mandag 6. mai 2013

"Når de bed"


6.søndag i påsketida. 5.mai 2013
Matteus 6,7-13
Haukås nærkirke/Haukås skole

”Når dere ber” seier Jesus til læresveinane sine.
Han er aldri spørjande til om dei ber. Jesus tek det som sjølvsagt at dei som vil leve nær han også går inn i bøn, slik vi sjølv også veit at han ba.
Vi hugsar korleis han ba med mange ord, med lange tankerekkjer og med vakre setningar i det vi kallar for Jesu øvsteprestlege bøn. Den er skriven ned i Johannes 17, og har i vår Bibel fått overskrifta: ”Jesus ber for alle sine”. Kapitlet vert innleia slik:  ”Da Jesus hadde sagt dette, løftet han blikket mot himmelen og sa: ”Far, timen er kommet…”

Vi hugsar hans intense kamp i bøn inne i Getsemane. Bøn med sveitte av blod. Bøn mens hans nære som skulle vake i lag med han sovna. Men Jesus sa til dei ”Vak og be” (Matt.26,41)
Bøn er ein del av det å leve som kristen.

Nokre vil seie at bøn er ein allmenn del av religion, av det å utøve ein religion. For det er ikkje berre kristne som ber.
Vi i vårt land har dei siste tiåra vorte kjende med fredagsbøna som muslimane samlar seg til i moskeane.
Eg har vore inne i buddhistiske tempel langt i aust og sett flokkar av vanlege folk kome innom templet med sine offergåver og sin røykelse, og eg har fotografert dei på kne i bøn framfor tempelbileta og buddhafigurane.
Eg har vore på gamaldagse bønemøter på norske bedehus der dei truande sine bøner summa som humler mellom benkeradene der dei bedande låg på sine kne. Eg trur også at desse bønene nådde opp til Gud.

Eg såg ein nyvald pave stige fram for dei mange tusen som ville bli kjende med han. Det første han gjorde var å be. Først for sin forgjengar. Dinest, før han lyste velsigninga over dei mange frammøtte, bøygde han seg stille over balkongen med ynskje om at folkemengda skulle be for han.
Bøn er noko vi gjer som kristne. Bøn er noko Jesus ynskjer vi skal praktisere. Difor seier altså Jesus i dag: ”Når dere ber”.

Men samstundes som bøn er så allment, så sjølvsagt, i alle samanhengar der kristne er å finne, så er det også eit tema og ein praksis som slett ikkje er like enkel, slik til kvardags.
Difor veit vi at Jesu næraste læresveinar sovna mens han bad i drypande blodsveitte.
Difor kan vi lese ei litt anna innleiing til situasjonen der Jesus lærte dei å be Herrens bøn, Fadervår, eller Vår Far om vi slår opp i Lukas 11,1. Der står det slik: ”En gang var han et sted og ba. Da han var ferdig, sa en av disiplene til ham: ”Herre, lær oss å be”  Så er det at Jesus lærer dei Fadervår. Etter oppmodinga: ”Lær oss å be”


Det var trong for å lære om bøn på Jesu tid.
Det er trong å lære om det i dag også.
Kanskje fordi vi så ofte ber som heidningane? Jesus seier at dei trur dei vert bønhøyrde ved å bruke mange ord.
Eg har mange gonger høyrt bøner med mange ord. Eg har bede slike bøner sjølv også. Ikkje minst fordi så mange av dei bønene som er skrivne ned i kyrkja sine bøker til bruk i gudstenester har så mange ord.
Dette er ei side ved bøn som ikkje berre er ei side, men minst to.
På den eine sida: Når Jesus lærer oss Fadervår, lærer han oss altså ei enkel bøn med få ord.


Samstundes høyrer vi, på den andre sida, korleis han sjølv ber i hans eiga, lange og velformulerte øvsteprestelege bøn. Og vi møter han i nattleg bønekamp som drøyer så lenge at læresveinane rekk å sovne fleire gonger mens Jesus sjølv ber.
Eg har førebudd meg til denne søndagen ved å lese nokre av preikene og tankane som ein del av mine prestekollegaer har i møte med forteljinga om Jesus som lærer oss å be.
Det slår meg korleis dei fokuserer på at bøn ikkje er så lett. Og at nokre også meiner at bøn er i ferd med å gå ut på dato i vår tid. Det var noko dei gjorde før, når dei måtte be om materielle goder, om mat og om større velstand. Bøn var ein veg å gå for fattige og svake. Difor er det ikkje like relevant å be i eit rikt og moderne overflodsland som vårt eige.


Det siste er eg djupt usamd i. Bøn er alltid relevant. For bøn er sjølve livspusten i kvardagen for den kristne. Bøn er den daglege sjekken på at det er liv i mitt forhold til Gud. Og gjennom mange år som prest, etter mange samtalar med folk som kjem til kyrkja med born dei vil døype, eller når eit familiemedlem skal følgjast til grava, så har eg fått høyre om bøner. Bøner for borna. Bøner i sjukdom. Bøner i sorg.
Bøn er framleis levande. Og bøna skal leve vidare.

Men lat oss ta konsekvensen av at Jesus faktisk underviser om bøn.
Bøn er eit tema det går an å lære noko om. Deretter kan vi praktisere den. Til trøyst for oss sjølve. Til glede for oss sjølve. Og til velsigning for dei vi ber for.
Men i dag: Lat oss lære av det Bibelen løftar fram for oss om bøn. Først av det vi høyrde frå GT. I 1.Kong 3 møtte vi kong Salomo.
Salomo gjev oss ein god leksjon i ei rett bøn. Han ba til Gud om evne til å styre rett, om å kunne skilje mellom godt og vondt. Og då får han høyre frå Gud: ”Siden du ba om dette og ikke om et langt liv eller rikdom eller død over dine fiender, men om evne til å høre hva som er rett, så vil jeg gjøre det du har bedt om”


Bøn om evne til høyre og gjere rett. Bøn som ikkje går på å få meir rikdom eller om å få eit langt liv, det er bøn etter Guds vilje, går det fram av dette.  Dette er tankevekkande i vårt overflodssamfunn der våre bøner så ofte handlar om det materielle.
Men vi må ikkje stire oss fullstendig blinde på dette eine bibelordet heller. For vi veit at det andre stader i Bibelen står at vi kan gå i forbøn for sjuke. Og det er vel rimeleg å tolke det som ei bøn om eit lengre liv.
Bøn kan vere vanskeleg for mange kristne. Vanskeleg fordi det er knytt så store forventningar til å få svar på bøna. Vanskeleg fordi så mange står fram og brukar veldig store ord om kor rikt velsigna ein blir av å be. Og når andre ikkje opplever same grad av velsigning, så sig frustrasjonen inn i staden. Eller mismotet. Bøn nyttar ikkje likevel, er det ein del som tenkjer.

Eg vil gje dykk alle frimot på denne søndagen. Til å be, og til å be enkelt. Slik Jesus lærer oss når han opnar døra inn til bøna sitt skattkammer ved å lære oss dei få orda i hans eiga bøn: ”Vår Far i himmelen”
Vi kan bøna alle saman. Vi har hatt henne med oss gjennom år. Frå vogga. Men vi lærte den ein gong med andre ord enn slik vi har lese henne i dag, og slik vi skal be Herrens bøn litt seinare i gudstenesta. Den gongen for ganske lenge sidan bad nokre av dykk: ”Fader vår. Helliget vorde ditt namn”. Enno er det ein del som bed med dei orda.

Dei fleste av oss lærte å be med litt nye ord på slutten av 1970-talet, for omtrent 40 år sidan: La ditt namn holdes hellig bad vi. Eller dei av oss som bad på norsk og ikkje på bokmål, vi kunne halde fram med å seie: Lat namnet ditt helgast.
I dag ber vi alle med nye ord og vendingar. Først og fremst den nye tiltalen: ”Vår Far ”.

”Lær oss å be” – Kanskje kan det å øve seg på Herrens bøn med nye ord, med formuleringar som er slik vi faktisk snakkar til dagleg; kanskje kan det vere ein veg inn bønerommet på nytt. Lære oss dei nye formuleringane. Tenkje over dei, slik at denne bøna ikkje blir noko maskinmessig som vi ikkje tenkjer gjennom når orda glir over leppene våre.


Men ikkje minst: Nå Jesus lærer oss å be, så legg han ein bønegrunnvoll som vi må byggje på kvar einaste gong vi faldar hender, eller let att augo, eller bøyer kne, eller sender eit kjapt bønsukk opp bak rattet i bilen, ved kontorpulten eller i flokken av skulevener.
Den grunnvollen som alle bøner er tufta på, og som rett og slett gjev bønene legitimitet er desse orda av Jesus: ”- dere har en Far som vet hva dere trenger, før dere ber ham om det.”

Det er Far som veit alt vi ber til. Han veit kva vi treng.
Prøv å kvile i det. Han veit! Far veit. Slik far og mor veit kva som er godt for jenta eller guten sin, slik veit Vår Far i himmelen det same om deg og meg.
Difor er det ikkje ropet om hjelp som er så viktig. Men det er tiltalen. Det at vi viser at vi vil halde kontakt, vere nær, rette handa ut for å vere ferdig til å ta i mot når han vil svare.

Bøna er å opne seg for Gud.
Bøna er å opne livet sitt for dei vi ber fram for han i bøn, påkalling og takkseiing.
Bøna er pusten i kristenlivet vårt.
Difor har vi opne vegar inn til Vår Far i himmelen. Han som ser. Som veit. Som høyrer, - før vi ber. Ein slik Far opnar vi oss for gjennom bøna.


 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv