strekar under.

Langfredag er Guds paradoksale kjærleik til det ypparste av skaparverket hans – menneskeslekta.
Den første av dei to strekane er alt som hende denne dagen, langfredagen.
Den andre streken under svaret på kvifor dette hende, er opprullinga av påska som endar sjølve påskedagen. Det skal vi kome tilbake til komande søndag, påskedag.

På langfredag høyrer vi om at Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus, Guds eigen son, går inn i offerrolla og sonar straff for menneska sine svik.
I det vi har lese om i dagens lange evangelietekst er dine og mine svik og nederlag representerte ved Peter. Peter patetiske tredoble nekting for at han var ein av Jesu aller næraste. Hanegalet som var punktum for det Jesus allereie hadde profetert – «Hanen skal ikke gale før du har fornektet meg tre ganger.»
(Johs 13,38)

Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all synd og misbruk som gøymer seg bak korrupsjon, snusk, bedrageri, løgn, ansvarsfråskriving og misbruk av personleg og offentleg makt og styrke.
Den latterlege dommen som Pilatus får seg til å ileggje Jesus, er det nesten utrulege uttrykket for embetsmannens og det offentlege sitt svik mot det dei visste var sant og rett.
Heiarop på «krossfest, krossfest» er eit vidare uttrykk for den personlege forføringa som er utan ryggrad. Dette vi kan kjenne igjen i oss sjølve når vi stig over grenser vi veldig godt veit om. Men vi lar oss rive med på så mange område av livet til å tøye strikken utover det vi eigentleg veit er godt og rett.

Guds kjærleik til menneska viser seg ikkje minst ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for maktmisbruk, vald, brutalitet og rein vondskap som uttrykkjer seg i sjølve krossfestinga.
I dei andre evangelia som skildrar krossfestinga høyrer vi at Jesus til og med ber for bødlane sine midt under dette forferdelege som skjer med han:
«Jesus sa: Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør»
(Luk, 23,34)

Vondskapen i verda, vondskapen som bur i oss menneske synes å vera botnlaus.
Det vi ser i dagens krig, og det verda har sett fram gjennom hundreåra, på vårt kontinent, og som har vore mindre synleg, men kanskje minst like ille, f.eks i ein del krigar i Afrika, det er ikkje verdig det ypparste av Guds skaparverk.
Menneskeverdet er uendeleg, men det er krenka av oss sjølve.
Det er som soning for alt dette at Jesus hang på krossen og døydde langfredag.
«Det er fullbrakt! Så bøyde Jesus hodet og utåndet»

Vi har sett den første streken under svaret på kvifor det vart langfredag. Det var for at Guds kjærleik til menneska skulle vise seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all vår synd.

Den andre streken under dette svaret vert sett påskedag. Då viser Jesus si makt og sin siger over alt det vonde, og over døden. «Det er fullbrakt!»

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv